GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEINNKALLING Møtedato: 23.10.2015 Møtestad: Heradshuset Møtetid: Kl. 08:30 Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er på tlf. 57 88 38 00 (servicetorget i kommunen) slik at varamedlem kan bli innkalla. Varamedlemer møter etter nærare innkalling. Dokument som ikkje er tilsende, kan du få kopi av ved å ta kontakt med sekretariatet på heradshuset. Dokument som ikkje er offentlege, vil bli utleverte i møtet. Dersom medlemene på førehand ønskjer å gjere seg kjent med innhaldet i desse dokumenta, er dei i møtesekretariatet. Saklista, med saksutgreiing og rådmannen sine tilrådingar, ligg også på kommunen si heimeside: gloppen.kommune.no Gloppen kommune 16. oktober 2015 Bjarte Gangeskar utvalsleiar Rita Lilletvedt personalsjef
SAKLISTE: Sak nr. Sakstittel 015/15 Godkjenning av innkalling og sakliste 016/15 Referat og orienteringssaker 017/15 Spørsmål om etablering av lokal særavtale i samband med nye reglar i arbeidsmiljølova frå 1.juli 2015 018/15 Endringar i reglementet for administrasjonsutvalet 019/15 Val av arbeidsgjevarrepresentant i arbeidsmiljøutvalet
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Administrasjonsutvalet 23.10.2015 015/15 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt Godkjenning av innkalling og sakliste Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/1335-1 Utvalsleiaren ber om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UTVALSLEIAREN SI TILRÅDING: Administrasjonsutvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 23. oktober 2015.
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Administrasjonsutvalet 23.10.2015 016/15 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt Referat og orienteringssaker Refererte skriv og meldingar: Ingen referatsaker. Arkiv: 033 Objekt: Arkivsaknr.: 15/1334 Orienteringssaker: Presentasjon av det nye administrasjonsutvalet Gjennomgang av pågåande saker. Ordet fritt RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka.
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 23.10.2015 017/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt Objekt: Arkiv: 480 Arkivsaknr.: 13/1777-13 Spørsmål om etablering av lokal særavtale i samband med nye reglar i arbeidsmiljølova frå 1.juli 2015 Ingen vedlegg. Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka: Endringar i arbeidsmiljølova med verknad frå 1. juli 2015. Gloppen Arbeidarparti har sendt ein interpellasjon til kommunestyret i Gloppen der dei ber Gloppen kommune som arbeidsgjevar om å lage lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid. Gloppen arbeidarparti meiner endringane i arbeidsmiljølova vil føre til at arbeidstakarane sine rettar vert svekka og utvida grenser for overtid og hyppigare søndag- og helgetidsarbeid endrar balansen mellom arbeid og fritid og vil ha negativ effekt for likestilling. Etter endringane kan arbeidsgjevar tilsette mellombels i det som er faste stillingar og avslutte arbeidstilhøve utan grunngjeving. Kommunestyret vedtok å sende saka over til administrasjonsutvalet for behandling. Saksutgreiing: Med verknad frå 1.juli 2015 er det gjort fleire endringar i arbeidsmiljølova som omhandlar mellombels tilsetting og arbeidstid: Mellombels tilsetting Det blir opna for at ein kan tilsette ein arbeidstakar mellombels i inntil 12 månadar, utan at det blir stilt krav til at det føreligg særskilte grunnar. (Ny bokstav f) i arbeidsmiljølova 14-9 første ledd) Oppgåvene som skal utførast kan være tidsavgrensa eller varige. Tilsetting mellombels etter denne nye regelen er avgrensa til maks 15% av arbeidsstokken. Der arbeidstakar har vore mellombels tilsett i inntil 12 månader etter den nye regelen og ikkje får anledning til å fortsetje i verksemda, er det innført ein karantene på 12 månadar til å tilsette mellombels til å utføre arbeid av same art Gjennomsnittsberekning av arbeidstida
Det er gitt utvida rammer for avtale med den enkelte arbeidstakar og tillitsvalte, samt utvida adgang for arbeidstilsynet til å gi dispensasjon til alternative arbeidstidsordningar innanfor områda helse- og omsorgsarbeid, vakt og overvakingsarbeid samt for dei med lang avstand mellom arbeidsstad og arbeidstakars bustad. Dei totale rammene for arbeidstid er ikkje utvida, men det kan avtalast å arbeide meir konsentrert i periodar mot tilsvarande fri i andre periodar Beredskapsvakt (heimevakt) utafor arbeidsstaden Tidlegare blei 1/5 av beredskapsvakta rekna med som alminnelig arbeidstid. Brøken er no endra slik at 1/7 av vakta skal reknast med i den alminnelige arbeidstida. Grensene for overtidsarbeid Det er gitt utvida rammer for avtale med tillitsvalte, samt auka rammer for arbeidstilsynet sin dispensasjonsadgang. Dei totale rammene for overtidsarbeid pr år er ikkje utvida. Søndagsfri Det kan avtalast lokalt å arbeide i gjennomsnitt annankvar søndag, men slik at vekekvilen skal falle på søn- eller helgedag minst kvar 4. veke og ikke kvar 3. veke som tidlegare. Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen økonomiske konsekvensar ift tidlegare praksis. Men dei nye reglane for arbeidstid gjev meir fleksibilitet ift utarbeiding av alternative arbeidsplanar, og ei særavtale om å fylgje dei gamle reglane i arbeidsmiljølova kan såleis få ein økonomisk konsekvens i framtida. Rådmannen si vurdering: Som ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar vil ikkje Gloppen kommune søke å misbruke moglegheitene som endringane i arbeidsmiljølova opnar for. Når det gjeld tilsetting i fast stilling vil kommunen i dei aller fleste tilfelle fylgje dagens praksis, men ein kan ikkje sjå vekk frå at det i enkelte tilfelle kan være føremålstenleg å tilsette mellombels etter dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Endringane mht arbeidstid/overtid opnar for meir fleksibilitet, noko som kan komme både arbeidsgjevar og arbeidstakar til gode. Det er viktig å merke seg at dei totale rammene for arbeidstid og overtid ikkje er endra. Det er såleis lite ynskjeleg å lage ei lokal særavtale som begrensar kommunen sine moglegheiter til å nytte dei nye reglane der ein finn det fornuftig og føremålstenleg. RÅDMANN SI TILRÅDING: Kommunestyret viser til at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Bakgrunn for endringane pr 1.juli 2015 er å få eit meir fleksibelt lovverk som også skal komme arbeidstakarane til gode. Kommunestyret meiner difor at ein ikkje kan setje til side dei nye reglane i arbeidsmiljølova.
Gloppen kommune skal vere ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar med ei reflektert haldning til kva tiltak som er viktige for å sikre gode arbeidsvilkår for dei tilsette og styrke dei kommunale tenestene. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Framlegg frå Bjørg Skarstad (dei tilsette): Administrasjonsutvalet utset saka utsett slik at organisasjonane får høve til å uttale seg om saka. Framlegget vart samrøystes vedteke. Merknad frå Hege Lothe (SV): Det må gå fram av saka at interpellasjonen kjem frå ein eller fleire av medlemmene i kommunestyret, ikkje frå eit politisk parti. 013/15 VEDTAK: Administrasjonsutvalet utset saka utsett slik at organisasjonane får høve til å uttale seg om saka. Vedtaket var samrøystes. Nye opplysningar i saka: Saka har no vore ute til høyring hjå fagorganisasjonane. 6 organisasjonar svarte innan fristen, der alle desse støtta interpellasjonen om å lage lokal særavtale med organisasjonane som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar og arbeidstid. Saksutgreiing: Viser til tidlegare saksutgreiing. Rådmannen si vurdering: Rådmannen står fast ved tidlegare vurdering sjølv om fleire av organisasjonane har gitt tilbakemelding om at dei støttar interpellasjonen. Dette med bakgrunn i at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Gloppen kommune kan difor ikkje avtale noko som gir dårlegare vilkår for sine tilsette. Bakgrunn for lovendringa mht arbeidstid er eit ynskje frå arbeidstakarane om meir fleksibilitet. Ei særavtale som byggjer på dei gamle reglane vil gje våre tilsette mindre fleksibilitet og såleis vere i strid med arbeidsmiljølova. Dette blir understøtta av tilbakemeldingar frå tilsette som i dag jobbar langvakter om at dei ikkje vil fortsette i stillinga dersom dei ikkje lenger får høve til det. Høve til langvakter er også eitt av fleire viktige element i prosjektet «det stor heiltidsvalet» som er politisk forankra i kommunen. Ei særavtale som byggjer på dei gamle reglane i arbeidsmiljølova når det gjeld tilsettingar i faste stillingar vil også begrense delegasjonsmyndigheten til rådmann/administrasjon.
Kommunestyret må ha tillit til at rådmann/administrasjonen forvaltar regelverket på ein god måte, og ikkje begrense handlingsrommet som dei nye reglane i arbeidsmiljølova gjev. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret viser til at arbeidsmiljølova er ei vernelov som skal ivareta arbeidstakarane sine arbeidsvilkår. Bakgrunn for endringane pr 1. juli 2015 er å få eit meir fleksibelt lovverk som også skal komme arbeidstakarane til gode. Kommunestyret meiner difor at ein ikkje kan setje til side dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Gloppen kommune skal vere ein ansvarleg og seriøs arbeidsgjevar med ei reflektert haldning til kva tiltak som er viktige for å sikre gode arbeidsvilkår for dei tilsette og styrke dei kommunale tenestene.
