Karakterisering av kystvatn korleis behandle hamner i arbeidet etter vassforskrifta?

Like dokumenter
Vurdering av tilstanden i alle vassdrag, fjorden og langs kysten

Havner - regionale vannforvaltningsplaner

Treng vi å betre vassmiljøet?

Regional plan for vassregion Hordaland utsending på 2. gongs avgrensa høyring

Miljømål for vatn med fysisk påverknad

Kva for kunnskapsgrunnlag skal til for å friskmelde ein vassførekomst? Seniorrådgjevar Tom Dybwad og seniorrådgjevar John Anton Gladsø Fylkesmannen i

Regional plan for vassforvaltning. Vassforskrifta og organisering av arbeidet

Merete Farstad, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Vannforskriften. Helge Huru, MIVA

Møte i Sogn og Fjordane vassregionutval 4.okotber 2017

Miljømål for sterkt modifiserte vannforekomster

Vannforskriften. Møte om Forvaltningplan Nordsjøen Skagerak og Vannforskriften 2. desember 2010

Vassforskrifta flaum og overvatn. Kjersti Finholt Prosjektleiar Søre og Nordre Sunnmøre vassområde

Høring - regional vannforvaltningsplan med tilhørende tiltaksprogram og tiltakstabell

God kjemisk tilstand (miljøgifter) gjeld allikevel som for naturlege vannforekomster.

det objektive datagrunnlaget er særs mangelfullt behov for meir data/ overvaking i liten grad tatt stilling til om desse bør delast opp meir

Saman for vatnet. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

Oppsummering. Samordning for godt vannmiljø. Innføring i Vanndirektivet. - gjennomføring av forskrift om vannforvaltning

Risiko 2021? Jo H. Halleraker, Direktoratet for naturforvaltning Kurs - Værnes oktober 2009.

Lokale tiltaksanalyser

Sammen for vannet. Hovedutfordringer i Jæren vannområde

Uttale til Regional plan for vassforvaltning for og Handlingsprogram for

Vannforskriften i sedimentarbeidet

Vannforskriftens krav til overvåking og hva de andre sektorene gjør. Jon Lasse Bratli, Miljødirektoratet

Oppstartsmøte Ytre Sogn vassområde. Merete Farstad Sogn og Fjordane fylkeskommune Møte

Innspel til planprogrammet for kommunedelplan for vann og vassmiljø

Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion med tilhøyrande tiltaksprogram

Figur 7.1. Tilstandsklassene for økologisk tilstand, når miljømålet er nådd og når tiltak er nødvendig.

Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion - Ny høyring av miljømål

Karakterisering og klassifisering. - informasjonsmøte om vanndirektivet for vannområdene i Aust-Agder

Overvakingsprogram for Sogn og Fjordane vassregion

Sammen for vannet. Vedlegg 2 til høringsdokument 2: Hovedutfordringer i vannområde Indre Varangerfjord

Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet Arkiv: K1-033, K2 - K54

Miljømål og klassifisering av miljøtilstand

Handlingsprogram 2016 Regional plan for vassforvaltning for Møre og Romsdal vassregion

Viktige utfordringar i Stryn vassområde

Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion

HANDLINGSPROGRAM

FMLAs arbeid med vassforskrifta erfaringar og utfordringar

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

Uttale til høyring på Regional plan for Vassregion Hordaland med regionalt Tiltaksprogram ref, 2014/16490

Miljømål og unntak Omforente miljømål for planperioden

Rammer for overvåking i regi av vannforskriften

Fylkeskommunen, nye oppgaver fra Vannforvaltning, - plan og prosess

VANNKVALITETSMÅL DE FEM VIKTIGE PÅVIRKNINGER

UTTALE TIL FORSLAG TIL FORVALTNINGSPLAN OG TILTAKSPROGRAM FOR VANNREGION ROGALAND

Sedimentopprydding i Trondheim havn

Årsrapport 2013 fra vannområdene i vannregion Vest-Viken Frist for rapportering til VRM 1. mai 2014 kopi til ansvarlig FK.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Magnar Selbervik Arkivsak: 2010/253 Løpenr.: 11187/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

