Voss Resort Fjellheisar AS Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss Plan ID 2011005. Utgåve: 1. Dato: 2014-06-27



Like dokumenter
Detaljreguleringsplan for Hadlingatreet bustadfelt på Kyte. Planomtale

SØKNAD OM OPPSTART AV PLANARBEID FOR DEL AV GNR. 24 BNR. 4 JYDALEN, FAMMESTAD

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Vedlegg til oppstartsmøte gnr. 51 bnr. 1 m.fl. Misje

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Grunneigarar, naboar, offentlege instansar, lag og organisasjonar «REGULERINGSENDRING TROLLDALEN GNR. 55 BNR. 19 M.FL»

Planarbeidet på Mjåtveitstø Furefjellet kjem difor ikkje under vedlegg I. Planer som alltid skal konsekvensutredes.

DETALJPLAN AV KYRKJEVEGEN 2, GNR 45 BNR 322, MANGER, RADØY KOMMUNE. MOTSEGN

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID - DETALJREGULERING

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

2. Referat frå oppstartsmøte

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 41/2019 Utval for drift og utvikling PS

Ing. Egil Ulvund A/S, 5627 Jondal

INNHALD 1 SAMANDRAG NØKKELOPPLYSNINGAR BAKGRUNN FOR PLANARBEIDET BAKGRUNN INTENSJONEN MED PLANFORSLAGET...

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers forening RIF

PLANPROGRAM. Detaljreguleringsplan Smedstad gbnr 22/30, 52, 214 Førde kommune. Planoppstart

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Referat basert på mal i Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin rettleiar for utarbeiding av reguleringsplanar.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Saksnr. Utval Møtedato 030/12 Plan og utvikling /12 Kommunestyret

PLANINITIATIV. DETALJREGULERING FOR ØVSTE ØGGARDSLIA Gnr 50/1 og 51/2, Stranda kommune I henhold til Plan- og bygningsloven 12-3 og 12-8

B.TARBERG AS Graving Sprenging Transport Planlegging Byggsøk Rådgiving

På vegne av tiltakshavar Line Tools vert det søkt om oppstart av privat planarbeid for del av Opsalmarka gnr. 34 bnr.

KOMMUNEDELPLAN FOR HERØY - Hamneplan

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Stekka hyttefelt, 1 gongs handsaming, planid

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Søknad om oppstart av reguleringsplan

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør Arkitektbedriftene Rådgivande ingeniørers foreining RIF

Kvam herad. Sakspapir

Radøy kommune Kommunedelplan for vassforsyning og avløp - Planprogram. Utgåve: 1 Dato:

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene RIF

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Retningslinjer for fortetting

Skredfare omsynssoner - Kommuneplan

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 100/2017 Formannskapet PS Samarbeidsavtale om utarbeiding av områdeplan for Dalstø/Mjåtveitstø

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

SAKSFRAMLEGG. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 101/19 Planutval Detaljregulering Øvre Geiskelid 1. gongs høyring (planid )

OSPELUNDEN BUSTADFELT Reguleringsføresegner pbl 12-7

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SØKNAD OM OPPSTART AV ARBEID MED PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FØREHANDSUTFYLT INFORMASJON TIL OPPSTARTSMØTE

Kommuneplan for Radøy delrevisjon konsekvensvurdering av endringar i kommuneplanens arealdel

PLANSKILDRING. REGULERINGSPLAN FOR VOMBEVIKA GNR.70 BNR.48,49,50 og 51

PLANOMTALE. Endring av reguleringsplan for Smiebakken - Byggeområde B1 Plan ID Nordbohus Sogn as

Vurdering etter forskrift om konsekvensutgreiingar (FOR )

1 Allment Det regulerte området, som er synt på planen med grenseline, skal nyttast til: 2 Byggjeområde for frittliggande småhusbustader, FS01-07

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene Rådgivende Ingeniørers Forening RIF

Konsekvensvurdering. av nye potensielle utbyggingsområde i kommuneplanen, arealdelen

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 45/14 Plan- miljø og ressursutvalet /14 Kommunestyret

Bustadområde i sentrum. Vurdering

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

REGULERINGFØRESEGNER

Varsel om planoppstart av detaljregulering for Lund steinbrot og næringsområde

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Edland / Haukeli

Kommunedelplan for sti og løyper Utkast til planprogram

Varsel om planoppstart av detaljregulering for utviding av bustadfelt B1, Kolset

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling dispensasjon - 84/1 - utvida parkeringsplass ved Melderskin - Kletta - Rosendal Turnlag Turgruppa

Saksutgreiing til folkevalde organ

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

VARSEL OM OPPSTART AV MINDRE ENDRING ELLER REGULERINGSENDRING AV REGULERINGSPLAN BOLSTADØYRI STASJON, PLANID: 09006, VOSS KOMMUNE

31/15 Formannskapet Reguleringsplan for hytteområde Bjønnskardet - høyring og offentleg ettersyn

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Vedlegg 2. Referat fra oppstartsmøte

PLANPROGRAM Endring av deler av kommunedelplanen for Dale

KOMMUNEDELPLAN FOR TUR- OG SKILØYPER, BYKLE KOMMUNE PLANPROGRAM Forslag pr Vår ref. 2016/13 Foto: Grete Breivik

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 017/17 Plan- og. PS samfunnsutvalet

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

Kommunplan Vik Kommune Arealdelen

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal

Saksgang Møtedato Utval for formannskap/plan og økonomi

Radøy kommune Saksframlegg

Granvin herad Sakspapir

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 098/15 Kommunestyre PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Erik Andreas Kyvig FE /179

PLANINITIATIV. Oppstart av planarbeid detaljreguleringsplan for Klokkargarden - Osstølen, gnr. bnr 55 bnr. 8 og 32, Os kommune

VARSEL OM OPPSTART AV REGULERINGSPLANARBEID UTVIDING AV PLANGRENSE

AG Plan og Arkitektur AS Rådgjevande arkitekt og ingeniør arkitektbedriftene MNAL arkitektbedriftene RIF

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLANNGSPLAN Detaljreguleringsplan for landbasert oppdrettsanlegg, Oksneset PlanID

Forslag Planprogram. Skipavika næringspark, Gulen kommune Gnr 79 bnr 4,33

Styre, råd, utval Sak nr Møtedato Utval for plan og miljø 005/ Råd for seniorar og menneske med nedsett 002/

Varsel om oppstart av detaljregulering for Svartmoegga grustak, i Rendalen kommune

Skildring av planoppdraget

Presentasjon av forslag til planprogram Disposisjon:

Gulen kommune. Kommunedelplan for vatn og avløp - Planprogram

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Transkript:

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss Plan ID 2011005 Utgåve: 1 Dato: 2014-06-27

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 2 DOKUMENTINFORMASJON Oppdragsgiver: Rapporttittel: Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss Utgave/dato: 1 / 2014-06-27 Arkivreferanse: - Lagringsnavn Oppdrag: rapport 528431 Reguleringsplan for gondol Oppdragsbeskrivelse: Oppdragsleder: Fag: Tema Leveranse: Skrevet av: Kvalitetskontroll: Guro Steine Plan og urbanisme Reguleringsplan Detaljplan (PBL) Guro Steine Kjersti Møllerup Subba www.asplanviak.no Reguleringsplanen omfattar i tillegg følgjande dokument: Plankart dagsett 27.06.2014 Føresegner dagsett 27.06.2014 Separate vedlegg til plan og planskildring: 3d-modell ROS-analyse. Asplan Viak 27.06.2014 Illustrasjonsplan for Hanguren. Asplan Viak 27.06.2014 Illustrasjonar/Skisseprosjekt Hanguren. HLM Arkitektur AS 22.1.2014. Illustrasjonar, Voss kollektivknutepunkt og gondolbanestasjon. Nordic Office of Architecture, 5.5.2014 Innkomne merknader til planoppstart og planprogram Oppsummering av innkomne merknader, dagsett 2013-05-30 revidert 4.9.2013 VA-rammeplan med notat om vassforsyning. Asplan Viak 27.06.2014 Gondolbane til Hanguren på Voss. Vurderingar av konsekvens for villrein. Siri Bøthun Naturforvalting Rapport 1-2014, 15.05.2014 Kulturminnedokumentasjon og konsekvensutgreiing for kulturminne, gondol Voss. Asplan Viak 5.6.2014. Brannteknisk risikovurdering for planlagt taubanetrase, Neas Consulting 21.10.11 Støy fra gondolbane frå Voss stasjon SWECO 2014 COWI AS 2013: Skredfarevurdering ny gondolbane til Hanguren, Voss kommune.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 3 FØREORD planlegg å byggje gondolbane i Voss sentrum. Den nye gondolbanen skal erstatte den gamle Hangursbanen frå 1963, som om få år vil krevje omfattande oppgradering dersom den skal oppfylle dagens tekniske krav. Den nye gondolbanen er planlagt å gå direkte frå kollektivknutepunktet ved Voss jernbanestasjon til toppen av Hanguren. Areal for nedre stasjon er sett av i Områdeplan for Voss knutepunkt som vart vedtatt i februar 2013, med krav om detaljregulering i plan for heile banen inklusive banestrekket og øvre stasjon. Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing og utarbeiding av planprogram. er forslagsstillar for planen. er engasjert som plankonsulent med ansvar for gjennomføring av planprosess og utarbeiding av reguleringsplanen med tilhøyrande plandokument, konsekvensutgreiing, og risiko- og sårbaranalyse. Planarbeidet er utført i samsvar med planprogrammet som vart vedteke av Formannskapet i møte 19.09.2013. Bergen, 27.06.2014 Guro Steine Oppdragsleiar (sign.) Kjersti M. Subba Kvalitetssikrar

