Årsmelding Åkra oppvekstsenter 1. Presentasjon av verksemda:

Like dokumenter
Arsmelding Valen skule

Årsmelding Malmanger oppvekstsenter, Mauranger skule, Malmanger skule og Mauranger barnehage

Arsmelding 2015 Omvikdalen oppvekstsenter

Arsmelding Skule: Uskedalen

Resultat i høve til brukarane og samfunnet Elevtal på skulane: 2010/ / / / /

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Rapport om tilstanden i balestrandskulen

Utviklingsplan Lye ungdomsskule

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Utviklingsplan Skule: Klepp ungdomsskule

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, Ein god stad og læra

Vår ref. Arkivkode Stad/Dato 15/24932 ISR B13 &14 Vigrestad,

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Svara i undersøkinga vil bli brukte til å forbetre læringsmiljøet på skolen, og vi håper derfor du svarer på alle spørsmåla.

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 3 - Januar. Så tar me hoppet over til 2018

Utviklingsplan skuleåret Orstad skule. Ein trygg stad å vera, ein god stad å læra

Elevundersøkinga 2016

Giske kommune -historisk og framtidsretta- Kvalitets- og utviklingsmelding for grunnskulen i Giske 2015

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Hå kommune Vigrestad storskule

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Utviklingsplan skuleåret Skule: Undheim «Mot til å meina, lyst til å læra. Tryggleik og trivsel.»

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

BØ SKULE SIN STRATEGIPLAN SKULEÅRET 17/18

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING VED SKJÅK BARNE- OG UNGDOMSSKULE

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Foreldreundersøking Drøfting i grupper Om læringsarbeidet på skulen Permisjonar frå opplæringa Diverse. Haugland, 16.

Sosial handlingsplan 2016 SOSIAL HANDLINGSPLAN - BRINGEDALSBYGDA SKULE KVINNHERAD KOMMUNE.

Resultat frå lokal trivselsundersøking våren 2017

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Informasjon om organisering av skuleåret haust 2019 vår 2020

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Referat frå FAU møte ved Tjødnalio skule, tysdag kl.18.00

SYSTEMATISK ARBEID MED ELEVANE SITT SKULEMILJØ, kap. 9A. Ostereidet barneskule

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Ørskog Ørskog. Årsverk for undervisningspersonale 30,0 26,8 27,9 26,5 28, ,5

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Tilstandsrapport for grunnskulane i Stranda 2014

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 5 - April

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Alle elevar i grunnskulen har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Tertialrapport 2 tertial 2015

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Erfarings- og kunnskapsinnhenting - tilbakemelding frå Hatlestrand oppvekstsenter

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

REFERAT MØTE I SKULEMILJØUTVALET

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Verksemdsplan. for. Ålvik skule

Plan for trivsel ved Helland skule. VISJON: Vi ønskjer eit trygt, utfordrande og stimulerande lærings- og oppvekstmiljø for elevane ved Helland skule.

Plan for eit trygt og godt skulemiljø

TILSYNSRAPPORT. Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule

Bjørnehiet SFO - informasjon

Den kulturelle nistepakken


Fellesmøte 20.februar

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Opning av pilot oppvekstbibliotek, Skjolden oppvekstsenter

Utviklingsplan skuleåret 2017/2018 Bryne skule

Transkript:

