KOMMUNEDELPLAN FOR VÅGSLID, VINJE KOMMUNE. UTTALE ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: L10 2012/722 Jørn Trygve Haug UTV.SAKSNR.: UTVAL: MØTEDATO: 13/22 Arbeidsutvalet i villreinnemnda 28.08.2013 Vedlegg: 1 Plankart 2 Føresegn 3 Planbeskriving 4 Konsekvensutgreiing 5 Handsaming av planen i kommunen 27.2.2013 Bakgrunn: Det ligg føre forslag til kommunedelplan for Vågslid, Vinje kommune. Føremålet med planen er opplyst å vera trong for nye utbyggingsområde for hytter, utviding og fortetting av eksisterande felt samt ønskje om å fjerna kravet om næring/utleigeeiningar som gjeld i ein del utbyggingsområde. Plankart, føresegn, plandokument (planbeskriving), konsekvensutgreiing og kommunen sin handsaming går fram av vedlegg 1-5. Eksisterande kommunedelplan er frå 2002. Sidan den gong har det vore ei stor utbygging i området. I dag er det om lag 1000 hytter i området samt nokre leilegheitsbygg. I gjeldande plan er det i tillegg eit potensiale på om lag 500 nye einingar. Med det nye planforslaget er det totalt eit potensialet kring 2300 einingar. Status i høve til Heiplanen og villreinen sin bruk av områda Planområdet råker delar av Setesdal Ryfylke og Hardangervidda villreinområde. Status i Heiplanen går fram av kartutsnittet 1 under. Ut frå kartet ser ein at kommunedelplanområde ligg i omsynssone bygdeutvikling der villreininteressene er avklara, samt i omsynssone villrein (sjå og kartutsnitt i konsekvensutgreiinga s. 30). I denne sona er det i Heiplanen gjeven retningsliner om at det gjennom plan kan opnast for spreidd bustad, næring eller fritidsbustader i LNF-område. Vidare at eventuell godkjenning av dette skal skje gjennom kommuneplanprosess med konsekvensutgreiing. Kartutsnitt 2 under er henta frå naturbasen. I nord-vest synast trekkorridoren mellom Hardangervidda og Setesdal Ryfylke. Denne går og fram av utsnittet av Heiplanen.
Kartutsnitt 1 Heiplanen: Kartutsnitt 2 Naturbase: Vurdering: Kommunen skal ha skryt for eit oversiktleg plandokument. Når det gjeld hovudtrekka i planen er det positivt i forhold til villreininteressene at ny bebyggelse vert foreslått gjennom utviding og fortetting av eksisterande felt framfor nye «satelittar». Vidare er det i tråd med Heiplanen lagt opp til utarbeiding av ein samla sti- og løypeplan for Vinje, jamfør kap. 4.1.2 i føresegna. Utover dette har ein følgjande merknadar til planforslaget og konsekvensutgreiinga:
Konsekvensutgreiinga I konsekvensutgreiinga er kvart enkelt innspel greia ut i forhold til aktuelle interesser. Det saknast likevel vurderingar på eit overordna nivå der dei samla verknadane av planforslaget er vurdert. Det synast i den samanheng til forskrift om konsekvensutgreiing 9 (samla verknadar), samt naturmangfoldlova 10 (samla belastning). Til dømes ville det vore ei styrke om det vart gjort vurderingar av korleis den totale mengde utbygging i området på sikt kan generera auka ferdsel inn i sentrale villreinområde. Ei overordna og samla vurdering må og sjåast i ljos av den totale belastninga villreinstammen er utsett for, blant anna som følgje av vasskraftutbyggingar mv. Ei slik vurdering er ikkje minst viktig i forhold til villrein der kvart enkelt inngrep og tiltak kan ha liten negativ effekt, men der dei til sum kan utgjera ein monaleg ulempe. Avgrensing av byggeområde i høve til Heiplanen Heiplanen vart godkjend av Miljøverndepartementet jamfør brev datert 14.6.2013. For ivaretaking av villreininteressene er det vesentleg at denne nå vert følgt opp gjennom vidare planlegging i kommunane. Dette er i stor grad følgd opp i planforslaget for Vågslid men med eit par unnatak: Sørleg del av byggeområde F11 ligg i Heiplanen som omsynssone villrein. Heiplanen gir her føringar om at eventuelle nye fritidsbustadar kan godkjennast gjennom kommuneplanprosess og konsekvensutgreiing. Utbygging skal i så fall skje som spreidd bygging i LNF-område. I område F23 er det foreslått ei utviding i forhold til gjeldande plan. Her gjeld det same tilhøvet til Heiplanen som nemnd i punktet over. Avviket