Saker lagt fram av fylkesstyret

Like dokumenter
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Profesjonell i hverdagen. spørsmål til debatt. 1

Eit lærande utdanningssystem?

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Strategi Forord


PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Å byggje utviklingskompetanse for framtidas barnehage. Erfaringar frå prosjektet «barnehagen som lærande organisasjon» Aud Marie Stundal 12.

Gnist partnarskap heilskapleg satsing på læraryrket frå 2009 status kvalitet kvalite kvalitet rekruttering

Kva er nytt i rammeplanen?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Regional kompetansestrategi Sogn og Fjordane sluttrapport fase1

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Diskusjonsnotat: Profesjonsutvikling og kvalitet

Fylkesårsmøte mai 2015

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Plan for rettleiing av nyutdanna pedagogar i barnehage

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Saksbehandlar: Anne-Grethe Skjærseth Arkivsaksnr.: 12/ OPPVEKST - SKULEEIGARRAPPORTEN OM TILSTANDEN I SULASKULEN

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

2oo{oc{ 69 r HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE I HS F AVDELING FOR LÆRARUTDANNING OG IDRETT

HANDLINGSPLAN FOR GLØD Hordaland

Samling med kommunane 4.juni 2013

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

«Tid til faglighet» Loen oktober Anita Holm Cirotzki og Marion Svarstad

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Lærerprofesjonens etiske plattform på 1, 2, 3

SFS 2201 Arbeidstidsavtale Nytt pkt. 3.2 og videre prosess. Forsøksordning Sylvi Aarland

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Lærerprofesjonens etiske plattform

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Plan for rettleiing av nytilsette nyutdanna pedagogar i barnehage

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Kommunedelplan for oppvekst

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Prinsipprogram for Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Utfordringar for barnehagelærarutdanningane. Høgskolen i Bergen - Senter for utdanningsforskning

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Ny strategiplan for Høgskulen

Innsendt til Utdanningsdirektoratet. Trenger ikke bekreftes. Innsendt av:

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Bergen 1.nov 2017 INNSPILL TIL EKSPERTGRUPPEN FOR BARNEHAGELÆRERROLLEN

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Modulhefte PROGRESJON I BARNEHAGEN

Ny Øyra skule. Pedagogisk plattform

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Vår ref.: Dykkar ref.: Saksbehandlar: Dato: 2013/291-10/A10 Marianne Bolghaug

Lærerprofesjonens etiske plattform på 1, 2, 3

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

DATO: SAKSHANDSAMAR: Arve Varden/Tom Guldhav SAKA GJELD: Plan for prehospitale tenester - arbeid med mandat for fase 2

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag UDIR: Oppdragsbrev Desentralisert ordning for kompetanseutvikling og oppfølgingsordninga

Transkript:

