Valle kommune Sti- og løypeplan for Vedlegg til kommuneplan for Valle 2015-2027 Valle, 3 desember 2015 Setesdal Noreg tett på Foto: Anders Martinsen fotografer
Sti- og løypeplan Planen inneheld forslag til nye fotruter for sommarbruk og preparerte skiløyper. Løypene er hovudsakeleg konsentrert i tre område, Bjørnevatn, Valle sentrum og Brokke. Dei nye løypene er teikna inn i karta som ligg som vedlegg til planen. Karta viser også eksisterande løyper og fotruter. Det vert sett som vilkår at det ikkje skal gjerast større terrenginngrep som planering av trasear for å etablere løypene. Små inngrep som å rydde trær og fjerne trestubbar kan gjerast. Større inngrep vil vere søknadspliktige. Kultur- og naturverdiar Når det gjeld omsyn til kulturminne og kulturmiljø samt naturmangfald og naturmiljø er det liten grad av konflikt sidan det ikkje skal gjerast større terrenginngrep. Det er ikkje freda bygningar eller automatisk freda kulturminne i områda. I Brokke er der ein del Sefrak-registreringar nær løypene. Skred Norges vassdrags- og energidirektorat har laga aktsemdskart for snøskred og steinsprang. Desse karta viser område der det teoretisk sett kan vere fare for snøskred eller steinsprang. Løypene er lagt utanom desse områda så langt det let seg gjere. Det er likevel nokre av løypene som går delvis gjennom slike område og der må skredfaren vurderast i dei enkelte tilfella før løyper kan etablerast. Villrein Heieplan er brukt for å vurdere kva for verknader løypene kan få for villrein. Dei fleste løypene ligg i bygdeutviklingssona. Ingen går inn i nasjonalt villreinområde. Nokre løyper går inn i omsynssone villrein, desse har restriksjonar på oppkøyring og skal ikkje preparerast etter 15.april. eller 2. påskedag. Dei løypene som går inn i trekksone for villrein skal ikkje preparerast etter 15.april. Brokke og Rysstad Vedlegg 1 viser eksisterande og planlagde løyper for sommar og vinterbruk saman med N50-kart. Vedlegg 2 viser dei same løypene saman med heieplanen. Vedlegg 3 viser skiløypene samen med aktsemdskart for snøskred. Nokre løyper går delvis gjennom slike aktsemdsområde og må utgreiast nærare med tanke på snøskredfare før dei kan etablerast. Vedlegg 4 viser fotrutene saman med aktsemdskart for steinsprang. Det er liten grad av konflikt.
Bjørnevatn Vedlegg 5 viser eksisterande og planlagde løyper for sommar og vinterbruk saman med N50-kart. Vedlegg 6 viser skiløypene saman med heieplanen. Vedlegg 7 viser løypene samen med aktsemdskart for snøskred. Det er liten grad av konflikt. Vedlegg 8 viser fotrute saman med aktsemdskart for steinsprang. Her er det ikkje konflikt. Valle sentrum Vedlegg 9 viser eksisterande og planlagde løyper saman med N50-kart. Vedlegg 10 viser dei same løypene saman med aktsemdskart for steinsprang. Her er det liten grad av konflikt. Vedlegg 11 viser løypene saman med flomsonekart for 200-årsflom. Flomfaren må utgreiast og takast omsyn til før ein eventuelt bygger brua som er forslått over Otra frå Tveitebø til Øyne.
Vedlegg 1. Eksisterande og planlagde løyper. Brokke/Rysstad. Temakart Sti- og løypeplan. Brokke/Rysstad Fotrute Forslag Eksisterande Skiløype Merka Preparert med restriksjon - forslag Preparert-forslag Preparert Symbol P Målestokk: 1:50000 Parkering Dato: 23.10.2015
Vedlegg 2. Eksisterande og planlagde løyper. Brokke/Rysstad. Med heieplan Temakart Sti- og løypeplan. Brokke/Rysstad. Heieplan Fotrute Forslag Eksisterande Skiløype Merka Preparert med restriksjon - forslag Preparert-forslag Preparert Heieplan Hensynssone Nasjonalt Villreinområde Hensynssone Villrein Hensynssone Bygdeutvikling Eksisterenande verneområde Målestokk: 1:40000 Dato: 23.10.2015
Vedlegg 3. Skiløyper Brokke/Rysstad med snøskred Temakart Sti- og løypeplan. Brokke/Rysstad. Snøskred Skiløype Merka Preparert med restriksjon - forslag Preparert-forslag Preparert Aktsomhetskart Steinsprang og snøskred Utløsningsområde snøskred Utløpsområde snøskred Målestokk: 1:40000 Dato: 04.05.2015
Vedlegg 4. Fotruter Brokke/Rysstad med steinsprang Temakart Sti- og løypeplan. Brokke/Rysstad. Steinsprang Fotrute Forslag Eksisterande Aktsomhetskart Steinsprang og snøskred Potensielt skredfare område Utløsningsområde steinskred Utløpsområde steinsprang Målestokk: 1:40000 Dato: 23.10.2015
Vedlegg 5. Eksisterande og planlagde løyper Bjørnevatn. Temakart Sti- og løypeplan. Bjørnevatn Fotrute Forslag Eksisterande Skiløype Merka Preparert med restriksjon - forslag Preparert med restriksjon Symbol Parkering Målestokk: 1:50000 Dato: 30.04.2015
Vedlegg 6. Skiløyper Bjørnevatn. Med heieplan Temakart Sti- og løypeplan. Bjørnevatn. Heieplan Skiløype Preparert med restrisjon - forslag Preparert med restriksjon Heieplan Hensynssone Nasjonalt Villreinområde Hensynssone Villrein Hensynssone Bygdeutvikling Hensynssone Trekkområde Målestokk: 1:25000 Dato: 13.02.2015
Vedlegg 7. Skiløyper Bjørnevatn. Med snøskred Temakart Sti- og løypeplan. Bjørnevatn. Snøskred Skiløype Preparert med restrisjon - forslag Aktsemdskart snøskred Preparert med restriksjon - eksisterande Utløysingsområde snøskred Utløpsområde snøskred Målestokk: 1:25000 Dato: 13.02.2015
Vedlegg 8. Fotrute Bjørnevatn. Med steinsprang Bjørnevatn sommarløype Steinsprang 16.01.2015 Målestokk 1:10000
Vedlegg 9. Eksisterande og nye løyper Valle Sentrum Temakart Sti- og løypeplan. Sentrum Fotrute Forslag Eksisterande Skiløype Symbol Merka Parkering Målestokk: 1:50000 Dato: 30.04.2015
Vedlegg 10. Fotruter Valle Sentrum. Med steinsprang Temakart Sti- og løypeplan. Sentrum. Steinsprang Fotrute Forslag Eksisterande Aktsemdskart steinsprang Potensielt skredfare område Utløsningsområde steinsprang Utløpsområde steinsprang Målestokk: 1:20000 Dato: 13.02.2015
Vedlegg 11. Fotruter Valle Sentrum. Med 200-års flom Temakart Sti- og løypeplan. Sentrum. Flom Fotrute Flom Forslag Eksisterande 200 årsflom Flomarealgrense Målestokk: 1:20000 Dato: 13.02.2015