Kommunale retningsliner for organ for brukarmedverknad i skule og barnehage Skule: Samarbeidsutval Skulemiljøutval Elevråd Foreldreråd/FAU Barnehage: Samarbeidsutval Foreldreråd/FAU
Innhold 1. Skule... 4 1.1 Samarbeidsutval... 4 Lovgrunnlag... 4 Samansetjing... 5 Funksjonstid... 5 Tid for val... 5 Konstituering... 5 Møtefrekvens... 5 Representasjon og roller... 5 Saksbehandling... 6 Møtegodtgjersle... 6 Teieplikt... 6 1.2 Skulemiljøutval... 7 Samansetjing... 8 Funksjonstid... 8 Tid for val... 8 Konstituering... 8 Møtefrekvens... 8 Representasjon og roller... 8 Saksbehandling... 9 Møtegodtgjersle... 9 Teieplikt... 9 1.3 Elevråd... 10 Lovgrunnlag... 10 Samansetjing... 11 Funksjonstid... 11 Tid for val... 11 Konstituering... 11 Møtefrekvens... 11 Representasjon og roller... 11 Saksbehandling... 11 1.4 Foreldreråd og FAU i skule... 13 Lovgrunnlag... 13 Samansetjing... 13 Funksjonstid... 13 Tid for val... 13 2
Konstituering... 13 Møtefrekvens... 13 Representasjon og roller... 14 Saksbehandling... 14 Teieplikt... 14 2. Barnehage... 15 2.1 Samarbeidsutval... 15 Lovgrunnlag... 15 Samansetjing... 15 Funksjonstid... 15 Tid for val... 15 Konstituering... 15 Møtefrekvens... 15 Representasjon og roller... 15 Saksbehandling... 16 Møtegodtgjersle... 16 Teieplikt... 17 Lovgrunnlag... 18 Samansetjing... 18 Funksjonstid... 18 Tid for val... 18 Konstituering... 18 Møtefrekvens... 18 Representasjon og roller... 18 Saksbehandling... 19 Teieplikt... 19 3. Endringsregel... 19 3
1. Skule 1.1 Samarbeidsutval Lovgrunnlag Opplæringslova: Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar «Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen. Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter 11 og 20 nr. 4 i kommunelova. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg. Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.» Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø 9a-4.Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) «Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. 9a-5.Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna. Elevrådet kan nemne opp skolemiljørepresentantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og myndigheitene i saker som har med skolemiljøet å gjere. Skolemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen i den grad det vedkjem skolemiljøet for elevane. Elevane kan møte med inntil to skolemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutvalet eller anna samarbeidsorgan der eit slikt er oppretta ved skolen i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 7, når dette behandlar spørsmål somed meiredkjem skolemiljøet for elevane. Skolemiljørepresentantane har da talerett og rett til å få meininga si protokollert. Skolemiljørepresentantane skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. Skolemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget, så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. Skolemiljørepresentantane har rett til den opplæring og det fritak frå undervisningstimar som trengst for å skjøtte oppgåvene. 4
9a-6.Informasjonsplikt og uttalerett Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen. Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet. Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om det.» Samansetjing - 2 representantar for undervisningspersonalet, vald av og blant alle tilsette - 1 for andre tilsette, skal veljast av og blant alle tilsette, ikkje av organisasjonane - 2 frå foreldrerådet sitt arbeidsutval FAU. Leiar i FAU skal vera den eine av dei to. - 2 for elevane, vald av elevrådet. Dei skal representera alle elevane på skulen, sjølv om 1-4.steg ikkje har eige elevråd. Elevrepresentantane skal ikkje vera til stades under saker som blir omfatta av teieplikt etter lov og forskrifter. - 2 frå kommunen, der rektor er den eine. Den andre er ein politisk representant, vald av Utval for levekår Dersom alle partar i små skular er einige kan det vera færre representantar, men alle grupper må vera representerte. Funksjonstid