Tiltaksanalyser, tiltaksprogram og forvaltningsplan. Foto Merete Farstad Foto Merete Farstad Foto: NVE Foto:

Saman for vatnet. Vedlegg 2 til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram

Fylkesmannen og vannforvaltningen

Vik kommune Plan/forvaltning

Skjema for høringsinnspill

Naturforvaltning i kystvann

Vannforvaltning og datainnsamling Hva gjør vi i Akvaplan-niva. Ferskvann Marint

Løyve til å mudre i hamna på Sandvikvåg og flytte massane til djupare vatn

Unntak fra miljømål. Anders Iversen 29. oktober Foto: Morguefile Foto: Anders Iversen. Foto: Anders Iversen

Erfaringsmøte PURA/MORSA Hvordan påvirker vannforvaltningsarbeidet arealforvaltningen i kommunene? v/ Simon Haraldsen, Fylkesmannen i O&A

Innkalling til møte i Hordaland Vassregionutval fredag 24. april 2015

Status vassforskriftarbeidet i Hordaland

REGIONALPLAN OG REGIONALT TILTAKSPROGRAM FOR VANNFORVALTNING ROGALAND - ANDRE GONGS HØYRING RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK:

Kort innføring i planprosessen og høringsdokumentene. Høringskonferanse, 3. oktober 2014 V/ Vegard Næss, vannregion Rogaland / Rogaland fylkeskommune

Europas vann på bedringens vei, men store utfordringer gjenstår

Saman for vatnet. Oppdatering av regional vassforvaltingsplan med tilhøyrande tiltaksprogram. Vedlegg X til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar

Overvåking av vannforekomster. Ida Maria Evensen, Industriseksjon 1, Miljødirektoratet

Regional plan for vassregion Hordaland gongs høyring

Sammen for vannet. Vedlegg 3 til høringsdokument 2: Hovedutfordringer i vannområde Laksefjorden og Nordkinnhalvøya

HANDLINGSPROGRAM

Vassførekomstar i Sogn og Fjordane kunnskap og overvaking

Tilbodsinvitasjon Skildring av oppdraget

Gjennomføringen av EUs vanndirektiv i Norge med vekt på vannkraft. Jo Halvard Halleraker Direktoratet for naturforvaltning

Høyring Regional plan for vassregion Hordaland.

Hovedutfordringer i vannområde Neiden

Miljømål (standard og øvrige) ift påvirkninger og helhetlig vannforvaltning

Fylkesmannen i Oppland. EU s rammedirektiv for vann

Jo Halvard Halleraker Steinar Sandøy Direktoratet for naturforvaltning (DN)

Siste nytt om veiledere og holdepunkter for å lande forvaltningsplanene, med fokus påp. Vassdragsseminaret, Trondheim

Vanndirektivet og klassifisering av miljøtilstand hvor godt samsvarer miljøgifter og bløtbunnsfauna i industrifjorder?

Kostholdsråd, forurensede sedimenter forholdet til vannforskriftens krav

Karakterisering og klassifisering + noko attåt

Vår satsing på medvirkning for bedre vannforvaltning

Handlingsprogram for Regional plan for vassforvaltning Hordaland vassregion

Vann-Nett og medvirkning i gjennomføringen av EUs vanndirektiv og vannforvaltning

Handlingsprogram

Dokumentasjon av karakteriseringsvurderingane. Kjell Hegna Fylkesmannen i Hordaland

Norsk vann i en Europeisk ramme

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Vannmiljøets tilstand i Europa og Norge

På vei mot helhetlig vannforvalting status, erfaringer og tanker om fremtiden

Tiltaksanalyse for vassområde

Saman for vatnet. Vedlegg 1 til høyringsdokument 2: Hovudutfordringar i Nordre Nordmøre vassområde

Naturfaglig kunnskapsgrunnlag. Steinar Sandøy,

Saksframlegg. Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kleppa, Torborg K /471. Saksnr Utvalg Type Dato 041/19 Areal- og forvaltningsutvalet PS

Om vesentlige belastninger og påvirkninger ift risiko

Type påverknad Gjennomførte problemkartl tiltak, beskriv egging skal fange opp. Miljøtilstand er avhengig av pågående tiltak

Vesentlige vannforvaltningsspørsmål

NVEs foreløpige uttalelse til forvaltningsplan for vannområdet Bardu/Målselvvassdraget-Malangen, Vannregion Troms

Førebygging av toksiske effektar av klimaendringar på Vestlandet

Risiko miljøtilstand 2021?

