SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 233 Arkivsaksnr.: 12/372 Jostedal Bygdelag. Finansiering av "bu-lystprosjekt" Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Jostedal Bygdelag får eit tilskot stort kr 100.000 for å delfinansiere bulystprosjekt. Tilskotet vert løyvd ved forbruk av næringsfondet. ::: Sett inn innstillingen over denne linja... Sett inn saksutredningen under denne linja
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: datert 27.8.12 Søknad frå Jostedal Bygdelag og Værlandet Vel, Løyvingsbrev frå Kommunaldepartementet Samandrag: Jostedal Bygdelag og Værlandet Vel har har laga ein felles prosjektsøknad på «bu-lystmidlane» som Kommunaldepartementet lyste ut vinteren 2012. Sogn og Fjordane fylkeskommune prioriterte denne søknaden, og departementet gav løyving på kr 475.000 for åra 2013 og 2014. I finansieringsplanen ligg det også ein viss kommunal medverknad; kr 100.000 frå kvar av dei to kommunane Askvoll og Luster fordelt på desse to år. Rådmannen tilrår medverknad. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret Fakta: Kommunal og regionaldepartementet lyste vinteren 2012 ut midlar til prosjekt som skal fremje bulyst. Jostedal Bygdelag og Værlandet Vel har utvikla ein prosjektide felles og sende inn søknad om midlar frå bulystprogrammet. Prosjektet som ligg til grunn for søknaden har namnet «Fjellfolk, havfolk og byfolk om å skape flyttemotivasjon av vill natur og spanande lokalmiljø». Søknaden gjekk til Fylkeskommunen som prioriterte mellom mange søknader i fylket, denne søknaden var ein av tre prioriterte søknader frå Sogn og Fjordane. Grunnen til at Jostedalen og Værlandet samarbeidde om søknaden er at desse to bygdelaga har samarbeidd tidlegare, mellom anna i samband med «naturbruksprosjektet» som var sett i gang av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fokuset i det prosjektet var knytt til korleis ein kan nytte verna område meir aktivt i næringsutvikling. Begge bygdelaga har også ei felles utfordring, ved å vere utkantar i høve kommunesenter og regionsenter, men begge bygdene har arbeidd aktivt med bygdeutvikling over tid. Kommunaldepartementet valde å prioritere søknaden frå Jostedalen og Værlandet. Statsråden var personleg tilstades og kunngjorde dette i Jostedalen, ei løyving på kr 475.000 over to år. I søknaden heiter det mellom anna: Innleiing Dei siste åra har kultur- og livsstilskvalitetar vorte nytta meir aktivt for å skape tilflytting til Sogn og Fjordane. Skimiljøet i Sogndal og Opera Nordfjord er eksempel på dette. Mange meiner at denne strategien langt på veg har lukkast i regionsentra som Eid og Sogndal.. Vår utfordring er å få dette til i utkantbygder som Værlandet og Jostedalen. Greier vi å byggje eit miljø for naturoppleving som er sterkt nok til å overvinne avstandsulempene? Gjennom bulystprosjektet ønskjer vi å finne ut om dette kan gjerast, og korleis vi må innrette oss for å få det til. Parallelt med dette vil det bli eit fokus på ungdomsgruppa i desse lokalsamfunna. Å skape gode haldningar, kunnskap og forståing for dei naturkvalitetane desse samfunna har, hjå den oppveksande generasjonen er viktig for m.a heimflytting.
Målet med prosjektet: Skape bulyst og attraksjonsverdi av naturbaserte reiselivsopplevingar i to ulike lokalsamfunn i Sogn og Fjordane. Bakgrunn: Det vert i mange samanhengar peika på at utkantane taper i konkurransen om tilflytting og arbeidskraft, fordi ein manglar urbane kvalitetar og variasjon i jobbtilbodet. På den andre sida vert det også vist til livsstilsflyttarar som vel etableringsstad med basis i ekstreme kultur og/eller naturverdiar. Reiselivet vert ofte kritisert for å involvere seg lite i lokalsamfunnet eller for å vere så småskala og integrert at det i seg sjølv skapar lite verdiskaping. Jostedalen har gode erfaringar med både aktivitetsturisme og utradisjonelt tilflyttingsarbeid. Vårt prosjekt går ut på å byggje og utnytte småskala reiselivsaktivitet for å skape attraktive møteplassar, forsterka profilering, sesongarbeidsplassar for ungdom og veksande interesse for å busetje seg i våre lokalsamfunn. Målet er å nytte erfaringane frå begge desse lokalsamfunna, for å få eit nytt løft i tilflyttingsarbeidet. Sjølv om lokalsamfunna er ulike, har dei også nokre fellestrekk. Prosjektet har fleire målgrupper inndelt etter dei ulike delprosjekta som vi vil arbeide med: Attraktive møteplassar : næringsaktørar, lokale organisasjonar, turistar og lokalbefolkning. Det vil bli eit eige fokus på ungdom; korleis skape endå større interesse og engasjement hjå ungdommen i desse lokalsamfunna, for dei verdiane samfunna representerer. Profilering: potensielle tilflyttarar og heimflyttarar, turistar Sesongarbeidsplassar : skuleungdom Reiselivsutvikling: lokale etablerarar og etablerte småskala reiselivsbedrifter Målgruppene skal informerast og involverast gjennom lokale mobiliseringsprosessar ( folkemøte, framtidsverkstad, nettverksmøte og lokale heimesider), lokale kultur- og naturarrangement, reiselivsreklame og profileringsmesser (t.d. Framtidsfylket), studieturar og kontakt med andre regionar. Det vil bli arbeidd særleg mot arrangement, organisasjonar og miljø der ein veit våre målgrupper er tilstades.
Budsjett og finansieringsplan Prosjektleiing ( 2x20% stilling) 200.000,- 200.000,- Reiseutgifter, adm. Møte mm 75.000,- 75.000,- Lokale tiltak (jfr. Handlingsplan) 200.000,- 200.000,- Samla kostnad 475.000,- 475.000,- Finansiering Tilskot frå KRD (bulystmidlar) 237.500,- 237.500,- Tilskot frå kommunane (Askvoll og Luster) 100.000,- 100.000,- Eige arbeid (eigenaktivitet frå lokalsamfunna) 100.000,- 100.000,- Eigenkapital frå grendalaga 37.500,- 37.500,- Samla finansiering 475.000,- 475.000,- Vurdering:
Bygdeutviklingsarbeid er ein relativt kontinuerleg prosess i mange bygder i Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for det kan ein lese frå befolkningsstatistikk, utkantbygdene tapar folketal i dei fleste kommunane i fylket. Dette er utviklingstrekk vi også ser i Luster kommune. Erfaringsmessig må bygdene sjølve prøve å «gjere noko med dette». Søknaden frå Jostedal Bygdelag og Værlandet Vel må sjåast i denne samanhengen. I notatet «Grunnlaget for handsaming av næringssaker i Luster kommune» som vart vedteke i kommunestyret den 16.2.12 heiter det m.a: «Bygdeutviklingsarbeid på ulike måtar har dei siste 10 åra vore ein relativt viktig del av næringsutviklingsarbeidet i Luster. Kommunen vil vere deltakar både med økonomisk bidrag og rådgjeving i høve bygdeutviklingsprosessar, også i framtida. Bygdeutviklingsprosjekt der andre offentlege aktørar er med på finansieringa vil ha prioritet.» Rådmannen vil tilrå eit kommunalt tilskot stort kr 100.000 til Jostedal Bygdelag. Dato: 7.9.12 Jarle Skartun rådmann Olav Grov næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til:... Sett inn saksutredningen over denne linja