Foreldre, elevar og tilsette: 1 år Eigarrepresentantar: fastsett av eigar Kommunerepresentantar: 4 år. Tid for val Innan juni, før nytt skuleåret byrjar. Konstituering Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv, med leiar, nestleiar og sekretær før nytt skuleår tek til. Møtefrekvens Minimum eitt haust og vår, og elles etter behov. Representasjon og roller Medlemmene representerer sine grupper Medlemmene skal ta seg av interessene til den dei representerer. Dei må ha god kontakt med «gruppene» sine. Den politiske representanten og rektor har eit særleg ansvar for å informera samarbeidsutvalet om skulepolitiske saker, og medverka til at utvalet kan drøfta saker før dei blir behandla i politiske utval eller i kommunestyret. Den politiske representanten skal ta hand om skulen sine interesser i organ med vedtaksmynde. Rektor si rolle Rektor skal leggja forholda til rette slik at utvala kan fungera og arbeida etter retningslinene. Rektor kjenner skulen og har oversyn over når ulike saker har fristar, og kva saker som utvalet skal, bør og kan drøfta. Rektor er viktig ved informasjon, i saksførebuing, oppfølging av vedtak i samarbeidsutvalet. Han/ho skal melda tilbake til medlemmene om korleis vedtaka er følgd opp og kva konsekvensar dei får. 5
Rektor bør ha faste møte med leiar i samarbeidsutvalet om før- og etterarbeid ved møte, om aktuelle saker, melde saker, oppfølging av saker, oppsetjing av sakliste, skaffa fram saksdokument, korleis sakene skal handsamast, informasjon med meir. Rektor er sekretær i samarbeidsutvalet. Dersom rektor har vore saksførebuar har han/ho ikkje stemmerett i dei sakene, jfr. Kommunelova 40 nr 3 b, men har rett til å uttala seg og koma med framlegg. Saksbehandling Kven kan melde saker: Alle grupper kan melde saker gjennom sine representantar i utvalet. Medlemmene kan sjølv ta initiativ til å fremja saker. saker kan vera til informasjon, for få fram synspunkt eller om retningsliner for korleis partane kan medverka og påverka. Korleis melde saker: Saker kan meldast skriftleg eller munnleg. Den som legg fram saka bør sei noko om korleis saka bør handterast, laga eit framlegg til vedtak, og sei noko om korleis medlemmer, til dømes tilsette og foreldre skal informerast og involverast. Samarbeidsutval som kommunalt utval og utval regulert etter opplæringslova. Når samarbeidsutvalet behandlar samarbeids-, drøftings- og informasjonssaker, vil arbeidet vera regulert av opplæringslova. Dette gjeld dei fleste sakene/oppgåvene. Når samarbeidsutvalet er rådgjevande organ vil reglar om teieplikt og habilitet vera viktige for å sikra god saksbehandling. Avstemming Ved avstemming i utvala har kvar representant ei stemme, og vedtak vert gjort ved vanleg fleirtal av dei stemmer som er avgitt. Ved likt stemmetal i andre saker enn val, er leiar si stemme avgjerande. Når samarbeidsutvalet behandlar styringsoppgåver/saker med avgjerdsrett, er arbeidet regulert av kommunelova sine reglar for folkevalde organ. Det vil då vera eit kommunalt forvaltningsorgan, og dette medfører visse rettar og plikter (Jf. kommunelova 40, sjå vedlegg). Kommunalt tilsette og rektor, som i denne eigenskap har medverka i saksførebuing skal alltid sjåast på som inhabile når saka vert behandla i folkevald organ. Dette gjeld få saker. Referat Referat frå møta skal vera offentlege, og gjerast kjende for foreldre, elevar og tilsette. Dei skal og sendast til postmottak@voss.kommune.no, og vert ført på referatlista til Utval for levekår. Møtegodtgjersle For representantar vald av Utval for levekår gjeld reglar for kommunale utval i Voss kommune. For tilsette kan møtetid vera ein del av arbeidstida. Foreldrerepresentantar og elevrepresentantar har ikkje ordningar for kompensasjon. Kommentert [EBK1]: Har retta her og Teieplikt Forvaltningslova 13 om teieplikt gjeld for alle som kjem i kontakt med personopplysningar i samband med arbeid eller teneste. Teieplikta gjeld for dei tilsette skule og medlemmer av råd og utval. Elevrepresentantar i samarbeidsutval i grunnskulen skal ikkje vera til stades når saker som blir omfatta av teieplikt blir behandla i utvala. Dersom elevrepresentantar får opplysningar det er teieplikt for, så har dei og teieplikt. Sjå og: http://www.fug.no/samarbeidsutvalg-su.144735.no.html 6
