Førde kommune Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Formannskapet 20.10.2011 065/11 Bystyret 27.10.2011 055/11 Sakshandsamar: Lise Mari Haugen Arkiv: FE-612 Arkivsaknr.: 10/782 Førde Rådhus - realisering av 5. etasje Vedlegg: Dok.dato Tittel Dok.ID 13.10.2011 Rådhus_PLAN5_250411.pdf 61110 Bakgrunn for saka: Forprosjekt for Førde Rådhus pr 21.12.2010: Ikkje godkjent Reduserast med minimum 25 millionar Komplettert forprosjekt 17.01.2011 I komplettert forprosjekt (redusert med 50 mill) vart det skissert to alternativ: Rådhus i 4 høgder kor bygget er gjort klar for bygging av 5. etg på eit seinare tidspunkt (dvs oppføringa av trapperom, heissjakt, tekniske føringsvegar mv). Ventilasjonsanlegget lagt til kjellaren. Rådhus i 4 høgder kor bygget er gjort klar for bygging av 5. etg på eit seinare tidspunkt (dvs oppføringa av trapperom, heissjakt, tekniske føringsvegar mv). Ventilasjonsanlegget lagt på taket Følgjande delar er ikkje med i komplettert forprosjekt: 5. etg Rådhusplassen Redusert areal parkeringskjellar Steindekke mv i atriet Dataskåp 1
Vedtak Førde Bystyre 17.02.11, sak 01/11 Planlegging og bygging av nytt rådhus vert vidareført jf bystyresak 017/08 og 013/10. Alternativ 1 i komplettert forprosjekt vert lagt til grunn i det vidare arbeid. Styringsgruppa får fullmakt til å gjere nødvendige justeringar i høve romprogram. Realisering av prosjektet skal skje i eigen regi, og innanfor ei netto kostnadsramme på 200 mill kr i 2010-prisar finansiert med låneopptak og eventuell eigenkapital frå investeringsfond. Prisstigning fram til ferdigstilling av bygget kjem i tillegg. Kostnadene med rådhuset skal innarbeidast i økonomiplanen. Styringsgruppa får fullmakt til å utgreie mogeleg realisering av 5. etasje. Parallelt skal alternativ bruk av 1. etasje, utgreiast med innbygging av front mot nord med glassfasade, port mot sør, samt glastak. Delar av parkeringsbehovet for rådhuset skal løysast i fellesparkering (parkeringsanlegg) utanfor planområde for rådhuskvartalet. Ang pkt 4 i vedtak, 5. etg Styringsgruppemøte 08.03.11 Styringsgruppa beslutta at ein prosjekterer vidare med 5. etasje som del av anbodsgrunnlag med mulegheit for å ta denne delen ut i prosessen og seinast når anbodsgrunnlag ligg føre. Realisering av 5. etasje krev avgjerd i Bystyret. Ang pkt 4 i vedtak, innglassing Førde Formannskap 14.04.11: Alternativ 1 i oppdatert komplettert forprosjekt blir prosjektert og forsterka slik at det eventuelt kan byggast glastak over atriet i eit framtidig Førde Rådhus, slik det er gjort greie for i saksutgreiing datert 13.04.11. Rådmannen vil komme tilbake med sak i høve inndekking av ekstrakostnader knytt til prosjektering og forsterking av Førde Rådhus. Styringsgruppemøte 03.06.11 For å ikkje forseinke framdrift og slik påføre ytterlegare ekstrakostnader avgjorde styringsgruppa at vidare utgreiing blir å avvente til etter at anbod er kome inn (medio september 2011). Kostnad knytt til innglassing utgjer ca 200.000,- i prosjekteringskostnad og ca. 200.000,- til forsterkning av bygget slik at bygget er tilrettelagt for seinare realisering av glastak. Kostnad til prosjektering er ikkje finansiert medan kostnad til forsterkning av bygget inngår i pristilboda på bygget. 2
Saksutgreiing: Anbodsfristane for Førde Rådhus gjekk ut 14.09.11 og 19.09.11. Tilboda er kvalitetssikra og lågaste tilbod kan leggast til grunn; Pr 28.09.11 Sum Prosjektering 19 859 300 Riving og forberedende arbeider 2 820 000 Sprinkel/brann 2 531 697 Person- og varetransport 1 371 000 Automatisering (SD-anlegg) 695 645 Sum Luftbehandlingsanlegg 8 139 358 SUM Rør 11 116 518 Sum Elkraft 13 008 291 Sum Bygning 102 728 296 SUM Generelle kostander 2 188 055 Meirverdiavgift 41 114 540 SUM BYGGEKOSTNAD 205 572 700 Basert på avgjerd i styringsgruppa er 5. etasje inkludert i anbodsgrunnlaget slik at sum byggekostnad på 205,6 mill kr omfattar 5. etasje. Auka frikjøpskostnad som følgje av realisering av 5. etasje