Forfall skal meldast på tlf Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling.

Like dokumenter
Nissedal kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. ordførar. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 08:30 11:15

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 08:30

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Formannskapet. ordførar. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 08:30 15:50

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Nissedal kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskapet Møtestad: Ordførarkontoret, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 17:00

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: Tid: 13:00

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Kommunestyret. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00 21:00

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Oversyn over økonomiplanperioden

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Øyvind Tveit Medlem KRF/H

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 13244/2015

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

Saksframlegg Valle kommune

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Rådet for eldre og funksjonshemma

Rådet for eldre og funksjonshemma

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

Økonomiplan

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ).

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Møteprotokoll for Formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Møteprotokoll for Formannskapet

Tertialrapport 2 tertial 2015

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Odd Kåre Wiik Arkivsak: 2012/775 Løpenr.: 12829/2016

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 117/17 Formannskapet PS Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Budsjett 2019 og økonomiplan

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Tilleggsinnkalling Formannskapet

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Ian Parry-Jones MEDL SP/H

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Nissedal kommune. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:00 20:00

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tlf snarast råd.

1. Vågsøy kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2019 og økonomiplan slik det ligg føre.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2015/1152 Løpenr.: 14433/2015

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 08:30

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Spesialpedagogisk hjelp. 1 Rett til spesialpedagogisk hjelp 2 Innhald 3 Organisering 4 saksgang

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Folketalet har gått noko opp sidan årsskiftet, men er framleis noko under målsettinga.

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Geir Christian Enger VORDF AP/KRF

Handlingsprogram og økonomiplan , budsjett 2017

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Budsjett 2012, økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Personal- og økonomiutvalet drøfta moglege framtidige inntekter for å sjå kva evt. handlingsrom kommunen har utover i perioden.

JØLSTER KOMMUNE Formannskapet. Møteinnkalling

MØTEINNKALLING. Utval: FORMANNSKAPET OG NÆRINGSUTVALET Møtestad: Møtedato: Tid: 09.00

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Formannskap Møtestad: Hamaren Næringshagen Dato: Tid: 08:30

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

Transkript:

Nissedal kommune Møteinnkalling Formannskapet Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: 19.11.2015 Tidspunkt: 08:30 Forfall skal meldast på tlf. 35 04 84 00. Varamedlemmer møter berre ved særskilt innkalling. Fylkesmannen kjem kl. 12 for å drøfte og informere rundt temaet Kommunereform. Halvor Homme ordførar Side1

Saksliste Utvalssaksnr PS 113/15 PS 114/15 Innhald Saker til behandling Budsjett 2016 - Økonomi- og handlingsplan 2016-2019 Referat- og drøftingssaker Side2

Sakertilbehandling Side3

Sakertilbehandling Side4

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 151 2015/1342-7 Jan Arvid Setane 07.11.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 111/15 12.11.2015 Formannskapet 113/15 19.11.2015 Arbeidsmiljøutvalet Eldrerådet Råd for funksjonshemma Kommunestyret 10.12.2015 Budsjett 2016 - Økonomi- og handlingsplan 2016-2019 Vedlegg: Rådmannen sitt framlegg til budsjett 2016 er lagt ut som eige dokument under møtedokumenta på heimesida. Ny versjon inkl. Økonomi- og handlingsplan 2016-2019 og oversikt over alternative kutt og uprioriterte tiltak vert lagt ut i løpet av tysdag 10.nov. Fakta i saka: Rådmannen legg med dette fram sitt forslag til budsjett for 2016 og økonomi- og handlingsplan 2016-2019. Formannskapet handsamar saka i møte 12.11 og 19.11, og legg si innstilling til kommunestyret ut på høyring 19.11. Kommunestyret handsamar saka 10.12. Som ein del av saka legg rådmannen også fram ein oversikt over dei tiltak og behov som har vore vurdert, men som det ikkje er funne rom for i forslaget til budsjett. Det vert også synleggjort alternative tiltak for å redusere driftsnivået på dei ulike tenesteområda. Mange av desse tiltaka bør utgreiast nærare før dei eventuelt vert innarbeidd i budsjettet. Vurdering: Rådmannen legg i år fram eit samla dokument, der økonomiplanen og handlingsprogrammet er meir integrert enn tidlegare. Rådmannen meiner at budsjettprosessen for 2014 og 2015, der formannskapet har lagt fram ei delt innstilling, og der kommunestyret ikkje har teke stilling til handlingsprogrammet samstundes som budsjett og økonomiplan, har vore uheldig. Kommunelova stiller krav om at "Kommunestyrets eller fylkestingets prioriteringer, samt de målsettinger og premisser som årsbudsjettet bygger på, skal komme tydelig fram". Mykje av tala vert kommentert i budsjett-dokumentet, og vert bare delvis kommentert på nytt i saksutgreiinga. Side5

