Gaular kommune Etaten for landbruk/næring og teknisk Mottakarar: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Fylkeskommune Åge Smådal 6975 SKILBREI Saksnr. Arkivkode Journalnr. Dykkar ref. Vår ref. Dato 15/1262 GNR - 106/12 16/1630 THE 03.03.2016 Jfr. Åge Smådal gbnr. 106/65 Frådeling av tilleggsareal til gbnr. 106/12, Merethe Søgnen Lyslo Rådmannen si tilråding: Gaular formannskap gjev i samsvar med 19-2 i plan- og bygningslova dispensasjon frå arealbruken i kommunedelplan for Langeland/Bringeland for frådeling av tilleggsareal til gnr. 106, bnr. 12. Det vert sett følgjande krav til løyvet: Løyvet fell vekk dersom det ikkje er gjeve løyve til frådeling etter PBL 20-1 pkt.m. og rekvirert oppmålingsforretning etter lov om eigedomsregistrering innan 3 år etter at delingsløyve er gjeve Gaular formannskap kan ikkje sjå at ein dispensasjon vil kunne ha negative konsekvensar for helse, natur, miljø, tryggleik og tilgjenge. Gaular formannskap vurderer at omsynet til naturmangfaldslova, mellom anna kunnskapsgrunnlaget etter 8 og føre/var-prinsippet etter 9, er vurdert å vere oppfylt då det ut frå dei registreringane som er gjort, samt ut frå dei kunnskapar kommunen sit inne med, ikkje er konfliktområder i samband med tiltaket. Det vert i samsvar med gebyrforskrift for saker etter plan- og bygningslova og gebyrregulativ for dispensasjon fastsett slikt gebyr: Sakshandsaming etter plan- og bygningslova, jfr forskrifta 2-5: Dispensasjon frå arealplan (PBL 19-2): kr. 2.500,- Vedlegg i saka: Postadresse Telefon: 57718500 Bankgiro: 37600700279 Vadheimsvegen 15 Org.nr: 963 923 988 6973 SANDE I SUNNFJORD E-post: postmottak@gaular.kommune.no
07.12.2015 Søknad om dispensasjon vedr. frådeling av areal i 114197 Gaular kommune 07.12.2015 Søknad om deling 114198 07.12.2015 Situasjonsplan 114199 07.12.2015 Nabovarsel 114200 07.12.2015 Situasjonsplan 114202 14.01.2016 Vedkommande søknad om frådeling av areal frå [Åge Smådal] gbnr. 106/65 - Tilleggsareal til gbnr. 106/12 - [Merethe Søgnen Lyslo] 115512 24.02.2016 Formannskapet Handsaming: Samrøystes vedteke. FS-011/16 Vedtak i: Gaular formannskap gjev i samsvar med 19-2 i plan- og bygningslova dispensasjon frå arealbruken i kommunedelplan for Langeland/Bringeland for frådeling av tilleggsareal til gnr. 106, bnr. 12. Det vert sett følgjande krav til løyvet: Løyvet fell vekk dersom det ikkje er gjeve løyve til frådeling etter PBL 20-1 pkt.m. og rekvirert oppmålingsforretning etter lov om eigedomsregistrering innan 3 år etter at delingsløyve er gjeve Gaular formannskap kan ikkje sjå at ein dispensasjon vil kunne ha negative konsekvensar for helse, natur, miljø, tryggleik og tilgjenge. Gaular formannskap vurderer at omsynet til naturmangfaldslova, mellom anna kunnskapsgrunnlaget etter 8 og føre/var-prinsippet etter 9, er vurdert å vere oppfylt då det ut frå dei registreringane som er gjort, samt ut frå dei kunnskapar kommunen sit inne med, ikkje er konfliktområder i samband med tiltaket. Det vert i samsvar med gebyrforskrift for saker etter plan- og bygningslova og gebyrregulativ for dispensasjon fastsett slikt gebyr: Sakshandsaming etter plan- og bygningslova, jfr forskrifta 2-5: Dispensasjon frå arealplan (PBL 19-2): kr. 2.500,- Saksutgreiing: Søknaden: Åge Hafstad Smådal søkjer søkjer som heimelshavar om løyve til frådeling på gnr. 106, bnr. 65. Det vert samstundes søkt om dispensasjon frå kommunedelplan for Langeland/Bringeland. Det aktuelle arealet er avsett som landbruk-, natur- og friluftsområde i planen. Den omsøkte parsellen skal vere tilleggsareal til fritidseigedom gnr. 106, bnr. 12. Tilleggsarealet vert liggande mellom hytteeigedomen og den kommunale vegen til Skilbrei. Eigedomen gnr. 106, bnr. 12 er oppretta i 1960 og har i følgje matrikkelen ein berekna areal på 860 m2. Det står i dag eit fritidshus på eigedomen. Det vert søkt om frådeling av om lag 300 m2, der arealet for meste består av krattskog. Eigedomen gnr.106, bnr. 65 er på 6.005 m2 og vart etablert i 2009. Eigedomen er godkjent frådelt til næring/industri, og det er derfor ikkje naudsynt med godkjenning etter jordlova. Side 2 of 5