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 4

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 5 INNHALD Samandrag... 7 1 Bakgrunn for planen... 9 1.1 Grunnlag og mål for planarbeidet... 9 1.2 Traséval og alternativsvurderingar... 9 2 Planprosess...10 2.1 Organisering...10 2.2 Konsekvensutgreiingsplikt...10 2.3 Varsel om oppstart og høyring av planprogram...10 2.4 Varsel om utviding av planområde...11 2.5 Medverknad og møte...11 2.6 Taubaneloven og konsesjonshandsaming...11 3 Gjeldande planstatus og overordna retningslinjer...13 3.1 Statlege planretningsliner og overordna lovverk...13 3.2 Fylkesplanar...14 3.3 Kommuneplanens arealdel 2011-2021...15 3.4 Reguleringsplanar...15 3.5 Andre planar...19 4 Planområdet i dag...20 4.1 Lokalisering og avgrensing...20 4.2 Topografi og landskap...21 4.3 Dagens arealbruk og busetnad...21 4.4 Eigedomstilhøve...24 4.5 Solforhold og lokalklima...24 4.6 Kulturminne og kulturmiljø...24 4.7 Naturmiljø og biologisk mangfald...25 4.8 Friluftsliv og rekreasjonsverdiar...27 4.9 Tilkomst og trafikkforhold...28 4.10 Barn og unges interesser...29 4.11 Universelt tilgjenge...29 4.12 Teknisk infrastruktur...29

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 6 4.13 Støy...30 4.14 Samfunnstryggleik (ROS - Risiko og sårbarheit)...30 5 Skildring av planframlegget...32 5.1 Arealoppgåve...32 5.2 Hovudtrekk i planlagt arealbruk...33 5.3 Bygningar og anlegg...35 5.4 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur...41 5.5 LNF-område...42 5.6 Omsynssoner...42 5.7 Parkering...42 5.8 Kulturminne og kulturmiljø...42 5.9 Universell utforming...43 5.10 Kommunalteknisk infrastruktur...43 5.11 Rekkefølgjekrav...44 6 Konsekvensar av planframlegget...45 6.1 Planavgrensing, arealbehov og forholdet til andre planar...45 6.2 Arkitektur, landskap og visuelle konsekvensar...46 6.3 Universell utforming...49 6.4 Grunnforhold...49 6.5 Konsekvensar for eksisterande bygningar og eigedomar...50 6.6 Born og unge...57 6.7 Friluftsliv...57 6.8 Biologisk mangfald og Naturmangfaldslova...59 6.9 Fjellheimen villreinområde...59 6.10 Kulturminne og kulturmiljø...63 6.11 Konsesjonssøknad nødvendige løyver og dokumentasjon...66 6.12 Risiko og sårbarheit ROS-analyse...67 7 Kjelder og grunnlagsmateriale...69

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 7 SAMANDRAG Voss Resort eig og driv, som står ansvarleg for drift av Hangursbanen i dag. Den nye gondolbanen er planlagt å erstatte den gamle Hangursbanen frå 1963, som om få år vil krevje omfattande oppgradering dersom den skal oppfylle dagens tekniske krav. Den nye gondolbanen er planlagt å gå direkte frå kollektivknutepunktet ved Voss jernbanestasjon til toppen av Hanguren. Areal for nedre stasjon er sett av i Områdeplan for Voss knutepunkt som vart vedtatt i februar 2013, med krav om detaljregulering i plan for heile banen inklusive banestrekket og øvre stasjon. Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing og utarbeiding av planprogram på bakgrunn av nærføring til det freda Mølstertunet og Fjellheimen Villreinområde. Planen regulerer ny nedre gondolbanestasjon på Voss stasjon i kombinasjon med servicebygg for kollektivknutepunktet og kopling mot tilgrensande hotell (jf. vedtatt områdeplan for Voss knutepunkt). Gondolbanen vert fremja som eigen plan, og sjølv om det vert regulert for kombinasjonsformål, er bygging av banen og stasjonen ikkje avhengig av kollektivknutepunktet. Ny øvre stasjon med restaurant og servicebygg er regulert på toppen av Hanguren i området mellom den eksisterande Expressheisen frå Bavallen og eksisterande T-trekk frå Hanguren. Saman med desse heisane dannar den nye toppstasjonen eit felles møtepunkt på toppen av Hanguren der heile anlegget vert tilgjengeleg. Gondolstasjon og restaurant er vist samla i eitt bygningsvolum, men gondolbanen kan byggjast uavhengig av restaurantdelen. Fjellplatået kring skianlegg og restaurant er regulert til skiområde. I området kan det etablerast leike- og aktivitetsområde for både vinter- og sommaraktivitet. Det er sett av plass til høgdebasseng nordvest for toppunktet. Bassenget skal i hovudsak forsyne kunstsnøproduksjon i anlegget, men vil også kunne fungere som reservoar/beredskap for sløkkevatn i tilfelle brann på toppunktet. På bakkenivået under kabeltraseen er det lagt omsynssone med krav om minste avstand 15 meter frå køyreleidning gondolbane til høgste punkt på varige tiltak som bygg, konstruksjonar eller andre anlegg som inneber brannrisiko på bakkenivå. Sjølve mastepunkta er regulert til baneformål for tekniske konstruksjonar i ei sone på 20 meter rundt masta. LNF-områda under og til side for traseen er regulert i 60 meters breidde med heimel til å felle skog som kan vere brannfarleg for gondolbanen. I tillegg er det regulert LNF-område austover til eksisterande skogsveg, med heimel til å byggje midlertidig anleggsveg for oppføring av mastene. Mellom dei viktigaste konsekvensane av planen for nærområda er nærføring til eksisterande busetnad som får ny banetrase over seg, og utryggleiken dette medfører. Minste avstand mellom underkant kabin og husmøne i nedre del av banetraseen, Gullfjordungsvegen, er på berre 11,7 meter, men aukar oppover fjellsida. Tryggleiken i forhold til banen vert ivaretatt gjennom planløysing og krav i føresegner, teknisk løysing og komande konsesjonshandsaming. For innbuarane vil dagens situasjon likevel verte betydeleg endra, særleg når det gjeld utsikt. Utandørs støy ved dei mest utsette bustadene er vurdert å ligge lågare enn eller på nivå med strengaste gjeldande støygrenser i norske planretningslinjer (som gjeld vindkraft). Innandørs støy vil vere lågare enn minstekrav i norske forskrifter. Planen er vurdert å ha middels negativ konsekvens for kulturminne og kulturmiljø, med nærføring til Mølstertunet som viktigaste konsekvens. Tiltaket vil ha negativ visuell påverknad på kulturmiljøet, sjølv om området allereie i dag er påverka av tilgrensande bustadområde. Ny gondolbane gjev ikkje nye fysiske inngrep, og hindrar ikkje utviding av