Økonomisk oversikt drift syner eit netto driftsresultat (underskot) på kr 1.239.000. Staten og KS legg til grunn at netto driftsresultat bør vere minimum 1,75% av driftsinntektene, for å oppretthalde kommunen sin formue, og å kunne eigenfinansiere noko av nyinvesteringane. Rådmannen sitt framlegg er såleis eit godt stykke unna eit slikt måltal, men her må ein ta omsyn til at ein i 2016 legg opp til dekningsgrader under 100% innan vatn og kloakk, grunngjeve med store sjølvkostfond (ca. 1 mill. i samla underskot). Budsjettet legg ikkje opp til noko avsetnad til fond, anna enn bundne midlar. Det meste av vurderingane vidare knytast opp til dei ulike budsjettskjema. Sum frie disponible inntekter Rådmannen legg til grunn ein vekst i frie inntekter på 6,16 mill. frå opprinneleg budsjett 2015. Omlag 5,1 mill. av dette er integreringstilskot, så andre generelle inntekter aukar med omlag 1 mill. Det er budsjettert med 4,1 million i integreringstilskot for dei 15 som er busett. Samla kostnader til integreringsarbeidet i 2016 er omlag kr 2,7 million. Dersom ein legg til grunn 2,5% løns- og prisvekst på driftsutgifter på ca. 155 mill. i 2015, tilseier det 3,9 mill. i løns- og prisvekst, og ein ser at Nissedal ligg godt under å få kompensert for dette. Skatt på inntekt og formue er vurdert å ha ein nedgang på 1,3 mill. men her må nemnast at opprinneleg budsjett 2015 har synt seg å vere eit for høgt anslag for 2015. Regjeringa sitt anslag om 7,45% vekst på skatteinntektene frå 2015 til 2016, er også lagt til grunn av rådmannen. Rammetilskotet vert påverka av mange faktorar. Ein stor del knyt seg til forventa kostnadsnivå, samanlikna med landsgjennomsnittet. Frå 2015 til 2016 er det spesielt 2 faktorar som påverkar denne delen av rammetilskotet: Nedgang i folketal på 1,2 % og nedgang i talet på innbyggarar med PU-diagnose. Rammetilskotet inneheld også ein inntektsutjamnande del, der utviklinga i skatteinntektene betyr mykje. Nissedal ser ikkje ut til å få den veksten frå 2014-nivået som ligg til grunn for ein del tal som vert publisert. Rammeområdet Felles Konsesjonskraftinntektene forventast å bli kr 800.000 lågare i 2016 enn i 2015, grunna låg straumpris. Etter nokon år med svært gode resultat, er desse inntektene i ferd med å normalisere seg på eit lågare nivå. Også i 2016 må det påreknast noko kostnader ved taksering av eigedomar, og det er sett av kr 50.000 til dette. Overføringane til interkommunalt landbrukskontor aukar ein del meir enn normal lønsvekst, noko som skuldast bortfall av refusjonsordningar frå NAV. Rådmannen har lagt til grunn i sitt framlegg at den midlertidige organiseringa av felles stabsfunksjonar/rådmannsgruppa, held fram store delar av 2016. I sum gjev dette økonomisk innsparing på om lag kr 600.000, men det betyr også at det står ca. 1 årsverk vakant. Rådmannen ønskjer å bruke 2016 til å utgreie ei varig omorganisering av stabs-ressursane. Det er også foreslege å kutte kr 275.000 av potten til "felles-tiltak", som i 2015 har vore på kr 500.000. Når det gjeld skatteoppkrevjarfunksjonen så er det lagt til grunn at denne framleis vert kommunal, og ligg i Kviteseid kommune. Kostnader til barnevernstiltak aukar mykje i Nissedal. Frå 1,93 mill. i 2013, 2,3 mill. i 2014, 2,96 mill. i 2015, aukar det i 2016 til kr 3,48 mill. Rådmannen meiner det må rettast større fokus mot tidleg innsats, gjennom betre dialog mellom barnevernstenesta og dei andre tenesteområda, og tilrår difor å flytte det organisatoriske ansvaret for å fylgje opp barneverns-tenesta til eining for helse og habilitering. Rammeområdet eining for skule Frå hausten 2016 er det lagt opp til at dei 3 elevane som går på skule i Gjerstad skal byrje på Tveit skule, slik gjeldande vedtak seier. Ordninga med ein elev som går i Åmli og ein elev som bur i Treungen, men går på Fjone, held fram, og det må takast høgde for ekstra transportkostnader. Regjeringa sitt framlegg om 1 ny naturfagstime er lagt inn i ramma. Side6