Sak 5: Sak 5.a: Saker lagt fram av fylkesstyret Kvalitet i barnehage og skule Vi er kompromissløse forsvarere av kvalitet i hele utdanningssystemet. Vi skal sørge for at utdanning av barn, unge og voksne har høy kvalitet. 1 Som profesjon skal vi: syne mot og målbere tydeleg samfunnsmandatet. Vi brukar ytringsfridomen og deltek aktivt på faglege og utdanningspolitiske arenaer. Vi står imot press frå aktørar som vil gjere barnehagebarn og elevar til verkemiddel for eigne mål. Vi tek ansvar for å varsle når rammevilkår skapar tilhøve som ikkje er fagleg og etisk forsvarlege. 2 Kvalitet i arbeid med leik, læring, utvikling og danning har utgangspunkt i eit breitt samfunnsmandat for barnehage og skule. Kvalitet skal sikre likeverdig utdanning og føreset at lærarar og leiarar i utdanningssystemet blir gitt gode vilkår til å gjere jobben sin. Profesjonen og politikarane har ikkje alltid same oppfatning av korleis det nasjonale oppdraget skal forståast og kva rammevilkår som er naudsynte. Politikarane si oppfatning og definisjon av kvalitet i utdanning styrer deira prioriteringar. Deira vurderingar og val får direkte konsekvensar for profesjonsutøvinga for våre medlemmar. At lærarar og leiarar er tydelege på kva dei legg i kvalitet, korleis kvalitet blir utvikla best mogleg, og kva rammevilkår som blir kravd, er derfor vesentleg. Om kvalitetsomgrepet og kvalitetsarbeidet Både i organisasjonslitteraturen, i politiske dokument og i kvalitetsdebatten generelt, har det blitt vanleg å skilje mellom tre ulike former for kvalitet; Struktur-, prosess- og resultatkvalitet. Kort fortalt omhandlar strukturkvalitet utdanningsinstitusjonane sine ytre rammer på ulike nivå. Til dømes lovverk, læreplanar, økonomiske ressursar, lokalitetar, pedagogtettleik, gruppestorleik med meir. Prosesskvalitet viser til det interne arbeidet i den pedagogiske verksemda. Arbeidsmetodar, haldningar, etikk, relasjonen til føresette, innhaldet i opplæringa, leiing og bruk av eigen kompetanse er døme på prosesskvalitetar. Resultatkvalitet viser til det ein ønskjer å oppnå med det pedagogiske arbeidet. Relasjonen mellom dei tre kvalitetsområda er i liten grad definert, men det er kjent at dei opererer i samspel. Dette er det viktig å ikkje miste av syne. I debatt om kvalitet er det enklast å diskutere struktur- og resultatkvalitet. Handfaste, konkrete strukturspørsmål eller resultat som kan teljast eller målast styrer lett diskusjonen. Dette gjer sitt til at prosesskvaliteten i liten grad blir løfta fram i kvalitetsdiskusjonar, og kvalitet blir gjerne sett i samanheng med det som enkelt lar seg måle. For å synleggjere kva rammer vi treng, kan det vere eit godt grep å beskrive kva som er gode prosessar i lærararbeidet. Profesjonen sitt handlingsrom er under press Utdanningsforbundet sitt mål er likeverdig utdanning av høg kvalitet. Målet blir utfordra av eit fragmentert styringssystem og av stor økonomisk ulikskap mellom kommunane. Det aukande gapet mellom nasjonale lovnader og kommunal røyndom vart verkeleg sett på dagsorden i lærarstreiken. Som ein konsekvens av endra styring og maktforskyving i utdanningssektoren ser vi og at profesjonen sitt handlingsrom blir utfordra gjennom standardisering, testing, rangering, dokumentasjonskrav og ulike pedagogiske program. 1 Landsmøte Utdanningsforbundet 2009, Morgendagens barnehage og skole. 2 Lærarprofesjonen si etiske plattform 43

Politikarane si forståing av kvalitetsomgrepet legg føringar for kva som blir definert som ein god barnehage og skule. Dette får konsekvensar for korleis utdanningssystemet blir vidareutvikla og kva tiltak som blir sett i verk. Vi ser til dømes at ulike aktørar i aukande grad får høve til å definere kva som er gode system, verktøy og metodar. Endringar i planar og lovverk må ikkje undergrave det individuelle og kollektive handlingsrommet og metodefridommen som profesjonen treng for å handtere samfunnsmandatet. Utdanningsforbundet må vere profesjonen si stemme, og legge fram klare alternativ når lokale og sentrale styresmakter kjem med framlegg som vi meiner vil svekke kvaliteten i barnehage og skule. Vi må konkretisere kva vi meiner er høg kvalitet, og vise korleis vi jobbar for å oppnå den høge kvaliteten. Styrarar og rektorar har ei sentral rolle når det gjeld å utvikle skule og barnehage. Leiarar og lærarar i barnehage og skule er profesjonsutøvarar, som løyser eit samfunnsoppdrag og bruker kompetansen sin ved å utøve godt skjønn. Styrarar og rektorar skal leie lærarar, som igjen skal leie kjerneverksemda i barnehage og skule. Dette medfører at dei står i ein utfordrande posisjon mellom den utøvande profesjonen og barnehage- og skuleeigar. Sterke profesjonsfellesskap vil styrke leiarane si rolle i kvalitetsarbeidet, slik at dei kan målbere profesjonsfaglege spørsmål og krav oppover i systemet. Korleis kan profesjonen møte angrep og press på metodefridommen og handlingsrommet, nasjonalt og lokalt? Er vi aktive eller passive deltakarar i diskusjonen om kvalitet? Kva arenaer har vi, og tek vi dei i bruk for å få fram våre synspunkt? Både forsking og styringsdokument fokuserer på samanhengen mellom samarbeidskulturar og kvalitet i barnehage og skule. Korleis kan leiarar og lærarar utvikle det kollektive handlingsrommet? Barnehagelæraren sitt særskilte ansvar Utvikling av sterke profesjonsfellesskap krev samarbeid og tid til refleksjon mellom profesjonsutøvarane. I barnehagen er det ein låg andel av profesjonsutøvarar, og det vert difor meir utfordrande å etablere eit sterkt profesjonsfellesskap på arbeidsplassen. Barnehagelærarane opplever eit krysspress mellom nok tid til fagleg planlegging, og nok tid med barna. Barnehagelæraren sin særskilte kompetanse og pedagogiske ansvar må gjerast tydelegare og vektleggast meir både i planverket for barnehagen, i styringssystem og i barnehagen sin praksis.dette var noko som kom tydeleg fram i Utdanningsforbundet sin medlemsrapport 2/2015: «Arbeidssituasjonen til pedagogiske ledere i barnehagene preges av et stort press på oppgaver som skal utføres med minimalt med tid til gjennomføring. Samtidig er det et press fra fagarbeidere og assistenter knyttet til at de mener at pedagogene er for lite sammen med barna i barnegruppa». Utdanningsforbundet har sett i verk ein barnehagepolitisk offensiv, der målet er å nå fram til politikarar lokalt og sentralt med at pedagogtettleiken i barnehagane må opp. Målet er å få gjennomslag for at 50% av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar. Dette vil styrke det profesjonelle fellesskapet, noko som vil gje auka kvalitet i det direkte arbeidet med barna. Det er ei utfordring at meir planleggingstid totalt for barnehagelærarane kan føre til at barnegruppa får tilsvarande mindre tid med barnehagelærar. Vi må finne dei beste løysingane for å bruke den samla fagkompetansen når vi får fleire barnehagelærarar. Fylkeslaget ønskjer ein meir ambisiøs strategi, og vil arbeide for to barnehagelærarar på kvar avdeling i alle barnehagar. 44

