E39 Bogstunnelen Gaular grense Ope møte om planprogram 7. mai 2012 http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/e39bogstunnelengaular
Spørsmål eller innspel til planprogrammet: Høyanger kommune v/rådmannen, postboks 159, 6991 Høyanger eller som e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no Frist 15. juni Innhald i planprogrammet, dvs kva vi skal utgreie Informasjon om planområdet
Ellen Njøs Slinde Hans Erik Buene Bjarte Sandal Tid: 18-20 www.vegvesen.no/vegprosjekter/e39bogstunnelengaular
Formål med informasjonsmøte Informere om oppstart på planarbeid Vegplanen er ikkje laga startar planlegginga no Denne kommunedelplanen skal bestemma kvar vegen skal gå Konsekvensar for enkelteigedomane er ikkje klarlagt det blir tema i ein framtidig reguleringsplanprosess også
Kva er ein kommunedelplan? Kommunedelplan: bestemmer trace og standard på vegen Konsekvensutgreiing: vurderer fordeler og ulemper og konsekvenser for miljø, naturressurser og samfunn seier om og på kva vilkår tiltaket kan gjennomførast Kommunal plan som skal vedtakast i kommunestyret Planarbeidet blir utført i samråd med kommunen
Bakgrunn for prosjektet Som eit ledd i ordninga med statleg kvalitetssikring av store prosjekt i tidleg planfase (KS1) vart det i 2008 gjennomført ei konseptvalutgreiing (KVU) for Lavik til Skei. For strekninga Bogstunnelen Gaular grense var tilrådinga at ein skulle gå vidare med planlegging etter to konsept: Utbetring. Ei vegløysing som i hovudsak er basert på utbetring av eksisterande veg der ein kan nytte lågare geometrisk standard enn for ny veg. Omlegging.
Samfunnsmål for vegprosjektet E39 Hordaland grense - Skei NTP (Nasjonal transportplan) legg følgjande overordna politiske mål til grunn for transportpolitikken: Færre drepne og alvorleg skadde i vegtrafikken (0-visjonen vert lagt til grunn) Betre framkomst i og mellom regionar Eit meir effektivt transportsystem Eit transportsystem som er tilgjengeleg for alle KVU (konseptvalutgreiinga) Lavik Skei har dette samfunnsmålet for prosjektet: Betre framkomst og reduserte avstandskostnader for gods og persontransport på strekninga Lavik Skei, som ledd i eit effektivt nord-sør samband på Vestlandet.
Dagens trafikk E39 er nasjonal hovudveg. E39 Bogstunnelen Vadheim: i 2010 ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 1700 kjt. Av desse var 17 % tunge køyretøy. E39 mellom Vadheim og Gaular grense hadde ein ÅDT på 2000 i 2010. Av desse var 18 % tunge køyretøy. Fv. 55 gjennom Vadheim hadde i 2010 ein ÅDT på 1300 kjt. Av desse var 12 % tunge køyretøy.
Venta framtidig trafikk Både tunnelklasse og standardklasse på veg i dagen blir bestemt ut frå gjennomsnittleg trafikkmengd per døgn 20 år etter at anlegget er ferdig. Med 2040 som prognoseår, kan ein vente ein årsdøgntrafikk på E39 på: o ÅDT ca. 2200 Bogstunnelen - Vadheim o ÅDT ca. 2600 Vadheim - Gaular grense
Vegstandard Veg i dagen: 8,5 m brei veg Tunnel: T9,5
Vegstandard I planarbeidet skal ein også vurdere kostnader på høgare tunnelstandard, dvs. ein standardklasse høgare.
Utgreiingstema i konsekvensutgreiinga Skildring av tiltaket trafikk vegstandard utforming kostnader anleggsgjennomføring støy Ikkje-prissette konsekvenser Landskapsbilde Naturressurser nærmiljø og friluftsliv Naturmiljø Kulturmiljø Prissette konsekvenser
Landskapsbilde Romleg analyse topografiske skilje i landskapet utsiktspunkt landemerke viktige element som bind landskapet saman til heilskap Realistiske illustrasjonar Verknadar av skjeringar, fyllingar og eventuelle bruer, samt utforming av støyskjermar skal særskilt vurderast.
Nærmiljø og friluftsliv Endring i barriereverknad skal vurderast, med utgangspunkt i forslag til nye vegløysingar Konsekvensar for friluftsområde skal vurderast i høve tilgjenge og endra støybelastning. Konsekvensane av eventuell ny trase, breiddeutviding og trafikkauke skal vurderast med omsyn til busetnad og busetnaden sitt nærmiljø. Eventuelle konsekvensar for nærmiljøanlegg, som barnehage, skule, idrettsanlegg og leikeplassar skal utgreiast. Kartleggja friluftskvalitetar og identifisera influensområdet for nærmiljø og friluftsliv.
Kulturmiljø Det skal utarbeidast ein samla vurdering av tiltaket sin verknad på heilskap og samanheng i kulturmiljøa.
Naturmiljø Basert på kjende registreringar skal det vurderast kva konsekvensar tiltaket har ved direkte inngrep og kva indirekte konsekvensar det kan føre til for artsmangfald og barriereverknad. Det må i tillegg gjerast registrering av viltførekomstar i den grad dette ikkje er tilgjengeleg i rådataformat som kan brukast og leggast til grunn. Dei miljørettslege prinsippa som er omtala i Naturmangfaldslova vert lagt til grunn for konsekvensutgreiinga.
Naturressursar Naturressursar skal ikkje utgreiast for E39 Bogstunnelen Gaular grense. Det er litt jordbruk nord i Ytredalen, men dette er i område det er lite aktuelt å leggje vegen om. Elles skog i mykje av planområdet. Ut frå kjende naturressursar og aktuelle inngrep, meiner vi temaet ikkje treng utgreiast etter metodikken i handbok 140. Arealoversikt er lagt inn under teknisk gjennomgang.
Alternativ som skal utgreiast Alternativ 0 eksisterande veg Alternativ 1 daglinje Alternativ 2 tunnel sør for sentrum Alternativ 3 tunnel forbi sentrum
Planprosess og framdrift Aktivitetar Planprogrammet, saman med varsel om planoppstart, sendt ut på høyring Ca. tidsplan April 2012 Høyring inkludert informasjonsmøte April - juni 2012 Handsaming av merknadar og fastsetjing av planprogram Sommar - haust 2012 Planarbeid kommunedelplan og konsekvensutgreiing Haust 2012- sommar 2013 Kommunedelplan med konsekvensutgreiing vert lagd ut på høyring. Informasjonsmøte Vurdering av innkomne merknadar og saksførebuing for politisk handsaming Vedtak av kommunedelplan med konsekvensutgreiing I Høyanger kommune Haust 2013 haust 2013 Årsskiftet 2013/2014
Planprogram på høyring Kontaktpersonar: Høyanger kommune: Jostein Nyland Tlf. 57 71 15 31 Jostein.nyland@hoyanger.kommune.no Statens vegvesen: Hans Erik Buene tlf. 57 65 58 15 hans.erik.buene@vegvesen.no Adresse: Høyanger kommune v/rådmannen, postboks 159, 6991 Høyanger eller som e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no Frist 15. juni Innhald i planprogrammet Informasjon om planområdet http://www.vegvesen.no/vegprosjekter/e39bogstunnelengaular