1.2 Skulemiljøutval Opplæringslova: Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar «Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolen. Dersom samarbeidsutvalet får delegert styringsoppgåver frå kommunen, kan kommunen nemne opp fleire representantar til utvalet. Kommunen kan nemne opp samarbeidsutvalet som styre for skolen etter 11 og 20 nr. 4 i kommunelova. Dersom kommunen nemner opp eit anna styre for skolen enn samarbeidsutvalet, skal minst to representantar for foreldrerådet vere med i styret. Inga av gruppene elevar, tilsette eller foreldre kan ha fleirtal i styret aleine. Rektor har rett til å møte, tale og komme med framlegg. Kommunen kan skipe eit felles samarbeidsutval for grunnskole og kommunal barnehage. Etter avtale kan ei tilsvarande ordning etablerast mellom privat barnehage og kommunal skole. Utvalet skal ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette i skolen, to representantar for dei tilsette i barnehagen, to representantar for foreldrerådet i skolen og to representantar for foreldrerådet i barnehagen. I tillegg til dei representantane for kommunen som følgjer av første og tredje leddet, kan eigaren av barnehagen nemne opp inntil to medlemmer.» Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø 9a-4.Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) «Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. 9a-5.Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna. Elevrådet kan nemne opp skolemiljørepresentantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og myndigheitene i saker som har med skolemiljøet å gjere. Skolemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen i den grad det vedkjem skolemiljøet for elevane. Elevane kan møte med inntil to skolemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutvalet eller anna samarbeidsorgan der eit slikt er oppretta ved skolen i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 7, når dette behandlar spørsmål somed meiredkjem skolemiljøet for elevane. Skolemiljørepresentantane har da talerett og rett til å få meininga si protokollert. Skolemiljørepresentantane skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. Skolemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget, så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. Skolemiljørepresentantane har rett til den opplæring og det fritak frå undervisningstimar som trengst for å skjøtte oppgåvene. 9a-6.Informasjonsplikt og uttalerett Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har vesentleg 7
betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen. Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet. Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om det.» Samansetjing Minimumskrav til representasjon: - 2 frå elevane - 2 frå foreldrerådet - 1 frå dei tilsette - 1 frå skuleleiinga - 1 frå kommunen Elevane og foreldra skal vera i fleirtal. Skulemiljøutvalet kan til vanleg vera samarbeidsutvalet med tilleggsrepresentantar frå elevane og foreldra: Frå elevane møter vararepresentant til samarbeidsutvalet, vald i elevråd. Frå foreldra møter ein av vararepresentantane til samarbeidsutvalet, vald av foreldrerådet, i nummerert rekkjefølgje, for saker der samarbeidsutvalet skal fungera som skulemiljøutval. Store skular kan ha eigne utval, samansett av dei same gruppene som nemnt ovanfor. Samarbeidsutvalet gjer eventuelt vedtak om alternativ organisering av skulemiljøutvalet ved eigen skule, innan lova sine reglar. Sjå og rettleiar frå Utdanningsdirektoratet: https://www.udir.no/globalassets/upload/laringsmiljo/brosjyrer/veileder_skolemiljoutvalg_bm_2014.pdf Funksjonstid Foreldra, elevar og tilsette: 1 år Eigarrepresentantar: vert fastsett av eigar Kommunerepresentantar vert