Som eit innsparingstiltak tilrår rådmannen å avvikle skulekantina/redusere assistent-ressursen på Tveit skule frå 01.08.16. I tillegg tilrådast det å redusere lærar-ressursar på Tveit skule, tilsvarande kr 150.000. Ved busetting av flyktningar i 2015 vart det gjort styrking på Tveit skule som må halde fram i 2016. Heilårskostnaden for dette er kr 583.000. I løpet av 2015 er det også fatta enkeltvedtak om assistent i 1.klasse, som må vidareførast i 2016. Kostnaden er kr 276.000. Som rådmannen rapporterte om i 2.tertial, må det finansierast ei 50% lærarstilling (midlane vart trekt inn i 2.tertial 2015) som skal nyttast til styrkingstimar for skuleåret 2015/2016, konsentrert til våren 2016. Fjone skule har fått ein ny gjesteelev som gjev grunntilskot frå bustad-kommune. Ein ser også at lønsutgiftene i 2016 kan reduserast noko, som fylgje av permisjon og lågare vikarløn. På Kyrkjebygda skule ser ein at lønsbudsjettet for 2015 har vore noko høgt, utan at ein kan forklare kvifor. Det er lagt opp til å vidareføre dagens bemanning. I budsjett for 2015 vart det lagt til grunn at auken i ressursar til vaksenopplæringa skulle finansierast med auke i statstilskot. For å vidareføre den drifta som er etablert i 2016 må tenesta styrkast med kr 100.000. Rådmannen tilrår ei stor %-vis auke i eigenbetalingar for sfo, då samanlikningar med andre kommunar syner at Nissedal ligg lågt på dette. Det er også lagt opp til at betaling for mat i sfo skal dekke kostnadene kommunen har til dette. Rammeområdet eining for barnehage Det er lagt opp til å vidareføre barnehagetilbodet i 2015 i 2016. Regjeringa sitt fokus på meir fleksibelt barnehageopptak, meiner rådmannen Nissedal allereie har innført, ved at ein tildeler plass fortløpande, så lenge det er ledige plassar. Budsjettet tek høgde for enkeltvedtak om spesialpedagogiske tiltak for born som går i barnehage i andre kommunar. Rådmannen har også foreslege å auke betalingssatsane i tråd med at maksprisen aukast frå kr 2.580 til kr 2.655 i statsbudsjettet. Det er føreset eit generelt kutt i driftskostnader (ikkje løn) på kr 88.000 på rammeområdet. Rammeområdet eining for kultur Tenestene held fram som i 2015. Det er lagt inn heilårseffekt av vedtaket om å innføre eigenbetaling for bruk av Fleirbrukshuset. I tillegg vert det tilrådd å auke eigenbetalingane i kulturskulen med 25%, då desse ikkje har vore endra på fleire år. Flyktningtenesta er budsjettert etter den drifta som er etablert i 2015, og med dei flyktningane som vart busette i 2015. Ved mottak av nye flyktningar i 2016 må tenestene vurderast fortløpande, jf. omtalen av kva som ligg til grunn for budsjettert integreringstilskot. Det er lagt til grunn at Nissedal skal busette 14 nye flyktningar i 2016, og det er difor behov for fleire bustader. Nokon kan kanskje skaffast på den private leige/kjøpe-marknaden. Rådmannen meiner ein må sjå fleire behov i samanheng, før ein gjer vedtak om dette. Dei økonomiske rammevilkåra for bygging av omsorg/aldersbustader er annleis enn ved bygging av bustader for utleige. Rådmannen ønskjer å utgreie bygging av 4 omsorg/aldersbustader i Tveitsund bustadfelt, og ev. bruke eksisterande bygningsmasse i Smeitkollen til busetting av flyktningar. Rammeområdet eining for helse og habilitering Frå 01.01.16 er det krav om at kommunen skal ha "kommunal øyeblikkeleg hjelp"-plass. I 2015 har dette vore organisert i eit samarbeid med Arendal kommune, finansiert med eit særtilskot på kr 360.000. I 2016 er særtilskotet innlemma i rammetilskotet. Rådmannen er i dialog med nabokommunane om eit samarbeid, og føreset i sitt framlegg til budsjett at dette løysast innanfor ein kostnad på kr 262.000. Legekontoret har tilsett kommunelege II med spesialist-kompetanse. Dette har gjeve høgare lønsnivå, men også høgare satsar for Helfo-refusjonar og eigenbetalingar. Det er vurdert at samla inntekter på legekontoret kan aukast med kr 500.000. Rådmannen sitt framlegg til budsjett styrkar innsatsen innan psykiatri og rusførebygging. Føresetnaden om å rette delar av innsatsen etter kvar det er mogleg å få statlege midlar er tatt Side7