Side 1 Rådmannen - Åkra oppvekstsenter Vår ref: 2015/2085-34 Dato: 18.02.2016 Til: Frå: Anne Sofie Bjelland Kjeka Signe Norheim Tjeldflåt Årsmelding 2015- Åkra oppvekstsenter 1. Presentasjon av verksemda: Åkra oppvekstsenter omfattar i dag Åkra skule med 27 elevar og Åkra barnehage med fem barn som tel 7 plassar ( to mindre barn) Åkra skule har for tida 652 % årsverk fordelt på 6 lærarar og verksemdsleiar, og barnehagen har 178 % årsverk fordelt på styrar og to assistentar i mindre stillingar. Åkra oppvekstsenter står fram rimeleg velhalden og hensiktsmessig til sitt bruk, men treng på sikt eit byte av vindauge i atriumet, om mogeleg også på gymnastikksal-sida mot nord. Dusjane i gymsalen treng nye veggplater og blandebatteri. ( Kjem fram i Fysisk vernerunde hausten 2015) Åkra barnehage vart bygd ny i 2004 som eit tillegg til Åkra skule. Skulen fekk også noko ombygging i 2004, og me fekk ein ny småskuleavdeling og eit nytt formingsrom i kjellaren. Skulen vert todelt i eit samanhalde barnetrinn og eit ungdomstrinn frå hausten 2016. Det er lang veg til næraste barneskule i Omvikdalen og ungdomsskule i Rosendal. Vegen er i tillegg svingete og smal og går over eit høgdeparti. Når og om ein ser for seg ein eventuell ny skuleveg for nokre av borna i Åkra, må ein vera realistisk og rekna først og fremst på tidsbruk ( i mindre grad tal på kilometer), og ein må rekna ulik reisetid på sommaren og vinteren. Elevar skuleåret 2015/2016 ved Åkra skule 1.tr 2. tr 3. tr 4.tr 5.tr 6.tr. 7.tr 8.tr 9.tr 10.tr 0 1 2 1 1 2 3 7 3 7

Side 2 2. Ressursar: Indikator og nøkkeltall Åkra skule Hordaland fylke Nasjonalt Antall elever per årsverk til 5,8 undervisning 11,0 12,6 12,3 Antall elever per assistentårsverk i undervisningen 168,8 62,7 80,7 76,4 Antall assistentårsverk per 3,2 hundre lærerårsverk 15,4 13,6 14,3 Lærertetthet 1.-7. trinn 4,3 11,7 13,5 13,4 Lærertetthet 8.-10. trinn 9,9 13,0 14,7 14,3 Lærertetthet i ordinær undervisning 8,2 14,7 17,1 17,0 Kommentarar til «Ressursar» frå verksemda: Nøkkeltala ved Åkra skule må sjåast på bakgrunn av at det vert gjeve undervisning i samanhaldne klassar hos oss. Delingstalet for elevar er mindre i samanhaldne klassar. Det krev meir av planar og god førebuing for å få undervisninga til å gå parallelt i ulike grupper. Veldig ofte viser erfaring at det kan verta fleire konfliktar mellom elevar i små grupper, enn det du elles vil få i større klassar, der sterke og sosiale elevar ofte vil dra opp og ha god innflytelse på klassemiljøet. Det kan komplisera undervisningssituasjonen ytterlegare.

Side 3 3. Faglege resultat: Når elevtalet er så lite, må ein lesa tala frå nasjonale prøver med mykje skjønn og samanlikna med anna informasjon som ein har. Lærarane på Åkra skule har god oversikt over få elevar og får vanlegvis ingen store nyhende gjennom resultata på nasjonale prøver. Likevel synest me det er greitt å gjennomføra desse nasjonale prøvene som seier lærarane noko om «benchmarking», og kor elevane skal hen. Der elevtalet er for lite, må me halda resultata unna offentleggjering. (merka til internt bruk.) Nasjonale prøvar: Prøve % elevar nivå 1 % elevar høgste % fritak (lågaste) nivå 5. tr Lesing Tal til internt bruk 0 0 5. tr Rekning Tal til internt bruk 0 0 5. tr Engelsk Tal til internt bruk 0 0 8. tr Lesing 14,3 % 14,3 % 0 8. tr Rekning 0 14,3 % 0 8. tr Engelsk 0 0 0 9. tr Lesing 33,3 % 0 0 9. tr Rekning 0 67 % 0 Grunnskulepoeng: Åkra skule Kvinnherad Hordaland fylke Landet kommune 40,8 39,1 41,3 40,7 Skulen har hatt ei stigande kurve heile tida sidan me starta med å sjå på resultata av grunnskulepoeng. Det er me nøgde med.

