Økonomiplan 2015-2018 «handout» I framlegg til Økonomiplan 2015-2018 med budsjett for 2015, har vi eit ekstra fokus på kompetanse og betre tilbod innan for alle fagområda, både på drifts- og investeringssida. Som regional utviklingsaktør er vi er opptekne av å styrke oppbygging av kompetanse innan vidaregåande opplæring, på høgskolenivå, samt å støtte ulike kompetansemiljø i fylket. Vidare er det viktig å legge til rette for auka tilgjenge, både innan samferdsel, kultur og tannhelse. I framlegg til økonomiplanen er det i 2015 satt av 3 491,2 mill. kroner til drift av Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2015 kjem vi til å bruke 1,5 milliardar på dei vidaregåande skolane og 1,3 milliardar kroner på samferdselssektoren. I tillegg har Fylkestinget lagt opp til ein ambisiøs investeringsplan gjennom vedtak dei har gjort dei siste åra. Med dei føringa som ligg til grunn har vi satt opp eit investeringsbudsjett på heile 4,6 milliardar kroner dei neste fire åra. Tiltak og satsingar for som er foreslått sett i verk innan dei ulike fagområda i 2015: Regional- og næringsutvikling: Ingeniørutdanning i Kristiansund undervassteknologi -drift og vedlikehald Fylkeskommunen tar vi initiativ for etablering av ingeniørutdanning på bachelornivå ved høgskulesenteret i Kristiansund. Målet er å utdanne ingeniørar med spisskompetase tilpassa dei utfordringane olje og gass næringa står overfor i åra som kjem. Høgskulen i Bergen vil vere ansvarleg for studiet. Det er sett av 1 mill. kroner i budsjettet for kvart av åra 2015,2016 og 2017. Byutvikling - Byane vert stadig viktigare for å utvikle kompetansemiljø, tiltrekke arbeidskraft og demme opp for ytterlegare sentralisering. Satsing på byane er derfor viktig for heile Møre og Romsdal. Fylkeskommunen har lagt inn 5 mill. kroner for kvart av åra 2015 og 2016 for å utvikle urbane kvalitetar i byane. Høgskolefond - Dei statlege midlane til kompetanse- og kapasitetsoppbygging i universitets- og høgskolesektoren er sentralisert til universiteta. Fylkeskommunen vurderer derfor å opprette eit høgskolefond på 20 30 mill. kroner for å styrke høgskolane sin kompetanse (doktorgrader og infrastruktur) på dei områda nærings- og arbeidslivet har behov for arbeidskraft og FoU-støtte. Lokal og regional samfunnsutvikling -Fylkeskommunen har god erfaring med arbeidet som er gjort gjennom Kommunal- og regionaldepartementet si LUK satsing. Departementet har avslutta si satsing, men fylkeskommunen vil halde fram den målretta satsinga med å arbeide for lokalsamfunnsutvikling saman med kommunane. Andre tiltak: Runde miljøsenter har søkt om ein grunnbevilgning på 1,5 mill. kroner for drift av verksemda. Runde har presentert ein plan for aktiviteten i 2015. Løyvinga ligg inne i 2015, 2016 og 2017. Bioforsk Økologisk på Tingvoll har søkt støtte til forskingsprosjekt. Bioforsk Økologisk på Tingvoll får tildelt kr. 1,5 mill. kroner per år i 2015, 2016 og 2017 til å gjennomføre denne aktiviteten.