bort, dels fordi det er få ordningar å søke på, og dels fordi ressursinnsatsen då kan rettast mot der behova er størst. Aktiviseringstiltaket ved Kvito som vart etablert i 2015, er foreslege vidareført i 2016, og det er håp om at tilbodet kan omfatte fleire personar i 2016. Rådmannen meiner dette har vore vellykka, og det har avlasta psykiatritenesta monaleg. Lovregulert tilbod om Brukarstyrt Personleg Assistent (BPA) er utvida i løpet av 2015, og heilårsverknaden i 2016 aukar. Statsbudsjettet inneheld ei styrking av skule- og helsestasjonstenestene i kommunane. Etter rådmannen si vurdering har Nissedal allereie ei god skule- og helsestasjonsteneste, og det er ikkje tilrådd auka ressursinnsats på dette. Etter fleire endringar av drifta på Kåsa bu og avlastning i 2015, blir 2016 eit år der ny organisering må få tid til å sette seg. Arbeidsplanar og turnus er nå organisert i ein felles plan, der personalet jobbar på tvers av brukarar. Dette gjev større fleksibilitet, og i lengda også større stabilitet i personalgruppa. Den økonomiske ramma er tilpassa ny arbeidsplan. I tillegg til ordinær bemanning har Kåsa ein lærekandidat utanom den vanlege lærlingordninga. Rådmannen meiner det er viktig å stille opp for ungdom som ikkje har fått seg lærlingkontrakt på ordinært vis, og har her funne ei god løysing. Som eit kutt-tiltak vert lønsbudsjettet redusert med kr 100.000, noko som vil gå ut over ramma for vikar-innleige. Rådmannen foreslår ei omorganisering av fysioterapi, friskliv og folkehelse. Noverande fysioterapeut har 40% stilling som kommunefysioterapeut og 60% driftsavtale som privatpraktiserande fysioterapeut. Vedkomande ønskjer å auke driftsavtale til 80%, og vil då sei opp si stilling som kommunefysioterapeut. Ved tilsetting av ein kommunefysioterapeut som ikkje samstundes har driftsavtale med kommunen, vi kommunen få fastlønstilskot til denne stillinga, tilsvarande kr 190.000 ved 100% stilling. Rådmannen finn det gunstig å legge ansvaret for folkehelsearbeidet og friskliv-arbeidet til ei slik kommunefysioterapi-stilling, og ved å overføre delar av folkehelsekoordinator-stillinga til denne, vil det vere mogleg å få ei 70% stilling innanfor ei samla ramme-auke på kr 100.000. Som nemnd tidlegare i saka, foreslår rådmannen å overføre ansvaret for å fylgje opp barnevernstenesta til einingsleiar for helse og habilitering, og økonomisk ramme endrast i tråd med dette. Rammeområdet eining for omsorg Både i 2014 og i 2015 ser rådmannen at det er vanskeleg å halde driftsnivået innanfor den tildelte økonomiske ramma. Det er vanskeleg å konkludere om ramma er for låg, eller om driftsnivået er for høgt. I ein liten kommune som Nissedal vil omsorgsbehovet kunne svinge frå år til år, der behovet til enkelt-pasientar har til dels stor innverknad på drifta. Dei siste åra har institusjonen både hatt 4-5 ledige rom i periodar, og 1-2 pasientar i overbelegg i andre periodar. I 2015 har det vore betydeleg større ressursinnsats innan heimetenestene, både fordi ein har hatt fleire og dårlegare pasientar, dels i grendene med lang køyreveg, og fordi det har vore ei auke i personar med samansette problem innan rus/psykiatri. Det er ei stor utfordring å flytte ressursar og endre drifta etter denne variasjonen i omsorgsbehov. Basert på erfaringane i 2015 vert det ikkje lagt opp til at kommunen kan tilby institusjonsplass til andre kommunar i 2016. I 2.tertial 2015 vedtok kommunestyret at ressursbanken i eininga skulle avviklast så snart som råd. I praksis betyr dette å senke grunnbemanninga. Som kutt-tiltak har rådmannen vald å legge inn ein varig reduksjon av bemanning som ikkje inngår i pleieressursane, dvs. tenestekontor og merkantil ressurs. Rådmannen foreslår også at aktivitør-stillinga avviklast til fordel for å styrke ordinær pleieressurs. Det har i fleire år vore peika på at fleire omsorgsbustader ville vore eit viktig ledd i å få ei god "omsorgstrapp" i Nissedal kommune. Ein ville både få mindre etterspurnad etter institusjonsplass, og over litt tid ville behovet for heimesjukepleie kunne bli mindre fordi fleire av dei som treng omsorgstenester bur rett ved institusjonen. Åmli kommune har lukkast i stor grad med ei satsing på omsorgsbustader. Rådmannen foreslår å sette av midlar til bygging av 2 omsorgsbustader i 2016. Rammeområdet eining for teknisk drift Side8