Side 4 Elevundersøkinga 7 tr Indikator og nøkkeltall Åkra skule Kvinnherad kommune Hordaland fylke Nasjonalt Læringskultur 3,9 3,9 4,0 4,1 Elevdemokrati og medvirkning 4,3 3,8 3,7 3,8 Faglig utfordring 4,6 4,0 4,0 4,0 Felles reglar 4,6 4,2 4,3 4,3 Trivsel 4,0 4,3 4,3 4,4 Mestring 4,0 4,0 4,1 4,1 Støtte fra lærarane 4,5 4,3 4,4 4,4 Motivasjon 3,8 3,9 3,9 4,0 Vurdering for læring 3,9 3,7 3,9 4,0 Støtte heimanifrå 4,4 4,4 4,4 4,4 Mobbing på skulen 1,1 1,2 1,3 1,2

Side 5 Elevundersøkinga 10 tr Indikator og nøkkeltall Åkra sine tal kjem ikkje fram Kvinnherad kommune Hordaland fylke Læringskultur 3,8 3,8 3,7 3,7 Elevdemokrati og medvirkning 3,5 3,5 3,1 3,2 Faglig utfordring 4,3 4,3 4,2 4,2 Felles reglar 4,1 4,1 3,8 3,8 Trivsel 4,2 4,2 4,1 4,2 Meistring 4,0 4,0 3,9 4,0 Utdanning og yrkesveiledning 4,0 4,0 3,6 3,8 Støtte fra lærerne 4,1 4,1 3,9 4,0 Motivasjon 3,5 3,5 3,4 3,5 Vurdering for læring 3,4 3,4 3,1 3,2 Støtte heimanifrå 3,9 3,9 3,9 3,9 Mobbing på skulen 1,1 1,1 1,2 1,2 Kommentarar til «Mobbing på skulen» frå verksemda: Nasjonalt Me er nøgde med at talet viser at det generelt er lite mobbing på skulen. Me har likevel gjort eit einskildvedtak på mobbing siste skuleåret og er glade for at arbeidet mot mobbing ved årsskifte såg ut til å gi betre resultat. Me har 0-visjon når det gjeld mobbing og plaging, og me har lav terskel for å setja i verk tiltak og ha god oversikt over elevmiljøet.

Side 6 Medarbeidarane - Årsverk og årstimar Indikator og nøkkeltall Åkra skule Årsverk for undervisningspersonale 5,0 Antall assistentårsverk i undervisninga 0 Andel årstimer til undervisning gitt av undervisningspersonale med godkjent utdanning 100% Lærartimar som gis til undervisning 3230 Undervisningstimar totalt per elev 120 Antal kontaktlærarar 4 Nærvær Andel nærvær for personalet i Kva tiltak har verksemda sett i verk for å førebyggja 2015 94,9 % På det jamne er det lite fråver i oppvekstsenteret. Me arbeider for at alle tilsette skal trivast og ha det bra i verksemda. Me har fokus på det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet gjennom heile året. Det psykososiale arbeidsmiljøet er tema på medarbeidarsamtalane. Me har noko kortvarig fråver, men har hatt lite bruk av sjukemelding i verksemda totalt i 2015. I vårhalvåret hadde me t.d. ikkje sjukemeldingar i skuledelen. Kommentarar til «4. Medarbeidarane» frå verksemda: I verksemda har me dyktige og erfarne medarbeidarar som dagleg står på og jobbar for at barn og unge skal få eit så godt lærings- og oppvekstmiljø som mogeleg. Medarbeidarsamtalane som vart gjennomførte våren 2015, viser at dei tilsette trivest godt og har det bra i verksemda vår. Alle ligg frå 7-9 ( på ein skala 0-10) i trivsel, dei fleste havnar på 8-9. Det er helst småting som dei peikar på kan auka trivselen. Det prøver me sjølvsagt å ta tak i. I barnehagen vart det våren 2015 peika på at bemanninga var slik at tempoet vart for høgt, og det var lite tid til å ta pausar i barnehagedagen. Det har me prøvd å gjera noko med denne hausten.

