VESTNES KOMMUNE Eldrerådet Innkalling til møte i Eldrerådet Møtestad: Dato: Formannskapssalen, Rådhuset, 26.02.2013 Kl.13:00 Dei som er inhabile i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar kan bli innkalla, - jf. 8, 3. ledd i forvaltningslova. Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte. Saksdokumenta ligg frå i dag til gjennomsyn i servicekontoret, biblioteket og på heimesidene til kommunen. Dersom du ikkje kan møte på grunn av lovleg forfall må du snarast melde frå til politisk sekretariat på e-post ellen.forland@vestnes.kommune.no,tlf.: 71 18 40 08 eller til servicekontoret på e-post servicekontoret@vestnes.kommune.no, tlf.: 71 18 40 05. Ev. spørsmål til saksutgreiinga kan rettast til administrasjonssjefen før møtet enten på e-post: rune.haseth@vestnes.kommune.no, eller tlf. 901 41 565. ordførar Side 1
Orientering: Orientering v/greta Bjerke, Tema: Samhandlingsreforma sitt utslag i Vestnes kommune Nytt frå Seniorporten. Saksliste Saksnr Innhald Lukka PA 3/2013 PA 4/2013 Godkjenning av innkalling Godkjenning av protokoll frå siste møte Referatsaker RS 3/2013 Særutskrift - Omsorgsplan 2013-2017 - oppretting av ad hoc utval og igangsetting av planarbeid RS 4/2013 Informasjon til kommunane - Oppstart TT-forsøksprosjekt 2012 Side 2
PA 3/2013 Godkjenning av innkalling PA 4/2013 Godkjenning av protokoll frå siste møte Side 3
VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: F00 Arkivsaksnr.: 2013/4 Saksbehandlar: Tone Roaldsnes Dato: 03.01.2013 Omsorgsplan 2013-2017 - oppretting av ad hoc utval og igangsetting av planarbeid Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet 21.01.2013 3/2013 Kommunestyret 07.02.2013 10/2013 Saksprotokoll i Kommunestyret - 07.02.2013 Vedtak: Vestnes kommunestyre vedtek at planarbeidet med Omsorgsplan 2013 2017 skal gjennomførast slik: 1. Helse- og omsorgsutvalet skal stå for utarbeiding av omsorgsplanen og kjem med innstilling til kommunestyret mars 2014. 2. Aktuelle råd og organisasjonar blir invitert til dialog med Helse- og omsorgsutvalet. 3. MANDAT: a) Planen skal ha hovudfokus på utfordringane Samhandlingsreforma stiller kommunen overfor, og korleis desse skal møtast på kort og lang sikt. Av tema kan nemnast: førebyggande arbeid, interkommunalt samarbeid, samarbeidsavtale med HF, medfinansiering, kortare liggetid i sjukehus, auka ansvar for rehabilitering, framtidig ansvar for øyeblikkelig hjelp (døgntilbud). For evt framlegg til førebyggande tiltak bør det takast utgangspunkt i Folkehelseplanen for Vestnes som vart vedteken av kommunestyret i september 2012. b) Utvalet skal vurdere forholdet mellom heimetenester og institusjonsplassar, samt evt gi innspel til alternative buformer, m.a. vurdere behovet for fleire omsorgsbustader. Utvalet skal også kome med framlegg om kva type institusjonsplassar det behov for (t.d. ordinære, kort tids plassar, avlastning, spesialplassar), samt vurdere i kva grad tiltak i heimetenestene kan redusere behovet for institusjonsplassar og sikre at den einskilde kan få hjelp til å leve og bu sjølvstendig. c) Utvalet skal kome med framlegg om ulike alternativ til lokalisering av nye institusjonsplassar. Side 4