kjem i tillegg til pris gitt i tilboda. Bruttoareal for 5. etasje utgjer 575 m2 BRA * 0,02 biloppstillingsplassar pr. m2 BRA * 0,75 (reduksjon fellesareal = 9 frikjøpsplassar. Kostnad pr frikjøpsplass er kr 120.000,-. Total frikjøpskostnad vert derfor 9 stk * 120.000,- = 1,08 mill kr. Tabellen nedanfor viser at prosjektet er innanfor ramme gitt av Bystyret 17.02.11, sak 01/11; Grunnlag Budsjett 2010 Budsjett 2011 Budsjett 2013 Status 2011 Status 2013 Rentenivå 2013 5,50 % 5,50 % 5,50 % 5,50 % 5,50 % Redusert rentenivå 2013 4,50 % 4,50 % 4,50 % 4,50 % 4,50 % Rentenivå 2012 (byggelånsrente) 4,00 % 4,00 % 4,00 % 4,00 % 4,00 % Rentenivå 2011 (byggelånsrente) 3,50 % 3,50 % 3,50 % 3,50 % 3,50 % Levetid - år 50 50 50 50 50 Reserve/margin 5 % 5 % 5 % 6,5 % 9,7 % Utleigedel 26,00 % 26,00 % 26,00 % 26,00 % 26,00 % Prisvekst/ Inflasjon 0,00 % 2,50 % 2,50 % 2,50 % 2,50 % Totalkostnad: Byggekostnad 200 782 000 205 801 550 215 840 650 205 572 700 208 660 510 Frikjøpskostnad 3 400 000 3 400 000 3 400 000 4 480 000 4 480 000 Grunnerverv coop 13 800 000 13 800 000 13 800 000 13 800 000 13 800 000 Grunnerverv L8-10 16 000 000 16 000 000 16 000 000 16 000 000 16 000 000 Prosjektleiing/ konsulentar 1 500 000 1 500 000 1 500 000 1 500 000 1 500 000 Planarbeid 500 000 500 000 500 000 500 000 500 000 Restfinansiering forprosjekt 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Kunstprosjekt 2 000 000 2 000 000 2 000 000 2 000 000 2 000 000 Byggelånsrente 5 421 114 5 556 642 5 827 698 5 550 463 5 633 834 Inventar og utstyr 3 750 000 3 750 000 3 750 000 3 750 000 4 500 000 3
Reserve/margin 6,5% 10 039 100 10 290 078 10 792 033 13 362 226 20 240 069 Disponibelt 3 948 719 3 948 719 3 948 719 Sum totalkostnad 262 140 933 267 546 988 278 359 099 267 515 388 278 314 414 Finansiering: Mva.komp 74% -32 340 933-33 120 971-34 681 047-32 957 369-34 543 286 Lån grunnerverv coop - 2009-13 800 000-13 800 000-13 800 000-13 800 000-13 800 000 Lån grunnerverv L8-10 - 2010-16 000 000-16 000 000-16 000 000-16 000 000-16 000 000 Lån -200 000 000-204 626 017-213 878 052-204 758 019-213 971 128 Sum finansiering -262 140 933-267 546 988-278 359 099-267 515 388-278 314 414 Tabellen viser og at det er rom for å auke reserve/ margin til 6,5 % pr. 2011 og ytterlegare aukast til 9,7 % i 2013 innanfor rammene gitt av Bystyret i sak 01/11. Som vedlegg til saka følgjer skisse for 5. etasje slik den er innarbeida i anbodsgrunnlaget. Skissa baserer seg på bystyresal i 2 høgder og elles er opprinneleg romprogrammet til Skatt Vest lagt til grunn. Evt. omprosjekteringskostnad for endring av romprogram på påreknast. I prosjekteringsarbeidet var kostnad for bygging av 5. etasje anslått til 11 mill kr eksl. frikjøpskostnad. Alternativkostnaden ved å ikkje realisere 5. etasje no er at det må gjerast omprosjekteringsarbeid samt at bygget må forsterkast for realisering på eit seinare tidspunkt og at trapperom, heissjakt og tekniske føringar må leggjast til rette for ein 5. etasje. Dette medfører at den reelle innsparinga ved å ta ut 5. etasje av rådhusprosjektet er på 3-3,5 mill kr + at frikjøpskostnad på kr. 1,08 mill. kan takast ut. Kostnad ved å bygge 5. etasje på eit seinare tidspunkt vert høgare. Det er derfor i eit økonomisk perspektiv fornuftig å realisere 5. etasje i Førde Rådhus no. 5. etasje vil og gi husleigeinntekter på ca 750.000,- utover det som er lagt til grunn i Bystyresak 01/11. Bruk av fond for å dekke budsjettutfordring vert tilsvarande redusert. Realisering av 5. etasje representerer og ein buffer for framtidig vekst/ rombehov. På bakgrunn at dette tilrår styringsgruppa at 5. etasje i Førde Rådhus vert realisert. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Handsaming i Formannskapet 20.10.2011: Samrøystes tilråding FORM-065/11 Tilråding: Handsaming i Bystyret 27.10.2011: Samrøystes vedtak BY-055/11 Vedtak: 4
Førde, den 20.10.2011 Ole John Østenstad Rådmann Lise Mari Haugen Ass. rådmann Tlf. 57722004 5