frå Heiplanen er frå kommunen sin side grunngjeven med at det ut frå terrengformasjonane er meir naturleg og at det i forhold til annan infrastruktur er fornuftig med ei utviding. For området F23 gjeld og at det ligg i lia opp mot dammen ved Førsvatn med ei rekke andre inngrep frå tidlegare Sakshandsamar har forståing at det frå kommunen sin side kan vera ønskjeleg med justeringar av avgrensinga gjort i Heiplanen. Ein omfattande planprosess ligg likevel bak Heiplanen, og i den einskilde kommune. Det bør difor vera ein høg terskel for å avvike denne, og med tanke på mogleg presedensverknad i andre saker. Ut frå dette bør planforslaget endrast slik at omsynssona og utbyggingsform (spreidd bygging i LNF) vert i tråd med Heiplanen. Sti- og løypeplan Det er positivt at det er lagt inn føringar om utarbeiding av ein samla sti- og løypeplan i kommunen. Ved utarbeiding av denne må det leggast særleg vekt på styring og kanalisering av ferdsel til område som ikkje kjem i konflikt med villreininteressene. Særleg må området i nord-vest i planen nemnast der det det ligg ein trekkorridor mellom Hardangervidda og Setesdal Ryfylke. Vidare bør ein vera særs varsam med å etablere nye trasear inn i meir sentrale villreinområde mot nord og sør. Eksisterande og ny utbygging vil generera ein monaleg ferdsel i området kring Vågslid. I kommunedelplanen bør det difor gjevast føringar (rekkefølgjekrav) om utarbeiding av ein kommunal sti- og løypeplan før regulering av nye felt tek til.
Framlegg til uttale: Arbeidsutvalet syner til vurderingane i saka og har følgjande merknad til planforslaget: Det er eit positivt trekk ved planen at ny bebyggelse er planlagt som utviding og fortetting av eksisterande felt framfor nye «satelittar». Vidare er det positivt med føringar gjeven for utarbeiding av sti- og løypeplan for Vinje kommune. Arbeidsutvalet saknar at det i konsekvensutgreiinga er gjort vurderingar av samla belastning og verknadar på villreininteressene. Dette bør gjerast før kommunen tek endeleg stilling til planen. Grense for omsynssone villrein og utbyggingsform i denne må endrast i tråd med Heiplanen. Ved utarbeiding av kommunal sti- og løypeplan må kommunen vera særleg varsam med å legge til rette for auka ferdsel i trekkorridor i nord-vest, samt mot sentrale villreinområde mot nord og sør. Ein kommunal sti- og løypeplan bør utarbeidast før regulering av nye felt tek til. Saksprotokoll i Arbeidsutvalet i villreinnemnda - 28.08.2013 Som framlegg til uttale men ta med at arbeidsutvalet ønskjer eit møte med kommunen for å drøfte utviklinga kring Vågslid. Fylkesmannen i Telemark, Telemark Fylkeskommune, lokal nemndsmedlem og SNO bør være med på møtet. Setesdal Ryfylke villreinlag vert teken med på kopilista. Uttale: Arbeidsutvalet syner til vurderingane i saka og har følgjande merknad til planforslaget: Det er eit positivt trekk ved planen at ny bebyggelse er planlagt som utviding og fortetting av eksisterande felt framfor nye «satelittar». Vidare er det positivt med føringar gjeven for utarbeiding av sti- og løypeplan for Vinje kommune. Arbeidsutvalet saknar at det i konsekvensutgreiinga er gjort vurderingar av samla belastning og verknadar på villreininteressene. Dette bør gjerast før kommunen tek endeleg stilling til planen. Grense for omsynssone villrein og utbyggingsform i denne må endrast i tråd med Heiplanen. Ved utarbeiding av kommunal sti- og løypeplan må kommunen vera særleg varsam med å legge til rette for auka ferdsel i trekkorridor i nord-vest, samt mot sentrale villreinområde mot nord og sør. Ein kommunal sti- og løypeplan bør utarbeidast før regulering av nye felt tek til. Arbeidsutvalet ønskjer eit møte med kommunen for å drøfte utviklinga kring Vågslid. Fylkesmannen i Telemark, Telemark Fylkeskommune, lokal nemndsmedlem og SNO bør være med på møtet. Kopi sendt på epost til: Vinje kommune
Fylkesmannen i Telemark Telemark fylkeskommune Villreinnemnda for Setesdalsheiene Villreinnemnda for Hardangervidda Setesdal Ryfylke villreinlag v/kristian Steine