Transkript:

Karakterisering av kystvatn korleis behandle hamner i arbeidet etter vassforskrifta? Bakgrunn Korleis vi skal behandle hamnene har vore eit stadig tilbakevendande tema i arbeidet med karakterisering av kystsonen. Følgjande spørsmål har komme opp: Korleis skal påvirkning frå hamner registrerast i Vann-Nett? Skal hamnene vere eigne vassførekomstar? I hamnene er det alltid større eller mindre fysiske inngrep som endrar morfologi og hydrografiske forhold. Skal hamnene dermed vere SMVF? Kva er i så fall miljømålet og kva miljøtiltak er det aktuelt å gjennomføre i ei hamn? Det pågår eit europeisk arbeid for å klargjøre forhold kring hamner og andre fysisk modifiserte system i kystsonen. Det har ennå ikkje komme konklusjonar frå dette arbeidet. Dette notatet er tenkt som ei rådgjeving om korleis vi handsamar denne typen vassførekomstar i Norge i påvente av betre europeisk rådgjeving. Hamnene er som regel ein fysisk avgrensa del av ein kystvassførekomst, enten naturlig avgrensa ved holmar/nes, eller kunstig ved molo. I tillegg har hamnene kaianlegg, ofte er det gjennomført mudring og det er stor båttrafikk, som alle vil kunne påverke dei økologiske forholda. Dei morfologiske endringane knytt til hamneinstallasjonane er årsak til at spørsmål om hamner som SMVF har komme opp. I dette notatet tar vi først opp spørsmålet om registrering av hamnerelaterte problemstillingar i Vann-Nett, knytt til det pågåande arbeid med sluttføring av forvaltningsplanane. Vi gir noen råd om korleis dette bør registrerast og rettast opp. Deretter tar vi opp meir grunnleggande spørsmål knytt til inndeling av vassførekomstar i kystvatn, SMVF og miljømål, med særleg vekt på vassførekomstar med hamner. Dette er med tanke på arbeidet i neste planperiode og vi er klar over at «nye» råd i liten grad kan følgast opp i denne perioden. Registrering i Vann-Nett Ved registrering av påvirkningar i Vann-Nett er det fire påvirkningstypar som er blitt brukt i vassførekomstar som er påverka av hamneaktivitetar: «hamneanlegg», «molo», «punktutslipp» og «diffus forureining». Påvirkningstype «hamneanlegg» er tenkt for påvirkning frå dei fysiske hamneinstallasjonane som kaier og terminalar, «molo» gjeld påverkningane som følgjer av moloanlegget mens «punktutslipp» og «diffus forureining» gjeld avrenning frå industri, bustadområde og landbruk. Ved gjennomgang av Vann-Nett kan det sjå ut som bruk av påvirkningstype og registrering av påvirkningsgrad i vassførekomstar som inkluderer hamner ikkje alltid er konsistent. Det ser ut til å vere fleire tilfelle av at påvirkningstype «hamn» er forveksla med forureining frå industri eller avrenning frå bustadområde. Påvirkningstypen «hamneanlegg» er altså knytt til påvirkning frå fysiske hamneinstallasjonar som kaier, terminalar og fysiske inngrep for skipstrafikken i hamna. Dette vil kunne påverke biologiske kvalitetselement i strandsonen i hamna mens mudring vil påverke botnfauna og eventuelle ålegrasenger. Påvirkningsgrad av påvirkningstype «hamn» må knytast til eventuell effekt på desse kvalitetselementa.