valde for 4 år Tid for val Innan juni, før nytt skuleår byrjar. Konstituering Skulemiljøutvalet konstituerer seg sjølv, med leiar og nestleiar. Møtefrekvens Minimum eitt haust og vår, og elles etter behov. Representasjon og roller Medlemmene representerer sine grupper Medlemmene skal ta seg av interessene til den dei representerer. Dei må ha god kontakt med «gruppene» sine. Den politiske representanten, eventuelt rektor har eit særleg ansvar for å informera skulemiljøutvalet om skulepolitiske saker, og medverka til at skulemiljøutvalet kan drøfta saker før dei blir behandla i politiske utval eller kommunestyret. Den politiske representanten skal ta hand om skulen sine interesser i organ med vedtaksmynde. Rektor si rolle Rektor skal leggja forholda til rette slik at utvala kan fungera og arbeida etter retningslinene. Rektor kjenner verksemda og har oversyn over når ulike saker har fristar, og kva saker som utvala skal, bør 8
og kan drøfta. Rektor er viktig ved informasjon, i saksførebuing, oppfølginga av vedtak i skulemiljøutvalet, og han/ho skal melda tilbake til medlemmene om korleis vedtaka er følgd opp og kva konsekvensar dei får. Rektor bør ha faste møte med leiar i skulemiljøutvalet om før- og etterarbeid ved møte, om aktuelle saker, melde saker, oppfølging av saker, oppsetjing av sakliste, skaffa fram saksdokument, korleis sakene skal handsamast, informasjon med meir. Rektor er sekretær i skulemiljøutvalet. Dersom rektor har vore saksførebuar har han/ho ikkje stemmerett i dei sakene, jfr. Kommunelova 40 nr 3 b, men har rett til å uttala seg og koma med framlegg. Saksbehandling Kven kan melde aker: Alle grupper kan melde saker gjennom sine representantar i utvalet. Medlemmene kan sjølv ta initiativ til å fremja saker. Saker kan vera til informasjon, til å få fram synspunkt eller om retningsliner for korleis partane kan medverka og påverka. Korleis melde saker: Saker kan meldast skriftleg eller munnleg. Den som legg fram saka bør sei noko om korleis saka bør handterast, laga eit framlegg til vedtak og sei noko om korleis medlemmer, til dømes tilsette og foreldre skal informerast og involverast. Skulemiljøutvalet som kommunalt utval og utval regulert etter opplæringslova. Når skulemiljøutvalet behandlar samarbeids-, drøftings- og informasjonssaker, vil arbeidet vera regulert av opplæringslova. Dette gjeld dei fleste sakene/oppgåvene. Når skulemiljøutvalet er rådgjevande organ vil reglar om teieplikt og habilitet vera viktige for å sikra god saksbehandling. Avstemming Ved avstemming i utvalet har kvar representant ei stemme, og vedtak vert gjort ved vanleg fleirtal av dei stemmer som er avgitt. Ved likt stemmetal i andre saker enn val, er leiar si stemme avgjerande. Referat Referat frå møta skal vera offentlege, og gjerast kjende for foreldre, elevar og tilsette. Dei skal og sendast til postmottak@voss.kommune.no, og vert ført på referatlista til Utval for levekår. Møtegodtgjersle For representantar vald av Utval for levekår gjeld reglar for kommunale utval i Voss kommune. For tilsette kan møtetid vera ein del av arbeidstida. Foreldrerepresentantar og elevrepresentantar har ikkje ordningar for kompensasjon. Teieplikt Forvaltningslova 13 om teieplikt gjeld for alle som kjem i kontakt med personopplysningar i samband med arbeid eller teneste. Teieplikta gjeld for dei tilsette i skule og medlemmer av råd og utval. Elevrepresentantar i skulemiljøutval i grunnskulen skal ikkje vera til stades når saker som blir omfatta av teieplikt blir behandla i utvala. Dersom elevrepresentantar får opplysningar det er teieplikt for, så har dei og teieplikt. 9