Etter vedtak i investeringsbudsjett for 2013 har utvalet til disposisjon kr 200.000 til denne delen av arbeidet. 4. Tiltaksdelen i planen skal vere realistisk og berekraftig i forhold til kommunens økonomi, og kostnader ved nye tiltak skal bereknast for økonomiplanperioden. 5. Planen skal utarbeidast som temaplan. Planen skal sendast til offentleg høyring. Utvalet sjølv avgjer elles korleis medverknad skal gjennomførast. 6. Dette vedtaket erstattar vedtak i sak 137/12, pkt 5 (sjå saksutgreiinga) Behandling: Framlegg til vedtak framsett i møte av Heidi Nakken (H): Nytt pkt. 1: Helse- og omsorgsutvalet skal stå for utarbeiding av omsorgsplanen og kjem med innstilling til kommunestyret mars 2014. Nytt pkt 2: Aktuelle råd og organisasjonar blir invitert til dialog med Helse- og omsorgsutvalet. Avrøysting: Innstillinga frå Helse- og omsorgsutvalet pkt. 3-6 vart samrøystes vedteke. Nytt pkt 1 og 2 framsett i møte av Heidi Nakken (H) og helse- og omsorgsutvalet si innstilling til pkt 1 og 2 vart sett opp mot kvarandre. Pkt 1 og 2 framsett i møte av Heidi Nakken (H) vart samrøystes vedteke. Saksprotokoll i Helse- og omsorgsutvalet - 21.01.2013 Vedtak: Helse- og omsorgsutvalet legg saka fram for kommunestyret med slik innstilling: Vestnes kommunestyre vedtek at planarbeidet med Omsorgsplan 2013 2017 skal gjennomførast slik: 1. Det vert med heimel i kommunelova 10A oppretta eit ad hoc utval som skal stå for utarbeiding av omsorgsplanen. Helse- og omsorgsutvalet behandlar planen og kjem med innstilling til kommunestyret innan mars 2014. 2. Utvalet vert samansett slik: - heile helse- og omsorgsutvalet - 1 representant frå Eldrerådet (med personleg vara) - 1 representant frå Rådet for funksjonshemma (med personleg vara) - Administrasjonssjefen stiller med sekretær for utvalet Side 5
- Tillitsvalte har møte- og talerett Administrative representantar og tillitsvalte er ikkje medlemmar i utvalet, og har difor ikkje stemmerett. Utvalet vert leia av helse- og omsorgsutvalet sin leiar. For å bistå utvalet i arbeidet oppnemner administrasjonssjefen ei administrativ faggruppe. Denne gruppa skal tilrettelegge for utvalsarbeidet ved å stille med faktagrunnlag, planforutsetnader, faglege vurderingar og forslag til tiltak på kort og lang sikt. 3. MANDAT: a) Planen skal ha hovudfokus på utfordringane Samhandlingsreforma stiller kommunen overfor, og korleis desse skal møtast på kort og lang sikt. Av tema kan nemnast: førebyggande arbeid, interkommunalt samarbeid, samarbeidsavtale med HF, medfinansiering, kortare liggetid i sjukehus, auka ansvar for rehabilitering, framtidig ansvar for øyeblikkelig hjelp (døgntilbud). For evt framlegg til førebyggande tiltak bør det takast utgangspunkt i Folkehelseplanen for Vestnes som vart vedteken av kommunestyret i september 2012. b) Utvalet skal vurdere forholdet mellom heimetenester og institusjonsplassar, samt evt gi innspel til alternative buformer, m.a. vurdere behovet for fleire omsorgsbustader. Utvalet skal også kome med framlegg om kva type institusjonsplassar det behov for (t.d. ordinære, kort tids plassar, avlastning, spesialplassar), samt vurdere i kva grad tiltak i heimetenestene kan redusere behovet for institusjonsplassar og sikre at den einskilde kan få hjelp til å leve og bu sjølvstendig. c) Utvalet skal kome med framlegg om ulike alternativ til lokalisering av nye institusjonsplassar. Etter vedtak i investeringsbudsjett for 2013 har utvalet til disposisjon kr 200.000 til denne delen av arbeidet. 4. Tiltaksdelen i planen skal vere realistisk og berekraftig i forhold til kommunens økonomi, og kostnader ved nye tiltak skal bereknast for økonomiplanperioden. 5. Planen skal utarbeidast som temaplan. Planen skal sendast til offentleg høyring. Utvalet sjølv avgjer elles korleis medverknad skal gjennomførast. 6. Dette vedtaket erstattar vedtak i sak 137/12, pkt 5 (sjå saksutgreiinga) Avrøysting: Innstillinga frå administrasjonssjefen vart samrøystes vedteken. Administrasjonssjefen si innstilling Vestnes kommunestyre vedtek at planarbeidet med Omsorgsplan 2013 2017 skal gjennomførast slik: Side 6
