Utval Formannskapet og næringsutvalet Møtestad: Rådhuset Møtedato: 27.10.2016 MØTEPROTOKOLL Start kl.: 09.00 Slutt kl.: 14.00 Til stades på møtet Medl.: Forfall: Varamedl.: Frå adm. (evt. andre): Ivar Kvalen, Marit Aakre Tennø, Marianne Bugge, Geir Paulsen, Elin Hauge. Arne Johannessen, Geir Arve Sandvik Morten Vigdal, Torodd Urnes Kommunalsjef Knut Åge Teigen, sak 86/16. Økonomisjef Kjell Sverre Snøtun, sak 89/16. Rådmann Jarle Skartun. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste. Saksnr. Tittel 84/16 16/3792 Godkjenning av møtebok SAKLISTE 85/16 16/3534 Ny 66 kv kraftleidning Hafslo - Veitastrond; 86/16 16/3488 Barnehagevedtekter - revisjon 87/16 16/3733 Galdetoppen - godkjenning av byggerekneskap 88/16 16/3565 Søknad om kjøp av tomt i bustadfeltet Borhaug 89/16 16/2911 Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram 2017 90/16 16/3793 Referat- og drøftingssaker Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Side 1 av 6
Møteprotokoll er sendt til:medlemene, varamedlemer, rådmann, revisor, kontrollutvalet, biblioteket i kommunen, lokalavisa, NRK-Førde og Luster radio.
84/16 Godkjenning av møtebok Det var ikkje merknad til møteboka. Møteboka frå møtet den 14.09.16 vart godkjent. Marianne Bugge og Elin Hauge vart valde til å skrive under på møteboka. Møteprotokoll 14.09.16. 85/16 Ny 66 kv kraftleidning Hafslo - Veitastrond; Ivar Kvalen gjekk frå som ugild, på grunn av grunneigarinteresser. Marit Aakre Tennø leia møtet under handsaming av saka. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Luster kommunestyre tilrår at endringssøknad etter energilova frå Luster Energiverk AS av september 2016 om konsesjon for 66 kv linja Hafslo Veitastrond, vert innvilga som omsøkt. Kommunestyret forutset at det under detaljprosjekteringa av bygningar og linjer vert lagt vekt på å minimera ulempene for andre interesser, herunder landbruket i samband med stolpefeste o.l. I fall det ikkje vert oppnådd minnelege avtalar med berørde grunneigarar, tilrår kommunestyret at det vert gjeve løyve til oreigning etter oreigningslova som omsøkt. 86/16 Barnehagevedtekter - revisjon Rådmannen v/kommunalsjef orienterte om nokre endra datoar i vedtektene som er justerte etter høyringsrunden. (15. i kvar månad er justert til 01. i kvar månad mellom anna grunna omlegging i adm/økonomisystem.) Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Reviderte barnehagevedtekter vert vedtekne som framlagt i alternativ datert 20.10.2016
87/16 Galdetoppen - godkjenning av byggerekneskap Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. 1. Kommunestyret godkjenner byggjerekneskapen for utbygging av Galdetoppen næringsområde til ein samla kostnad på kr. 9 426 126,- 2. Meirforbruket på kr. 294 712,- vert dekka ved bruk av næringsfondet 88/16 Søknad om kjøp av tomt i bustadfeltet Borhaug Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken med den endring at tomtane kan betalast når bustadane får bruksløyve. Formannskapet godkjenner at Nes Eigedom får tildelt tomt 6 og 7 i bustadfeltet Borhaug. Pris vert sett til tidlegare vedteken pris på kr 450.000 pr tomt. Betaling av tomtane kan utstå til bustadane får bruksløyve. 89/16 Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram 2017 Rådmannen orienterte med utgangspunkt i budsjettnotat nr 3 og svara på spørsmål. Rådmannen hadde og ein kort gjennomgang av investeringsplanen. Formannskapet tek til orientering ein svært krevjande økonomisk situasjon i den kommande økonomiplanperioden. Endringar i inntektssystemet i kommunen sin disfavør og stor svikt i kraftinntekter/eigedomsskatt gjer det nødvendig med større tiltak for å balansere budsjettet. Formannskapet bad rådmannen sjå nærare på tiltak som ev kan hjelpe på balansering av budsjettet; -Gjennomgang av eigen administrasjon og vurdering av tenesteområde teknisk. (opp mot 2 million kroner.) -Nærare vurdering av skule/skulestruktur. Tiltak for å redusere rammer på oppvekstområde med 4-5 million kroner. -Nærare informasjon om opplegg og potensiale for innføring av allmenn «moderat» eigedomsskatt i Luster kommune. -Realisering av verdiar. Vurdering av aksjeportefølgjen i Sognekraft. På bakgrunn av tilbakemelding, vert tiltaka drøfta nærare på neste møte. Formannskapet drøfta innspel frå sist møte omkring «spelereglar for budsjettarbeidet». Formannskapet støttar intensjonane i framlegget, men i lys av den økonomiske situasjonen til kommunen er ikkje målsetjingane i framlegget realistisk å oppnå i dette budsjettarbeidet.