Bidraget frå fylkeskommunen går inn i eit spleiselag der mellom anna Forskningsrådet er med. NCE maritim i har i fleire år hatt ei løyving på 2, 5 mill. kroner frå fylkeskommunen. I samband med at NCE maritim fekk status som Global Centre of Expertise er løyvinga frå fylkeskommunen til GCE frå 2015 auka til 4 mill. kroner årleg. Utdanning IUng-prosjektet blir vidareført slik at det no dekkjer alle regionane. Desse fylkeskommunale tiltaka gjennomførast i samarbeid med kommunar og arbeidsmarknadsbedrifter, og styrker dei fylkeskommunale «tiltakspakkane» for dei elevane som fell ut av vidaregåande skole. Med tiltaka er målet å få fleire tilbake til opplæring eller varig arbeid i staden for at nokre elevar blir ståande utafor både opplæring og arbeidsliv i fleire år. Karriereløypa er utvikla for å gi ungdom eit godt grunnlag til å gjere kvalifiserte val om utdanning og arbeid. Tilbodet er utvikla av fylkeskommunen i tett samarbeid med Ungt entreprenørskap og kommunar. Karrieresenter for vaksne blir etablert i dei fire regionane for å prøve ut modellar som kan møte behovet for rådgiving når det gjeld yrkesval og karriere. Utvide utprøvinga med å gi tilbod til ungddomsskoleelevar til å ta matematikk på vidaregåande nivå. Det er etablert eit tilbod på Fagerlia vgs for ungdomsskoleelevar i Ålesund-området, og lagt inn ressursar til den «virtuelle matematikkskolen» som kan nå ungdomsskolelevar i heile fylket. Vidarefører ordninga med praksisbrev og «vekslingsmodellen veksling skole/arbeidsliv» i fagopplæring for å gi ungdom fleire moglegheiter til fleksible løp. Skolebygg: Det blir også i 2015 store investeringar i bygningsmasse. Budsjett for 2015: Utstyr/universell utforming Kristiansund vgs, bygg 04 Rauma vgs, brannsikring/opprusting Molde vgs, byggetrinn 2 Haram vgs, opprusting Romsdal vgs, byggetrinn 2 Spjelkavik vgs, byggetrinn 1 Fagerlia vgs, bygg D Ålesund vgs Sum 13,0 mill. kroner 19,0 mill. kroner 21,0 mill. kroner 55,0 mill. kroner 50,0 mill. kroner 90,0 mill. kroner 12,0 mill. kroner 20,0 mill. kroner 5,0 mill. kroner 285 mill. kroner Konkrete utbyggingsprosjekt: Romsdal videregående skole: Det er sett av 90 mill.kroner i samband med byggetrinn 2. Fylkeskommunen skal bygge 12.000 m 2 nytt bygg i hovudsak for Byggfag, Helse og oppvekstfag og Teknikk og industriell produksjon, samt fellesfunksjonar som kantine, bibliotek og administrasjon. Bygget er svært innovativt og skal byggast med lavteknologiske ventilasjonsløysingar og
stor grad av massivtre. Nybygget er venta å stå ferdig hausten 2017, utomhusanlegg våren 2018. Fullt utbygd utgjer investeringa 493 mill. kroner inkl. mva. Kristiansund videregående skole: Rehabilitering av eksisterande bygg som skal innehalde teori og verkstadslokaler for utdanninga Teknikk og industriell produksjon. Mellom anna vert bilverkstaden no lokalisert hit. Bygging er starta og skal vere ferdig til skolestart 2015. Haram vidaregåande skole: Byggesteg 1 A og B - nybygg med praksis og teori for Helse- og oppvekstfag, samt særskild tilpassa opplæring. Ombygging av hovudbygget med nytt bibliotek, elevtenester og administrasjon. Lærararbeidsplassane vert bygd ut i høve til lovverket, og det vert etablert fleire grupperom på skolen. Byggesteg 1 A skal etter planen stå ferdig hausten 2015, medan ombygging av hovudbygget skal stå klart sommar/haust 2016. Kultur Stor satsing på kreative næringar 2013-2016 (stipend, støtte til galleri, møteplassar og nettverksbygging, kurs og opplæring). Kulturarv - tilskotspost til kulturminne og kulturmiljø av regional og lokal høg verdi, kr. 1 mill. kroner. Midlane er knytt opp mot kulturminne og kulturmiljø som blir prioritert i «Regional delplan for kulturminne av regional og nasjonal verdi». I tillegg er det i 2015 fokus på digitalisering og formidling av kulturarven. Immateriell