SAKSF RAM L E G G Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 044 Arkivsaksnr.: 17 / 289 Politisk delegeringsreglement for Luster kommune Rådmannen si tilråding: Kommunestyret vedtek deleg eringsre glementet, versjon 31.01.17, slik det ligg føre.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Politisk delegeringsreglement for Luster kommune grunnlag. Kommuneforlaget, Luster kommune sitt delegeringsreglement. Uprenta vedlegg : Samandrag: Luster kommune sitt gjeldande delegeringsreglement vart vedteke av kommunestyre t 26.04.2012 i sak 26/12. I saka vert dette reglementet rullert kva gjeld myndedeling mellom politiske organ og rådmannen. Det er lagt til grunn tilsvarande prinsipp som i gjeldande reglement. Endringa er oppdatering i høve endring i lovverk og det at ein tek i bruk kommuneforlaget sitt digitale verktøy. Det sikrar til ei kvar tid god oversikt over gjeldande lover og forskrifter. Arbeid et med administrativt delegeringsreglement er ikkje fullført og arbeid med tilstøytande reglement må følgjast opp. Det gjel d først og fremst kommunen sitt økonomireglement, men og gjennomgang, ev supplering av reglementa for dei politiske organa. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret. Fakta: K ommunelov a 39 nr 2 seier at kommunestyret skal vedta reglement for delegasjon av avgj erdsmynde og tilrådingsmynde inn a n 31. desember året etter at kommunestyret ble i konstituert. Reglement skal rullerast ein gong i kvar kommunestyreperiode. Kommunestyret er det øvste organet i kommunen. Prinsippet er at a ll utøving av kommunal kompetanse ved andre folkevalte organ eller tilsette skjer på kommunestyrets vegne og politiske ansvar. I de i fleste kommun ane vil de t meste av avgjerdsmynde bli utøvd av andre enn kommunestyre av utval, råd, styre, av ordføre r eller utvalsle iar, eller av tilsette. Dette føreset at det ligg føre ei delegering frå kommunestyret. Delegering er e i form for tildeling av fullmakt. Det betyr at den man delegerer til, kan treffe avgjerder inn a nfor delegeringsvedtakets ramme på vegne av det deleger a nde organ. Men det deleger a nde organ kan når som helst «ombestemm a seg». Det kan ; - opphev a delegeringsvedtaket. - det kan det gi generelle eller konkrete instrukser om korleis det underordn a organet skal avgjøre saker. - d et kan og vedta at det s jølv vil treffe avgj erd. - det kan overprøva, ta det underordn a organ s itt vedtak opp til ny vurdering. Dette betyr at kommunestyret aldri kan delegere fr å seg ansvaret. Luster kommune tek no i bruk Kommuneforlagets digitale verktøy for kommunal delegering, KF Delegeringsreglement. Dette gir e i t elektronisk delegasjonsreglement tilgjengelig på kommunens h eimeside på følg ja nde link: https://delegering.kommuneforlaget.no/delegering/publikum?orgid=1426 Verktøyet gir kommunen komplett oversikt over lov er og lover med delegeringsadgang. Reglementet vil til e i kvar tid vere oppdatert med endring ar i lover og forskri fter.