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 8 museet eller drifta. Avstand mellom tiltaket (kabel, master og vogner) og bygningsmasse/gravhaug er stor mellom 80 og 170 meter. Forholdet til villreinstamma i Fjellheimen villreinområde er utgreidd spesielt. Utgreiinga peikar på to hovudkonsekvensar av tiltaka i planen: Eit mindre arealtap (minst 2,78 km2) som følgje av omdisponering av Hanguren, som i dag inngår i villreinområdet, og ei truleg auke frå låg til ingen grad av forstyrring til låg opp mot middels grad av forstyrring av sommar- og vinterbeite i Volaområdet, med ein viss fare for redusert bruk av austlege delar av området. Konflikten er vurdert å ligge på lokalt nivå. Det vert i tillegg peika på at tiltaket vil vere ein del av det totale biletet med ei utvikling mot meir bruk av Stølsheimen inkl. Volaområdet og ikkje minst området rundt Torvedalen. Denne utviklinga kan føre til ei konflikt på regionalt nivå i høve trekkpassasjen nord-sør i villreinområdet, som kan redusere moglegheita for utveksling av dyr aust-vest og utnytting av beitepotensialet i villreinområdet. Planen er i samsvar med overordna planar i kommunen, og støttar opp om nærings- og reiselivsutvikling i Vossaregionen. Tiltaka i planen vil gjere heilårsdrift på Hanguren mogleg, og styrke det samla tilbodet på Voss.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 9 1 BAKGRUNN FOR PLANEN 1.1 Grunnlag og mål for planarbeidet Voss Resort eig og driv, og står ansvarleg både for drift av Hangursbanen, og for utvikling av hytteområdet i Bavallen. Det er ynskjeleg å styrke desse attraksjonane gjennom å vidareutvikle Hangursplatået med nye opplevingskvalitetar, mellom anna restaurant for heilårsdrift. For å kunne gjere heilårsdrift mogleg, er det avgjerande å få på plass ein ny gondol som kan frakte turistar frå sentrum og rett til toppen av Hanguren. Ekspressheisen frå Bavallen og Tråstølheisen endar alt på dette platået i dag, men det er ikkje tilrettelagt for opphald. Frå Hanguren er det eit fantastisk og vidt utsyn over fjellområda og dalføra kring Voss. Ein ser føre seg å ta i bruk området rundt sjølve Hanguren og leggje til rette for ulike tilbod for både vinter- og sommarsesong, som leike- og aktivitetsareal, turstiar og utsiktsplassar, i tillegg til restauranten. Heilårsdrift vil gjere Hanguren til ny innfallsport til organisert og uorganisert friluftsliv og turar i fjellheimen heile året. Frå Hanguren går det turstiar og turvegar for kortare og lengre turar, samt løypenett og turstiar inn i Stølsheimen. Med ny gondol vil kapasiteten vere 1500 personar per time ein veg, noko som vil gje 3000 personar per time ved full utnytting. Med ein linefart på opp mot 7 meter per sekund vil det ta ca. 5 minutt opp til Hanguren. Voss Resort vil med det sikre kapasitet og køyreeigenskapar i tråd med folk sine forventingar til komfort og kvalitet. Detaljreguleringsplanen er utarbeidd med grunnlag i dei føringane som vert lagt i Områdeplanen for Voss knutepunkt (vedtatt februar 2013), og planprogrammet for gondolbanen, vedtatt september 2013. 1.2 Traséval og alternativsvurderingar I planprogrammet er det peika på at Hangursbanen frå 1963 vil krevje omfattande fornying om få år om den skal tilfredsstille dagens tekniske krav og krav til tryggleik. Samstundes har trafikkutviklinga på Hangursbanen vore jamt nedgåande dei siste åra, spesielt vinterstid. At trafikken er redusert vinterstid skuldast mellom anna dårlege tilkomsttilhøve i Gullfjordungsvegen og mangel på parkeringsplassar. Dette er forhold ved lokaliseringa av nedre banestasjon som ei oppgradering av eksisterande bane ikkje vil kunne utbetre. På denne bakgrunnen hadde Voss Resort alt starta arbeidet med å vurdere alternativ for ny bane til Hanguren, då dei i 2011 vart invitert med i planarbeidet for Voss kollektivknutepunkt. I dette arbeidet vart det sett på mulegheitene til å utvikle eit knutepunkt med kollektivtilbod, gondolbane og hotell med ei samlokalisering og arealutnytting som vil verte eineståande i Nord Europa. Det vart sett på annan plassering av nedre banestasjon både innafor områdeplanen, og på området ved Grovendal, som Fleischer hotell har spelt inn som alternativ. Eit vektig argument for ny nedre stasjon i sjølve knutepunktet var målet om å utvikla eit unikt knutepunkt med saumlaus overgang frå tog, buss, taxi, hotell og parkering til gondol. Endeleg avgjerd om plasseringa på jernbanestasjonen kom med tryggleiksvurderingane av ny gondolbanetrase og Brannteknisk rapport (Neas Consulting 21.10.11). Området ved Grovendal er sett av til lengre tids parkering av tog, noko som utgjer vesentleg fare for skade på gondolbanen dersom det skulle oppstå brann i togsetta.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 10 2 PLANPROSESS 2.1 Organisering Forslagstillar for planframlegget er Voss Resort/. Plankonsulent er. Teknisk konsulent for gondolbanen er Taubaneteknikk AS og LEITNER AG / SPA. Prosjekterande arkitektfirma for øvre stasjon er HLM Arkitektur AS. Prosjekterande arkitektfirma for nedre stasjon/kollektivknutepunkt er Nordic Office of Architecture. Voss kommune er planmynde og skal godkjenne planframlegget. 2.2 Konsekvensutgreiingsplikt Plantiltaket er vurdert å krevje konsekvensutgreiing etter forskrift om konsekvensutgreiing, kapittel II 4, Kriterier for vurdering av vesentlige virkninger for miljø og samfunn. Utløysande kriterier er forholdet til det freda Mølstertunet og til Fjellheimen villreinområde, som kjem inn under 4 pkt. a og b: pkt a) er lokalisert i eller kommer i konflikt med områder med særlig verdifulle landskap, naturmiljø, kulturminner eller kulturmiljø som er vernet eller fredet, midlertidig vernet eller fredet eller foreslått vernet eller fredet, eller hvor det finnes eller er stor sannsynlighet for å finne automatisk fredete kulturminner som inngår i et kulturmiljø med stor tidsdybde, pkt b) er lokalisert i eller kommer i konflikt med viktige inngrepsfrie naturområder eller utgjør en trussel mot truede naturtyper, truede arter eller deres leveområder, mot prioriterte arter eller deres funksjonsområder, mot utvalgte naturtyper, eller mot andre områder som er særlig viktige for naturens mangfold, På bakgrunn av vurderinga vart det utarbeidd planprogram som vart sendt på høyring samtidig med melding om oppstart av planarbeid. 2.3 Varsel om oppstart og høyring av planprogram Varsel om oppstart av privat planarbeid og høyring av planprogram vart sendt ut 22.03.2013 og kunngjort i Hordaland 26.03.2013. Planprogrammet var ute til offentleg ettersyn i perioden 26.03.2013 16.05.2013. Det kom inn i alt 9 merknader. Innkomne merknader vart gjennomgått i møte med kommunen 10.06.2013. Planprogrammet med framdriftsplan vart deretter revidert i samråd med kommunen. Planprogrammet vart vedtatt av formannskapet i møte den 19.09.2013.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 11 2.4 Varsel om utviding av planområde Det vart sendt ut avgrensa varsel om utviding av planområde i fjellsida under Mølsterberget i mai 2014, med frist til å komme med merknad sett til 16. juni 2014. Innan fristen var det ikkje kome inn merknader til utviding av planområdet. 2.5 Medverknad og møte I forkant av den formelle planprosessen har tiltakshavar Voss Resort AS informert dei grunneigarane som kjem nærast den nye banetraseen, og grunneigarane i toppområdet. Første kontakt var brev frå Voss Resort dagsett 22.oktober 2009, der grunneigarane vart inviterte til å ta kontakt og kome i dialog. Det vart også sendt ut pressemelding. Formelt oppstartmøte med Voss kommune vart halde 29.6.2011. Planarbeidet stoppa deretter opp medan ein venta på avklaring gjennom Områdeplanen for Voss knutepunkt. Då knutepunktsplanen vart vedteken i februar 2013, starta planarbeidet for gondolbanen opp att og vart formelt varsla med kunngjering i brev og avisa Hordaland i mars 2013. Det vart halde møte med grunneigarane i og ved ny banetrase på Park hotell 23.10.2013. Voss Resort fekk her overrekt underskrifter mot tiltaket. Kopi av breva er sendt til kommunen og vil følgje saka. I etterkant har grunneigarane organisert seg i ei arbeidsgruppe og har engasjert felles advokat. Grunneigarane har gjennom advokaten kome med felles skriftleg merknad til planoppstart og planprogram. I samband med revisjon av planprogrammet har Voss Resort hatt møte med representantar for villreinnemnda. Det har også vore kontakt med fylkeskommunen. Undervegs i planarbeidet er det også halde møte med representantar frå Jernbaneverket. Det vart halde nytt møte med grunneigarar og bebuarar som får ny banetrase i luftrommet over seg den 5. mai 2014 på Fleischers Hotell. I møtet vart førebels plandokument med illustrasjonar og hovudfunn i risiko- og sårbaranalysen presentert, saman med arkitektteikningar av banestasjonane og 3d-visualisering av banetraseen i landskapet. Representantar frå planavdelinga i kommunen var til stades. Etter møtet er det arbeidt meir med å illustrere konsekvensane for bebuarane, og dokumentere støyforholda. Neste høve til å komme med skriftlege merknader til planarbeidet vil vere ved offentleg høyring av sjølve planframlegget. Det vil bli gjennomført ein open kontordag/kveld i samband med høyringa, der det vert høve til å møte planleggarar, kommunen og tiltakshavar over bordet ein og ein. 2.6 Taubaneloven og konsesjonshandsaming I tillegg til godkjent reguleringsplan krev ny gondol konsesjon til anlegg og drift, samt driftsløyve. Sentrale lover og forskrifter er Taubaneloven (Lov om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. av 1912, sist endra 2009) Forskrift om bygging og drift av taubaner og kabelbaner (FOR 2002-05-03 nr 446) Forskrift om tekniske krav til taubaneanlegg inkludert kabelbaneanlegg til persontransport (FOR 2002-05-03 nr 453) Definisjonar jf. Forskrift om bygging og drift av taubaner og kabelbaner 3: Taubaneanlegg anlegg som fell inn under 2 i forskrifta

