Medvirkning og kommunestruktur Nils Aarsæther Professor Samfunnsplanlegging og kulturforståelse ISS - HSL-fak
Mål med framstillinga Presentere grunnleggande perspektiv på medvirkning og lokaldemokrati Presentere forsking på medvirkning og lokaldemokrati Knytte dette opp mot kommunestrukturreformideane Drøfte behovet for eit fjerde styringsnivå
Perspektiv: Reaktiv og proaktiv lokalpolitikk Reaktivt: Der borgarane reagerer og responderer på forslag satt fram av kommuneadministrasjonen eller av folkevalde organ. Proaktivt demokrati: Der borgarane tar initiativ og/eller blir inviterte til å deltar i utforming av forslag som dei folkevalde så drøftar. Proaktiv politikk handlar om arenaer der borgarane diskuterer og fremjer synspunkt på løysing av felles oppgåver. Det er vanskeleg å få til, men det går. Enklare å få til i mindre kommunar enn i større. Reaktiv politikk handlar om ein situasjon der borgarar flest opplever å vere utelukka frå /ikkje deltar i diskusjonar og fremjing av løysingar, men der dei individuelt eller kollektivt fremjer motstand mot framlegg og/eller leverer kommentarar eller alternative løysingar. Reaktiv lokalpolitikk er demokratiet sin sikkerhetsventil, og er spesielt viktig når det representative demokratiet fungerer dårleg.
Proaktiv deltaking i det representative demokratiet: Partikanalen Det ideelle er at engasjerte borgarar er med i politiske parti I kommunar med under 5000 innb.: ca. 30 % er partimedl. I kommunar med over 20.000 innb.: ca. 12 % partimedl. (DEU: 115) Det representative demokratiet sin basis er svakare i kommunar med fleire enn 20.000, mens store befolkningssegment er fortruleg med partiarbeid i mindre kommunar. Forklaring (1) I mindre kommunar er politikk viktigare for arbeidsplassane og velferdstilboda enn i større kommunar. (2) Sjansane for at partiaktivitet fører til verv er langt større i mindre kommunar, det kan motivere til partiengasjement Viss dette er gode forklaringar, er det vanskeleg å sjå for seg at partimedlemskap vil bli meir vanleg blant folk, ved samanslåingar
Proaktiv deltaking: Valg og Verv Delrapporten fra Ekspertutvalget, s 118 jo flere innbyggere, jo lavere valgdeltakelse (med unntak for kommunar over 70.000). Overlegent størst valgdeltaking i kommunar med mindre enn 2.500 innb. Igjen to forklaringar (1) nærheit (2) meir står på spell. Nærheit til systemet: Eit i global samanheng heilt eineståande folkestyre, i norske små og mellomstore kommunar. Ingen andre stader i verda kan vanlege folk ha sjanse til å gjere seg gjeldande ved så store oppgåver. Opptil 1/3 av velgarane kan rekne med å vere repr./vara i løpet av 50 år! Kva meiner vi med «meir står på spell»? Jo, at ei feilvurdering frå ein ordførar eller ein rådmann kan sette store delar av lokalsamfunnet i fare, mht. sikring av jobbar, skolar og kommunikasjonar. I større kommunar går velferdstilbod og næringsliv meir av seg sjøl, og det er mindre avgjerande kva slags kompetanse og kontaktar ordførar og rådmann har. (Tromsø har råd til å krangle i 25 år+ om E8-traseen i Ramfjorden. Folk står i kø for å kjøpe einebolig til 7 mill. i Tromsø uansett kven som får fleirtal til hausten)
Reaktiv deltaking: Protest, partikularisme Innbyggerinititativ (Kommunelova 39a) Rådgivande folkeavstemminagr ( 39b) Uformelle kanalar: Signering av opprop, Delta i aksjonar ensakspolitikk mest utbredt i Oslo, Kontakte kommunen direkte (adm., politisk) Fortolking: Til ein viss grad fungerer kompensatoriske tiltak for å avbøte manglar i det representaive demokratiets funksjonsmåte i større kommunar.
