SAK S F RAM L E G G Sakshandsamar: Erling Bjørnetun Arkiv: 223 C5 Arkivsaksnr.: 16 / 653 Tilskot til kulturvern 2016 Rådmannen si tilråding: Luster kommune vedtek å disponera eit samla tilskot på kr. 117.000 til kulturvern fylgjande oppstilling. Hafslo sogelag, - bygdebok for Luster kr. 15.000 Hafslo sogelag, - landskapsleie på St uaflåten kr. 5.000 Hafslo sogelag, - lokalhistori sk Årbok for Luster 2016 kr. 20.000 Fortidsminneforeininga Sogn og Fj. avd. Vestreim, - guiding sesongen 2015 og 2016 Gaupne gamle kyrkje kr. 15.000 Sum: kr. 55.000 2016 etter Stiftinga Ormelid g ard, - prosessrettleiing og strategidokument kr. 62.000 SU M: kr. 1 17.000 Løyvingane vert å tilvisa over 14708.108.38502: Tilskot til kulturve r n. Formannskapet har i møte den 18.05.2016 disponert ei løyving til Stiftinga Ormelid gard av budsjett ert tilskot til kulturvern på kr. 62.000.
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Samandrag over innkomne søknader Uprenta vedlegg : Kommunedelplan for forvaltning av kulturminne i Luster kommune. Samandrag: Luster kommune har gjennom kommunedelplan for forvaltning av kulturminne trekt opp dei lange linjene for kva kommunen skal prioritere av tiltak. Kulturvern i denne samanheng er formidling av kunnskap og informasjon, utvikling av bruksområde for aktuelle kulturminne og haldningsskapande arbeid. Til denne handsamingsrunden tilrår rådmannen at det vert gitt eit tilskot på til saman kr. 117.000, der kr. 17.000 er finansiert ved tilbakeføring av unytta tilsagn om tilskot. Utval som har vedtaksmynde: Plan - og forvaltningsstyret Mynde til utvalet er gjeve i K - sak 43/15, Reglement for tilskot til kulturføremål. Fakta: Luster kommune har gjennom kommunedelplan for forvaltning av kulturminne trekt opp dei lange linjene for kva kommunen skal prioritere av tiltak. Kulturvern i denne samanheng er formidling av kunnskap og informasjon, utvikling av bruksområde for aktuelle kulturminne og haldningsskapande arbeid. Saksområdet skil seg frå kulturminnevern som i sin heilskap er knyta opp mot dei tekniske kulturminna som t.d. bygningsvern og restaurering av kulturminne. Det er gjennomført synfaringar og gjort vurderingar i samråd med kulturminnefagleg kompetanse på dei omsøkte tiltaka. I drøftingane omkring prioritering av søknader har kommunen tidlegare valt å sjå desse i samanheng med statlege og andre tilskotsordningar som signaliserar krav om kommun al medverknad til finansiering. Riksantikvaren har gitt tilsagn om tilskot til «Uthusposjektet i Solvorn» (registreringsfasen) og føreset kommunal medverknad på kr. 75.000. Dette tiltaket er utsett med gru nngjeving i budsjettsituasjonen. Budsjettert sum t il tilskot kulturvern (14709.108.38502) 2016 er kr. 100.000 + tilbakeført tilsagn om tilskot frå 2014 kr. 17.000 Disponibelt kr. 117.000 1. I. L. Bjørn: Søknaden gjeld tilskot til trykking og layout av «Bjønnaposten». Bjønnaposten vart utgjeven for 48. gong i Bjønnaposten er eit medlemsblad som fortel om den breie aktiviteten i idrettslaget. Bjønnaposten er også eit kulturhistorisk hefte. Heftet har mange artiklar som gjev lesarane auka innsikt og kunnskap om den i mmaterielle kultursoga i kommunen. Sum utgifter: kr. 55.000 Kulturhistorisk vurdering: Middels verdi Rådmannen innstiller på at søk naden om tilskot på til trykking av «Bjønna - posten» vert avslegen med grunngjeving i budsjettsituasjonen.