Reglementet viser kva ansvar /mynde som ligg til kommunestyret. Det viser kva mynde som er delegert til øvrige politisk val te råd og utval og kommunale foretak og kva mynde som er dele gert til rådmannen. Rådmannen kan vid a redelegere si tt mynde om ikkje anne er uttrykkelig fastlagt. Denne delen av reglementet er ikkje fullstendig oppdatert/revidert pr no, men vert arbeidd vidare med. (jf noko endring i organisering m.v.) Tilrådingsmynde Kommunestyret har plikt til å ta stilling til korleis tilrådingsmynde skal praktiserast. Kommunelova 23 nr 2 pålegg administrasjonssjefen/rådmann å sjå til at saker som vert lagde fram for politiske organ er forsvarleg utgreidde og at vedtak vert sette i verk. Det følgjer av dette at i alle saker ska l det liggja føre saksutgreiing og som hovudregel rådmannen sitt framlegg til vedtak (tilråding) i samsvar med kommunens ordning for fullført saksbehandling. Rådmann har i utgangspunktet ikkje tilrådingsmynde til kommunestyret. Vurdering R eglementet bygg j er på reglementet fr å 2012, men er i si fulle form endå meir omfattende grunna at Kommuneforlagets digitale verktøy er teke i bruk. Me skulle ha lagt fram saka i 2016, men ut frå kapasitet og prioritering vart dette utsett noko. Me er i godt selskap då svært fåe kommunar har følgt opp kommunelova på dette punktet. Det er likevel tenleg med ei rullering no då lovverk på fleire område er justert, noverande reglement er utdatert på nokre felt. Det gir og nytt kommunestyre høve til innsyn og vurdering av delegeringsnivå. Det er ikkje gjort prinsippielle endringar i frå tidlegare reglement og til dette som her vert presentert når det gje ld kva mynde som er delegert vidare frå politisk nivå til rådmannen/ administrasjonen. Det nye i dette reglementet er måten det vert presentert på, ved at kvar lovparagraf kjem til syne. Det kan vera innfløkt å forhalda seg til ei slik stor oversikt, men samtidig gjev presentasjonen eit unikt overblikk av kva mynde eit kommunestyre rår over. Fordelen med den digitale plattforma er at kommuneforlaget ajourfører lovendringar og kommunen slepp å følgja med på dette. Framover vil endringar i lover og forskr ifter verta ivareteke kontinuerleg. Resultatet er, til ei kvar tid, eit gyldig, oversiktleg og nettbasert delegeringsreglement. Dersom lovendringar utløyser drøfting omkring delegert fullmakt så vil saka bli lagt fram for kommunestyret. Eksempelvis så er kommunestyret kjend med at det for tida går føre seg eit større arbeid på revisjon av kommunelova. Når Stortinget har gjort vedtak i den saka så vil det vere naturleg med ei revisjonssak kommunalt i lys av endringar i det nasjonale lovverket. Delegeringsr eglementet legg for det første til rette for eit funksjonelt kommunalt folkestyre og for det andre ei effektiv tenesteyting, forvaltning og administrasjon. For å nå måla er det viktig at ansvarsfordelinga mellom dei politiske organa og administrasjonen ved rådmannen er tydelege. Det skal vera eit klart skilje mellom politisk og administrativt mynde/ ansvar og arbeid. Alle prinsipielle saker skal handsamast po litisk. Dersom det er tvil om ei sak er av prinsipiell karakter, skal ordførar og rådmann avklara dette. Dei avklaringane som vert gjort gjennom handsaming av tvilstilfella, vil utvikla sedvane som supplerer delegeringsreglementet. Rådmannen er leiar for den samla administrasjonen, jamfør kommunelova 23 nr. 1. Våre tilsette, som står i møte med brukarane, skal ha naudsynt mynde til å fatta best mogelege vedtak saman med brukarane. I tråd med dette v er t m ynde delegert frå kommunestyret til rådmannen, i s tor grad gjennom administrativt delegeringsreglement delegert vidare til einingsleiarar.