Forsking på kontaktorgan og rutiniserte kontaktar (Jacob Aars 2012) Kontaktorgan med barn/unge (69%) Kontaktorgan friv.org.( 66%) Eldreråd obligatorisk (Eldrerådslova 1) Møter med repr. For næringslivet (80% praktiserer det!) (Aars2012:395) Møter med andre interessegrupper (78%) Idedugnader (49%) Folkemøter/ høringsmøter (43%) Brukarmøter (33 %)
Behovet for eit nivå 4: Bydels/kommunedelsnivået Godt demokrati føreset proaktive borgaraktivitetar I store kommunar er det plass til få representantar i forhold til folketalet Med mindre forholdstal er det mogleg å få det representative systemet betre forankra i lokalsamfunnet På bydels/kommunedelsnivå opplever folk det står mykje på spel (skolen, vegen, butikken) Ein strukturreform utan nivå fire vil risikere å gå Danmarks veg, etter den statleg påtvungne samanslåinga: innbyggernes.forståelse av kommunepolitikk er blitt litt dårligere; kommunepolitikerne i de sammenslåtte kommunene ble oppfattet som mindre lydhøre overfor innbyggernes meninger og holdninger (DEU:123).
Kommunelova 12. Kommunedelsutvalg 1. Kommunestyret kan selv opprette kommunedelsutvalg for deler av kommunen. Kommunestyret velger selv medlemmer og varamedlemmer til utvalget, og blant medlemmene leder og nestleder. 2. Kommunestyret selv kan fatte vedtak om at medlemmene til ett eller flere kommunedelsutvalg i kommunen skal velges av innbyggerne i vedkommende kommunedel (direkte valg). Der medlemmene til kommunedelsutvalget er valgt ved direkte valg, velger utvalget selv leder og nestleder. (utheving gjort her) Kommunedelsutvalet kan fungere som eit mini-kommunestyre. Forsking utført ved UiT og UiN (Nyseth, Ringholm, Røiseland, Aarsæther 2000, Nyesth & Aarsæther 2002)) har vist at kommunedelsutval jobbar forskjellig frå eit kommunestyre, på bydelsnivå er det typisk at partipolitikk ikkje er gangbart. Dette kan skape betydelege spenningar opp mot eit partipolitisk splitta kommunestyre
Er demokrati viktig da? (folk er opptatt av tenestekvalitet) På mange offentleg styrte område rår fagfolk over prioriteringar, og bør få gjere det (brubygging, hjerteoperasjonar) Folkevalde organ si rolle er å sette rammer, og ikkje blande seg inn i det som best avgjerast på grunnlag av faglege vurderingar Men med kommunar er det annleis. Det finst ingen spesialkunnskap på å styre på tvers. Rådmannen kan nok fortelle kva som er fornuftig ressursdisponering (ressurskoordinering) Men folk kan ha andre idear om kva som er gode løysingar, ut frå lokale erfaringar og lokal situasjon (policykoordinering) Denne kompetansen gir ikkje utdanningssystemet. Det spesialiserer. Heldigvis har vi ei vaksenopplæring som fungerer, med 11.000 folkevalde på kontinuerleg læring og med kommunebudsjettet som «elevarbeid». Pr i dag (men det veit vi ikkje) kanskje 15.000 på nivå 4 - i mylderet av bydelsutval, velforeiningar, bygdelag.
Der dette er gjort profesjonelt: Fredrikstad (76.000 innb. 21 lokalsamfunn) Eigen portal «By på» der organisasjonslivet er opplista, pluss 21 lokalsamfunn alle med eiga heimeside Lokalutval med 5 lokalt valgte + 2 oppnemnde fra kommunestyret 21 grundige stedsanalyser utført (35-60 siders rapportar) som ligg på nettet http://www.fredrikstad.no/samfunn/rekustad/sider/default.aspx
Forsking på medvirkning og lokaldemokrati Ny internasjonalt basert studie: Size & Local democracy ( Denters m.fl.) Basert på samanlikning av lokaldemokrati i Danmark, Norge, Sveits, Nederland Bekreftar resultat frå «Size & Democracy» (Tufte & Dahl 1973): Mindre kommunar gir like gode tenester som større, og betre demokrati Og sannsynlegvis er det ein samanheng, tilføyd for eiga rekning: : Demokratiet i dei mindre kommunane kan vere ein del av hemmeligheten bak «gode tenester levert av middels dyktig fagpersonale»
Konklusjon Lærdomar frå småkommunar sin relative demokrati-suksess kan ikkje overførast til store einingar Det er betre å kompensere for størreslesulemper gjennom kommunedlessturktur (nivå 4 ) enn eit mylder av ulike medvirkningsordningar Men dette mylderet må ein stor kommune også ha, og dermed behov for parallellkøyring på proaktiv / reaktiv. Resurskrevande løysingar, dette. Store transaksjonskostnader dersom målet er å styrke lokaldemokratiet. Smått er godt. Fortsatt.