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 12 Konsesjon til anlegg og drift løyve til på nærare gitte vilkår å anlegge og drive ein taubane som fell inn under forskrifta Driftsløyve løyve til å drive eit taubaneanlegg. Driftsløyve vert berre tildelt taubaneanlegg som har fått konsesjon Konsesjonshavar den som har konsesjon etter taubanelova Jf. Forskrift om bygging og drift av taubaner og kabelbaner 4 er det Fylkesmannen som gir konsesjon til anlegg og drift av taubaner, medan Taubanetilsynet gir driftsløyve. Frå 2012 har Statens jernbanetilsyn ansvaret for Taubanetilsynet. Krav til innhald i konsesjonssøknaden går fram av 5 og 6 i forskrifta. I praksis er det Fylkesmannen som vurderer om konsesjonsvilkåra er oppfylt, medan Taubanetilsynet vurderer tekniske spørsmål og tryggleik. Styresmaktene kan i enkeltvedtak eller forskrift kvar for seg fastsette vilkår for bygging og drift av anlegg. Det er førebels ikkje sendt konsesjonssøknad for tiltaket.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 13 3 GJELDANDE PLANSTATUS OG OVERORDNA RETNINGSLINJER 3.1 Statlege planretningsliner og overordna lovverk Rikspolitiske retningslinjer for born og unge Føremålet med dei rikspolitiske retningslinene er mellom anna å synleggjera og styrka born og unge sine interesser i all planlegging og byggesakshandsaming etter plan- og bygningsloven. Relevant for dette planarbeidet er å vurdera konsekvensane for born og unge i høve til tiltaka i planen. Rikspolitiske retningslinjer for universell utforming I følgje retningslinjene skal ein: Vurdere tilgjengelegheit i planområdet for å i vareta universell utforming i all planlegging etter plan- og bygningslova Vurdere behovet for å utforme særskilte retningslinjer og/eller føresegner om universell utforming i den enkelte planen Sørgje for at medverknad frå relevante organisasjonar og brukargrupper i planprosessen, slik at synspunkt, kunnskap og erfaringar kjem fram. Sikre at vurderingane som er gjort vert dokumenterte. Rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transport Føremålet med rikspolitiske retningsliner for samordna areal- og transportplanlegging er at arealbruk og transportsystem skal utviklast slik at dei fremjar samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, med miljømessige gode løysingar, trygge lokalsamfunn og bumiljø, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Det skal leggast til grunn eit langsiktig, berekraftig perspektiv i planlegginga. Relevant for dette planarbeidet er god ressursutnytting og gode sambruksløysingar for transportsystemet, og omsynet til eksisterande og planlagt bumiljø. Naturmangfaldslova Når ein plan omfattar naturområde skal konsekvensane for biologisk mangfald vurderast i høve til Naturmangfaldlova og spesielt kapittel II om miljørettslege prinsipp. Kulturminnelova Formålsparagrafen ( 1) i Kulturminnelova av 9. juni 1978 slår fast at Kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon skal vernast både som del av vår kulturarv og identitet og som ledd i ein heilskapleg miljø- og ressursforvaltning. Det er eit nasjonalt ansvar å ivareta desse ressursane som vitskapeleg kjeldemateriale og som varig grunnlag for nolevande og framtidige generasjonars oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 14 3.2 Fylkesplanar Fylkesplan for Hordaland 2005 2008 (forlenga inntil vidare) Fylkesplanen inneheld mellom anna arealpolitiske retningsliner som vil gjelda for deler av planområdet. Nedre gondolstasjon vil ligge på Vossevangen. Vossevangen er i Fylkesplanen definert som regionsenter, og skal vera lokaliseringsstad for regionale offentlege og private tenester, spesialiserte funksjonar retta mot innbyggjarane i heile regionen. Regionalt transportknutepunkt og høg kollektivdekning. Utbygging med høg utnytting nær senter/ kollektivnett, høg miljømessig og estetisk kvalitet, samordna areal og transportbruk skal vera overordna planprinsipp. Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017 Regionalt utviklingsprogram (RUP) for næringsutvikling og lokal samfunnsutvikling i Hordaland er næringsplanen sitt handlingsprogram. Frå 2014 er RUP erstatta av handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland (HNH) retta mot utviklingsaktørar som samarbeider med fylkeskommunen. Innsatsområda i handlingsprogrammet samsvarer med hovudstrategiane i næringsplanen, som er 1: Meir entreprenørskap og innovasjon, 2: Fleire med meir relevant kompetanse, 3: Ein velfungerande bergensregion og attraktive regionale senter. Regional plan for folkehelse 2014 2025 Regional plan for folkehelse er forankra i Regional planstrategi for Hordaland 2010-2011 og er retningsgivande for kommunane,fylkeskommunen og statlege organ sitt folkehelsearbeid i perioden. Planen erstattar Fylkesdelplan for universell utforming 2006-2009 «Deltaking for alle». Planen fokuserer på tiltak innanfor fem temaområde: Heilskapleg folkehelsearbeid og universell utforming, Lokalsamfunn, nærmiljø og bustad, Oppvekst og læring, Arbeid og arbeidsplassen, og Aktivitet og sosial deltaking. For gondolbaneplanen er temaområda som kan knytast opp mot folkehelse, aktivitet og friluftsliv særleg relevant, saman med utvikling av lokalsamfunn/regionsenter. Universell utforming er overordna og førande for alle temaområda. Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Gondolbanen skal knytast opp til Bavallen alpinanlegg på Voss, som har status som fylkesanlegg for alpint og hopp, og der det er tilrettelagt med lys for kveldskøyring. Fylkesdelplan Kulturminne 1999 2010 (framleis retningsgivande) Det overordna målet i planen er å forvalta kulturarven i Hordaland slik at ein sikrar ei berekraftig utvikling og vernar kulturminne og kulturmiljø som dokumentasjon av fortida og ressurs for framtida. Klimaplan 2010 2020 har mål og strategiar for næringsliv når det gjeld utslepp av klimagassar og energibruk.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 15 3.3 Kommuneplanens arealdel 2011-2021 Figur 1 Utsnitt frå gjeldande arealdel til kommuneplanen vedtatt 16.6.2011. Gjeldande arealdel til kommuneplanen vart vedteken 16.06.2011. I plankartet er eksisterande Hangursbane vist med linje for "skitrekk" over hovudformåla bustadområde (nedre del) og LNF-område (øvre del). Ny øvre stasjonsbygg og det meste av traseen vil ligge i areal avsett som LNF-område. Nedre del av traseen vil som i dag, krysse over område avsett til bustadområde. Ny nedre stasjon lokalisert til Voss stasjon og forskuving av traseen mot aust gjer at traseen også vil krysse jernbanelinja og vestre del av området avsett kring Mølstertunet og Voss folkemuseum. I kommuneplanen er Mølstertunet avsett til areal for offentleg/privat tenesteyting og omfatta av omsynssone kulturminne. 3.4 Reguleringsplanar Samla plansituasjon for godkjende reguleringsplanar som gjeld for arealbruken i området er vist i kartutsnittet under.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 16 Figur 2 Samla plansituasjon, inklusive gondolbaneplanframlegget, slik den er synt i Voss kommunes visningssystem GIS-line per 5.8.2014. Plan for Mølstertunet manglar(eldre plan). Reguleringsplan for område kring Mølstertunet, vedteken 10.05.78 Arealet er regulert til spesialområde museumsområde (raud farge) og byggjeområde bustader (gul farge). Der er lagt inn trafikkområde i byggeområda. Endringar knytt til bygningar for museumsføremål kan først godkjennast av kommunen etter at saka har vore førelagt antikvarisk mynde. Det same gjeld mellom anna andre tekniske inngrep som t.d. bygging av kraftliner. Reguleringsplan for gondolbane vil krysse spesialområdet i luftområdet over bakkenivå (reguleringsnivå 3). Det er ikkje behov for endringar på bakkenivå i gjeldande plan.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 17 Reguleringsplan Vangstunnelen, vedteken 24.04.03. Erstatta av E16 Vangstunnelen reguleringsendring, vedteken 16.6.2011 (planid 09017) Planen regulerer E16 gjennom Vangstunnelen. I området for ny gondolbanetrase ligg E16 i tunnel (reguleringsnivå 1). Reguleringsplan for gondolbane vil krysse gjeldande plan i nivå over bakken (reguleringsnivå 3), og det vil ikkje vere behov for endringar i gjeldande plan. Reguleringsplan Gullfjordungvegen, vedteken 27.09.07 Planen regulerer vegformål og bustadformål i Gullfjordungsvegen. Reguleringsplan for gondolbane vil krysse over bakkenivå i austre del av planen (reguleringsnivå 3). Det vil ikkje vere behov for endringar på bakkenivå i gjeldande plan.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 18 Områdeplan Voss knutepunkt med konsekvensutgreiing, vedteken 14.02.13: Føremålet med områdeplanen er å leggja til rette for utvikling av området ved Voss stasjon gjennom samordning mellom jernbanestasjon, buss-stasjon, drosjehaldeplass, parkeringsanlegg (for bil og sykkel) og gondolbane til Hanguren, med mest mogleg saumlause overgangar mellom dei ulike transportmidla. Planen legg til rette for ny utbygging med næring og bustad. Planen er utarbeidd i eit samarbeid mellom Voss kommune, Statens Vegvesen, Hordaland Fylkeskommune/Skyss, Jernbaneverket, NSB, Voss Resort og ROM Eigedom. I plan- og konsekvensutgreiing var tre tema særskilt utgreidd: visuelle og arkitektoniske kvalitetar trafikktilhøve og parkering kulturminne I tillegg inneheld planen utgreiingar av tema som taubane/gondolbane, universell utforming, eksisterande bygningsmasse, grunnforhold, støy, born og unge, V/A-rammeplan, energi, regionale verknader, risiko og sårbarheit (ROS- analyse). I områdeplanen for knutepunktet er det sett av areal til ny nedre stasjon for gondolbane til Hanguren, med krav om utarbeiding av detaljreguleringsplan. Planen og målsettingane for knutepunktet er grunnlaget for etableringa av ny gondolbane. Toppstasjonen og sjølve traseen for gondolbanen er ikkje omfatta av områdeplanen for Voss knutepunkt. Det er stilt krav om at ny trase og plassering av toppstasjon vert fastlagt i eigen reguleringsplan.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 19 3.5 Andre planar Følgjande planar og dokument er ein viktig del av grunnlaget og forankringa for utarbeiding av reguleringsplan for gondolbanen: Reiselivsplan 2009 2017 Strategisk næringsplan for Voss kommune 2012 2015 Plan for idrett og friluftsliv 2014-2017 Voss Kommune; Kommunedelplan for reiseliv Reiseliv har ein sentral verdi for Voss, og dannar grunnlaget for Voss som destinasjon. I følgje kommunedelplan for reiselivet 2009-2017 heiter det: Reiseliv er ei viktig næring for Voss. 1 2007 var det 456 000 kommersielle turistovernattingar og eit samla turistkonsum på 711 mill kr. og Voss har eit stort uutnytta potensial for vidare reiselivsutvikling, både med utgangspunkt i natur og lokal kultur Reiselivet på Voss har visjonære vekstmål på 3-4 gonger volumvekst og 5 gonger vekst i omsetjing innan 2017. Slike ambisjonar vil krevje 7000 nye kommersielle senger. Hovudstrategiane for å nå desse måla er: Utvikling av sterke opplevingar Kompakt utvikling Utvikling av Voss som eit berekraftig reisemål Samhandling