2. Hafslo sogelag: Søknaden gjeld tilskot til bygdebok for Luster kommune. Arbeidet med bygdeboka nærmar seg sluttføring. Det står no att to band som ikkje er trykte. Av desse vert det eine klart til trykking i år, medan det står att ein del innsamlingsarbeid til det siste. Det har synt seg turvande å leiga inn arbeidshjelp for på koma i mål med siste rest i kvart band, i tilegg til dugnadsinnsatsen. Sum utgifter: kr. 50.000 Dugnadsarbeid (200 timar à kr. 150): kr. 30.000 Allmenn interesse: Stor verdi Rådmannen innstiller på at søkaren får eit tilskot på kr. 15.000 til Bygdebok for Luster. 3. Hafslo sogelag: Søknaden gjeld tilskot til landskapspleie på Stuaflåten. I mange år har sogelaget arbeidd med å halda husa på husmannsplassen Stuaflåten vedlike og landskapspleie ved å hindra kulturlandskapet i å gro att. Dei har tidlegare fått «Smilmidlar» til dette arbeidet, men reglane for dette er no endra, slik at lag - og organisasjonar fell utanom. Sum utgifter: kr. 17.000 Dugnadsarbeid (100 timar à kr. 150): kr. 15.000 Rådmannen innstiller på at søka r en får eit tilskot på kr. 5.000 til landskaps p leie på Stuaflåten. 4. Hafslo sogelag: Søknaden gjeld tilskot til oppbygging av lokalhistorisk arkiv for Luster. Kjøp av ein del kontorutstyr, m.a. scanner for skanning av bilder og lysbord. Dette arbeidet vert gjort for f ørst og fremst for å sikra det omfattande private arkive t som Kåre Alme har opparbeidd, slik at det ert tilgjengeleg for ålmenta. S økar har inntil vidare fått disponera arkivrommet på tidlegare Luster v.g. skule (husmorskulen) og eit kontor ved sidan av dette, så arbeidet er godt i gang. Sum utgifter: kr. 10.000 Dugnadsarbeid (200 timar à kr. 150): kr. 30.000 Rådmannen innstiller på at søk n a d en om tilskot til lokalhistorisk arkiv for Luster vert avslegen med runngjeving i budsjettsituasjonen. 5. Hafslo sogelag: Søkna den gjeld tilskot til innsamling og redigering av stoff og bildemateriale til L okalhistorisk årbok for Luster 2016. Årbok for Luster er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tre sogelaga i kommunen. Det vert planlagt trykking av ny bok i Hafslo sogelag representerar laga ved å stå som søkar. Sum utgifter: kr. 199.000 Dugnadsarbeid (330 timar à kr. 150): kr. 49.500 Rådmannen innstiller på at søkaren får eit tilskot på kr. 2 0.000 til lokalhistorisk Årbok for Luter 6. Fortidsminneforeininga Sogn og Fj. avd. Vestreim: Søknaden gjeld tilskot til guiding /lønsutgifter sesongen 2 015 ved Gaupne g amle kyrkje. Fortidsminnefore i ninga er eigar av kulturminnet Gaupne gamle kyrkje, og dei har òg i 2015 hatt fast opningstid på sommar en. Sum utgifter: kr. 50.000 (inkl. sesonghjelp inkl. sosiale kostnader kr. 25.000)
Søkar har fått innvilga tilskot til dekking av lønsutgifter på kr. 15.000 i 2011, kr. 20.000 i 2013 og kr. 30.000 i 2014. Rådmannen innstiller på at søkaren får eit tilskot på kr. 15.0 00 til guiding for sesongen 2015 og 2016 ved Gaupne gamle kyrkje. 