Tertialrapport. 1. tertial 2011

Like dokumenter
Tertialrapport 2 tertial 2015

Tertialrapport. 2. tertial 2011

Tertialrapport 2. tertial 2016

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Oversyn over økonomiplanperioden

Tertialrapport 1. tertial 2014

Tertialrapport 1. tertial 2015

Budsjett 2012, økonomiplan

Oversyn over økonomiplanperioden

Tertialrapport 1. tertial 2009

Tertialrapport 1. tertial for Balestrand kommune

Budsjett 2018, økonomiplan , vedlegg til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag av Rådmannen

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 60/12 12/682 TERTIALRAPPORT 2. TERTIAL BUDSJETTREVISJON

Budsjettnotat frå rådmann datert

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 12/ Budsjett 2012, Økonomiplan (ikkje vedlagt)

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2009

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Sak 40/08 vart handsama fyrst i møtet.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Rådmann sitt arbeidsgrunnlag av Rådmann sitt arbeidsgrunnlag av BALESTRAND KOMMUNE (2013) - År/Periode

Rekneskapsutskrift pr

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Tertialrapport 1. tertial 2016

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2011 Kommunestyret

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Tertialrapport 1. tertial 2017

Rekneskapsrapport pr. juni 2016.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 08/831 BUDSJETTREVISJON

SKODJE KOMMUNE Perioderekneskap September 2008

Vedlegg 1-Årsrekneskap 2014 investering

Tertialrapport 2. tertial 2013

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 11/2012 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2011 for Sogndal kommune

Perioderekneskap August 2011

Kyrkja. Kostradokument nr. 16. Førebuande dokument til arbeidet med budsjettet for Gjennomgang av funksjonar under rammeområdet Kyrkja

Rekneskapsutskrift pr

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Kristian Ølmheim Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 18/765-1

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2013 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2012 for Leikanger kommune

Årsbudsjett drift

Saksframlegg. Prosjektrådmann tilrår budsjettet slik det ligg føre med tilhøyrande kommentarar.

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Fyresdal kommune. Møteinnkalling

Budsjettnotat nr. 2. Innhold. Innleiing. Innleiing... 1 Konsekvensar for ytterlegare innsparing i Helse og omsorg... 2 Nye formelle endringar...

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.

Saksprotokoll. 1 Kontrollutvalet gjer framlegg om budsjett for 2009/økonomiplan på programområde 11 Kontrollorgan: Netto- Budsjett 2009

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Rekneskapsrapport pr. 1. kvartal Arkiv: 210 Arkivsaksnr.: 2012/1339 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

Tertialrapport

Endringsliste Budsjett 2016, økonomiplan

BUDSJETTNOTAT - Vedlegg 2 MOTTAK AV FLYKTNINGAR I 2018

Budsjettjusteringer desember 2014

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Møte finansutvalet Notat budsjett 2015, orientering om status pr. 17. september 2014.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 14/627-1

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Ingunn Broch Hauge Arkiv: 212 Arkivsaksnr.: 07/350-4

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Godkjenning av to prosjektrekneskap

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

BUDSJETT KONTROLLORGAN

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Handlingsprogram og økonomiplan Hovedpunkt inneverende års budsjettramme pr. avd./sektor

Luster kyrkjelege fellesråd, 2. tertialrapport 2016

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jan Kåre Norberg Arkiv: 151 Arkivsaksnr.: 09/1968

Budsjettnotat nr

SAK ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

Rekneskapsrapport pr. oktober 2015.