Side 7 4. Resultat for samfunnet. Verksemda har laga til ymse tilstellingar og aktivitetar på skulane og i barnehagen i løpet av året, og desse meiner me har positive resultat også for bygda vår: Ryddeaksjon rundt oppvekstsenteret og i bygda før 17. mai: Me tykkjer det er viktig at elevane lærer seg å ta ansvar for det fysiske miljøet rundt seg, både for å halda det reint og fint og gjera det pent rundt seg. Det er viktig lære for livet. Oppvekstsenteret er ein samlingsstad i bygda både i kvardag og til fest, og me vil gjerne at oppvekstsenteret og uteområdet skal presentera seg best mogeleg. Me ryddar og pyntar, og lærer elevane å ta godt vare på det også gjennom sesongen. Dette gjer me årleg. Vask av grendahuskjøkken og gymsal før 17. mai : Til vanleg leiger skulen ut gymsal/grendahus og/eller klasserom til frivillige organisasjonar( Matre idrettslag, Ving for Åkra og Baugstranda og Solglimt 4 H) gratis. Til gjengjeld ber me av og til laga om å stilla på dugnad for å gjera større nedvask på kjøkken og i gymsalen. Det gjorde me våren 2015. Då stiller representantar frå både skulen og laga. Ope hus i barnehagen og innsamling til organisasjonen Forut : Dette er eit årleg arrangement på hausten etter ein temaperiode i barnehagen der ungane får høyra og sjå korleis andre barn lever. Barnehagen bakar, set opp plakatar og ordnar med lodd og gevinstar frå Forut. Så vert skuleelevane og bygdefolk bedne inn for å ta lodd og kjøpa seg noko godt attåt nista denne dagen. Pengane går uavkorta til foreningen Forut sitt hjelpearbeid for barn. Arrangementet er populært både for skuleelevane og for bygdefolk og familie til barnehagebarna. Kunstprosjektet Hagen: Me fekk i 2015 tilbod om å søka på eit vekelangt kunstprosjekt gjennom den kulturelle skulesekken. Åkra skule fekk tilslag på sin søknad. Skulen la vekk all anna undervisning i ei veke og laga ein felles innstallasjon av gjennvinnbar plast som dekka mykje av uteområdet til skulen og barnehagen ned mot fylkesvegen. Elevane lærte å styra arbeidet sitt sjølv, bruka kreativiteten sin, samarbeida gjennom fellesmøte som elevane styrte sjølve, og til slutt enda me opp i ei utstillingsopning og eit produkt som elevane var svært nøgde med. Alle fekk bidra, og alle var sjølvgåande og gjorde sitt beste. Dette vart ei svært spesiell oppleving både for elevane og lærarane som blei guida av to profesjonelle kunstnarar frå Bergen. Me hadde stor opning av Hagen og bad føresette og bygdafolk om å komma, og arbeidet blei presentert i lokalavisa. Dette vakte positiv åtgaum for bygda Åkra og Åkra oppvekstsenter. Årleg vaksinekafé: Elevrådet ved Åkra skule lagar kvart år til ein vaksinekafè for dei eldre i bygdene rundt oppvekstsenteret som kjem til skulen for å få den årlege influensavaksina. Når bebyggjarane våre må venta etter vaksinasjonen, får dei høve til å kjøpa seg kaffi, te og noko søtt å bita i. Dei får også høva til å drøsa litt både med andre medbygdingar og elevar. Dette er eit årleg tiltak. Elevane sender pengane som dei får inn på denne vaksinekaféen til organisasjonar som Redd barna eller Flyktninghjelpen. Me synest det er viktig å gjera elevane merksame på tiltak som kan gjerast for andre barn i verda og læra dei å ta ansvar også for dette.