7. Bjørg Hovland : Søknaden gjeld tilskot til rekonstruksjon av ca. 200 år gamal dos (sidt skjørt). Bre senteret i Jostedal brann ned til grunnen olsok - afta 2011. I brannen gjekk tapt ein uerstatteleg tekstilskatt som var utstilt der. Kleplagg, draktdeler, knappar og søljer vart til inkje noko. Heldigvis var alt registrert av Institutt for bunad og folkedrakt, fotografert og beskrive hjå eigar, før det kom til Jostedal historielag frå Bergen. Kleplagga var tidfesta til tidleg 1800 - talet. Til all lukke så hadde søkar gått nokre av plagga «nærare etter i saumane» før dei kom i utstilling på Bresenteret. Det var særleg den raude dosi med applikert dekor. Søkar hadde teikna av figurar og mønster, og beskrive materialar og tråd me tanke på ein gong å rekonstruera. Søkjar ønskjer å rekonstruera denne dosi med tanke på histori a o g bevaring av tekstil tradisjon. Sum utgifter: kr. 5.000 Dugnadsarbeid (235 timar à kr. 150): kr. 35.250 Rådmannen innstiller på at søk nad en om tilskot ti l rekonstruksjon av raud d os vert avslegen med grunngjeving i budjettsituasjonen. 8. Stiftinga Ormelid gard: Søknaden gjeld tilskot på kr. 125.000 til proses s rettleiing og strategidokument som grunnlag for å utvikla Ormelid med å ta vare på bygningar og kulturlandskap og utvikla drifta av garden. Stiftinga Ormelid gard har overteke garden Ormelid i Luster etter Kjellaug og Erling Ormelid som testamenterte garden til stiftinga. Store delar av det sentrale gardsområdet vart i 2011 freda jfr. Kulturminnelova. Stiftinga sitt føremål er å: t a vare på og forvalta Ormelid med bygningar, inventar, l ausøyre, kult u rlandskap både heime og på stølane, formidla Ormelid si histori e, bu - og driftsform og landskap i eit heil skap leg perspektiv, nytta garden til kulturelle og ålmennyttige føremål og kultur - og naturbasert næringsverksemd med utgangpunkt i garden sine ressursar, etablera ei driftsform som tek vare på artsmangfaldet i området. Sum utgifter: kr. 150.000 Eigeninnsats: kr. 25.000 Allmenn interesse: Stor verdi Formannskapet vedtok i sak 49/16 den 18.05.2016: 1. Luster kommune løyver kr. 125.000, - til stiftinga Ormelid gard til utvikling av stategidokument og prosessrettleiing. 2. Løyinga vert dekka over løyving til kulturvern og næringsfondet. Kulturvern, 14709.108.38502: kr. 45.000 og unytta løyving/fond kr. 17.000. Næringsfondet kr. 63.000.
Vurdering: Kommunedelplanen for forvaltning av kulturminne i Luster kommune legg opp til at både kommuneorganisasjonen, private og frivillige lag og organisasjonar har eit felles ansvar for å auke bevisstgjeringa på verdien av lokale kulturmiljø, kulturvern og lokalhistorie. Rådmannen finn det omtala arbeidet og dei planlagde tiltaka (sjå vedlagt tabell) utfordrande, og ti lrår at det vert løyvt midlar til prosjekta såleis: 2. Hafslo sogelag, - bygdebok for Luster kr. 15.000 3. Hafslo sogelag, - landskapsleie på Stuaflåten kr. 5.000 5. Hafslo sogelag, - lokalhistorisk Årbok for Luster 2016 kr. 20.000 6. Fortidsmi nneforeininga Sogn og Fj. avd. Vestreim, - guiding sesongen 2015 og 2016 Gaupne gamle kyrkje kr. 15.000 8. Stiftinga Ormelid g ard, - prosessrettleiing og strategidokument kr. 62.000 SU M: kr. 1 17.000 Løyvingane vert å tilvisa over 14708.108.38502: Tilskot til kulturve r n. Formannskapet har i møte den 18.05.2016 disponert ei løyving til Stiftinga Ormelid gard av budsjettert tilskot til kulturvern på kr. 62.000. Desse søkarane nådde ikkje opp i prioritet med grunngjeving i budsjettsituasjonen: 1. I. L. Bjørn, - trykking av «Bjønnaposten» 4. Hafslo sogelag, - lokalhistorisk arkiv for Luster 7. Bjørg Hovland, - rekonst ruksjon av raud dos Dato: 24. mai 2016 Jarle Skartun Erling Bjørnetun rådmann seniorkonsulent - kultur Særutskrift skal sendast: Søkjarane m/kopi til: Økonomiavdelinga og revisor, her