Som grunngjeving for søknaden vert det gjort greie for at det er planen å lage ny avkøyrsle, samt bygge på eksisterande hytte og oppsetting av garasje. Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova - PBL): Søknad om frådeling er eit tiltak som krev søknad og løyve i samsvar med PBL 20-1 pkt.m. Dersom søknaden ikkje er i samsvar med gjeldande arealplan for området, må det også gjevast dispensasjon i samsvar med 19-2. Kapittel 19 i Lov om planlegging og byggesakshandsaming omhandlar dispensasjon. I samsvar med 19-1 krev søknad om dispensasjon grunngjeven søknad. 19-2 omhandlar dispensasjonsvedtaket og det heiter her at dispensasjon ikkje kan gjevast dersom hensyna bak bestemmelsane det vert søkt om dispensasjon frå, eller hensyna i lovens formålsbestemmelsar, vert vesentleg tilsidesatt. I tillegg må fordelane ved å gje dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Ved dispensasjon frå lova og forskrifter til lova skal det leggast særleg vekt på dispensasjonen sine konsekvensar for helse, natur, miljø, tryggleik og tilgjenge. I lovkommentar til den nye lova heiter det vidare at ein i vurderinga om det skal gjevast dispensasjon frå planar, så skal statlege og regionale rammer tilleggast særskilt vekt. Kommunen bør heller ikkje gje dispensasjon når ein direkte berørt statleg eller regional styresmakt har uttalt seg negativt om å gje dispensasjon. Det er ved innføring av den nye plandelen i Lov om planlegging og byggesaksbehandling presisert at dei nye krava i lova er ei innskjerping i adgangen til å gje dispensasjon. I samsvar med Lov om planlegging og byggesaksbehandling 21-5 har kommunen samordningsplikt i forhold til andre styresmakter. Desse styresmaktene er helsestyresmakt, brannvernstyresmakt, arbeidsmiljøstyresmakt, vegstyresmakt, havnestyresmakt, forureiningsstyresmakt, sivilforsvaret, jordlovstyresmakt, friluftsstyresmakt, kulturminnestyresmakt, reindriftsstyremakt, kyrkjeleg styresmakt, luftfartsstyresmakt og bergverksstyresmakt. Søknaden er med dette som grunnlag sendt Statens vegvesen for uttale. Det er vurdert at det ikkje er naudsynt å sende til andre styresmakter/høyringsinstansar, men fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil få tilsendt vedtak for klageadgang. Dersom det vert gjeve dispensasjon frå gjeldande arealplan, vert søknaden om løyve til frådeling etter PBL 20-1 pkt. m handsama delegert av leiar for landbruk/næring og teknisk. Kommuneplanens arealdel: I arealdelen til kommuneplanen er området disponert som landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF-område). Det er i slike områder mellom ann generelt forbod mot spreidd bustad- og hyttebygging. I tekstdelen til arealdelen i kommuneplanen heiter det at kommunen ynskjer å fortsetje med frådeling av einskildtomter innanfor LNF-området for å oppretthalde busetnaden i bygdene. I kommuneplanen sin arealdel pkt.6.2, som omhandlar retningslinjer for dispensasjon i LNFområdet for bustad og hytter, heiter det at ein skal vere varsam med dispensasjonar i turområde rundt tettstadar og i område utan teknisk inngrep. Det same gjeld for strandsona Side 3 of 5