1. Det vert med heimel i kommunelova 10A oppretta eit ad hoc utval som skal stå for utarbeiding av omsorgsplanen. Helse- og omsorgsutvalet behandlar planen og kjem med innstilling til kommunestyret innan mars 2014. 2. Utvalet vert samansett slik: - heile helse- og omsorgsutvalet - 1 representant frå Eldrerådet (med personleg vara) - 1 representant frå Rådet for funksjonshemma (med personleg vara) - Administrasjonssjefen stiller med sekretær for utvalet - Tillitsvalte har møte- og talerett Administrative representantar og tillitsvalte er ikkje medlemmar i utvalet, og har difor ikkje stemmerett. Utvalet vert leia av helse- og omsorgsutvalet sin leiar. For å bistå utvalet i arbeidet oppnemner administrasjonssjefen ei administrativ faggruppe. Denne gruppa skal tilrettelegge for utvalsarbeidet ved å stille med faktagrunnlag, planforutsetnader, faglege vurderingar og forslag til tiltak på kort og lang sikt. 3. MANDAT: a) Planen skal ha hovudfokus på utfordringane Samhandlingsreforma stiller kommunen overfor, og korleis desse skal møtast på kort og lang sikt. Av tema kan nemnast: førebyggande arbeid, interkommunalt samarbeid, samarbeidsavtale med HF, medfinansiering, kortare liggetid i sjukehus, auka ansvar for rehabilitering, framtidig ansvar for øyeblikkelig hjelp (døgntilbud). For evt framlegg til førebyggande tiltak bør det takast utgangspunkt i Folkehelseplanen for Vestnes som vart vedteken av kommunestyret i september 2012. b) Utvalet skal vurdere forholdet mellom heimetenester og institusjonsplassar, samt evt gi innspel til alternative buformer, m.a. vurdere behovet for fleire omsorgsbustader. Utvalet skal også kome med framlegg om kva type institusjonsplassar det behov for (t.d. ordinære, kort tids plassar, avlastning, spesialplassar), samt vurdere i kva grad tiltak i heimetenestene kan redusere behovet for institusjonsplassar og sikre at den einskilde kan få hjelp til å leve og bu sjølvstendig. c) Utvalet skal kome med framlegg om ulike alternativ til lokalisering av nye institusjonsplassar. Etter vedtak i investeringsbudsjett for 2013 har utvalet til disposisjon kr 200.000 til denne delen av arbeidet. 4. Tiltaksdelen i planen skal vere realistisk og berekraftig i forhold til kommunens økonomi, og kostnader ved nye tiltak skal bereknast for økonomiplanperioden. 5. Planen skal utarbeidast som temaplan. Planen skal sendast til offentleg høyring. Utvalet sjølv avgjer elles korleis medverknad skal gjennomførast. 6. Dette vedtaket erstattar vedtak i sak 137/12, pkt 5 (sjå saksutgreiinga) SAKSUTGREIING: Bakgrunn: Vestnes kommunestyre vedtok Planstrategi for Vestnes kommune i sak 65/2012. I denne strategien er det vedteke at omsorgsplanen for kommunen skal reviderast i 2013. Side 7