1.3 Elevråd Lovgrunnlag Opplæringslova: Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen 11-2. Elevråd ved grunnskolar «Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten. Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet. Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det. Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane.» Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø 9a-4.Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) «Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. 9a-5.Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen. Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte årstrinna. Elevrådet kan nemne opp skolemiljørepresentantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og myndigheitene i saker som har med skolemiljøet å gjere. Skolemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen i den grad det vedkjem skolemiljøet for elevane. Elevane kan møte med inntil to skolemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutvalet eller anna samarbeidsorgan der eit slikt er oppretta ved skolen i samsvar med arbeidsmiljøloven kapittel 7, når dette behandlar spørsmål som vedkjem skolemiljøet for elevane. Skolemiljørepresentantane har da talerett og rett til å få meininga si protokollert. Skolemiljørepresentantane skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. Skolemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget, så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter. 10
Skolemiljørepresentantane har rett til den opplæring og det fritak frå undervisningstimar som trengst for å skjøtte oppgåvene. 9a-6.Informasjonsplikt og uttalerett Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen. Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet. Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om det.» Samansetjing - 1 representant frå kvar klasse vald av alle elevane i klassen. Desse skal veljast i byrjinga av skuleåret. Det skal og veljast ein vara. - Ein medlem av undervisningspersonalet på skulen Funksjonstid Eitt skuleår i gonga. Tid for val Seinast 3 veker etter at skuleåret har byrja. Konstituering Elevrådet konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar og skrivar. Møtefrekvens Om lag 1 gong i månaden. Representasjon og roller Medlemmene representerer sine grupper Medlemmene skal ta seg av interessene til den dei representerer. Dei må ha god kontakt med «gruppene» sine. Læraren si rolle Læraren skal leggja forholda til rette slik at utvala kan fungera og arbeida etter retningslinene. Læraren kjenner verksemda og har oversyn over når ulike saker har fristar, og kva saker som utvala skal, bør og kan drøfta. Læraren er viktig ved informasjon, i saksførebuing, oppfølginga av vedtak i elevrådet, og dei skal melda tilbake til medlemmene om korleis vedtaka er følgd opp og kva konsekvensar dei får. Saksbehandling Kven kan melde saker: Alle elevar kan melde saker gjennom sine representantar i elevrådet. Medlemmene kan sjølv ta initiativ til å fremja saker. Saker kan vera til informasjon, til å få fram synspunkt eller om retningsliner for korleis partane kan medverka og påverka. Korleis melde saker: Saker kan meldast skriftleg eller munnleg. Avstemming Ved avstemming i elevrådet har kvar representant ei stemme, og vedtak vert gjort ved vanleg fleirtal av dei stemmer som er avgitt. Ved likt stemmetal i andre saker enn val, er leiar si stemme avgjerande. 11
Referat Det skal skrivast referat, og desse tek medlemane med seg og referar i klassens time. Rektor skal og ha kopi. Sjå og: http://elev.onezero.no/wp-content/uploads/2016/08/oppstart-av-elevråd.pdf 12
1.4 Foreldreråd og FAU i skule Lovgrunnlag Opplæringslova: Kapittel 11. Organ for brukarmedverknad i skolen 11-4. Foreldreråd ved grunnskolar «På kvar grunnskole skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.» Kapittel 9a. Elevane sitt skolemiljø 9a-4.Systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane (internkontroll) «Skolen skal aktivt drive eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av dette kapitlet blir oppfylte. Skoleleiinga har ansvaret for den daglege gjennomføringa av dette. Arbeidet skal gjelde det fysiske så vel som det psykososiale miljøet. 