Påvirkningstypen «molo» gjeld dei påvirkningane som følgjer av moloanlegg. Dette er i første rekke redusert bølgeeksponering i hamneområdet. I tillegg vil molo kunne endre straumforhold og vassutskifting i området på innsida av moloen. Avhengig av plassering og storleik vil eit moloanlegg kunne påverke alle biologiske kvalitetselement, men i særs variabelt omfang. Forureining frå industri, landbruk eller bustadområde skal registrerast på påvirkningstype «punktutslipp» eller «diffus avrenning». Vi har gått gjennom noen kystvassførekomstar i Vann-Nett der «hamn» er registrert som påvirkning. Det er eksempel på at påvirkningstypen «hamneanlegg» er registrert med «stor påvirkningsgrad» medan det er forureining frå industriverksemd i hamneområdet som er påvirkningen det må gjørast tiltak mot. Det rette i eit slikt tilfelle er å registrere «diffus forureining» eller «punktutslipp» med «stor påvirkningsgrad». Det vil som regel også vere rett å registrere «hamneanlegg» som påvirkning, og påvirkningsgrad av denne påvirkningen må vurderast på bakgrunn av effekten hamneinstallasjonane har på relevante kvalitetselement. Vi gjør også merksam på at påvirkningen ikkje kan registrerast som vesentleg dersom økologisk tilstand blir sett som god. Inndeling i vassforekomst Retningslinjer for inndeling i vassførekomstar er gitt i Rettleiar 01:2011a Karakterisering og analyse. Der står det at ein vassførekomst skal ha likearta forhold når det gjeld naturgitte karakteristika, påvirkningsbilde og miljøtilstand. Det er viktig at område med risiko for ikkje å nå miljømåla blir avgrensa på ein høveleg måte. Rettleiaren gir også ei anbefalt nedre grense på 0,5 km 2 for ein vassførekomst. Formålet med å dele inn kysten i vassførekomstar er altså å få forvaltningseiningar med høveleg storleik og som er homogene i forhold til naturforhold og menneskeskapte påvirkningar. For kystvatn er det naturleg å bruke nes, viker, holmar, sund og tersklar som geografisk avgrensing. Fjordkatalogen har brukt dei same prinsippa for inndeling av kystsonen (http://kartkatalog.miljodirektoratet.no/map_catalog_dataset.asp?datasetid=501). Fjordkatalogen er derfor brukt som utgangspunkt for vassførekomstinndelinga i kystvatn. I tillegg er eksponeringsgrad, salinitet og tidevassamplitude brukt som inndelingskriterium. Menneskeskapte påvirkningar vil kunne medføre justering av grensene for vassførekomstar. Dersom ein stor vassførekomst har ulike påvirknader kan det vere formålstenleg å skilje ut den delen som er påverka. Dette gir større fokus på det geografiske området som har behov for tiltak og vi får eit meir riktig bilde av både påvirkning og miljøtilstand ved framstilling på kart. Det er likevel viktig at sjølve inndelinga av vassførekomstar ikkje lagar problem av noe som i utgangspunktet er uvesentleg eller at vesentlege problem blir kamuflert av å ligge i ein stor vassførekomst. Dei fleste hamnene langs Norskekysten vil vere små samanlikna med den vassførekomsten dei geografisk hører til eller grensar til. Om hamner skal vere eigne vassførekomstar er eit spørsmål om storleik og skala og om det er naudsynt eller aktuelt å gjennomføre miljøtiltak. Ei stor hamn er det likevel naturlig å skilje ut som eigen vassførekomst, uavhengig av type og omfang av påvirkning. Eksempel på store hamner er stamnetthamnene og enkelte fiskerihamner. Hamner knytt til dei større byane og hamneområde som er større enn ca. 3 km 2 er det naturleg å skilje ut som eigne vassførekomstar, uavhengig av miljøpåvirkning og behov for tiltak. I samsvar med Rettleiar 01:2012a skal hamner som er mindre enn 0,5 km 2 normalt ikkje vere eigne vassførekomstar. Mindre hamner der tiltak ikkje er nødvendig bør altså ikkje inndelast særskilt.