kulturav - i dette ligg ivaretaking og utvikling av folkemusikk- og folkedanstradisjonar i Møre og Romsdal. Hovudinnsatsområde i 2015 er konsertserie for unge folkemusikkutøvarar og matkultur, Reiseliv, kulturarv, friluftsliv og verdiskaping - fylkeskommunen har som mål om å auke verdiskapinga gjennom potensialet som ligg i skjæringspunktet mellom kulturarv, friluftsliv og reiseliv (Romsdalstrappa er eit eksempel på ei vellykka satsing mellom offentlig, privat og frivillig sektor). Friluftslivanlegg - som en del av friluftslivets år, ønskjer fylkeskommunen å løfte fram friluftsanlegg i Møre og Romsdal som er av ein slik storleik og kvalitet at det blir signalanlegg. Det er mål om at 12 % av spelemidlane skal gå til friluftsanlegg i Møre og Romsdal pr. år. Andre tiltak: «Frå gråpapir til galleri». Lågterskelgalleri for unge kunstnarar mellom 20 39 år i Molde, Kr.sund og Ålesund, 1 mill. kroner Utvikle konsertserien UNG folkemusikar, kr. 150 000,- Utlysing av prosjektmidlar til folkebiblioteka med fokus på folkebiblioteket som arena for inkludering, kr 120.000,- Litteraturformidling til ungdom - forfattarturnè til ungdom i folkebiblioteka, regionvis. kr 130.000,- Utvide ressursar innan song knytt Operaen i Kr.sund. Det eksisterer allereie ei 50 % stilling. No legg ein opp til at denne skal aukas til å gjelde to 50 % stillingar, kr. 300 000,- Vidareutvikle og utvide møremusikarane sin konsertserie, kr. 200 000,-
Tilskot og kompetanse til skilting og merking av turstiar, og videreutvikling av morotur.no, (kr. 450 000,- utløyser midlar frå Gjensidigestiftelsen på kr. 500 000,-). Kobler folkehelse, reiseliv og kulturminneforvorvaltinga SAMFERDSEL Nasjonale ferjestandard - ferjetilbod som er betre tilpassa behovet. Større satsing på trafikksikkerheit enn nokon gong- t.d. 54 mill. kroner på gang- og sykkelvegar og spissa tiltak mot ungdomsulykker. Det skal investerast for nær 700 mill. kroner på fylkesvegane i Møre og Romsdal - t.d. rassikring Røyr/Hellesylt, oppgradering Fannefjordtunnelen og Driva bru. Tilpassa transporttilbod - eit stort og grundig arbeid for å tilpasse transporttilbodet til skreddarsaum for t.d. funksjonshemma, skuleungdom og eldre Enklare kollektivtransport med t.d. merkevara FRAM - betre informasjon, mobilbillettering og digitale tenester Andre tiltak: Nordøyvegen - Prosjekteringa av Nordøyvegen held fram parallelt med at saka vert handsama på statleg hald. Bypakkar -Fylkeskommunen har satt av 8,6 mill. kroner i 2015 til planlegging av bypakkeprosjekt. Herøybrua - Det er i 2015 og 2016 budsjettert med å nytte 17,4 mill. kroner til å utbetre Herøybrua. Driva bru -Bygging av ny Driva bru på Sunndalsøra i 2015 og 2016. Magerholm ferjekai -Ny reservekai. I tillegg vert hovudkaia forsterka med lengre tilleggskai. Stranda ferjekai -Bygging av ny ferjekai på Stranda. Sjølve bygginga startar i 2015. Gang- og sykkelvegar - Fylkeskommunen vil i 2015 bruke 54 mill. kroner til 8 ulike gangvegprosjekt. Røyr Hellesylt, byggesteg 3 -Heile byggesteg 3 er finansiert og det er venta at prosjektet er ferdig i 2017. Mobil-app for billettering - Møre og Romsdal fylkeskommune har starta ein pilot på billettering via mobil-app. Det er venta at billettering via mobil vert starta opp i alle bruttokontraktar i 2015. Kundesenter FRAM- FRAM er den nye merkevaren til kollektivtrafikken i Møre og Romsdal. I 2015 vil arbeidet med å bygge opp kundesenteret til FRAM prioritert. Kundesenteret vil vere lokalisert til Kristiansund. Starte opp FRAM Molde og Gjemnes -I januar 2015 startar ny brutto anbodskontrakt for Molde og Gjemnes opp. Alle bussar vil bli profilert med FRAM. Dette er tredje bruttokontrakt på rutebil som vert starta opp i Møre og Romsdal. Tannhelsesektoren Fleire får eit betre tilbod - Opptrappingsplanen for rus- og LAR-pasientar vidareførast med ei styrking på kr. 300 000,-. Oppbygging av fagleg nettverk og kompetanseteam for pasientar som har vore utsett for tortur, overgrep eller har odontofobi (TOO-prosjektet)