Teknisk drift vert for det meste vidareført frå 2015. Budsjettet for vegvedlikehald må styrkast, i hovudsak på grunn av nye brøytekontrakter. Det er lagt inn heilårsverknad av FDV-kostnader til Tambaga-romet. Vidare har teknisk fått ansvaret for leigeavtala med huseigar der vaksenopplæringa nå held til. Ved gjennomgang av husleigeinntektene frå næringsverksemd, ser ein at fleire inntekter har falle bort, eller er sett ned som eit ledd i å etablere ny næringsverksemd. Som kutt-tiltak har rådmannen foreslege å leige ut einingsleiar-ressurs i 40% til Kviteseid kommune i 5 mnd i 2016, etter førespurnad frå Kviteseid. I tillegg ser ein at driftsoppgåvene innan VA-sektoren har auka, og vil auke ytterlegare dersom kommunen i 2016 overtek ansvaret for fleire vass-abonnentar. I staden for å auke samla bemanning, foreslår rådmannen å flytte ressursar frå FDV til VA-sektoren. Dersom samarbeidet med Kviteseid kommune ikkje skulle vere aktuelt frå Kviteseid si side, meiner rådmannen det bør leggast større ressursar i utviklingsarbeidet innan VA-sektoren i staden. Innan tekniske tenester er det foreslege fleire investeringstiltak. Brannvesenet har i fleire år sendt bekymringsmeldingar når det gjeld tankbilen, og rådmannen finn det nå rett å tilrå å erstatte denne. Vidare foreslår rådmannen å sette av 1 million til asfaltering av grusvegar i Framnes-feltet i Kyrkjebygda og parsellar av Nordbø-vegen. Innan VA-sektoren er det 2 prosjekt som vert tilrådd: omlegging av kloakk-leidning mellom Landvik og Treungen reinseanlegg, grunna mykje vedlikehald og fare for forureining, og utviding av VA-nettet i Nordbygda, nå når Rv.41 vert rusta opp. Innan VA-sektoren vert det i tillegg arbeidd med å overta vassforsyninga i fleire hyttefelt, der det i dag er private vassverk. Dette vil krevje investeringar, men også gje nye abonnentar. Rådmannen tenker å legge fram eigne saker på desse prosjekta, og har vald å ikkje ta omsyn til desse i investeringsbudsjettet for 2016 nå. Rammeområdet interkommunalt plankontor Det er lagt til grunn at plankontoret vidarefører aktiviteten i 2015 til 2016. I høve til budsjettet for 2015 betyr dette ein aktivitetsauke, talfest som ein auke frå 95 til 120 oppmålingsforretningar. Dette gjer at gebyrinntektene kan aukast tilsvarande. For byggesaksbehandlinga er det budsjettert med same søknadsvolum, men der arbeidet kan gjerast med litt mindre arbeidsressursar. Dette er tatt ut som planlagt permisjon (kr 111 000) og endra intern arbeidsdeling ved kontoret (0,3 årsverk flytta frå byggesak til oppmåling i 2016-budsjettet i høvet til budsjettet for 2015). For å utføre oppmålingsarbeidet effektivt er det tilrådd å kjøpe ein ny gps på investeringsbudsjettet. Rammeområdet sjølvkost Dei store investeringane knytt til Gautefallheia VA er nå så godt som gjennomførte, og 2016 vert fyrste året der Nissedal skal vere vertskommune for drift av felles-anlegga med Drangedal. Sjølv med ein betydeleg auke i kapitalkostnadene, foreslår rådmannen å halde vassgebyra på 2015-nivå, og redusere kloakkgebyra med 5%. Dette grunngjevast med høge sjølvkostfond, og at ein også i 2016 forventar betydelege inntekter frå tilkoplingsgebyr. Rammeområdet Nav Nissedal Nav-kontoret er planlagt med 3 årsverk til sakshandsaming i 2016. Det er lagt til grunn at Nav Nissedal skal leiast av ein avdelingsleiar, med Nav-leiar i Drangedal som overordna ansvarleg. Den økonomiske ramma til stønad til livsopphald er styrka med kr 600.000, basert på erfaringane i 2015. Rammeområdet ymse prosjekt Folkehelse-koordinator-stillinga har tidlegare ligge her, men denne er overført til eining for helse og habilitering. Framlegg til ramme for 2016 gjeld i sin heilheit midlar til å omorganisere Nissedal frivilligsentral, jf Ksak 60/15. Rammeområdet Næring Side9