Småhamner som er skild ut som eigne vassførekomstar i karakterisering har som oftast problem med miljøgifter eller annan forureining. Dette problemet skal løysast uavhengig av om vassførekomsten er definert som sterkt modifisert eller naturlig. Dersom problemet er eit prioritert farlig stoff, påverkar dette bare kjemisk tilstand og ikkje økologisk tilstand. I slike tilfelle er det ikkje naudsynt å vurdere om vassførekomsten er sterkt modifisert. Når problemet med forureining er løyst bør hamna ikkje lenger inndelast særskilt. Dersom ein kan sikre fokus på tiltak utan å lage ein eigen vassførekomst, og utan at problemet blir overdimensjonert på kartframstillingar, bør ein unngå å opprette vassførekomstar med svært små areal. Fysisk påvirkning og SMVF Føresetnaden for å kategorisere ein vassførekomst som sterkt modifisert (SMVF) er at det er omfattande hydromorfologiske påvirkningar som fører til at vassførekomsten ikkje kan oppnå god økologisk tilstand. Inngrepet som er årsak til dei hydromorfologiske påvirkningane skal ha samfunnsnytte og kan ikkje erstattast med andre tiltak som er teknisk gjennomførbare, samfunnsøkonomisk lønsame og miljømessig betre (Rettleiar 01:2011a Karakterisering og analyse). Sterkt modifiserte vassførekomstar har lokalitetsspesifikke miljømål tilpassa den samfunnsnyttige bruken, godt økologisk potensial (GØP) (sjå Rettleiar 01:2014 Sterkt modifiserte vassførekomstar, som har retningslinjer for å fastsette GØP). Hydromorfologiske påvirkningar som normalt er knytt til hamner er: Kaianlegg som fører til endringar av strandsona Molo som reduserer bølgeeksponering og ofte vil endre sirkulasjons- og vassutskifting i hamneområdet. Mudring som endrar botnforhold. Båttrafikk som kan føre til oppvirvling av botnsubstrat. Ei større hamn med store kaianlegg og gjerne molo, og som er så stor og viktig at den blir definert som eigen vassførekomst, bør definerast som SMVF. Mudring og stor båttrafikk i grunne farvatn vil kunne påverke og endre botndyrfaunaen. Kaianlegg vil endre litoralsonen og eventuell molo vil endre bølgeeksponering og sirkulasjonsforhold. Installasjonar og aktivitet som naturleg høyrer ei hamn til vil derfor kunne endre miljøforholda i så stor grad at god økologisk tilstand ikkje blir nådd. Karakteriseringsrettleiaren opererer med mudringsareal 0,5 km 2 og kaianlegg som dekker meir enn 50% av litoralsonen som kriterier for SMVF. Grunnlaget for å utpeike større hamner og storbyhamner som SMVF er dermed til stades. Påvirkning av ureining i hamner Ureining i hamner er oftast knytt til den aktiviteten som går føre seg der, lasting og lossing i hamna eller skip og mindre båtar som virvlar opp forureina sjøbotn og sediment når dei manøvrerer til og frå kai. Årsaka til ureininga er oftast diffuse kjelder som avrenning frå by- og tettstader. Her kan til dømes nemnast avrenning frå veg, gate og overvatn. Avrenninga går til sjø og hamneområda som diffuse tilførsler. Mindre industri kan og ha avrenning til sjø i hamnar, medan større industri ofte kan ha eigen hamn og tilførsler frå eigen drift. Desse diffuse påvirkningane blir derfor ei kjelde til spreiing av diffus forureining. Ein bør merke seg at dersom ein bygger fysiske hinder som moloar og bølgebrytarar, kan desse redusere hastighet og utskifting av vassmassane slik at ureininga i større grad blir liggjande i hamna enn om hamna var meir open og vassutskiftinga større.