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Britt Grimelid Menes Arnstein Menes Frode Bøthun Harald N. Offerdal

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2019 og økonomiplan behandling i formannskapet

Leikanger kommune Innbyggjarar

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Rekneskapsrapport pr. oktober 2016.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

HEMSEDAL KOMMUNE. MÅNEDSRAPPORT nr. 4/2017

Utkast til selskapsavtale (vedtekter) etter samanslåing av Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) og Sogn og Fjordane Revisjon IKS(SFR)

Transkript:

Tertialrapport 1. tertial 2011

1. Innleiing Det skal leggjast fram rapport om rekneskapen i høve til budsjett og om den kommunale verksemda etter 1. og 2. tertial i budsjettåret. I samband med tertialrapporten skal ein vurdera trongen for budsjettendringar. Det vert då i hovudsak lagt vekt på budsjettendringar som ligg utanfor det mynde og det høvet administrasjonen og utvala har til å omdisponera innanfor dei ulike budsjettansvarsområda Rapporten vil vere konsentrert om dei viktigaste avvika og tiltaka. Alle tal med negativt forteikn inneber inntekt/innsparing, medan alle tal med positivt forteikn representerer utgift/meirforbruk. 2. Drift vurdering i høve til dei einskilde budsjettområda 100 Politiske organ og kontrollorgan I høve ordførargodtgjersle, faste godtgjersler for medlemar i politiske organ, møtegodtgjersle og erstatning for tapt møtegodtgjersle, ser budsjettet ut til å halde. Når det gjeld utgifter til eksterne reiser, møte og representasjon, viser rekneskapen eit forbruk på 65 % av årsbudsjettet. Meirforbruk i høve budsjett ser ut å blir kr 50.000. Sogn og Fjordane revisjon har i revidert budsjett for 2011 redusert kostanden til revisjon av Balestrand kommune med kr 52.000, frå kr 370.000 til kr 318.704. Utgifter til medlemsskap og kontingentar er vurdert til å vera i samsvar med budsjett. Samla sett ser det ut til at ansvar 100 skal gå i balanse. Ansvar 120 Rådmann/fellestenestene Administrativ leiing: Generelt er 2011 eit utfordane år for administrasjonen. Det er skifte av rådmann og arkivleiar/politisk sekretær med dei utfordringar det gjev i høve opplæring og samhandling. Ved økonomiavdelinga blir det nytta store ressursar i høve oppgradering av økonomisystemet, eit innføringsløp som kommunen følgjer saman med kommunane Luster, Sogndal, Leikanger og Fylkeskommunen. Arbeidet med oppgradering av system vil fortsette

ut 2011 og truleg inn i 2012.. Kontoret er ikkje tilført ressursar i denne prosessen noko som resulterer i at ein er kommen på etterskot på fleire område når det gjeld den daglige drifta, blant anna på skatteområdet, innfordring, økonomirapportering og avstemming. Når det gjeld rekneskap i høve til budsjett for 2011, er det spesielt stor uvisse i høve til IKT kostander. Kostnad med fylkeskommunen si oppgradering av operativsystem, administrasjonssystem og kontorstøttesystem er ikkje endeleg avklara. Bruk av sakkyndig bistand i samband med taksering av verk og bruk ved ålmenn taksering av eigedomsskatt og problemstillingar i høve til heimfall blir ført som kjøp av konsulenttenester og kjøp av juridisk hjelp. Det er grunn til å rekna med ein meirkostand utover budsjett på kr 75.000. Balestrand rådhus Med avtale ein har i dag, vil kostnad med reinhald summera seg til kr 260.000, kr 110.000 utover budsjett. I tillegg er det stor usikkerheit til om utgifter til energi vil halde. Til saman bør ein justere budsjettet med kr 150.000. Andre religiøse føremål På dette området blir det betalt ut tilskot til andre registrerte tru- og livssysnssamfunn. I 2010 vart det utbetalt kr 89.124, som er kr 40.000 meir enn budsjettert i 2011. Samla meirkostand ansvar 120: kr 265.000. 190 Tilleggsløyvingar og nye løyvingar Det er på dette området avsett 2.764.000 til å dekka auka lønskostander 2011, kostnader med lærlingar samt ein margin til uføresette behov og midlar til rekrutteringstiltak, kompetanseutviklingstiltak og fellestiltak. Det er i 2011 fordelt kr 950.000 for å kompensera for heilårsverkanden lokalt oppgjer i 2010 samt kr 205.000 til tariffersta kompetanseutviklingsmidlar i tråd med sentralt lønsoppgjer 2010, rest disponibelt kr 1.607.000. Årets lønsoppgjer har gitt eit generelt lønstillegg på 1,72 % eller minimum kr 7.000 frå 1. mai. Kalkulert kostnad er kr 1.160.000. Netto kostand med lærlinger er kalkulert til kr 350.000. Eksakt kostand med sentralt lønsoppgjer vil bli oppgitt i 2. tertialrapport. Det er 3 tilsette som har starta leiarutdanning i regi Sats på skulen snu Sogn. Det er føresett at reise- og opphaldsutgifter for desse skal dekkast her. Kostand i 2011 er estimert til kr 60.000 og blir kostnadsført ansvar 200. Utover moment nemnt over, er det ikkje ledige midlar på dette ansvarsområdet.