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 20 4 PLANOMRÅDET I DAG 4.1 Lokalisering og avgrensing Planområdet ligg på Vestre Vangen og strekker seg frå jernbanestasjonen og opp fjellsida til Hangursplatået. Ny nedre gondolbanestasjon er lagt til området mellom det gamle stasjonsbygget og areal sett av til nytt hotell i Områdeplan for Voss knutepunkt. På Hanguren omfattar planområdet ein større del av Hangursplatået, med eksisterande toppstasjon for stolheisen frå Bavallen og arealet omkring. Mellom desse to nye gondolstasjonen omfattar planen bakkearealet og luftstrekket mellom dei to nye stasjonane. Med unntak av tre mastepunkt i øvre del av fjellsida er det ikkje planlagt nye tiltak på bakkenivå. Sjølve kabeltraseen er avgrensa til ei samla breidde på 25 m. Dette er 11 m breiare enn den totale driftsbreidda som er på 14 meter. I løpet av planarbeidet er planområdet utvida til å omfatte ei sone på 60 meter til side for traseen der det kan vere behov for skogshogst, samt areal for midlertidig anleggstilkomst til mastepunkta i forlenging av eksisterande skogsveg i området under Mølsterberget. Expressheisen Hangurskafeen Mølstertunet Voss stasjon Vangen Figur 3 Kart med planavgrensing. Utviding etter oppstartvarsel er skravert. Ortofoto frå www.avinet.no

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 21 4.2 Topografi og landskap Figur 4 Løypekart for Bavallen syner planlagt gondolbane som raud line frå Voss stasjon til Hanguren på 810 moh. Kjelde: www.vossresort.no Planområdet ligg i den sørvende fjellsida mellom Vangsvatnet (ca 45 moh) og Hanguren (opp mot 800 moh). Nedre del ved Jernbanestasjonen ligg i overgangen mellom strandflata og fjellskråninga, på eit markert platå over strandflata (jernbaneperrongen ligg på ca k+57-58). Terrenget skrår jamt oppover fjellsida til ca. 200 moh, der det begynner å stige brattare opp mot fjellet. I dette området ligg det eldre bustadfelt i parallelle band der veg og husrekkjer følgjer langs med høgdekotene. I dette området er det flotte utsyn utover Vangsvatnet, Gråsida, og mot Vangskyrkja og Vangen. Utsyna vekslar mellom vide panorama i opne og høgareliggjande område, og siktliner og gløtt mellom bygg i litt lågareliggjande område. Mølstertunet ligg heilt opp under fjellfoten, i eit ope kulturlandskap i overgangen der fjellet svingar og landskapet vender seg meir mot aust. Tunet er eit landemerke, men er lite synleg nedafrå sentrum der busetnaden ligg mellom. Over 200 moh stig fjellsida bratt opp mot ein markert skrent like under Hangursrestauranten på ca. 650 moh. Herifrå stig terrenget slakt oppover til det når Hangursplatået på vel 800 moh. 4.3 Dagens arealbruk og busetnad Jernbanestasjonen og framtidig kollektivknutepunkt Dagens jernbanestasjon er under ombygging med ny midtplattform og ny gangkulvert under jernbanespora mellom det gamle jernbanestasjonsbygget og «Ekspressgodsen». Gangkulverten vil gje samband mellom stasjonen og Gullfjordungsvegen. Ekspressgodsen er i områdeplanen for kollektivknutepunktet føresett riven for å gi plass til nytt kollektivknutepunkt og nedre gondolbanestasjon.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 22 På nordsida av jernbanen ligg i dag 2 bygg, «Fraktgodsen» og eit verkstadsbygg. Fraktgodsen har i fleire år vore brukt til konsertlokale under Vossajazz, men må ved realisering av planane i det nye kollektivknutepunktet vike plassen for nytt parkeringshus. Areala på sørsida mellom jernbanen og E16, vert i dag nytta til busstasjon og parkering. Også drosjar står oppstilt i dette området. I det nye kollektivknutepunktet skal buss og drosjar framleis nytte arealet mellom jernbanen og Vangsgata/Evangervegen, medan parkering for togreisande skal flyttast til det nye parkeringshuset på nordsida. For hotell og næringsbygg regulerte i områdeplanen for kollektivknutepunktet skal parkering skje i underetasjen. Bustadområda og Gullfjordungsvegen Over jernbanestasjonen ligg bustadområde med i hovudsak eldre einebustader, med relativt store tomter og hagar som gir området ein grøn karakter. Området er nokså bratt, og mange av bustadene har bratte tilkomstar med garasje liggjande ved vegen og bustaden liggjande i eit nivå anten over eller under vegen. Frå dei høgareliggjande områda er det flotte utsyn utover Vangsvatnet, mot Gråsida, og mot Vangskyrkja og Vangen. Utsyna vekslar mellom vide panorama i opne og høgareliggjande område, og siktliner og gløtt mellom bygg i litt lågareliggjande område. Det ligg ca. 16 bustadeigedomar som vert del av planområdet. Mølstertunet Mølstertunet vart freda av Riksantikvaren allereie i 1923. Garden er gamal, truleg frå før vikingtida. Voss Folkemuseum overtok tunet og museet vart offisielt opna i 1928. I 1985 opna ein ny brannsikker museumsbygning for faste og skiftande utstillingar. I dag vert Mølstertunet drifta som ein del av stiftinga Hardanger og Voss museum. Fredinga frå 1923 omfattar berre sjølve bygningane i tunet. Omkringliggjande innmark vert halden i hevd og gir ei grøn ramme omkring dei freda bygningane som slik vert presentert i sin opphavlege samanheng. Hangursbanen Gondolbanen er utgangspunkt for fjellturar til fots, på ski og sykkel, og gir lett tilkomst til utsiktspunkt og restaurant på Hanguren. Hanguren er og eit viktig utgangsområde for paragliding. For mange er Hangursbanen eit viktig landemerke, og dei to gondolane Dinglo og Danglo for kulturminne å rekne. Nedre stasjon ligg i Gullfjordungsvegen, ca 10 minuttar å gå frå sentrum eller jernbanestasjonen. Der finst ein mindre parkeringsplass ved banen, men verken denne eller Gullfjordungsvegen er dimensjonert for større bil- eller busstrafikk, og dei fleste må nytte parkering i sentrum. Fjellet Hangursplatået skianlegga Fjellsida over Mølstertunet og opp mot skoggrensa er bratt og tett skogkledd. Sjølve Hangursplatået vekslar mellom myrlendt terreng og skrinne lyngknausar. Her oppe møtest stolheisane Hangursheisen (går frå dagens Hangursbane), Bavallsekspressen og Tråstølsheisen. Platået er utgangspunkt for fleire nedfartar i tillegg til oppkøyrte langrennsløyper. Utanfor planområdet ligg Røde Kors-hytta og Åsneshytta. Dagens Hangursbane endar i Hangursrestaranten like nedanfor platået. Her er og skiskule/skiutleige. Både området ved Hangursbanen og Hangursplatået vert nytta som startområde for hangglider- og paraglidermiljøet.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 23 Figur 5 Jernbanestasjonen og Ekspressgodsen. Ny gondolbanestasjon ligg i området over austre del av Ekspressgodsen. Figur 6 Mølstertunet Figur 7 Bavallsekspressen til venstre. Område for toppstasjonen for ny gondol til høgre Figur 8 Hangursbanen i dag til venstre, ny trase ligg til høgre for eksisterande, rett opp frå personane i fotoet.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 24 4.4 Eigedomstilhøve Arealet for nedre gondolbanestasjon ligg på Voss stasjon og er i eigedomsregisteret registrert med Jernbaneverket som grunneigar. Øvre gondolbanestasjon ligg på privat eigedom som er festa eller der tiltakshavar har avtale, noko som også er tilfelle for eksisterande heisar og Hangursbanen. I nedre del, frå Voss stasjon til Mølstertunet, vil den nye banetraseen sveve over etablerte private bustadeigedomar i Gullfjordungsvegen, Ullestadvegen, Sivlevegen, Kyrkjefloten og Kverkane. Sjølve Mølstertunet er eigd av Voss Folkemuseum, medan innmarka på gbnr. 46/1 er privat. Over dette er det meste av planområdet store utmarksteigar og få grunneigarar. 4.5 Solforhold og lokalklima Voss kommune er ein innlandskommune der to tredeler av arealet ligg høgare enn 600 moh. Middeltemperatur i kommunen er 5,2 C, nedbør ligg på 1280 mm årleg. Voss sentrum ligg på ca. 56 moh. Vangen vest og fjellsida oppover har skrånande sørvendt terreng med svært gode solforhold både sommar og vinter. Det er ikkje målestasjon på Hangursplatået, og ein har ikkje statistikk for verforholda på fjellet. Ekspressheisen vert stoppa ved vind over 20 m/sek (sterk kuling). Avhengig av kva vinter ein har, vert Bavallsekspressen stoppa ein ca. 5 20 gonger om året. 4.6 Kulturminne og kulturmiljø Det er utarbeid kulturminnegrunnlag og konsekvensutgreiing for kulturminne i samband med planarbeidet. Teksten under er henta frå utgreiinga. Fullstendig utgreiing ligg som eige vedlegg til planen. Det langstrakte planområdet strekkjer seg frå Voss sentrum, over bustadområde og opp til fjelltoppen Hanguren. Den sørlege, og lågtliggjande delen av planområdet er del av eit større bygningsmiljø som utgjer den eldste delen av Vossevangen. Tre kulturmiljø er definert i planområdet og influensområdet: Kulturmiljø 1 er Voss stasjonsområde som omfattar bygningar, jernbanelinje, dreieskive, perrongar og andre innretningar som kan knyttast til drift og betjening av jernbanen, samt Fleischers hotell. Planområdet går inn i større delar av dette kulturmiljøet, og bygningar som vert råka er presentert under. I kulturmiljøet finn ein fleire bygg og installasjonar som er frå før krigen. Kulturmiljø 2 er klyngetunet Mølstertunet med innmark, gravhaug, og museumsbygning. Kulturmiljø 3 er Hangursbanen som omfattar nedre og øvre stasjon, master, linje og gondolvogner. Voss stasjonsområde omfattar bygningar og strukturar som kan knyttast til drift og betjening av jernbanen, samt Fleichers hotell. Planområdet går inn i større delar av dette kulturmiljøet. I kulturmiljøet finn ein fleire bygg og installasjonar som er frå før krigen. Dei gamle jernbanekulturminna har samla sett store symbol- og identitetsverdiar på lokalt, regionalt og også til dels nasjonalt nivå. Mykje av verdien ligg i eit samla heilskapleg