Fleire får gratis tannbehandling - Opptrappingsplanen vidareførast med 1,2 mill. kroner til gratis tannbehandling for personar med psykiske lidingar som får poliklinisk behandling i spesialisthelsestenesta, og personar i pleie av pårørande finansiert med omsorgslønn Auka satsing på kompetanseheving for betre kvalitet og pasientsikkerheit - Utlysing av stipendmidlar på kr. 500 000,- for å sikre kjeveortopedisk kompetanse på Nordmøre med base i Kristiansund. Kr. 500 000,- til kompetansebygging innan implantologi retta mot personar som manglar tenner i underkjeven og som ikkje kan bere protesar. Kr. 250 000,- til organisasjonsutvikling med mål å utvikle 4 kompetanseregionar i fylket (Kristiansund, Molde, Ålesund og Søre Sunnmøre). Modellen inneber ein kompetansetung sentralklinikk i kvar kompetanseregion som skal sikre regionen stabilitet og akuttberedskap også i periodar med vakansar på mindre klinikkeiningar. Klinikkutbetringar -Innflytting i ny distriktstannklinikk i Elnesvågen hausten 2015. Ny teknologi -Nye investeringar i digital røntgen. OPG-røntgen i Ålesund og Kristiansund. Vidare satsing på det førebyggande og folkehelsefremmande tannhelsearbeidet Auka satsing på eit fast og systematisk samarbeid med kommunane om opplæring og rettleiing av helsepersonell med fokus på tannhelsa til eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon/heimesjukepleie, psykisk utviklingshemma og rusmisbrukarar. Plan og analysearbeid Regional planstrategi 2016-2020 - Arbeidet med ny/revidert planstrategi for Møre og Romsdal Fylkeskommune vil gå føres seg heile 2015 med sikte på vedtak tidlig 2016. Som grunnlag for ein gjennomgang av fylkeskommunen sitt planverk vil det bli utarbeida eit grunnlagsdokument/samfunnsanalyse for Møre og Romsdal som grunnlag for planstrategien. Alle kommunar i Møre og Romsdal skal i same tidsrom utarbeide kommunale planstrategiar. Som sist dette blei gjort legg vi opp til å gje brei støtte både med statistikk/analyse og prosessrettleiing til kommunane samt samordne arbeidet mellom kommunar der dette er naturlig. Kommunereform - Plan- og analyseavdelinga er sentrale i å levere statistikkgrunnlag og samfunnsanalyser til kommunar og fylkesmann i arbeidet med kommunereforma. Politikaropplæring - Kommunevalet 2015 gjer at det er behov for opplæring av nye kommune- og fylkespolitikarar i rolla som planmyndigheit. Miljø I 2015 vil arbeidet med revidering av Regional energi- og klimaplan bli avslutta. Fokuset vil difor bli på gjennomføring av tiltak. Eit av dei tiltaka fylkesrådmannen ønskjer å sluttføre er utbygging av eit grunnleggande hurtigladenettverk for elbilar, slik at ingen i 2016 skal bu meir enn 5 mil frå ein hurtigladar. Det er gjeve støtte til hurtigladarar på Furene, Moa, Molde, Kristiansund, Valsøytunet, Sunndalsøra, Eidsvåg, Åndalsnes og Valldal. Dei prioriterte områda i 2015 vil bli ytre Sunnmøre, ytre Romsdal, Smøla og
Surnadal/Rindal. I tillegg til å gi innbyggjarane i fylket mulegheit til å bruke elbil også regionalt, vil hurtigladenettverket vere ein viktig basis for næringsutvikling knytt til miljøvennleg transport og elbilturisme. Fylkeskommunen har saman med fleire lokale kommunar, forskingsmiljø og private bedrifter vore med på å utvikla EU-prosjektet BEAST, som handlar om å gjennomføre klimaplaner. I tillegg til å dele erfaringar rundt elbilar og ladeinfrastruktur, skal dette prosjektet mellom anna fremje utbygging av bioenergi, omlegging til miljøvennlege drivstoff i kollektivtransport og varetransport, og energieffektivisering. I juni 2015 kjem representantar frå åtte europeiske land til Geiranger for å diskutere miljøvennleg samferdsle.