til sjø, ved elvar og vatn, i øvre bjørkefelt, ved trekkvegar for vilt, sårbare naturområder og viktige landskapsområder. Jordlova: Eigedomen gnr.106, bnr. 65 er på 6.005 m2 og vart etablert i 2009 og er godkjent frådelt til næring/industri. Det er derfor ikkje naudsynt med godkjenning etter jordlova. Område registrert som naturverninteresse (EDNA) og friluftsinteresse (FRIDA): Den omsøkte utbygginga kjem utanfor område registrert som naturverninteresse (EDNA) og friluftsinteresse (FRIDA). Lov om forvaltning av naturens mangfold (Naturmangfoldslov): Dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova 8-12, samt føremålsparagrafen ( 1) til naturmangfaldlova skal leggast til grunn som retningslinjer ved forvalting av fast eigedom. Desse prinsippa skal trekkast inn i samband med kommunen si utøving av mynde. For å kunne vurdere prinsippa i naturmangfaldlova er det henta opplysningar frå fylkesatlas og artsdatabasen. Arealet ligg utanfor område registrert som av naturverninteresse og utanfor viktige naturområde i Sogn og Fjordane (EDNA). Det er ikkje registrert raudlisteartar i umiddelbar nærleik til arealet. Kunnskapsgrunnlaget etter naturmangfaldslova etter 8 og føre-var-prinsippet etter 9 vurderast difor til å vere oppfylt, då det ut i frå dei registreringane som er gjort, samt vurdering ut frå lokalkunnskap, ikkje vert vurdert å vere konflikt med tiltaket. Naturmangfaldlova 10-12 vert ikkje vurdert då tiltaket vurderast å vere av mindre tyding for naturmangfaldet. Merknadar frå andre styresmakter/høyringsinstansar: Søknaden er sendt Statens vegvesen for uttale i samband med planlagt trase for ny E39. Det er vedteke ny trase i kommunedelplan for ny trasé av E39 Langeland-Moskog. Statens vegvesen sitt skriv datert 05.01.2016: «Viser til ditt brev datert 15.12.2015 om frådeling tomt 106/65 til 106/12 for det formålet av ny innkjørsel og tilbygg på eksisterande hytte. Det er kommunedelplan for ny trase av E39 Langeland Moskog, men det er ikkje utarbeidd reguleringsplan enno. Trasen er bestemt, men krysset kan bli noko endra» Merknadar frå naboar og gjenbuarar: Det er ikkje kome inn merknad frå naboar. Rådmannen si vurdering/konklusjon: Rådmannen kan ikkje sjå at ein dispensasjon frå arealplanen vil kunne ha vesentlege negative konsekvensar for intensjonen med planen eller i vesentleg grad kjem i konflikt med omsynet til helse, natur, miljø, tryggleik og tilgang for allmenta. Omlegging av europaveg nr. 39 vil kome i nærområdet til omsøkt parsell, særskilt med omsyn til tilknytning til kommunal veg. Det føreligg ikkje endelege planar for desse detaljane og rådmannen tolkar ikkje vegvesenet sin uttale at framtidig E39 med tilhøyrande tilknytningar vil vere til hinder for å kunne godkjenne dispensasjon frå kommunedelplan for Langeland/Bringeland. Rådmannen tilrår ut frå ei totalvurdering at det vert gjeve løyve til dispensasjon frå gjeldande Side 4 of 5
arealplan. Rådmannen gjer merksam på at ei eventuell godkjenning av frådeling i samsvar med PBL 20-1 pkt.m eventuelt vert godkjent administrativt av leiar for landbruk/næring og teknisk. Dette vedtaket kan De påklage til Gaular kommune. Klagefristen er 3 veker etter at De har motteke melding om vedtaket. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt den dagen fristen går ut. Klaga skal vere underteikna og ein skal vise til vedtaket. Vidare skal ein grunngje kvifor ein klagar og elles vise til den/dei endringar ein ynskjer. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi om at De gjev opp kva tid denne meldinga kom fram til Dykk. Forvaltningslova kapittel VI 28-32 klargjer rettar og plikter i samband med klage på einskildvedtak. Dette vedtaket kan De påklage til Gaular kommune. Klagefristen er 3 veker etter at De har motteke melding om vedtaket. Det er tilstrekkeleg at klaga er postlagt den dagen fristen går ut. Klaga skal vere underteikna og ein skal vise til vedtaket. Vidare skal ein grunngje kvifor ein klagar og elles vise til den/dei endringar ein ynskjer. Dersom De klagar så seint at det kan vere uklart for oss om De har klaga i rett tid, ber vi om at De gjev opp kva tid denne meldinga kom fram til Dykk. Forvaltningslova kapittel VI 28-32 klargjer rettar og plikter i samband med klage på einskildvedtak. Med helsing Truls Hansen Folkestad leiar for etaten landbruk/næring og teknisk Trond Hegrestad avd. ingeniør Kopi til: Merethe Søgnen Lyslo 6793 INNVIK Side 5 of 5