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 25 jernbanemiljø som det ligg i dag. Voss stasjon har samla sett ein middels kunnskapsverdi (i kraft av si historie) og opplevingsverdi og varierande bruksverdi. Mølstertunet har bygningar frå 15-1900-talet som står på opphavleg stad og med opphavleg samanheng inntakt. Tunet er omgjeve av innmark som er halden i hevd. Ein gravhaug inngår i miljøet, og viser at Mølster har vore ein gard i jernalderen. Mølstertunet er freda og vert ivareteke som museum. Tunet og marka har stor opplevingsverdi, pedagogisk verdi og bruksverdi, både i regional og nasjonal samanheng. Den høge verdien kjem av kulturmiljøet sin sin alder og homogene og autentiske bygningsmasse og tunform. Kulturhistorisk verdi er stor. Hangurbanen er ein av dei eldste skitrekka i landet og har spelt ei viktig rolle i Voss sin framvokster som skisportstad. Banen er ein viktig del av opplevinga og forståinga av Voss. «Dinglo og Danglo» er eit omgrep på Voss. Bruksverdi vert vurdert til liten (nye krav til sikkerheit). Kunnskaps- og opplevingsverdi vert sett til stor, som eit historieforteljande element viktig som del av utviklinga av vintersportstaden Voss. Banen er eit symbol for Voss, og dermed ein del av Voss sin identitet som vintersportstad. Samla kulturhistorisk verdi: middels. 4.7 Naturmiljø og biologisk mangfald Hangursplatået ligg innafor avgrensinga av Fjellheimen villreinområde. Avgrensinga av villreinområdet følgjer her ei høgdegrense på 700 moh. Villreinområdet er i alt 1436 km2 stort og har ei dyrestamme på ca. 500 dyr. Av desse held ca. 100 dyr til i sørvestre del, vest for Rv.13 Vikafjellsvegen. Fjellplatået som Hanguren er ein del av dannar ei halvøy mellom dalføra som vert kalla Vola-området, og dyrestammen vert gjerne kalla "Volaflokken". Hangursplatået ligg heilt i utkanten av villreinområdet. Området har alt i fleire år vore påverka av aktiviteten i Bavallen, og villreinen har ikkje vore observert på Hanguren på mange år. I følgje uttale frå Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd er det likevel ikkje langt til område som vert nytta til vinterbeite. Kartutsnitta under syner grensene for villreinområdet, samt status på inngrepsfrie naturområde (INON 2008). I perioden frå 1988 til 2008 har områda kring Hanguren falle bort som INON-område. Villreinområdet er omfatta av omsynssone i gjeldande arealdel i kommuneplanen.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 26 Figur 9 Kartutsnittet viser grensa for Fjellheimen villreinområde Figur 10 Kartet viser bortfall av inngrepsfrie naturområde 1988-2008. Planområdet fell innafor 1km buffersone kring inngrepsfritt naturområde (2008).

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 27 Det er registrert trekkvegar for hjort (artsforekomst) som kryssar planområdet. Registrering BA00002639 går frå Tvinde via Tråstølen/Bavallen over Hangursplatået til Dyrvedalen. Registrering BA00002640 går litt lengre nede i fjellsida. Det registrert enkelte raudlisteartar i nærområdet til ny bane, alle kategorisert som "Nær trua". Det er nye registreringar (2013) av alm (Ulmus glabra) i området under Hangursrestauranten. Ved jernbanestasjonen er det registrert ein haukefugl (Accipiter gentilis, 2010). Dei andre er eldre registreringar som omfattar ask (Fraxinus excelsior) i området over Mølsterområdet og sopp og lavartar i området mellom jernbanen og Mølstertunet. (Artsdatabanken desember 2013). BA00002639 BA000026340 Figur 11 Registrering av hjortetrekk (artsforekomst). Figur 12 Raudlisteartar. kjelde: www.dirnat.no 4.8 Friluftsliv og rekreasjonsverdiar Tilkomstane frå Voss og opp til Hanguren er innfallsport til organisert og uorganisert friluftsliv og turar i fjellheimen heile året. Det går stiar frå både Bavallen-sida og frå Mølster. Sistnemnde kryssar planområdet under kabelstrekket på veg opp til dagens Hangursrestaurant. Frå Hanguren går det stiar innover fjellet som heng saman med Turistforeningens løypenett inn i Stølsheimen. Det er merkt sommarløyper til DNT-hyttene Tvinnestølen og Volahytta. Vinterstid vert det ikkje kvista løyper lengre enn til Lønahorgi.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 28 Figur 13 Kartet henta frå Turistforeningen si kartteneste ut.no syner sommarløyper (raud) og vinterløyper (blå), i tillegg til andre merka stiar i området. Kjelde: www.ut.no Bavallen alpinanlegg har status som fylkesanlegg for alpint og hopp. Anlegget er tilrettelagt med lys for kveldskøyring og har i alt 11 heisar og 29 km med nedfartar fordelt på nybegynnar, lett, krevjande og ekspertløyper. I tillegg har Bavallen 2 terrengparkar med i alt 10 hopp og 11 rails. For langrenn er det tilrettelagt totalt 38 km med løyper. Sjå løypekart i punkt 4.2 (www.vossresort.no). Løypekartet syner også område for såkalla skjermaktivitet. Det er stadig aukande aktivitet med paragliding, hanggliding, kiting mm i fjellet. Voss Resort har merka eigne område for denne aktiviteten. Hangursbanen og området ved dagens Hangursrestaurant er mykje brukt startområde, i tillegg er det fleire startar lengre oppe frå Hangursplatået. 4.9 Tilkomst og trafikkforhold Dagens Hangursbane har tilkomst til nedre stasjon frå Gullfjordungsvegen, som er ein smal samleveg til bustadområde. Det er dårlege tilkomstforhold for buss, og lite parkering ved stasjonen. Trafikken med banen er redusert vinterstid i siste år, noko som blant anna vert