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 23.10.2015 018/15 Avgjerd av: Kommunestyret Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Objekt: Arkiv: 033 &00 Arkivsaknr.: 15/168-5 Endringar i reglementet for administrasjonsutvalet Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 256916 Reglement for administrasjonsutvalet Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka: Dette er siste møte i dette administrasjonsutvalet. Sitjande kommunestyret har vedteke at vi framleis skal ha eit administrasjonsutval, etter om lag same ordning som i dag. Ei endring blir det: Ein av dei folkevalde medlemmene i administrasjonsutvalet skal også sitje i kommunen sitt arbeidsmiljøutval. Rådmannen vil så fort det nye kommunestyret er konstituert og utvala er valde legge fram forslag til nødvendige endringar i utvalsreglementa. Dette vil også gjelde administrasjonsutvalet sitt reglement. Dagens reglement ligg ved. Rådmannen inviterer det avtroppande administrasjonsutvalet til ei meiningsutveksling om reglementet og om det er tilhøve som rådmannen bør endre på eller følgje opp når det nye utvalet kjem i arbeid. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. 03.09.2015 ADMINISTRASJONSUTVALET Tema som vart tekne opp: Skal adminisatrasjonsutvalet ha noko rolle i tilsetting og eventuell oppseiing av rådmannen? Behov for meir opplæring av medlemmene i utvalet? Rådmannen si rolle i utvalet.
014/15 VEDTAK: Det vart ikkje gjort vedtak i saka. Nye opplysningar i saka: Som ei oppfølging av adminisatrasjonsutvalet si drøfting i sak 14/15 legg rådmannen no fram forslag til nokre mindre endringar i utvalet sitt reglement. Det er kommunestyret sjølv om gjer endeleg vedtak i saka, jfr. 5-2 i reglementet. Endringane som rådmannen gjer framlegg om er ikkje så omfattande at saka er lagt fram for organisasjonane på andre måtar enn gjennom behandlinga av saka i administrasjonsutvalet. Saksutgreiing: Endringane er: 1. Ny siste setning i 1-2, første ledd: Leiaren skal sitje i formannskapet. 2. Nytt nummerpunkt i 2-2, første ledd: 3. Velje utvalet sin representant på arbeidsgjevarsida i arbeidsmiljøutvalet. 3. Siste kulepunkt i 2-3, første ledd blir stroke. Rådmannen si vurdering: Endringa som seier at leiaren i administrasjonsutvalet skal sitje i formannskapet er ei stadfesting av gjeldande praksis. Det følgjer av 2-1 at administrasjonsutvalet er eit hovudutval, og då skal leiaren sitje i formannskapet. Dette bør gå fram av reglementet. I det nye reglementet til arbeidsmiljøutvalet som utvalet sjølv har vedteke er det sagt at ein av dei tre arbeidsgjevarrepresentantane i arbeidsmiljøutvalet skal veljast av og mellom dei fire folkevalde i administrasjonsutvalet. Rådmannen håpar at kommunestyret er samd i dette, og endrar reglementet slik at det blir samsvar mellom reglementa til arbeidsmiljøutvalet og administrasjonsutvalet. Dei to utvala har på fleire område overlappande arbeidsfelt, og dette er bakgrunnen for endringa. Tilsetting og eventuell oppseiing av rådmann er prosessar der administrasjonsutvalet i praksis ikkje er involvert. Strykinga av dette kulepunktet i 2-3 er gjort for å få samsvar mellom reglementet og det som skjer i praksis. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Kommunestyret vedtek desse endringane i administrasjonsutvalet sitt reglement: Ny siste setning i 1-2, første ledd: Leiar skal sitje i formannskapet Nytt nummerpunkt i 2-2, første ledd: 3. Velje utvalet sin representant på arbeidsgjevarsida i arbeidsmiljøutvalet Siste kulepunkt i 2-3, første ledd blir stroke. Endringane gjeld frå vedtaksdato.
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Administrasjonsutvalet 23.10.2015 019/15 Avgjerd av: Administrasjonsutvalet Saksbehandlar: Rita Arlen Lilletvedt Objekt: Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 15/100-4 Val av arbeidsgjevarrepresentant i arbeidsmiljøutvalet Ingen vedlegg. Bakgrunn for saka: Nytt reglement for arbeidsmiljøutvalet fastsett av arbeidsmiljøutvalet 29. juni 2015, sak 16/15. Saksutgreiing: I forbindelse med gjennomgang/evaluering av politisk modell våren 2015 kom det fram forslag frå medlemmar av administrasjonsutvalet om at ein av arbeidsgjevarrepresentantane i arbeidsmiljøutvalet skal vere ein av dei fire folkevalde i administrasjonsutvalet. Dette forslaget vart vurdert og tatt inn i nytt reglement for arbeidsmiljøutvalet som vart fastsett av arbeidsmiljøutvalet 29. juni 2015 Økonomiske konsekvensar for kommunen: Ingen direkte. Rådmannen si vurdering: Ikkje aktuelt. RÅDMANNEN SI TILRÅDING: Rådmann kjem ikkje med framlegg til representant.
side 1