Korleis skal vi arbeide for å nå målet om to pedagogar per avdeling i barnehagen? På kva måte kan ein utnytte den samla fagkompetansen med to barnehagelærarar på kvar avdeling? Faglege karrierevegar eller betre høve til spesialisering? I debatten rundt faglege karrierevegar har det kome fram at mange knyter dette omgrepet til personleg statusjag snarare enn til fagleg utvikling. Media har forsterka dette biletet ved å bruke ord som «superlæraren». Dessverre valde regjeringa med si pilotordning ei retning som vektlegg belønning av «flinke» lærarar høgare enn fagleg utvikling for profesjonen. Utdanningsforbundet har sagt klart nei til denne ordninga. Vårt utgangspunkt for å utvikle faglege karrierevegar har vore å gje lærarane rom for både fagleg og lønsmessig utvikling utan at dei må gå ut av det direkte arbeidet med barn og elevar. Kva skal Utdanningsforbundet sitt alternativ vere? Bør vi legge vekk omgrepet faglege karrierevegar, og heller snakke om høve til spesialisering på lærarane sine eigne premiss? I diskusjonane rundt faglege karrierevegar har det kome fram at mange lærarar er opptekne av å ha høve til fagleg spesialisering i tillegg til meir tradisjonell kompetanseheving. I Utdanning 4/2015 skriv Ragnhild Lied følgjande om spesialiseringsordning: «Alle som nokon gong har starta i ein lærarjobb, veit kor mykje læring som skjer gjennom sjølve yrkesutøvinga. Slik læring gjennom praksis er vanleg i alle yrke og slett ikkje noko unikt for lærarprofesjonen. Men det vi lærer gjennom lærarjobben, er faktisk unikt for oss lærarar. Det finst mange ekspertar både i dei ulike faga og i generell pedagogikk, men det finst berre ei yrkesgruppe som har erfaring med å omsette dette i praksis i barnehage og skule. Så blir spørsmålet kor synleg denne unike erfaringsbaserte kompetansen er for oss sjølv og andre. Er vi gode nok til å heve den erfaringsbaserte kompetansen opp på eit teoretisk nivå og ta han inn i kunnskapsgrunnlaget til profesjonen? Forvaltar vi kunnskapen som ligg til grunn for jobben vi gjer, på ein god nok måte? Eg trur vi vil styrke lærarprofesjonen om vi klarer å ta ein sterkare eigarskap til kunnskapsgrunnlaget for yrkesutøvinga vår. Eg trur vi gjer det mellom anna ved å løfte kunnskapen frå praksisfeltet inn i teorigrunnlaget til skulen og barnehagen. Derfor synst eg det er ein god tanke å lage ordningar som gir lærarar moglegheit til systematisk fagleg utvikling i eit samspel mellom praksis og teori». Gode høve til fagleg utvikling er ein føresetnad for kvalitet i utdanninga og for rekruttering til læraryrket. Mange lærarar i barnehage og skule ønskjer å kunne spesialisere seg innanfor eit fagområde og framleis jobbe direkte med barn og unge. For Utdanningsforbundet er det viktig å diskutere: Skal vi vere opne for ei systematisk fagleg spesialiseringsordning? Kvifor? Kvifor ikkje? Dersom ja, korleis kan ei slik ordning sjå ut, og kva krav bør vi stille til moglege spesialiseringsordningar? Korleis skal kunnskapen delast og korleis kan eit samla kollegium nyte godt av ei slik ordning? 45

Lærarutdanning Kvaliteten i lærarutdanninga er grunnleggande for kvaliteten på det utdanningstilbodet vi gir barnehagebarn og elevar. Like viktige som lærarane er for barn og unge i barnehage og skule, er lærarutdannarane viktige for framtidas lærarar. Det er derfor avgjerande at både lærarutdannarar og praksislærarar har høg fagleg kompetanse kombinert med kunnskap og erfaring frå barnehage eller skule. Lærarutdanningane utgjer ein stor del av universitets- og høgskulesektoren, og denne sektoren står midt i store utfordringar og omfattande endringar. Regjeringa ønskjer å redusere talet på institusjonar og vil innføre ei rekke nye krav til lærarutdanningane. Både distriktspolitisk og rekrutteringsmessig er dette utfordrande. Vi meiner at Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein avgjerande bidragsytar til rekruttering av lærarar i fylket og gir høve til eit godt etter- og vidareutdanningstilbod. Korleis rekruttere lærarstudentar til Sogn og Fjordane? Korleis rekruttere lærarstudentar frå eige fylke? Kva må gjerast for å rekruttere dei lærarutdannarane vi ønskjer både i praksisfeltet og på lærarutdanningsinstitusjonane? Ein skule og barnehage for framtida Ein aktiv profesjon er grunnleggande for kvalitetssikring i sektoren framover. Kven som har definisjonsmakta når det gjeld kvalitet er avgjerande for utviklinga i utdanningssektoren, og i samfunnet generelt. Profesjonen må vere ei motvekt mot uheldige definisjonar av kvalitet. Vi har tidlegare uttalt at vi skal vere kompromisslause på kravet om kvalitet i tilbodet til barn og elevar. Eit viktig formål med Utdanningsforbundet sitt arbeid, er å styrke profesjonen og den kontinuerlige kvalitetsutviklinga. Det er og viktig til ei kvar tid å sjå denne tematikken i samanheng med andre verdidebattar som går føre seg i det offentlege rommet. Kvalitet kan sjølvsagt ikkje definerast ein gong for alle, men må knytast til konteksten og den samfunnsmessige utviklinga. Dette gjeld spesielt innanfor utdanningssektoren som både må ta omsyn til samfunnsutviklinga, og som òg skal påverke og forme den. Vi har peika på at kvalitet lett blir oppfatta som det som kan målast, og dermed vert diskusjonane avgrensa til det som kan vegast eller teljast. Vi ønskjer å utfordre og inspirere til debatt og refleksjon, slik at profesjonen tek på seg den gule leiartrøya i debatten om kvalitet. Kvar ligg dei største hindringane eller truslane mot kvalitet i utdanninga i dag? Kva forstår vi med kvalitet og god utdanning? Korleis kan vi få auka gjennomslag for synspunkta våre? 46

Framlegg til vedtak: Fylkeslaget skal arbeide for at: 1. Medlemmar i sterk grad vektlegg prosesskvalitet i sin argumentasjon for kvalitet i barnehage og skule. 2. Leiarar og lærarar har tid til og samarbeider om å utvikle det profesjonelle fellesskapet. 3. Tillitsvalde og medlemmar er aktive deltakarar på arenaer der utdanningspolitikk vert diskutert. 4. Faglege karrierevegar for lærarar i utdanningssektoren er å få vidareutdanning og spesialistutdanning som til ei kvar tid er naudsynt for å løyse samfunnsoppdraget. 5. Skule og barnehageeigar i fylket samarbeider med Høgskulen i Sogn og Fjordane om faglege karrierevegar og etter- og vidareutdanning. 6. Det er to barnehagelærarar per avdeling i barnehagane i Sogn og Fjordane. Minst ein skal vere pedagogisk leiar. 7. Fylkeslaget tek med seg innspela frå fylkesårsmøtet i vidare arbeid med saka. Vedtak: 47