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 29 skulda på dårlege tilkomsttilhøve i Gullfjordungsvegen og mangel på parkeringsplassar. Gullfjordungsvegen har einsidig fortau for fotgjengarar. Alternativ parkering er på parkeringsplassen ved jernbanestasjonen. I områdeplanen for kollektivknutepunktet er framtidig parkering lagt til nytt parkeringshus med krav om minst 200 plassar på nordsida av jernbanen. Det er lagt opp til sambruk og vert ikkje eigen parkeringsdekning for ny gondolbane. Det går ny fylkesveg til Bavallen, som ligg ca. 5,5 km frå sentrum. Frå nye tunellen bak Vangen (E16) tek det ca. 5 minutt å køyre. Bavallen har eigen parkering, men i sesongen går det kvar dag også gratis skibuss frå sentrum til Bavallen som korresponderer med tog frå Bergen. Med ny Hangursbane vil ein kunne kople seg på heile skianlegget Hanguren Bavallen direkte frå kollektivknutepunktet, anten frå buss eller bane, eller med bil i felles parkeringsanlegg. 4.10 Barn og unges interesser Det er ikkje registrert særskilte område for barn og unge i eller ved planområdet. I eksisterande alpinanlegg er det tre område som er særleg tilrettelagt for dei minste; Grebbesbakken i Bavallen, Badnakrokjen ved Storastova på Slettafjellet, og Vetlebakken ved Bavallstunet. På Hanguren er det i dag ikkje eigne område avsett til barneleik. Området er likevel eit lett tilgjengeleg og mykje brukt tilbod for skiaktivitet. 4.11 Universelt tilgjenge Dagens Hangursbane / Hanguren er ikkje lagt til rette for universelt tilgjenge. Tilkomsten via Gullfjordungsvegen har ikkje potensial for å kunne tilfredstille krav til universell utforming. Sjølve jernbanestasjonen er i ferd med å verte bygd om for å tilfredsstille krava, og det er krav i gjeldande områderegulering at heile kollektivknutepunktet skal tilfredsstille gjeldande krav i framtidig situasjon. 4.12 Teknisk infrastruktur Hovudnett for vatn og avlaup ligg i eller langs nordsida av E16 Evangervegen/Uttrågata. Høgspentnettet ligg langs nordsida av E16. Nettstasjon «Stasjonsvegen» ligg i parken mellom parkeringsplassen for stasjonen og Evangervegen, og er føresett flytta ved bygging av nytt kollektivknutepunkt. Det er etablert ein ny nettstasjon ved Gullfjordungsvegen i samband med ny togvarmesentral til NSB. Det er planlagt å hente forsyning frå ein kabel som ligg i Gullfjordungsvegen. Frå denne nettstasjonen vil jf Voss Energi også forsyninga til framtidig nytt stasjonsområde få tilførsel. Stasjonsområdet vert i dag forsynt med elektrisitet, som dekker 80 % av det stasjonære energiforbruket i Voss kommune. Voss Energi AS er områdekonsesjonær for kommunen. Planområdet ligg innanfor planlagt konsesjonsområde for fjernvarme. Jf. kommuneplanen kan det stillast krav om tilrettelegging for forsyning av vassboren varme, og tilknytingsplikt til fjernvarmeanlegg. Hanguren har ikkje tilknyting til VA-nett. Næraste tilknytingsmoglegheit er Tråstølen. Det går anleggsveg/traktorveg frå Tråstølen til Hanguren.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 30 4.13 Støy SWECO har i støyrapport for Områdeplan for Voss knutepunkt konkludert med at støy frå jernbanen vil auke, mens støy frå vegtrafikk vil avta i forhold til i dag, på bakgrunn av den planlagde utviklinga i området fram mot 2025 etter at E16-tunnelen forbi Vangen er teken i bruk. Den same rapporten seier vidare at støy frå gondolbanen vil vere svært låg, sjølv med konservativ berekning. Ein passiv nedre stasjon, dvs. at motoren ligg i øvre stasjon, vil gi svært lite støy ved busetnaden. Det finst ikkje norske støygrenser for slike baner. Støynivå er antatt å ligge under natt-krav i dei strengaste norske støygrensene (vindturbinar, industri). Det er utarbeidd eit eige notat om støy frå gondolbanen som ligg som separat vedlegg til planen. 4.14 Samfunnstryggleik (ROS - Risiko og sårbarheit) Ras: Planområdet er omfatta av omsynssoner for snøskred og steinsprang i KPA 2011 2021. I aktsemdskarta er det vist utlaupsområder i fjellområdet ovafor planområdet, men det er lite sannsynleg at steinsprang og snøskred som vert løyst ut høgt oppe vil få konsekvensar. Det er utarbeidd eigen rapport om ras og skredfare i samband med planarbeidet, sjå eige vedlegg. Figur 14 Omsynssone snøskred. Figur 15 Omsynssone steinsprang. Kart dagsett 06.07.2011 Grunnforhold: Det vart utført vurdering av dei eksisterande grunnforholda rundt stasjonsområdet på Voss i samband med områdeplanen for kollektivknutepunktet (SWECO 2011). Det er konkludert med at det er generelt gode grunnforhold i området, men med til dels store lausmassedjupner. I området nord for jernbanesporet er det funne at berget generelt ligg høgt. Det er ikkje utført grunnboringar i dette området, men det er observert bergskjering langs store delar av jernbanesporet, og dette er stadfesta gjennom arbeidet med kulverten under spora.. Sør for jernbanesporet er grunnen i hovudsak elvemassar av sand og grus, med eit topplag av fyllmassar på opparbeidde areal. Det er ikkje gjort eigne undersøkingar når det det gjeld ureining i grunnen. Erfaring tilseier at det kan vere ureina massar i jernbaneområdet.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 31 Flom: Området er ikkje utsett for flom. Området er utanfor faresone for flom langs Vangsvatnet. Støy: Utover veg og jernbane er det ikkje kjent andre støykjelder i området. Sjå punkt 4.13. Ulukker: Det er ikkje kjent for forslagsstillar at området er utsett for ulukker. Risiko og sårbarheit er utgreidd i ROS-analyse som ligg som separat vedlegg til planen. Hovudtrekka i analysen er skildra i pkt. 6.12.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 32 5 SKILDRING AV PLANFRAMLEGGET 5.1 Arealoppgåve Reguleringsføremål jf. 12-5, plan- og bygningslov 2008: Føremål (sosikode) Merknad Areal i daa, vertikalnivå 2 Bygg og anlegg 12-5 nr 1 AB1, kombinert formål (1900) AB2, kombinert formål (1900) AB3, kombinert formål (1900) Bustader (1110) Institusjon/museum (1163) SKI, skianlegg (1410) VFA, vassforsyningsanlegg/høgdebasseng Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur 12-5 nr 2 TAU, trase for taubane (2023) TB, Tekniske bygningar/anlegg, mastepunkt (2027) Annan banegrunn grøntareal (2029) Annan banegrunn teknisk anlegg (2028) Annan veggrunn tekniske anlegg (2018) Fortau (2012) Gang/sykkelveg (2015) Haldeplass/plattform (2025) Kjøreveg (2011) Grønnstruktur 12-5 nr 3 Toppstasjon Botnstasjon Botnstasjon Eksisterande Mølstertunet Hanguren 10,75 0,51 5,93 4,51 161,9 14,46 7,68 0,58 0,56 0,62 0,10 0,10 0,25 0,14 Areal i daa, vertikalnivå 3 0,34 46,83 LNFR-område 12-5 nr.5 LNF 163,19 Omsynssoner 12-6 jf 11-8 Byggeforbod rundt bane, H130 Ras- og skredfare. H310 Areala inngår i anna hovudføremål. 46,97 117,73 Føresegnsområde 12-7 Midlertidig anleggs- og riggområde, BO91 Areala inngår i anna hovudføremål. 183,09 Samla areal daa 370,71 47,17