I den elektroniske versjonen vert enkeltparagrafar vidaredelegert til dei ulike leiarane. Dette arbeidet er ikkje fullført/kvalitetssikra, men dette ligg til rådmann o g fullføre og å vedta. Dette reglement trer i kraft frå den dato det er endeleg vedteke av kommunestyret. Endringar i dette reglement kan berre gjerast gjennom vedtak i kommunestyret. Unnataket er vidaredelegasjonen frå rådmann og ut i organisasjonen. Det vedtekne reglementet skal leggjast ut på intranettet, og på kommunen si heimeside. Det vil vera lett å finna fram i for den enkelte brukar, anten ein er folkevald, rådmann, tilsett eller i nnbyggjar. Når det gjeld tilrådingsmynde så føl det i nokon gr ad av lov og forskrift samt organa sine reglement. I det generelle grunnlaget (eige vedlegg i denne saka.) som er lagt inn i delegasjonsreglementet er dette med tilrådingsmynde søkt klarlagt ut frå det formelle, vår noverande praksis og hensiktsmessige ordn ingar; Det skal liggja føre saksutgreiing og som hovudregel rådmannen sitt framlegg til vedtak (tilråding) i alle saker i samsvar med kommunens ordning for fullført saksbehandling. Rådmann har i utgangspunktet ikkje tilrådingsmynde til kommunestyret. Kravet om tilråding, frå rådmannen, gjeld ikkje i saker om val. Etter avtale med ordførar treng heller ikkje rådmann leggje fram tilråding i særlege tilfelle. I uttale/høyringssaker kan rådmann, etter avtale med ordførar, førebu og leggja fram tilråding direkte for kommunestyret. Ved vedtak av økonomiplan og årsbudsjett er det særlige regler for sakshandsaminga. Ansvaret for å leggje fram tilråding ligg på formannskapet. Formannskapet har direkte tilrådingsmynde til kommunestyret i saker kor formannska pet er første handsamingsinstans. Plan og forvaltningsstyret har direkte tilrådingsmynde til kommunestyret dersom PFS er første handsamingsinstans og saka ikkje medfører økonomiske konsekvensar utover vedteke budsjett. Mellombelse komitear har direkte tilrådingsmynde til kommunestyret etter mandat. Kontrollutvalet har direkte tilrådingsmynde til kommunestyret Om ikkje anna er bestemt har ordførar tilrådingsmynde på val/oppnemningar. Ordførar har tilrådingsmynde i uttale/høyringssaker. Leiar i PFS har tilrådingsmynde i uttale/høyringssaker for uttalesaker innan PFS sitt saksfelt. Styret i Lustrabadet KF har tilrådingsmynde i overordna saker for drifta av Lustrabadet. I reglementet er det og relevant å ta inn signaturmynde til ordførar og rådmann etter nærare avklaring der ordførar har den generelle fullmakta og rådmann fullmakt innan delegert mynde og gjorde vedtak. Delegeringsreglementet, i høve lover og forskrifter, må vere tilpassa andre reglement. Politisk organisering og reglement for dei politi ske organa vil definere den politiske arbeidsdelinga. Utover reduksjon i tal kommunestyremedlemmar, frå 2011, er her ikkje gjort vesentlege endringar, men det kan vere tenleg å fornye regelementa. Me har og hatt ei viss drøfting omkring reglement for mel lo mbelse komit ear noko som rådmann ikkje finn at me har. På dette området har det og vore endringar i kommunelova kva gjeld kompetanse og sakshandsaming. Kommunen sitt økonomireglement er sentralt kva gjeld fullmakter og plan - og budsjettprosessar. Dette støyter opp mot må harmonere med det «lovmessige.» Noverande reglement er frå 2014 (k.sak 63/14) og det er påpeika, mellom anna i revisorbrev, at reglementet bør gjennomgåast på nytt. Pågåande forvaltningsrevisjon
omkring økonomi - og prosjektstyring vil på rekneleg og etterlyse meir dokumenterte retningslinjer, rutinar m.v. som ev kan takast inn i dette reglementet. I økonomireglementet vil og fullmakter og «beløpsgrenser» vere gjenstand for drøfting. Endringar i administrativ organisering påverkar og dele geringa, men dette vil i utgangspunktet vere opp til rådmann og ta stilling til. Rådmann tilrår kommunestyret å godkjenne det framlagde delegeringsreglementet med den generelle delen og dei spesifikke delegasjonane som går fram av opplisting i KF deleg eringsreglement. Re glement trer i kraft frå den dato det er endeleg vedteke av kommunestyret. Endringar i «den politisk delen» kan berre gjerast gjennom vedtak i kommunestyret. Delegeringsreglementet skal leggjast fram for kommunestyret innan 1. juli første påfølgjande år i kvar ny valperiode. Dato: 25. 01.17 Jarle Skartun rådmann Særutskrift m/kopi til: skal sendast: