PERIODEPLAN 0-3 ÅR MARS JULI 2014 BLÅKLOKKE OG PRESTEKRAGE ØYRA BARNEHAGE
Personalet på Prestekrage Arlene Puazo Gervacio, Pedagogisk leiar Elisabeth Bjørneseth, Fagarbeidar Janne Elin Krøvel, Assistent Personalet på Blåklokke Kristin Etresvåg, Pedagogisk leiar Inger Paulen Standal Fagarbeidar Mette Lise Øyen Assistent Victoria Wooding Lærekandidat Vivian Navelsaker Fagarbeidar Barnegruppa på Prestekrage Født i 2011 Unni-Sofie Aleksandra Sara Selena Født i 2012 Frid Eline Tobias Olai Maya Andreas Elsie Elias Barnegruppa på Blåklokke Født i 2011 Jonah Felix Isak Theodor Solveig Diana Født i 2012 Malin Astrid Johannes Født i 2013 Leana 1
Evaluering I september, oktober og november har me hatt fokus på leik og etablering av leikegrupper. Me har delt barnegruppa i små grupper, der borna leikte ved ulike leikestasjonar. Me har hatt lesestund, konstruksjonsleik, rolleleik og songleik. I tillegg har me hatt kvar sin turdag, fellestur og utegruppe med 2 åringane. Me ser at fokuset på leik og gode rammer for leik har gitt gode vilkår for etablering av venskap, ro og det å vere tilstades. Gjennom prosjektet Meg sjølv og Sansane mine har me gitt borna inspirasjon og inntrykk som har kome til uttrykk gjennom leik. Borna sitt sjølbilete og sjølvkjensle vert styrka, dei har utvikla sin eigen identitet og det har gitt tryggleik og tilhørigheit i gruppa. Samtidig har me lagt til rette for rolleleik og frileik, der borna forflyttar seg i leiken. Og det er naturleg for dei å bevege seg rundt og bli kjend med dei ulike leikegjenstandane som finst i romet. Når borna leikar rolleleik, lærar dei seg språk. Det å late som å lage mat, da treng me mat og kjøkenutstyr. 2
I desember har me hatt fokus på stemningar og skapt forventningar til høgtida gjennom samlingar og adventsstunder. Borna har vore med å skape og lage julegåver til familien. I januar har me brukt mykje av tida på tilvenning av nye born. Me har hatt fokus på at dei nye borna fekk ein trygg og roleg start, samtidig som dei gamle vart ivaretatt slik som dei er van med. I løpet av tilvenningsperioda har borna fått tid og rom til å bli trygge og kjend med dei andre borna og dei voksne på tvers av basane. I tillegg til dette har me hatt studentar frå førskule- og barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. I januar og februar skulle me jobbe med tema Vinter. Men desverre har ikkje Kong vinter komt til oss. Derfor måtte me endre litt på planen vår. I staden for å jobbe med tema Vinter, har me valgt å jobbe med tema Fuglar. Dette var eit prosjekt der både borna og voksne har vore med å lage mat til fuglane. 3
Borna har fått kjennskap om kvifor me laga mat til fuglane vinterstid. Me fortalde dei om at vinterstid er det vanskeleg for fuglane å skaffe seg mat, difor må me hjelpe dei. I tillegg er det godt for borna å få vere snille og vise omsorg for nokon. Barn er veldig opptekne av dyr. Samtidig har borna lært ein del fuglenamn, som t.d. kjøtmeis, dompap, svarttrost o.l. Etter at me laga mat til fuglane hengde me dei opp i trea ute på barnehage området. Me har vore spente på om fuglane ville kome og ete på dei. Og heldigvis har dei gjort det. Vi skal etterkvart få opp eit fuglebrett utanfor avdelinga vår. Der kan vi leggje brødsmular og anna fuglemat. Det blir spennande å følgje med på dette utover Våren. Kjøtmeis Dompap 5
VEKERYTME MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG Aldersdelte grupper: 1 åringane blir delt i grupper med lesestund, konstruksjonsleik, forming. 2-3 åringane skal ha friluftsgruppe. Me har 10 born og har valgt å dele gruppa i 2. Det blir friluftsliv for gruppe 1 og gruppe 2 anna kvar måndag. Besøke storbarn: Ei lita gruppe2-3 åringar skal besøke storbarnsbasen for å gjere seg betre kjent med både barn og vaksne der. Turdag for blåklokke: Alle må vere komne til kl. 09.30. Vi nyttar nærområde og uteområdet vårt om det ikkje er høve til å gå på tur. vi er tilbake til barnehagen ca kl 12.00 Prestekrage: Prosjekt-/ Tema-arbeid Gruppa blir delt etter behov. Vi vekslar mellom borna sine eigenstyrte interesser/ aktivitetar og voksenstyrte aktivitetar. Samlingstund kl. 10.30 Turdag for prestekrage: Alle må vere komne til kl. 09.30. Vi nyttar nærområde og uteområdet vårt om det ikkje er høve til å gå på tur. vi er tilbake til barnehagen ca kl 12.00 Blåklokke: Prosjekt-/ Tema-arbeid Gruppa blir delt etter behov. Vi vekslar mellom borna sine eigenstyrte interesser/ aktivitetar og voksenstyrte aktivitetar. Samlingstund kl. 10.30 Gruppeaktivitetar: Vi delar gruppa inn i mindre grupper etter alder på tvers av basane. Her har vi fokus på leik og ulike aktivitetar tilpassa barna sitt nivå Gruppeaktivitetane er: Gruppe 1: Lesestund Gruppe 2: Frileik/hinderløype Gruppe 3: Forming Gruppe 4: Musikk og Drama Gruppene kan variere litt. Samlingstund kl 10.30 U T E L E I K Her har me fokus på frileik, der personalet skal vere ei støttande stillas og vere aktiv i bornas leik. KOSEMAT Samlingstund kl 10.30 Både før- og ettermiddagen er me ute og har uteleik. Me legg vekt på mykje leik ute. Me lar borna styre leiken sin sjølv. Vi skal legge til rette for at borna kan leike trygt og utviklande. Gjennom leiken skal me hjelpe dei til å bearbeide ulike opplevingar, slik at det skremande kan bli ufarleg og det ukjende trygt og forståeleg. Den styrte leiken kan me planleggje ved å engasjere borna i songleikar, innby til drama og rørsleleikar. 6
Prosjektarbeid på småbarnsbase Eit prosjekt gir rom for mange slags aktivitetar, me kan teikne, male, ha fysisk aktivietet. Alle fagområda vil naturleg kome til syne gjennom prosjekt arbeid. I år har me eit felles satsingsområde i barnehagen, «Natur, miljø og teknikk» og «Kropp, rørsle og helse». Kropp, rørsle og helse: Ved å ha fokus på dette fagområdet ønsker me å organisere kvardagen slik at det finst ein gjennomtenkt veksling mellom periodar med ro, aktivitet og variert og sunn kost. Fleksibel i høve til tilrettelegging og utnytting av det fysiske miljøet. Me nyttar vårt nærmiljø aktivt, i tillegg til barnehagen sine eigne areal ved alle dei ulike årstidene. Det er viktig å tilretteleggje for og inspirere til trygg og utfordrande kroppsleg leik og aktivitet for alle. Forstå og gi oppmuntrande stadfesting på borna sine sansemotoriske og kroppslege moglegheiter. Vi skal følgje opp borna sine leikeinitiativ og tilby leik og spel der borna er fysisk aktive og opplever glede gjennom meistring og fellesskap. Gjennom kroppsleg aktivitet lærer borna verda og seg sjølv å kjenne. Ved sanseinntrykk og rørsle skaffar borna seg erfaringar, ferdigheiter og kunnskaper på mange områder. Borna sin kontakt med andre barn byrjar ofte med kroppslege signal og aktivitetar. Dette har stor betydning for utvikling av sosial kompetanse. Godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp. ( Rammeplanen) Fokusområde Kosthald Kroppen Fysisk aktivitet Rolleleik og songleikar Natur,miljø og teknikk: Skal bidra til at borna blir kjend med og får forståing for ulike planter, dyr, landskap, årstider og vèr. Utvikle kjærleik og omsorg for naturen, få forståing for samspel i naturen og samspelet mellom menneske og naturen. ( Rammeplanen) Fokusområde: Årstidene Miljø og naturvern Teknikk Skogsdyr og fuglar Turplass 7
Når me skal jobbe med tema Miljøvern, har me valgt å ha fokus på kjeldesortering. Det er eit stort tema å jobbe med saman med småbarn. Difor skal me leggje det fram for borna så enkelt som mogleg, slik at dei kan forstå kva kjeldesortering er. Utifrå dette temaet ynskjer me å synleggjere korleis me sorterar søppel ved at borna får utføre dette sjølve og blir medvitne om korleis vi gjer det reint praktisk. Me sorterar mat, plast, papir, metall for seg sjølv. Me skyller ut av melkekartongane og brukar dei om igjen når me har ulike formingsaktivitetar. Når me er på tur snakkar me med borna om at me skal ikkje kaste søppel i naturen, og viser dei det reint praktisk ved av me tek med oss søppelet tilbake til barnehagen. Me skal ta vare på naturen. Turdag og friluftsliv Gruppene har kvar sine turdagar og aktivitetsdagar. Me har likevel mykje fellestid. Me har stort aldersspenn og me må tenkje og planleggje utifrå at alle skal få delta utifrå eigne forutsetningar. Det er mykje spennande å oppleve på tur. Naturen gir eit mangfold av opplevingar og inntrykk til alle årstider og i all slags vèr. Me bruker mykje nærområder som tuespretten, omsorgsenteret, til hønene i Kylnevegen, til leikeplassen ved samfunnshuset og ned på hamna for å sjå på båtar. Her kan borna undre seg over kva som skjer i naturen og bli betre kjend med landskap, dyr, årstider og vèr. 8
Forming Borna har mellom anna jobba med maling, trolldeig og toving av ull. Dei har laga fugl som dei har tova og limt på fjøyr, laga bilete med fingermaling og har jobba med trolldeig som dei fekk forme sjølv. Alle fekk bruke sansane sine ved å smake, kjenne og lukte. Nokon synest det var spennande samtidig som det var litt ekkelt med maling og lim. Musikk og drama Alle born er glad i song og musikk. Og barnehagedagen er fylt til randa med songar, rørslesongar og songleikar. Me slår ofte på Cd-spelaren og dansar og syng til god musikk. Me har leita fram instrument som borna får leike seg med og prøve ulike lydar og korleis dei ulike instrumenta høres ut. 9
Å høyre på Troll songen er svært populært for tida. Borna lyttar og dansar til musikken, samtidig som dei latar som at dei er trollet. Det er både morosamt og litt skummelt og spennande. Då borna er og har vore svært opptatt av troll har me valgt å jobbe med tema Troll framover våren. Tema Mål / Innhald Arbeidsmåtar Troll Me skal: finne ut kva Troll er og kvar dei bur. korleis trollet ser ut Kvar kjem Trollet ifrå? skape eit leikemiljø inspirert av Troll Finst det troll i volda? Me skal finne fakta og forteljingar om troll ved hjelp av litteratur, bileter og bruk av IKT. Borna skal få delta i det å skape eit nytt leikemiljø inspirert av troll. Dramatisering På basane skal tema vere synleg i form av bileter, stemningar og utstillingar. Borna skal vere med å lage troll ved hjelp av naturmateriell. 10
Oversikt vårhalvår TID TEMA KVIFOR KORLEIS MARS 16.mars Selena 3 år 25.mars Tobias 2 år 28.mars Solveig 3 år 25.mars Planleggingsdag Barnehagen stengt PÅSKE Borna skal få kjennskap til innhaldet i påskebodskapen. Vi ser på korleis livet i naturen spirer og gror igjen etter vinteren. Borna får lære om ulike tradisjonar både nye og gamle. Her skal vere rom for både påskekyllingar og påskeharen. Me lagar påskepynt. Me inviterar til påskefrukost i barnehagen. Dette er ein tradisjon i Øyra barnehage, at barnet får ta med seg mor og far til ein god frukost og sosialt samvær saman med dei andre på avdelinga. APRIL 10.april Påskefrukost 16.april barnehagen ope til 12.00 17.april skjærtorsdag 18.april langfredag 21.april 2. påskedag VÅR Våren er her, og borna skal få kjennskap til det som kjenneteiknar denne årstida. Me skal sjå endringar i naturen i nærmiljøet vårt. Me undrar oss i lag med borna over det vi finn ute i naturen. Dette gjer me både når me er på turar og når me er ute i barnehagen. 11
TID TEMA KORFOR KORLEIS MAI 25.mai Theodor 3 år 21.mai Planleggingsdag, Barnehagen stengt 29.mai Kristi himmelsfartsdag 17-mai førebuing Borna skal få kjennskap om kvifor me feirar 17-mai. Lære om korleis flagget vårt ser ut og korleis me skal behandle det. Lære oss tradisjonelle 17- maisongar. Me øver på 17-mai ropet vårt og går i tog til omsorgssenteret. Vi får med oss mor og far og kanskje fleire og går i tog under fana til Øyra barnehage på 17. mai JUNI/JULI 9.juni 2 pinsedag 12.juni Sommarfest 25.juni Olai 2år 15.juli Andreas 2år 16.juli Aleksandra 3år 30.juli Jonah 3år Naturen om sommaren Sommarfest/ sommaravslutning GOD SOMMAR!! Gi borna kunnskap om sommaren og gode sommaropplevingar. Sosialt samver og felles avlslutning av barnehageåret. Me går mykje på tur i skog og mark. Plukkar blomar 12