Tidlegare utarbeidd Omsorgsplan 2015 finn ein på våre heimesider under Plan og økonomi (venstremargen) http://www.vestnes.kommune.no/modules/theme.aspx?objecttype=article&elementid =1561&Category.ID=1463 Ny omsorgsplan angir tidsperiode 2013 2017. Administrasjonssjefen meiner at kvart kommunestyre må revidere omsorgsplanen som drøfter målsettingar, utfordringar og tiltak innan den største sektoren i kommunen. Det er i denne planen politiske prioriteringar må kome fram. Dersom planen skal fungere som ein politisk reiskap, må han vere realistisk i forhold til ei berekraftig utvikling, både personellmessig og økonomisk. Kommunestyret gjorde i sak 137/12, i sak om investeringsbudsjett 2013, følgjande vedtak i pkt 5: Det skal bevilges kr 200 000 til planlegging av nye institusjonsplassar i Vestnes (revidert i tallgrunnlaget pkt 1, prosjekt 27). Planleggingsutvalget skal bestå av: Helse- og omsorgsutvalet, leder for Vestnes sjukeheim, leder for hjemmesjukepleien, 1 representant frå dei tilsette og 1 representant frå eldrerådet. Helse- og omsorgsutvalgets leiar er innkallar, og utvalet må starte planleggingsarbeidet snarast. Vedtaket viser at kommunestyret vil ha framdrift i arbeidet med å etablere nye institusjonsplassar. Administrasjonssjefen reknar likevel med at kommunestyret vil sjå dette arbeidet i samanheng med det totale planarbeidet som skal gjennomførast i denne sektoren, og at det vil vere uheldig å ha to utval i arbeid. Administrasjonssjefen har difor prøvd å veve kommunestyret sitt vedtak i investeringsbudsjettet inn i framlegg til vedtak, pkt 3 b og c i denne saka. Det er føreslått ei endring i forhold til kommunestyrevedtaket ved at det ikkje er administrative medlemmar i utvalet. Det er slik ad hoc utval har arbeidd dei siste åra. Administrasjonssjefen med sine ulike fagtilsette og leiarar bør stå for grunnlagsarbeid, medan politikarane er medlemmar med stemmerett og dei som tek politiske avgjerder. Administrasjonssjefen finn også å tilrå at dei tilsette sine tillitsvalte får møte- og talerett, men at dei ikkje blir medlemmar av utvalet. Forutsetninga er då at det tidlegare vedtaket vert gjort om inkje eller erstatta, sjå pkt 6 i forslag til vedtak. Mandat - Samhandlingsreforma: Utvalet bør gå gjennom gjeldande omsorgsplan for kommunen, oppdatere faktadelen og vurdere om tiltaksgjennomføring er gjort etter vedteken plan. Den mest omfattande endringa innan denne sektoren sidan førre plan var vedteken, er Samhandlingsreforma. Den mest krevande endringa denne reforma har ført med seg er at kommunane har fått utvida oppgåver og ansvar. Administrasjonssjefen rår utvalet til å bruke god tid til å bli orientert om utfordringar, korleis kommunen pr i dag møter desse utfordringane, og evt tiltak for effektivisere og betre tenestene. Utanom dette er mandatet forholdsvis ope, med unntak av at kommunestyret sjølv har konkludert med at det trengst nye institusjonsplassar. Kommunestyret har ikkje sagt noko om desse nye plassane evt skal erstatte noverande institusjonsplassar. Det er naturleg at utvalet vurderer forhold som gjeld kapasitet mellom dei ulike tenesteformene: heimetenester omsorgsbustad institusjonsplassar. Det er viktig at planen er realistisk både i forhold til økonomi og personalressursar. Det vil difor vere viktig å kunne berekne utgifter knytta til nye tiltak eller evt omprioriteringar av tiltak. Dette vil gjere det enklare å nytte planen som reiskap for politiske prioriteringar. Side 8
