Fjell kommune Arkiv: 504 Saksmappe: 01/03051-14 Sakshandsamar: Einar Lunde Dato: 15.11.01 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 313/01 Hovudutval for teknikk, natur og miljø 04.12.01 106/01 Kommunestyret 20.12.01 Endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør Samandrag av saka: Saka gjeld endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør. Reguleringsendringa medfører at om lag 35 daa av det regulerte hamneområdet på søre Straume vert endra til byggjeområde for industri/lager. Planen har lege ute til offentleg ettersyn og det er ikkje kome vesentlege merknader. Rådmannen rår til at planen vert godkjent slik han ligg føre. Innstilling: Det faste utval for plansaker gjev slik tilråding: Straume, den 21.11.01. Svein Fjelland rådmann Atle Justad teknisk sjef Handsama i Hovudutval for teknikk, natur og miljø - 04.12.01: Innstillinga vart samrøystes vedteken.
Tilråding i Hovudutval for teknikk, natur og miljø - 04.12.01: Det faste utval for plansaker gjev slik tilråding: Handsama i Kommunestyret - 20.12.2001: Det faste utval for plansaker si tilråding vart vedteken samrøystes. Vedtak i Kommunestyret - 20.12.2001:
Dokument i saka: 24.09.01 Forslag til endring av reguleringsplan veg og Arealprosjektering AS kai Straume sør 26.09.01 Svar vedk. forslag til endring av Arealprosjektering AS reguleringsplan veg og kai Straume sør 28.09.01 Varsel om arbeid med endring av Arealprosjektering AS reguleringsplan veg og kai Straume sør 05.10.01 Foreløpig uttale - endring reguleringsplan veg Bergen og omland havnevesen og kai Straume sør 27.09.01 Reguleringsplan/-Endring veg og kai Straume Arealprosjetering A/S Sør. 16.10.01 Uttale vedk. endring av reguleringsplan veg Kystverket 2. Distrikt og kai Straume sør 16.10.01 Framlegg til endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør 18.10.01 Kunngjering om offentleg utlegging 18.10.01 Kunngjering om offentleg utlegging Bergens Tidende 18.10.01 Vedk. melding om oppstart - reguleringsplan Hordaland fylkeskommune for veg og kai Straume Sør 19.10.01 Melding om offentleg ettersyn - Grunneigarane og andre reguleringsendring for veg og kai Straume Sør 19.10.01 Melding om offentleg ettersyn - Høyringsinstansane i følgje liste reguleringsendring for veg og kai Straume Sør 02.11.01 Fråsegn til endring av reguleringsplan for veg BKK Nett AS og kai Straume Sør 20.11.01 Vedk. endring av reguleringsplan for veg og kai Straume Sør Fylkesmannen i Hordaland Dokument vedlagt saka: Framlegg til endring av reguleringsplan veg og kai - Straume sør. Reguleringskart og føresegner Saksopplysningar: I samband med at stålgrossisten Smith Dikema Stål AS skal samla sitt totale engasjement i bergensdistriktet ved hamneområdet på Søre Straume, har føretaket eit arealbehov på om lag 20 daa og ønskjer opsjon på ytterlegare 5 daa. Det er eit vilkår for etableringa at tomta ligg i nær tilknyting til det planlagte kaianlegget. For å få dette til må reguleringsplanen endrast. Arealdisponering Planområdet ligg ved Søre Knappavika og reguleringsendringa omfattar i hovudsak den delen av reguleringsplanen for veg og kai Straume Sør som er regulert til hamneføremål. Framlegget medfører følgjande endringar: Om lag 35 daa av hamneområde nord for Søre Knappavika vert endra til byggjeområde for industri/lager
Varsling og kunngjering Oppstart av planarbeidet vart kunngjort på vanleg måte. Det kom 3 skriftlege merknader til endringa i samband med varslinga. Reguleringsføresegner Reguleringsføresegnene får eit tillegg som følgje av at det er lagt inn byggjeområde for industri /lager i planen. 1 Nytt pkt 4 4. Byggjeområde Industri og lager Ny 6 Byggjeområde for industri og lager 6.1 Områda skal nyttast til bygg for industri og / eller lagerverksemder med tilhøyrande anlegg. I industriområda skal grad av utnytting = BYA vera maksimalt 75 %. Maksimal gesimshøgde er 12 meter og maksimal mønehøgde er 15 meter. Noverande 6 vert endra til 7. Tilhøvet til andre planar I Kommuneplanen er området avsett som hamneområde. Området er regulert. Reguleringsplanen for Straume Sør vart godkjent av kommunestyret i møte 25.04.96, sak KS.49/96 og sist endra 26.10.00, sak KS.58/00. Offentleg ettersyn Teknisk sjef gjorde 17.10.01 i medhald av delegert fullmakt, vedtak om å leggja ut til offentleg ettersyn i samsvar med paragraf 27-1, nr.2 i plan og bygningslova. Planen har lege ute i tida 20.10.- 19.11.01. Grunneigarane vart særskild varsla ved brev og ei rad offentlege instansar har fått planen førelagt. Følgjande har gjeve melding om at dei ikkje har merknader til planframlegget: - BKK Nett AS - Fylkesmannen, miljøvernavdelinga - Bergen og omland havnevesen - Ein har motteke merknader til planframlegget frå: - Kystverket 2.distrikt Ein vil nedanfor kort gjennomgå merknadene og kommentera dei. Kystverket 2.distrikt Kystverket viser til at planarbeidet og må omfatte vurdering av hamne og farvasstilhøve, om planendringa inneber endringar for sjøtrafikken til hamneanlegget. Utover dette har kystverket ikkje merknader. Kommentar:
Den føreslegne endringa gjeld omdisponering av areal på land og rådmannen kan ikkje sjå at dette vil medføra endringar for sjøtrafikken til hamneanlegget. Utover dette er det ikkje kome merknader i samband med at planen har lege ute til offentleg ettersyn. Dersom det kjem merknader etter at dette er skrive vil desse verta lagt fram i møtet der saka vert handsama. Vurdering: Framlegget til endring av reguleringsplanen er ei følgje av at stålgrossisten Smith Dikema Stål AS skal flytta all si verksemd til Straume. Det er avgjerande for bedrifta at ho ligg i nær tilknyting til hamneanlegget som skal byggjast. Leveransane til Smith Dikema Stål AS vil utgjere brorparten av den godsmengde som vil gå over hamna på Søre Straume. Det aktuelle arealet er i gjeldande plan regulert til hamneområde på land og i første rekkje tenkt nytta til bakareal og gjera det mogeleg å byggja lagerbygg og liknande i tilknyting til kaiområdet. Rådmannen kan ikkje sjå at ei endring slik det er søkt om bryt vesentleg med dei tankar ein har hatt for utviklinga av hamneområdet. Ein skal merka seg at det framleis er sett av store areal til reine hamneføremål. Smith Dikema Stål AS får ikkje tilgang til sjølve kaifronten. Denne er framleis regulert som offentleg hamneområde. Barn og unge sine interesser er ikkje påverka av endringsframlegget. Det er ikkje omdisponert areal som er regulert til leik eller friområde. Endring av planen etter offentleg utlegging Planen ikkje endra etter han har lege ute til offentleg ettersyn. Så langt ein kan sjå er føresetnaden for nytta kommunal eigengodkjenning, i samsvar med 27-2 i plan- og bygningslova tilstades. Rådmannen har med bakgrunn i det som er sagt ovanfor ikkje merknader til reguleringsendringa og rår til at den endra planen vert godkjend slik han ligg føre.