200 Oppvekstkontoret Det er frå skulane etterlyst midlar til etterutdanningstiltak. Dette gjeld 3 tilsette som har fått tildelt ressursar i samband med nasjonale etterutdanningstiltak der den kommunale eigenandelen er 50%, eller ein kostand i halvåret på om lag kr 50.000. I tillegg gjeld det to personar som er påmeldt skuleleiarutdanning. Her fell heile kostanden på kommunen til vikar/frigjering. Samla kostnad for hausthalvåret er rekna til kr 200.000 og streker seg over 4 semester. Rådmann er av den meining at det ikkje kan løyvast til desse tiltaka før det føreligg eit oversyn over samla kompetansebehov i kommunen. 210 Sagatun skule I samband med mottak av 3 flykningborn frå Eritrea er det sett i gang oppfyljing og særskilt norskopplæring, kostnadsrekna til kr 62.000. Det er gjort vedtak om spesialpedagogiske tiltak i skulen 2011/2012 og det er frå PPT skissert ein monaleg auke i assistentbehovet grunna elever som kjem frå barnehagen i tillegg til nye vurderingar av andre elevar. Auka assistentbehov er for hausthalvåret rekna til kr 91.000. Det er elles meldt trong for noko styrking i ein klasse grunna særskilde utfordringar. For framskriving av for resten av året, er det ikkje fastsett endelege tal for rammetimar for hausthalvåret i påvente av tertialrapporten og sikre tal for løn. Dersom det ikkje blir kompensert for nye tiltak, vil ressursane til styrking/deling bli sterkt reduserte. Med bakgrunn i budsjettsituasjonen i kommune, vil ein tilrå at Sagatun skule får tilført kr 130.000. Resterande midlar må skulen dekka innan gjeldande budsjett. For skulefritidsordninga er det ikkje venta store avvik. 211 Fjordtun oppvekstsenter 212 Nesse oppvekstsenter Framskriving av lønsutgiftene ved oppvekstsenteret syner eit meirforbruk på om lag kr 40.000 fordelt med kr 18.000 innan barnehage og kr 22.000 innan skule. Det vert elles vist til eiga sak om styrka ressursar ved oppvekstsenteret.

Det vert elles vist til sak i UOO nr 6/11, Trong for auke i stillingsstorleiken ved Nesse oppvekstsenter for skule- barnehageåret 2001/2012. Her har oppvekstsenteret meldt trong for auka ressursar tilsvarande 30% lærarstilling og 20% assistentstilling med bakgrunn i endra gruppering av born både i barnehage og skule. I saksframlegget var det skissert ein meirkostand i 2011 på kr 78.000 medan ny vurdering er rekna til kr 100.000. Samla meirforbruk kr 140.000. 220 Sagatun barnehage Slik det ser ut no vil det vera trong for å vidareføre 4 avdelingar ut 2011. Auke i brukarbetaling, samt redusert trong for ressursar til styrka barnehagetilbod gjer at budsjettet ser ut til å balansera. 230 Pedagogisk-psykologisk rådgjevingsteneste 250 Kulturskulen 270 Legetenesta 271 Helsestasjon 272 Fysioterapi Det synest ikkje å forventa store avvik i høve til budsjettramme 275-277 Pleie- og omsorg I budsjettet for 2011 er tidlegare ansvar 275 no delt opp i 3 ansvarsområde. På ansvar 275 Pleie - og omsorg ligg budsjett for plei- og omsorgsleiaren samt utgifter til kjøp av

farmasøytiske tenester frå Helse Førde. Ansvar 276 Omsorg er området til tenesteleiar 1 og omfattar heimesjukepleie, psykiatri, matombringing og Helsetunet. 277 Spesial omsorg PU er tenesteområdet til tenesteleiar 2 og omfattar alle arbeidssenteret samt drift av bustadane Lerkehaugen, Viktoriahagen, Fjærestad og tilskot til stiftinga Eikely. Disponering av dei samla ressursane ligg likevel til pleie - og omsorgsleiar og må sjåast i samanheng. Samla for denne tenesta vurderer ein at dagens driftsnivå vil medføre eit meirforbruk på kr 650.000. Dette skuldast undersbudsjettert løn ny pleie- og omsorgsleiar kr 70.000. Det er og oppdaga at det ikkje er budsjettert arbeidsgjevaravgift med vel 400.000 på ein bustad ( budsjett viser kr 2.700 medan reell utgift skriv seg til 404.000. Med stram styring og tett oppfylgjing gjennom året vurderer ein at det bør vera mogeleg å redusere denne meirkostnaden til kr 360.000. Dette er likevel ein usikker prognose og det må prioriterast ein grundigare gjennomgang av området for å tilpassa drifta til gjeldande budsjett. 295 Barnevern Balestrand kommune har vedteke å delta i interkommunalt samarbeid om barneverntenesta gjennom Sogn barnevern. Tidspunktet for når kommunen kan tre inn i samarbeidet er sett til 1.9.2011. Ein har ikkje signal om kostander utover vedteke budsjett. 296 NAV Kommunen har i 2010/11 busett 17 flykningar, 11 vaksne og 6 born. Integreringstilskotet som kommunen mottek blir inntektsført ansvar 800 medan dei direkte utgiftene med busetjinga i hovudsak vil bli ført ansvar 296. Budsjettet for 2011 er basert på busetjing av 5 flykningar og ansvaret må såleis tilførast midlar. Utgift til introduksjonsordninga må aukast med kr 734.100 til totalt kr 1.490.500. Det må i tillegg tilførast midlar til kjøp av innbu kr 200.000, flyttekostander kr 45.000, straum kr 70.000, husleige kr 23.000 samt tilskot til barnehage kr 80.000. På grunn av melding om oppløysing av eit bufellesskap med 4 bebuarar, er det i denne framskrivinga teke høgd for at denne bustaden blir erstatta med 3 bustadar. Dette er usikkert. Tilskot til kvalifiseringsprogrammet er frå 2011 innlemma i rammetilskot og utgjer kr 188.000, kr 38.000 mindre enn budsjettert. Dette tilskotet blir vidareformidla i si heilheit. Konto for sosialutlån bør reduserast slik at den står i samsvar med innbetalte avdrag, reduserte utgifter kr 50.000.

På dette ansvarsområdet blir det og gitt tilskot til familiar med trong for støtte i form av personleg brukarstyrt assistent og/eller omsorgsløn og/eller støttekontakt. Det er varsla at det kan blir ein auka utgift utover budsjett grunna tiltak i samband med ferieperioden. Samla vurderer ein det slik at ansvaret må styrkast med kr 1.140.000. 300 Plan- og utviklingskontoret Plan og utviklingssjef fungerte som rådmann i januar månad og vart såleis lønna på ansvar 120 Rådmann/fellestenester. Innsparing løn og sosiale utgifter kr 60.000. 310 Næringsutvikling 320 Jordbruk 330 Skogbruk 340 Kultur 341 Bibliotek 350 Teknisk drift Dette er eit vanskeleg ansvar å budsjettera og det er mange usikre moment. Utgifter til vintervedlikehald og kjøp av brøyting for 2011 viser eit meirforbruk på kr 77.000. i tillegg må posten styrkast i for å ta høgd for kostander november/desember. Utgifter til festeavgifter Lundefeltet har auka og vil utgjera kr 20.000 meir enn budsjettert.

Det er elles stor uvisse i høve energikostnader. Dette har ein eit betre oversyn over ved 2. tertial. Samla bør ansvarsområdet styrkast med kr 140.000. Alternativt er at denne meirkostanden dekkast av ekstraløyving til vegvedlikehald. 360 Oppmåling Dersom det vert vedteke at kommune stuttar seg til kjøp av byggetilsyn frå Sogn brannvern IKS, vil dette medføre ein meirkostand på kr 40.000. Det har elles vore låg aktivitet på dette området og det er usikkert om ein får inn budsjettert gebyrinntekter. 370 Oppmåling 380 Brannvern Oppgåver innan brannvern vil bli overført til Sogn brannvern frå 1. mai 2011. Det er likevel ikkje venta vesentlege avvik i høve til budsjett. 390 VAR 798 Momskompensasjon investeringar Momskompensasjon på investeringar skal etter forskrift inntektsførast i driftsrekneskapen. Ei vurderinga av kva investeringsprosjekt som er realistisk å få gjennomført i 2011, viser at anslaget for kompensasjon er for høgt og må reduserast meir kr 200.000. 800 Skatt, rammetilskot, finansiering Ny prognose for rekneskapsførte pensjonskostnader for 2011 viser ei mindreutgift i høve budsjettert på kr 800.000. Ein vesentleg del av endringa skriv seg frå auka tilbakeføring av overskot 2010 utover tidlegare estimat.

Søknad om refusjon for ressurskrevjande brukarar 2010, viser kr 160.000 meir enn først estimert. Denne delen av tilskotet skal inntektsførast i 2011. Rammetilskot er berekna ved hjelp av siste prognosemodell frå KS og viser redusert tilskot på kr 150.000. Skatteinngangen synest å stemma bra med budsjett. Inntektsførte kommunale gebyr og eigedomsskatt 1. halvår ligg over budsjettert. Det er innkomme 4 klager på eigedomsskatt som endå ikkje er handsama. Denne budsjettposten blir difor ikkje justert no. Vertskommunetilskotet er regulert og medfører auka intekt med kr 450.000. Kommunen har i 2010/2011 motteke 17 flykningar, 11 vaksne og 6 born. Av utbetalt integreringstilskot i 2010, kr 1,160.000, gjekk kr 590.000l med til å balansera rekneskapen 2010. I 2011 vil kommunen få utbetalt kr 2.943.400l. Dette er ein auke i høve budsjett på kr 1.732.900. Dei direkte kostnadene som tilskotet skal dekka, blir i hovudsak ført på ansvar 296 NAV men skal også dekka generelle kostander med tenestetilbod elles. Dersom ansvar 296 blir styrka med kr 1.140.000 som føreslått, bør resterande tilskot for 2011 setjast av til fond for disposisjon når behovet melder seg. Dette skulle utgjera kr 638.000 Prognose for utgifter til renter- og avdrag ser framleis ut til å halde. Ytterligare renteoppgang kan medføre at ein må justera opp budsjettet ved 2. tertial. Samla vurdering Drift: 120 Rådmann/fellestenester + 265.000 210 Sagatun skule + 130.000 212 Nesse oppvekstsenter + 140.000 275-277 Pleie- og omsorg + 360.000 296 NAV + 1.140.000 300 Plan- og utviklingskontoret - 60.000 350 Teknisk drift + 170.000 360 Oppmåling + 40.000 800 Pensjonspremie - 800.000 800 Ressurskrevjande brukarar - 160.000 800 Rammetilskot + 150.000 800 Vertskommunetilskot - 450.000 800 Integreringstilskot - 1.733.000 800 Moms-komp. Overført til investering + 200.000

800 Integreringstilskot avsett til fond + 540.000 Sum 0 Investeringar Ein har ikkje funne rom for ein gjennomgang av status for investeringsprosjekt. Rekneskapen viser likevel at prosjekt ombygging ekspedisjon har eit meirforbruk på vel kr 70.000 i høve til vedteken ramme. Administrasjonen må koma tilbake med status på dei andre investeringsprosjekta ved 2. tertialrapportering.