Planprosess: Sidan dette er ein temaplan er ikkje lovkrava så strenge til saksbehandling/høyringar som det ville vere om vi la opp til ein delplan til kommuneplanen. Administrasjonssjefen rår utvalet til tidleg å ta stilling til korleis medverknad skal gjennomførast. Ein så omfattande og viktig plan bør sendast på offentleg høyring. I denne typen planarbeid blir det gitt mykje informasjon til politikarane, og ein del av informasjonen trengst bearbeiding, refleksjon og politisk drøfting i partigruppene. Dette tek tid, og administrasjonssjefen rår difor til at utvalet får frist for ferdigbehandling våren 2014. Fordelen med dette er at politikarane får sett denne planen i samanheng med kommuneplanen som skal vere ferdigbehandla i mai 2014 (jf planprogrammet). Særutskrift til: Eldrerådet og Rådet for funksjonshemma Side 9
Kommunar som har brukarar i forsøket Møre og Romsdal fylkeskommune Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar:vår dato: 49554/2012/N07 Marianne Halseth Hole, 71 25 86 81 F27.08.2012 Informasjon til kommunane - oppstart TT- forsøksprosjekt 2012 Møre og Romsdal fylkeskommune - moglegheiter for eit meir aktivt liv for brukarar med tyngre funksjonshemningar Som vi har informert om tidlegare, er Møre og Romsdal fylkeskommune ein av tre fylkeskommunar i landet som er godkjent av Samferdselsdepartementet til å delta i eit forsøk med mål å betre TTordninga (tilrettelagt transport) for brukarar med tyngre funksjonshemingar. Dette er personar som er innmeldte i TT- ordnirtga som rullestolbrukarar eller blinde/sterkt svaksynte. Ordninga er gjort gjeldande i perioden 1. juli 2012 1. april 2014. Samferdselsavdelinga har valt ut 9 kommunar i fylket til å delta i forsøksprosjektet, og det er opna for at til saman 150 brukarar frå desse kommunane kan få plass i forsøket. Dei utvalte kommunane er: Averøy, Kristiansund, Molde, Rauma, Surnadal, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund. I skrivande stund er det 121 rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte som er inntekne i forsøket, og vi går ut i frå at talet vil auke utover hausten, då nye personar i desse to brukarkategoriane blir tatt opp i TT- ordninga fortløpande. Transporttenesta i forsøkstida - kva er nytt og kva er som tidlegare Brukarane i forsøket får utdelt turhefte innehaldande 52 kupongar to gonger årleg, altså 104 kupongar per år. Kvar kupong har ein maksimalverdi på kr 400,-. Kuponghefta for 2012 er oransje av farge (gulraude), og er merka "Turkupongar 2012". Postadresse: Fylkeshuset, 6404 Molde Besøksadresse: Julsundveien 47a Telefon: 71 25 80 00 Telefaks: 71 24 50 01 e-post: post@mrfylke.no www.mrfylke.no Side 10
Side 2 Turkupongane kan nyttast i heile Norge, men utanfor Møre og Romsdal er det likevel ein føresetnad at sjåføren aksepterer å ta i mot reisekupongane. Brukarkortet som brukaren tidlegare har fått tilsendt, skal brukast saman med desse kupongane. Den st rste forsk'ellen frå tidle are ordnin med reiseku on ar er at brukarane no får heile 104 turku on ar r. år o kvar ku on kan brukas å dros'ereise som koster inntil kr 400 Brukarane kan altså i fors kstida reise for inntil kr 41 600 - kvart år. Dette er ein betydelig auke i forhold til tidlegare, då ein rullestolbrukar maksimalt kunne be om reisekupongar tilsvarande kr 19 200 per år, og ein blind/sterkt svaksynt maksimalt kunne be om kr 14 400 per år. Desse beløpa fordra at brukarane var busett over 10 km frå kommunesenteret. Det fins berre ein type turkupongar, så dette inneber at brukaren må nytte dei same turkupongane uavhen i av om reisestreknin a er lan eller kort. Om brukaren til dømes tek drosje på ei reisestrekning som svarar til 4 mil, vil ein sannsynlegvis komme opp i eit reisebeløp som svarar