All aktivitet innan området er i 2015 finansiert med fond og tilskot, noko som er vidareført i 2016. Frå 2015 til 2016 vert det betydeleg mindre midlar til næringsarbeid, både på grunn av lågare avkastning frå kraftfondet, og fordi midlane frå småkommune-programmet, kr 350.000 ikkje vert vidareført. Det visast til eigne budsjett for kraft- og næringsfondet. Rådmannen si tilråding: Nissedal kommunestyre vedtek framlegg til årsbudsjett 2016 og økonomi- og handlingsplan 2016-2019, slik det ligg føre. Det vert nytta høgast mogleg skattesats på formue og inntekt. Eigedomsskatt Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2016 er 7 promille, jf eigedomsskattelova 11, 1.ledd Differensiert skattesats for eigedomar med sjølvstendige bustaddelar og fritidsbustader for skatteåret 2016 er 2 promille, jf. eigedomsskattelova 12, bokstav a. Det vert ikkje nytta botnfrådrag. Eigedomsskatt og kommunale avgifter vert kravd inn i kvartalsvise terminar (4). Det vert teke opp lån til investeringsføremål pålydande kr 1.355.000. Saksprotokoll i Formannskapet - 12.11.2015 Rådmannen sitt framlegg til budsjett vart drøfta Vedtak Rådmannen sitt framlegg til budsjett vart drøfta Side10

Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 033 2015/70-44 Anne Aarak 13.11.2015 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 114/15 19.11.2015 Referat- og drøftingssaker a) Møtebok 5.11.15 b) Aktuelt frå rådmann Rådmannen si tilråding: Referat- og drøftingssaker vert teken til etterretning. Side11

Side12

Side13

Side14