Budsjettdrøftingane vert ført vidare på neste møte. Rådmann tek med seg innspel i vidare arbeid. 90/16 Referat- og drøftingssaker Skriftleg orientering: Eksternt: Skriv dat. 29.09.16 frå KS, endring i politiet sin lokale tenestestadstruktur referert. Skriv dat. 20.09.16 frå IMDI, Færre einslege mindreårige flyktningar må busetjast i kommunane. referert. Skriv dat. 10.10.16 frå IMDI og fylkesmannen. Busetjing av flyktningar 2017. (16/3731-1) referert. Skriv dat 14.10.16 til Kommunal- og moderniseringsdep. Fylkesmannens framtidige struktur. referert. KS-nyhendebrev 13 og 14/16. referert. Interkommunalt: Sogn Regionråd. referert. SLT-Politiråd LLS, møte 11.10,referat. (16/1174-4) referert. Alarmsentralen, møte 18.10, referat.(16/3082-4) referert. Møte i rådmannsgruppa SR,04.10, referat. referert. Internt: Rapport delegerte vedtak referert. Møteprotokollar frå kommunale utval: Møteprotokollar frå møte i råda den 10.10.16. referert. Møteprotokoll frå kontrollutvalet den 3.10.16. referert. Møteprotokoll frå plan- og forvaltningsstyret den 17.10.16. referert. Møte i AMU 18.10. referert. Notat dat 20.10.16 frå rådmannen. Oppmoding om busetjing av flyktningar 2017 med vedlegg. (sjå skriv frå IMDI under ekstern info) referert. Orientering i møtet: Ordførar: Kommunestyre 04.11. referert. Møtet vert på HBU og vert temamøte oppvekst, orientering om budsjettarbeidet og handsaming av saker. Vegopning Veitastrond 15.12. referert. Formannskapet vert invitert til opninga. Representantskapsmøte IKS 21.10. referert. Representantskapet i Simas IKS har vedteke ny renovasjonsforskrift som kjem til handsaming i kommunestyret. Prosjekt Hemsedalsfjellet, søknad om støtte. referert. Formannskapet vedtok å støtte prosjektet med kr 20.000 dekka av formannskapskontoen. Utale på politireforma (kontor- og distrikts-struktur) og regionreforma. -referert. Sakene kjem til politisk handsaming i nov/des.(jf merknad/spørsmål i møte.) Utviklingssamtale m/rådmannen. referert. Saka har av ulike grunnar vorte utsett. Formannskapet legg til grunn at samtalen, via dei oppnemnde medlemmane vert gjennomført innan jan/febr.-17 m/tilbakemelding til formannskapet. Rådmannen si lønn vert justert m/2,5 %, jf arbeidsavtale.
Rådmann: Opning HBU, 02.11. referert. Sogn LMS.(møte 04.10.) referert. Det er pårekneleg med ny drøfting på kostnadsnivået med legevaktsentralen. Sogn Kulturskule, tingingar. referert. Med utgangspunkt i kommunestyrevedtaket er det utforma eit utfordringsnotat for tingingar. Det vert lagt opp til eit møte mellom deltakarkommunane der også politisk nivå deltek. Eigedomsskattegrunnlaget 2017-Kraftanlegg referert. Vert drøfta vidare i budsjettarbeidet. Næringssaker, ev. ikkje off.: Personal og administrative saker, ev. ikkje off.: Lokale lønstingingar. referert. Lokale tingingar er fullført innan rammer for årslønsvekst. Det er oppnådd semjeprotokollar med alle organisasjonane. Sjukefråvær 3.kv. referert. Svært gode tal i 2.kvartal, noko høgare i 3.kvartal, 6,3%, men framleis bra resultat. Sak LUS. referert. Drøfting i møtet: Budsjett/ øp.jf sak 89/16 Open post: Eventuelt/innspel i møtet: Dagsorden for møtedagen: 09.00-10.00 sakshandsaming 10.00-14.00 budsjettdrøftingar.(lunsj 12-12.30) Det vart ikkje gjort vedtak i saka.