9a-6.Informasjonsplikt og uttalerett Samarbeidsutvalet, skoleutvalet, skolemiljøutvalet og dessutan elevrådet og foreldrerådet skal haldast løpande underretta om alle tilhøve - deriblant hendingar, planar og vedtak - som har vesentleg betydning for skolemiljøet. Råda og utvala har på førespurnad rett til å få framlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet ved skolen. Råda og utvala som er nemnde i første ledd, skal så tidleg som mogleg takast med i planlegginga og gjennomføringa av miljøtiltak ved den enkelte skolen, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet. Dersom skolen blir klar over tilhøve ved skolemiljøet som kan ha negativ verknad for helsa til elevane, skal elevane og dei føresette snarast mogleg varslast om det.» Samansetjing Alle foreldre som har barn på skulen er medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU). Desse vert valt ved at kvar klasse vel ein representant for klassen. Funksjonstid Eitt skuleår i gonga. Tid for val Innan juni, før nytt skuleår byrjar. Konstituering FAU konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar, sekretær og kasserar. FAU skal og velja to representantar til samarbeidsutvalet. Leiar i foreldrerådet skal vera den eine av dei to. Det skal og veljast personlege vara til representantane i samarbeidsutvalet. Møtefrekvens Om lag ein gong i månaden, eller etter behov. 13
Representasjon og roller Medlemmene representerer sine grupper Medlemmene skal ta seg av interessene til den klassen dei representerer. Dei må ha god kontakt med klassen sin. Rektor si rolle Rektor skal leggja forholda til rette slik at FAU kan fungera og arbeida etter retningslinene. Rektor kjenner verksemda og har oversyn over når ulike saker har fristar, og kva saker som foreldrerådet skal, bør og kan drøfta. Rektor er viktig ved informasjon, i saksførebuing, oppfølginga av vedtak i FAU, og han/ho skal melda tilbake til medlemmene om korleis vedtaka er følgd opp og kva konsekvensar dei får. Rektor bør ha faste møte med leiar i FAU om før- og etterarbeid ved møte, om aktuelle saker, melde saker, oppfølging av saker, skaffa fram saksdokument, korleis sakene skal handsamast, informasjon med meir. Rektor er med på møta i FAU, men har ikkje stemmerett ved avstemming. Saksbehandling Kven kan melde saker: Alle foreldre kan melde saker gjennom sine representantar i FAU. Medlemmene kan sjølv ta initiativ til å fremja saker. Saker kan vera til informasjon, til å få fram synspunkt eller om retningsliner for korleis partane kan medverka og påverka. Korleis melde saker: Saker kan meldast skriftleg eller munnleg. Avstemming Ved avstemming i FAU har kvar representant ei stemme, og vedtak vert gjort ved vanleg fleirtal av dei stemmer som er avgitt. Ved likt stemmetal i andre saker enn val er leiar si stemme avgjerande. Referat Referat frå møta skal gjerast kjende for alle foreldre og for rektor. Teieplikt Forvaltningslova 13 om teieplikt gjeld for alle som kjem i kontakt med personopplysningar i samband med arbeid eller teneste. Teieplikta gjeld og for medlemmer av FAU. Sjå og: http://www.fug.no/foreldrerepresentanter.141855.no.html 14
2. Barnehage 2.1 Samarbeidsutval Lovgrunnlag Lov om barnehagar 4 : Foreldreråd og samarbeidsutval. «For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg.. Samarbeidsutvalget skal være et rådgivende, kontaktskapende og samordnende organ. Samarbeidsutvalget består av foreldre/foresatte og ansatte i barnehagen, slik at hver gruppe er likt representert. Barnehagens eier kan delta etter eget ønske, men ikke med flere representanter enn hver av de andre gruppene. Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget» Rammeplan for barnehagen 1.6. Samarbeid med barnas hjem: «Barnehagen må være lydhør for foreldrenes forventninger og ønsker både som enkeltpersoner og gruppe. Praktiseringen av barnehagens verdigrunnlag bør derfor drøftes jevnlig i foreldreråd og samarbeidsutvalg.» «Foreldrene sikres medvirkning på barnehagens samlede virksomhet gjennom deltakelse i foreldreråd og samarbeidsutvalg.» 4.1. Planlegging «Årsplanen skal fastsettes av barnehagens samarbeidsutvalg.» Samansetjing 1-avdelingsbarnehagar: - 1 frå foreldra - 1 frå dei tilsette - 1 frå kommunen, vald av Utval for levekår - Styrar med tale og framleggsrett 2-4 avdelingsbarnehagar: - 2 frå foreldre - 2 frå dei tilsette - 1 frå kommunen, vald av Utval for levekår - Styrar med tale og framleggsrett Funksjonstid Foreldre og tilsette: 1 år Kommunal representant: 4 år Tid for val Innan juni, før nytt barnehageår byrjar. Konstituering Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv, med leiar, nestleiar og sekretær. Møtefrekvens Minimum eitt haust og vår, og elles etter behov. Representasjon og roller Medlemmene representerer sine grupper 15
Medlemmene skal ta seg av interessene til den dei representerer. Dei må ha god kontakt med «gruppene» sine. Den politiske representanten og styrar har eit særleg ansvar for å informera samarbeidsutvalet om barnehagepolitiske saker, og dei skal medverka til at samarbeidsutvalet kan drøfta saker før dei blir behandla i politiske utval eller kommunestyret. Den politiske representanten skal ivareta barnehagen sine interesser i organ med vedtaksmynde. Styrar si rolle Styrar skal leggja forholda til rette slik at utvalet kan fungera og arbeida etter retningslinene. Styrar kjenner verksemda og har oversyn over når ulike saker har fristar, og kva saker som utvalet skal, bør og kan drøfta. Styrar er viktig ved informasjon, i saksførebuing, ved oppfølginga av vedtak i samarbeidsutvalet, og han/ho skal melda tilbake til medlemmene oppfølging og konsekvensar av vedtak i samarbeidsutvalet. Styrar bør ha faste møte med leiar i samarbeidsutvalet om før- og etterarbeid ved møte, om aktuelle saker, melde saker, oppfølging av saker, oppsetjing av sakliste, skaffa fram saksdokument, korleis Sakene skal handsamast, informasjon med meir. Styrar er sekretær i samarbeidsutvalet. Han/ho har førebur sakene, og har rett til å tala og koma med framlegg, men har ikkje stemmerett. Saksbehandling Kven kan melde saker: Alle grupper kan melde saker gjennom sine representantar i utvalet. Medlemmene kan sjølv ta initiativ til å fremja saker. Saker kan vera til informasjon, til å få fram synspunkt eller om retningsliner for korleis partane kan medverka og påverka. Korleis melde saker: Saker kan meldast skriftleg eller munnleg. Den som legg fram saka bør sei noko om korleis saka bør handterast, laga eit framlegg til vedtak og sei noko om korleis medlemmer, til dømes tilsette og foreldre skal informerast og involverast. Samarbeidsutval som kommunalt utval og utval regulert etter barnehagelova Når samarbeidsutvalet behandlar samarbeids-, drøftings- og informasjonssaker, vil arbeidet vera regulert av barnehagelova. Dette gjeld dei fleste sakene/oppgåvene. Når samarbeidsutvalet er rådgjevande organ vil reglar om teieplikt og habilitet vera viktige for å sikra god saksbehandling. Avstemming Ved avstemming i samarbeidsutvalet har kvar representant ei stemme, og vedtak vert gjort ved vanleg fleirtal av dei stemmer som er avgitt. Ved likt stemmetal i andre saker enn val, er leiar si stemme avgjerande. Når samarbeidsutvalet behandlar styringsoppgåver/saker med avgjerdsrett, er arbeidet regulert av kommunelova sine reglar for folkevalde organ. Det vil då vera eit kommunalt forvaltningsorgan og dette medfører visse rettar og plikter (Jf. kommunelova 40, sjå vedlegg). Kommunalt tilsette og styrar som i denne eigenskap har medverka i saksførebuing skal alltid sjåast på som inhabile når saka vert behandla i folkevald organ. Dette gjeld få saker. Referat Referat frå møta bør vera offentlege, og gjerast kjende for foreldre og tilsette. Dei skal og sendast til postmottak@voss.kommune.no, og vert ført på referatlista til Utval for levekår. Møtegodtgjersle For representantar vald av Utval for levekår gjeld reglar for kommunale utval i Voss kommune. Desse vert utbetalt kvart halvår. For tilsette kan møtetid vera ein del av arbeidstida. Foreldrerepresentantar har ikkje ordningar for kompensasjon. 16
Teieplikt Forvaltningslova 13 om teieplikt gjeld for alle som kjem i kontakt med personopplysningar i samband med arbeid eller teneste. Teieplikta gjeld for dei tilsette i barnehagen og medlemmer av samarbeidsutvalet Sjå og: http://www.fubhg.no/samarbeidsutvalg-su.192589.no.html 17
2.2 Foreldreråd og FAU i barnehage Lovgrunnlag Lov om barnehagar 4 : Foreldreråd og samarbeidsutval. «For å sikre samarbeidet med barnas hjem, skal hver barnehage ha et foreldreråd og et samarbeidsutvalg. Foreldrerådet består av foreldrene/de foresatte til alle barna, og skal fremme deres fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppen skaper et godt barnehagemiljø. Er det i forskrift etter 15 satt maksimalgrense for foreldrebetaling, kan bare foreldrerådet samtykke i foreldrebetaling ut over dette... Barnehageeieren skal sørge for at saker av viktighet forelegges foreldrerådet og samarbeidsutvalget» Rammeplan for barnehagen 1.6. Samarbeid med barnas hjem: «Barnehagen må være lydhør for foreldrenes forventninger og ønsker både som enkeltpersoner og gruppe. Praktiseringen av barnehagens verdigrunnlag bør derfor drøftes jevnlig i foreldreråd og samarbeidsutvalg.» «Foreldrene sikres medvirkning på barnehagens samlede virksomhet gjennom deltakelse i foreldreråd og samarbeidsutvalg.» Samansetjing Alle foreldre som har barn i barnehagen er medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU). Desse vert valt ved at kvar avdeling/gruppe/base vel ein representant for avdelinga/gruppa/basen, eventuelt med vara. Desse utgjer foreldrerådet sitt arbeidsutval FAU Funksjonstid Eitt år om gonga. Tid for val Innan juni, før nytt barnehageår byrjar Konstituering Foreldrerådet konstituerer seg sjølv med leiar, nestleiar, sekretær og kasserar. FAU skal og velja to representantar til samarbeidsutvalet. Leiar i foreldrerådet skal vera den eine av dei to. Det skal veljast personlege vara til representantane i samarbeidsutvalet. Møtefrekvens 2-3 møte i halvåret, og elles etter behov. FAU bør ha møte før møte i samarbeidsutvalet. Representasjon og roller Medlemmene representerer sine grupper Medlemmene skal ta seg av interessene til den avdelinga/gruppa/basen dei representerer. Styrar har eit særleg ansvar for å informera FAU om barnehagepolitiske saker, og medverka til at FAUt kan drøfta saker før dei blir behandla i samarbeidsutvalet, politiske utval eller kommunestyret. Styrar si rolle Styrar skal leggja forholda til rette slik at FAU kan fungera og arbeida etter retningslinene. Styrar kjenner verksemda og har oversyn over når ulike saker har fristar, og kva saker som FAU skal, bør og kan drøfta. Styrar er viktig ved informasjon, i saksførebuing, oppfølginga av vedtak i FAU, og han/ho skal melda tilbake til medlemmene om korleis vedtaka er følgd opp og kva konsekvensar dei får. 18
Styrar bør ha faste møte med leiar i FAU om før- og etterarbeid ved møte, om aktuelle saker, melde saker, oppfølging av saker, oppsetjing av sakliste, skaffa fram saksdokument, korleis sakene skal handsamast, informasjon med meir. Styrar er med på møta i FAU, men har ikkje stemmerett ved avstemming. Saksbehandling Kven kan melde saker: Alle foreldre kan melde saker. Saker kan vera til informasjon, til å få fram synspunkt eller om retningsliner for korleis partane kan medverka og påverka. Korleis melde saker: Saker kan meldast skriftleg eller munnleg. Avstemming Ved avstemming i foreldrerådet og FAU har kvar representant ei stemme, og vedtak vert gjort ved vanleg fleirtal av dei stemmer som er avgitt. Ved likt stemmetal i andre saker enn val, er leiar si stemme avgjerande. Referat Referat frå møta må gjerast kjende for alle foreldra og for styrar. Teieplikt Forvaltningslova 13 om teieplikt gjeld for alle som kjem i kontakt med personopplysningar i samband med arbeid eller teneste. Teieplikta gjeld og medlemmer i FAU. Sjå og: http://www.fubhg.no/foreldreraad-og-arbeidsutvalg-fau.192588.no.html 3. Endringsregel Ved endringar som følgje av lov- og forskriftsendring, vedtak i KST og LEV og vidare utgreiing av eit område har administrasjonen fullmakt til å gjera justering av retningslinene. 19