Miljømål Etter vassforskrifta er miljømålet for ein vassførekomst minst god økologisk og god kjemisk tilstand. Sterkt modifiserte vassførekomstar skal oppnå godt økologisk potensial, men ha god kjemisk tilstand. Kjemisk tilstand Utanom dei typiske hamneinstallasjonane er forureining den mest vanlege påvirkning i hamner. Dette kan vere forureining knytt til dagens eller tidlegare aktivitetar i og ved hamna. Forureininga kan omfatte både utslepp av miljøgifter og meir tradisjonell forureining gjennom avløp frå tettstader ved hamna. Konsentrasjonen av såkalla prioriterte stoff bestemmer kjemisk tilstand i vassførekomsten. Alle andre kjemiske stoff, som kan omfatte miljøgifter, tungmetall eller næringssaltar, inngår i økologisk tilstand. EQS-verdiane for prioriterte stoff er generelle, gjeld også for SMVF, som har identiske miljømål for kjemisk tilstand med naturlege vassførekomstar. Det er også slik at hydromorfologiske endringar som for eksempel ein molo vil kunne påverke forureiningssituasjonen i ei hamn gjennom å endre vassutskifting og eksponering. Dette er derfor forhold som det må takast omsyn til ved vurdering av miljømål og planlegging av eventuelle tiltak. Økologisk tilstand og økologisk potensial Økologisk tilstand og økologisk potensial blir fastsett gjennom tilstand for bestemte biologiske, fysiskkjemiske og hydromorfologiske kvalitetselement. Kvalitetselementa for dei ulike vasskategoriane er omtalt i Rettleiar 02:2013 Klassifisering av miljøtilstand i vann. Miljømålet for naturlege vassførekomstar er at dei skal oppnå minst god økologisk tilstand. SMVF skal oppnå minst godt økologisk potensial. Grenseverdiane for økologiske tilstand for det enkelte kvalitetselement er like for alle vassførekomstar av same type. Grenseverdiane er gitt i Rettleiar 02:2013 Klassifisering av miljøtilstand i vann. Miljømålet godt økologisk potensial for SMVF er derimot lokalitetsspesifikt. Det betyr at økologiske eigenskapar for godt økologisk potensial må definerast for den enkelte SMVF (sjå Rettleiar 01:2014 Sterkt modifiserte vassførekomstar, for detaljar). Konkretisering av miljømålet GØP for SMVF Ei hamn som er avgrensa som eigen vassførekomst på grunn av storleiken av sjølve hamna vil som regel tilfredsstille kriteria til SMVF. Dette gjeld ikkje dersom vassførekomsten er inndelt som følgje av forureining og hamna ikkje oppfyller krava til inndeling omtalt over. Miljømålet godt økologisk potensial (GØP) må definerast på grunnlag av kunnskap om den effekten hamneinstallasjonane har på økologiske forhold, og eventuelle realistiske tiltak som kan betre dei økologiske forholda. Dersom det i slike hamner ikkje er særskilde påvirkningar utover vanleg hamneaktivitet, er dagens miljøtilstand eit godt grunnlag for å definere GØP. Foreløpig bør ein ikkje prioritere tiltak verken for å reetablere eller skape ny litoralsone eller for å skape større biologisk mangfald i hamna. Her kan imidlertid lokale forhold variere mye og lokale ønske om spesielle tiltak bør det vere rom for å vurdere. Ved etablering av nye hamner kan spørsmål om avbøtande tiltak for å ta vare på særskilde miljøkvalitetar vere relevante. Er det derimot miljøproblem i hamna, som det kan gjørast noe med utan at det går ut over normal hamneaktivitet, er dette tema for den lokale tiltaksanalysen og nødvendige tiltak for å betre tilstanden skal med i tiltaksplanen. Forureining gjennom utslepp av stoff som ikkje står på EU si liste over prioriterte stoff er med å bestemme økologisk tilstand. Plikten å vurdere tiltak mot denne typen menneskeskapt påvirkning gjeld også for SMVF. Grenseverdiar og miljømål for fysisk-kjemiske kvalitetselement som er gitt i