til verdien av ein turkupong, altså kr 400,-. Men dersom brukaren reiser ei kortare strekning, til dømes 1 mil, vil brukaren måtte gi frå seg ein heil turkupong til drosjesjåføren. Men å same måte som tidle are av 'er brukaren s lv om ho han vil betale deler av turkostnaden med ei ne midlar for ikk'e å måtte bruke ein n kupong. Vi gjer i denne samanheng merksam på at drosjesjåføren skal sende inn turkupongane på same måte som ved oppgjer for dei vanlege reisekupongane, og ved kvar einskild turkupong skal det leggjast med kvittering for den utførte turen (stiftast ved kupongen). Dette inneber at dersom drosjeturen kostar kr 300,- vil drosjesjåføren berre få refundert dette beløpet mot vedlagt kvittering. Vi har forståing for at brukarane kan oppleve det som upraktisk å måtte bruke kupongar med så høg kroneverdi dersom ein ofte brukar drosje på korte strekningar. Difor arbeider Møre og Romsdal fylkeskommune med å få til ein overgang til elektroniske betalingskort for TT- brukarar. Men vi kan tidlegast ha på plass ei slik ny ordning i 2013. Generelle opplysninger om bruk av transporttenesta Brukar tingar transport hos drosjeeigar/drosjesentral som tidlegare. Side 11
Side 3 Turkupongar kan berre nyttast saman med brukarkortet. Dersom brukaren ikkje kan vise fram brukarkortet, kart sjåføren nekte å ta i mot turkupongar, og brukaren må då betale reisa sjølv. Brukarkortet og turkupongane kan berre nyttast av brukaren personleg. Turkupongar kan ikkje overlatast til andre eller vekslast inn. Dersom kontrollar viser misbruk av turkupongar, kan vedkomande brukar miste retten til å nytte transporttenesta. Følgjeperson reiser gratis. Brukaren skal ikkje betale eigenandel, men kan som nemnt over velje å betale delar av reisa med eigne midlar. Det er ikkje slik at dei under 67 år kan etterspørje ekstra turhefte. Det er ikkje medteke i forsøket. Det er heller ikkje sonebestemt kor mykje kvar enkelt brukar kan få. Slik det er no, får alle forsøkspersonane like mykje turkupongar. Brukar kan ikkje nytte turkupongar til reiser betalt av andre. Dette gjeld til dømes reiser ved behandling hos lege/sjukehus der NAV/Helseforetaka betalar reisa. Dei reisekupongane som brukarane har nytta seg av tidlegare, gjeld ikkje for deltakarane i forsøkstida, og fylkeskommunen har difor bedt den einskilde brukar om at desse kupongane blir sendt attende til fylkeskommunen. Det beløpet forsøkspersonane ville ha fått gjennom reisekupongar i den ordinære TT- ordninga, inngår nemleg som ein del av det økonomiske grunnlaget for forsøket. Erfaringsutveksling og evaluering Som nemnd ovanfor er målet med forsøket å gi brukarar som har særleg behov for tilrettelagd dør-til dørtransport moglegheit for eit meir aktivt liv, samt meir effektiv bruk av TT midlar ved at dei som treng mest får mest. Forsøksdeltakarane skal få eit vesentleg betre transporttilbod enn det som blir tilbydt gjennom dagens TT-ordning. Forsøket skal evalueras av fylkeskommunen og rapporterast vidare til Samferdselsdepartementet, slik at kommunane må rekne med å bli kontakta undervegs for erfaringsutveksling. Ta gjerne kontakt med Samferdselsavdelinga dersom det er spørsmål knyta til forsøksordninga. Side 12
Side 4 Med helsing Arild Fuglseth Samferdselssjef Marianne Halseth Hole Prosjektleiar TT Kontaktpersonar ved Samferdselsavdelinga ved spørsmål: Bente Malme 71 25 87 51 Liv Turid Flemmen 71 25 87 50 Henny Totlandsdal Hustad 71 25 86 76 Side 13