Side 8 Vera saman: Åkra barnehage har dette siste året kome med i eit felles satsing for Kvinnherad-barnehagene som heiter Vera samen. Her får personalet opplæring i korleis dei skal vera trygge, varme og grensesetjande vaksne ute i avdelinga. Styrar skryt stort over denne satsinga som barnehagefeltet i kommunen har fått vera med i, og håper dette skal koma ungane i vår vetle barnehage til stor nytte. Sommar og julefest med program : Oppvekstsenteret held fest etter kvar semesteravslutning. Då lagar elevane og klassane til program som dei gjennomfører på ein framifrå måte, og føresette stiller med rause matfat. Ved juletider vert det gjerne ein gammaldags julefest der juletregang også høyrer med, og kvar sommar gjer me stor stas på dei elevane som skal få vitnemålet sitt og sendast vidare i livet sitt etter endt skulegong i Åkra. Dette er tradisjonsrike festar, og det gler oss mykje at gamle elevar også tek turen tilbake til desse festane. Innsamling til ekskursjon for 9. og 10. klasse- avslutning av Skottlandsprosjektet: I fire år dreiv Åkra skule eit unikt samarbeids- og utvekslingsprosjekt med ein skule i byen Lochgilphead på vestkysten av Skottland. Etter eit år - i den siste treårsperioden avslutta skulen i Lochgilphead samarbeidet med Åkra skule fordi prosjektet vart vanskeleg å gjennomføra for dei. Sidan me var i starten av ein ny treårsperiode, er det såleis to klassar hos oss som hadde store forventingar til å vera i Skottland ein månad kvar i 10. klasse. Desse to klassane er vår noverande 9. og 10. klasse. Skulen og foreldra ( FAU) i Åkra har sett seg føre å gje desse elevane eit plaster på såret i form av ein vekesekskursjon til London. Elevane i desse to gruppene og to lærarar har planlagt denne ekskursjonen sidan hausten 2015. FAU og elevane har gjort ein god innsats for å samla inn pengar, slik at dette også skal bli ein eksursjon som stettar gratisprinsippet i skulen heilt og holdent. Dette trur me kjem til å verta ei god oppleving for elevane våre.

Side 9 5. Økonomiske resultat 2015 Åkra oppvekstsenter POST Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap Budsjett Rekneskap 2012 31.12.2012 % 2013 31.12.2013 % 2014 31.12.2014 % 2015 31.12.15 % 5 443 5 380 Lønsutgifter 456 5 200 566 95,54 652 5 601 762 104,11 5 952 164 5 733 212 96,32 Skulen 4 914 506 4 737 781 96,40 Barnehagen 794 222 954 920 120,23 Andre dr.utgifter 641 303 584 369 91,12 686 051 587 711 85,67 671 145 594 242 88,54 Driftsinnt. 528 101 681 893 129,12 666 703 717 435 107,61 1 024 309 895 471 87,42 5 556 5 400 5 974 407 5 670 845 94,92 Netto drift 658 5 103 042 91,84 000 5 472 038 101,33 5 599 000 5 431 983 97,02 Åkra barnehage er ein forholdsvis liten del av økonomien til Åkra oppvekstsenter. Åkra barnehage brukte 119,18 % eller 141 578 kr. i overforbruk i 2015, truleg på grunn av eit for optimistisk lagt budsjett i ein overgangsperiode der vi hadde vore familiebarnehage eit års tid. Skulen brukte 91,5 % av budsjettet,og me hadde att 445 140 kr. Verksemda totalt kom i hamn på 94,92 % forbruk, og me sparde 303 562 kr. Dette skuldast først og fremst stram økonomistyring og at ein del timar etter kvart fell bort fordi me er i ein overgangsordning der skulen no vert todelt på grunn av færre elevar i klassane. Skulen har også fått større refusjonar enn forventa i 2015.