Rettleiar 02:2013 Klassifisering av miljøtilstand i vann, gjeld både for naturlege vassførekomstar og SMVF. Ver likevel merksam på at redusert vassutskifting pga. molo kan påverke økologisk tilstand. Slike hydromorfologiske endringar vil derfor kunne påverke forureiningssituasjonen i hamna og er forhold som det må takast omsyn til ved vurdering av miljømål og planlegging av eventuelle tiltak. Dersom EQS-verdi eller god/moderat-grensa er overskriden for fysisk-kjemiske kvalitetselement, vil miljøtilstand i ei hamn som er SMVF i beste fall vere moderat økologisk potensial. Kunnskapsinnhenting - miljøtilstand i hamner Det er gjennomført lite undersøkingar av økologiske forhold i hamner og vi har derfor lite kunnskap om økologisk effekt av påvirkningane som normalt følger av ei hamneutbygging. For å få eit betre grunnlag til å sette miljømål i hamner bør tilstand for relevante kvalitetselement undersøkast nærare i eit utval hamner. Kystverket og Miljødirektoratet vil samarbeide om å planlegge slike FoUaktivitetar. Forvaltningsplanen I forvaltningsplanen kapittel 4.3 skal sterkt modifiserte vassførekomstar omtalast. Forvaltningsplanane skal inneheld oversikt over alle vassførekomstar som er utpekt til å vere SMVF. Oversikten skal også innehalde ein grunn for utpeiking av SMVF, samt oversikt over miljømåla for SMVF. I tillegg vil nok dei fleste planer ha en innleiande tekst om SMVF i kystvatn. Her vil det være naturleg å beskrive hamnestrukturen i regionen og om det er mange større fiskerihamner, stamnetthamner eller andre større terminalar. Ansvaret for dei fysiske påvirkningane bør også beskrivast. Dei fleste hamner er kommunale og Kystverket eig molo og enkelte kaianlegg i statlige fiskerihamner. Det er ingen myndighet som kan pålegge hamneeigar å gjøre avbøtande tiltak eller problemkartlegging og tiltaksovervåking. Kommunane og Kystverket må bidra til fastsetting av miljømål og utredning av i tilknyting til egne anlegg. I vassførekomster hvor det er hamneanlegg vil det være en nær samanheng mellom påvirkning frå det fysiske anlegget og påvirkning frå forureining. Fastsetting av SMVF beror på økologisk tilstand i vassførekomsten og vurderingar av andre typar påvirkning. Det kan være hensiktsmessig å si noe om at usikkerhet knytt til økologisk tilstand, vassførekomstinndeling og påvirkning frå forureining kan ha medført at det er utpekt få eller ingen SMVF i en vassregion, der dette er aktuelt. I neste plan kan derfor antal SMVF bli endra. Konklusjon: Store hamner er det naturlig å skilje ut som eigen vassførekomst, uavhengig av type og omfang av påvirkning, eksempelvis stamnetthamner og enkelte fiskerihamner. Hamner knytt til dei større byane og hamneområde som er større enn ca. 3 km 2 bør skiljast ut som eigne vassførekomstar. Små hamner (mindre enn 0,5 km 2 ) bør unntaksvis skiljast ut som eigne vassførekomstar. Dei fleste større hamner med molo, eller der kaianlegg dekker store deler av litoralsonen, vil innfri vilkåra for å bli utpeika som SMVF når;

o Vasstypen er endra (eksponert til beskytta) og litoralsone og botnforhold er vesentleg endra. o Vassførekomsten ikkje kan oppnå god økologisk tilstand utan å fjerne installasjonar som er nødvendige for hamna. o Merk! Forureining kan ikkje åleine bli lagt til grunn for å definere ein vassforekomst som SMVF Tiltaksmetoden skal brukast for å definere miljømålet GØP, dvs. at; o Tiltak for å redusere forureining er som regel det viktigaste tiltaket og miljømålet GØP blir ikkje nådd før forureiningsproblemet er løyst. o Andre miljøtiltak vil bare unntaksvis vere aktuelle i denne omgang. o Dersom det ikkje er forureining vil GØP vere lik dagens økologiske tilstand. Kunnskapsbehov o Det trengs meir kunnskap om kva slags effekt mudring og fysiske installasjonar som hamneanlegg og molo har på økologisk tilstand.