SGC Geofare AS v/ Einar Alsaker Rådgjevar geologi Villabyen 6984 Stongfjorden Tlf.: 982 25 951 E-post: Einar@SGCas.no Organisasjonsnr.: 998 899 834 MVA OPAL AS v/ole Petter Henden Mob.: 977 75 643 e-post: ole.petter@opalentreprenor.no Vår ref.: Dykkar ref.: Dato: 2015-11-105B Ole Petter Henden 30.09.2016 Oppklaring av rapport 2015-11-105: Vurdering av grunnforhold ved planlagd bustadfelt på Golvsengane i Nordfjordeid, Eid kommune SGC har mottatt frå Ole Petter Henden 29/9-16, spørsmål om ei vurdering av muligheiter å kunne bygge nærmare enn 9 m frå ravinekanten rundt tomteområdet på Golvsengane. Denne sona vart opprinneleg sett som ei vikårleg grense større enn 3 m frå kanten, og så langt vekk frå den at brudd ikkje skal kunne oppstå uavhengig av at dette er forholdsvis lette bygningar. Vi kjende då ikkje til planane for korleis bygningane skulle plasserast, og såg difor for oss at ein kunne vurdere å tilrettelegge for hageareal ut mot kanten. Avstanden på 9 m kan difor seiast å vere vilkårleg valt utfrå at vi ikkje kjende til detaljane i planen, kun vektene av bygningane var for oss kjende då rapporten vart utarbeidd. Viser til figur 1 som er henta ifrå kapittel 4.2.2. i rapport 2015-11-105. Vi har her tatt utgangspunkt i lågast mogleg friksjonsvinkel for tørrskorpeleira på 25, og den høgast målte skåningshelling (som er synt i Figur 2). Figur 1 viser at minimal avstand mellom skråning og bygg bør vere tre meter. For å legge oss heilt på den sikraste sida valde vi å anbefale ni meter avstand mellom skråning og bygg i rapporten, noko som er langt over grensa på tre meter. Vi har no prøvd å definere skråningskanten i Figur 3, men ver observant, dette er basert på studering av kotelinjene på kartet, og ikkje noko vi har målt opp med verktøy. Ved å legge denne grensa inn på plankartet til Opal ser ein at alle husa utanom huset lengst mot søraust har avstand med over tre meter til skråningskanten (Figur 4). Huset lengst mot søraust ligg nokså nære skråningskanten, men her ser ein at skråningskanten har ca. 16 helling og ikkje 30 som er brukt i Figur 1 (Figur 18 i rap. 2015-11-105). Med ein skråningsvinkel (16 ) som ein under 1
friksjonsvinkelen (25 ) vil ikkje trykkbølgene på bygg som står heilt nære kanten bevege seg utanfor skråninga, og faren for brot er mindre. Dette er vist i Figur 5, der vi har modifisert Figur 1 til ein skråningskant på 16. Konklusjon: der skråninga er over 25, bør bygg ha ein minsteavstand til skråningskanten på tre meter. Der skråninga har helling på under 25 kan bygg ligge nærare skråningskanten enn tre meter. Det vil likevel vere og anbefale at ein opprettheld i planane ein avstand på 3 m frå næraste skråningskant, det som ei sikringssone. Her kan det òg vere å anbefale at avstandsvurderingar kan gjerast for kvart enkelt hus som skal stå langs kanten, noko som kan planleggast av entreprenøren i samråd med SGC. NB! Hellingsvinkel er rekna ut ved å måle opp avstandar i felt og koteavstandar på kartet, samt gjennom bruk av eksisterande formelverk for vinkelberekning. Det er ikkje nytta noko måleapparat under feltarbeidet, anna enn vanleg enkel oppmåling. Vi anbefaler utbyggar å gjere nøyaktige målingar av hellingane i framkant av husa, for på den måten og bekrefte at ein er innanfor toleransegrensene med omsyn til terrengvinklar. 2
Figur 1 : Figuren viser skjematisk spenningsbølger frå lasta til eit bygg som vil forplante seg i dei underliggande lag. Pila representerer 1. Tørrskorpelaget har ein friksjonsvinkel på 25. Konjugerte brot er representert ved litt brattare helling enn friksjonsvinkelen. Skissa følger målestokk etter verkelegheita, der ravines kråninga har ein vinkel på 30. Øvste figur illustrerer eit bygg like ved kanten av ravineskrån inga, her vil trykkbølgene bevege seg utanfor skråninga. P å midtre figur er bygget plassert 3 meter frå kanten og trykkbølgene held seg innanfor skråninga. P å nedste figur er bygget plassert 9 m frå kanten og trykkbølgene held seg langt innanfor skråninga. 3
Figur 2: Figuren viser fire punkt på ravineskråninga der vi har rekna ut hellingsvinkelen. Vi har tatt utgangspunkt i høgde og lengdemetrane. Punkt 4 har brattaste vinkel på 30. Basert på kart frå Statens kartverk. Figur 3: Stipla, blå linje er definert skråningskant, kun basert på studering av kotelinjene. Ravinekanten mot søraust er rekna ut til å vere ca. 16. Basert på kart frå Statens kartverk. 4
Figur 4 : Definert skråningskant er plassert inn på plankartet til Opal. Ein ser at bygget lengst søraust ligg nærare kanten enn 3 meter. Men her er skråningsvinkelen 16 som er lågare enn friksjonsvinkelen til tørrskorpelaget som er satt til 25, då er det andre avstandar s om gjeld. Figur 5 : Figuren viser ein modifisert variant av Figur 1 (Figur 18 i rapporten), der skråningsvinkelen er 16. Då ser ein at friksjonsvinkelen held seg innanfor skråninga og bygg kan ligge heilt nære kanten utan at trykkbølger vil bevege seg utanfor. 5