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 33 5.2 Hovudtrekk i planlagt arealbruk Den nye gondolbanen blir inngangen til fjellet frå Vangen og kollektivknutepunktet på stasjonen. Planen regulerer ny nedre gondolbanestasjon på Voss stasjon i kombinasjon med servicebygg for kollektivknutepunktet og kopling mot tilgrensande hotell (jf. vedtatt områdeplan for Voss knutepunkt). Gondolbanen vert fremja som eigen plan, og sjølv om det vert regulert for kombinasjonsformål, er bygging av banen og stasjonen ikkje avhengig av kollektivknutepunktet. Fordi gondolstasjonen må liggje høgt over jernbanen, er det funne plass til ein mellometasje med kontorformål mellom jernbaneperrongen og påstigingsetasjen for gondolen. Stasjonsbygget har i alt 4 etasjar. Ny øvre stasjon med restaurant og servicebygg er regulert på toppen av Hanguren i området mellom eksisterande express-heis frå Bavallen og eksisterande T-trekk frå Hanguren. Saman med desse heisane dannar den nye toppstasjonen eit felles møtepunkt på toppen av Hanguren der heile anlegget vert tilgjengeleg. Gondolstasjon og restaurant er vist samla i eitt bygningsvolum, men gondolbanen kan byggjast uavhengig av restaurantdelen. Fjellplatået kring skianlegg og restaurant er regulert til skiområde. I området kan det etablerast leike- og aktivitetsområde for både vinter- og sommaraktivitet. Det er sett av plass til høgdebasseng nordvest for toppunktet. Bassenget skal i hovudsak forsyne kunstsnøproduksjon i anlegget, men vil også kunne fungere som reservoar/beredskap for sløkkevatn i tilfelle brann på toppunktet. Planen regulerer areal på vertikalnivå 2, på bakken, og vertikalnivå 3, over bakken. Kabeltraseen for gondolbanen er regulert i vertikalnivå 3. På bakkenivået under kabeltraseen er det lagt omsynssone med krav om minste avstand 15 meter frå køyreleidning gondolbane til høgste punkt på varige tiltak som, bygg, konstruksjonar eller andre anlegg som inneber brannrisiko på bakkenivå. Sjølve mastepunkta er regulert til baneformål for tekniske konstruksjonar i ei sone på 20 meter rundt masta. LNF-områda under og til side for traseen er regulert i 60 meters breidde med heimel til å felle skog som kan vere brannfarleg for gondolbanen. I tillegg er det regulert LNF-område austover til eksisterande skogsveg, med heimel til å byggje midlertidig anleggsveg for oppføring av mastene. Arealbruken er elles uendra, og det vert vist til kva planar som gjeld i føresegnene. I kollektivknutepunktet vert både 1. og 2. etasje (gatenivå på k+ 53 og perrongnivå på k+ 58) rekna som bakkenivå, og skal avsluttast med fasade mot perrong/fortau/gangareal. Delar av 3. og 4. etasje er regulert som vertikalnivå 3, over bakken, for å synleggjere at den kragar ut over bussterminalen.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 34 Figur 16 Nedkopiert plankart viser regulering i nivå 2 og nivå 3, med større utsnitt av situasjonen på Voss stasjon.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 35 5.3 Bygningar og anlegg 5.3.1 AB1, kombinert formål stasjons-/terminalbygg og restaurant. Vertikalnivå 2 I AB1 kan det førast opp gondolbanestasjon og restaurant/servicebygg med tilhøyrande funksjonar, inkludert mindre lager, kontor og garderobar/service/toalett samt areal for skiutleige/skishop. Delar av bygget kan førast opp som heilt eller delvis overbygd terrasse. Det er krav om universell utforming av publikumsretta delar av anlegget, dvs. at det må leggjast til rette for universelt utforma tilkomst mellom gondolbane og restaurantdel / servicedel. Gondolstasjon og restaurant er vist samla i eitt bygningsvolum, men gondolbanen kan byggjast uavhengig av restaurantdelen. Avstigingsnivået for gondolbanen ligg på k+ 815, som er terrenghøgda i toppunktet. Maks byggjehøgde for gondolbanestasjonen er 14 meter, til k+829. Maks byggjehøgde for tilgrensande restaurantbygg er 10 meter, til k+825. Skisseforslag for den nye toppstasjonen inneheld på- og avstiging til gondol, service areal til gondolvogner og ny restaurant/varmestove/kiosk og sanitæranlegg for anlegget, med støttefunksjonar til drift av bygget. Skiutleige/skishop med skileige/ski-instruksjon og opphaldsrom for desse er tenkt i underetasje under restaurantdelen. Anlegget er tenkt for drift i heile året og er dimensjonert for å kunne ta imot større mengder med gjestar både vinter og sommar. Bygningsvolumet og funksjonar er planlagt med ein fleksibilitet som gjer at berre deler av bygget treng å være ope i lågsesong, eller at delar av bygget kan leigast ut, avskjerma frå resten av drifta. Dimensjonerande vindretning vinterstid er frå sørvest og søraust. Den kraftigaste vinden er frå sørvest som er i lengderetninga til taket/møne. Dette vil hjelpe til å blåse vekk snø og forhindre opphoping av snø på taket. Berande konstruksjonar vil bli dimensjonert etter dimensjonerande snømengder for området. Ved store snømengder kan det bli nødvendig med snømåking på tak. Store deler av uteområda og alle inngangar er overdekka av taket som stikk ut over vegglivet. Dette vil sørgje for snøfrie forhold utanfor inngangane. Uteområdet mot vest er overdekka i tillegg til å vere beskytta med bevegelege veggar/portar som dempar vind/snø/regn og sikrar at uteplassane er beskytta året rundt, uavhengig av ver. Reguleringsplanen bygger på teknisk gondolbaneprosjekt utført av LEITNER AG / SPA og skisseforslag utarbeidd av HLM Arkitektur AS. Føresegnene sår fast at illustrasjonar frå HLM Arkitektur AS dagsett 22.1.2014 skal vere retningsgivande for utforminga. Følgjande BRA er lagt til grunn i planen: Areal BRA gondolstasjon 692 m2 Skiutleige/skishop 500 m2 Areal BRA restaurant inne 800 m2 + Overdekt uteareal 197 m2 Samla BRA 2189 m2 Utnyttingsgrad er oppgitt i plankartet som BYA, bygd areal. Maks % BYA=42 %. BYA, byggjegrense og maksimal byggjehøgde (kotehøgde) er påført plankartet.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 36 Figur 17 Situasjonsplan med ny gondolstasjon. Ekspressheisen i nord. Figur 18 Prinsippsnitt vest aust gjennom det eksisterande Hangurstrekket (T-trekk), restaurant og gondolstasjon. HLM Arkitektur AS Figur 19 Perspektivskisse restaurant og gondolstasjon sett frå sørvest. HLM Arkitektur AS

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 37 5.3.2 AB2 / AB3, kombinert formål stasjons- og terminalbygg / kontor / næring / kollektivknutepunkt. Vertikalnivå 2 / vertikalnivå 3 AB2 / AB3 kombinert byggjeformål for gondolbanestasjon, kontor kollektivknutepunkt og hotell/næringsareal. Formålet er regulert i to vertikalnivå. AB2 regulerer formålets fotavtrykk i vertikalnivå 2, på bakken. AB3 omfattar den delen av bygget som kan krage ut over bussterminalen i kollektivknutepunktet, og er vist som areal regulert over bakken, vertikalnivå 3. 1.etasje på gatenivå k+53 omfattar kombinerte funksjonar for gondolbanestasjon, kollektivknutepunkt og næringsareal knytt til desse og tilgrensande hotell. Sjølv om det vert regulert for kombinasjonsformål, er bygging av banen og banestasjonen ikkje avhengig av å verte bygd samtidig med kollektivknutepunktet, men kan realiserast åleine. 2. etasje perrongnivå k+58 omfattar areal for gondolbanestasjonen. Byggjegrense mot jernbanespor perrongnivå k+58 er 10 meter frå plattformkant. Mot Evangervegen er det krav om 3 meter gangsone på utsida av gondolbygget. Bygg skal avsluttast med fasade mot fortau/gangareal på k+ 53 og mot perrongnivå på k+ 58. I 3 etasje kan det etablerast kontorlokale med bruksareal BRA inntil 617 m2. I 4. etasje er det påstigingsareal for gondolbanen. Det kan etablerast gangbru mellom gondolbygget og tilgrensande hotell i ein av etasjane. Reguleringsplanen bygger på teknisk gondolbaneprosjekt utført av LEITNER AG / SPA og arkitektprosjekt utarbeidd av Nordic Office of Architecture. Føresegnene slår fast at illustrasjonar frå Nordic dagsett 5.5.2014 skal vere retningsgivande for utforminga. Følgjande BRA er lagt til grunn i planen: Areal BRA gondolstasjon, 1.-4.etasje, 155+350+68+522=1095 m2 Areal BRA kontor, 3.etasje 617 m2 Areal BRA kollektivknutepunkt/stasjon 682 m2 (for heile 1.etasjen) Areal BRA næring 475 m2 (for heile 1.etasjen) Samla BRA 2869 m2 Utnyttingsgrad er oppgitt i plankartet som bygd areal, BYA. Maks % BYA=100%. BYA, byggjegrense og maksimal byggjehøgde (kotehøgde) er påført plankartet.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 38 Figur 20 Situasjonsplan for gondolbygget lokalisert mellom gamle Voss stasjon og framtidig hotell. Figur 21 Snitt gjennom gondolbygget

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 39 5.3.3 SKI, Skianlegg - Hanguren I området kan det etablerast leikeområde sommar / vinter for born, skitrekk / skiband for barn / uerfarne, og nytt skitrekk frå «Amerikakrysset» til Hanguren. Rundt platået kan det etablerast tilrettelagt tursti og utsiktspunkt til sommarbruk, inklusive nødvendig drenering og tiltak i terrenget. Det skal så langt som mogleg nyttast permeable grusdekker og ikkje faste dekker. Det skal leggjast til rette for så høg grad av tilgjenge som mogleg utan at det krev at det må sprengast eller gjerast andre irreversible terrenginngrep. Omsyn til terreng og vegetasjon skal gå føre krav til tilgjenge og universell utforming. Tiltaka innanfor skiområdet er ein del av satsinga på Hanguren til eit heilårleg turistmål. Ein ser mellom anna føre seg at eit besøk på Hanguren med lunsj på restauranten kan verte eit populært innslag for mellom anna buss- og togturistar. Ein enkelt tilrettelagt tursti rundt platået kan leie besøkjande mot gode utsiktspunkt i terrenget om sommaren. Turstien kan gi dei besøkjande til restauranten ein fin spasertur samstundes som dei nyt den flotte utsikten til fjella rundt. Eit utsiktstårn plassert på kanten av platået slik at det vert mogleg å sjå tilbake mot dalbotnen og Voss sentrum kan etablerast som ein del av opplevinga langs stien. På sikt ønskjer Voss Resort å sette opp ein vindturbin som kan forsyne toppanlegget med straum i området. Figur 22 Illustrasjonsplan for Hanguren skiområde.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 40 5.3.4 VFA, vassforsyningsanlegg høgdebasseng I VFA kan det etablerast høgdebasseng/vassbasseng på inntil 70 000m³ totalt bygd volum, som skal brukast til å lage kunstsnø for Bavallen. Bassenget er ein separat funksjon som ikkje er nødvendig for realisering av gondolbanen og dei andre tiltaka i planen, men anlegget kan eventuelt også nyttast til brannsløkkevatn for øvre stasjon på Hanguren. Det avsette arealet ligg på gbnr. 53/1 sør ved "Amerikakrysset" og er på ca. 14 daa. Ca. halvparten av arealet, 7 daa, er myr i dag. Voss Resort har avtale med grunneigar om få å grava ut myra, som i dag ligg til dels med vannspegel. Myra er i snitt ca 1,5 meter djup. Dersom ein reknar med eit overflateareal på 7 daa på bassenget vil det vere behov for å gå djupt ned i fjellet på arealet, ev må ein gå ut over myra si avgrensing. Førebelse utrekningar viser at bassenget vil ha tilstrekkeleg nedbør/tilsig til å fyllast. Bassenget vil verte tappa vinterstid til snøproduksjon, normalt i november-desember. Nedbør som snø og regn vil etter det gå tilbake til magasinet. Figur 23 Myrområdet ved Amerikakrysset avsett til vassbasseng for snøproduksjon. Foreløpige utrekningar i samband med utarbeiding av VA-rammeplan viser at det er tilstrekkeleg nedbør i året for å fylle bassenget ein gong per år, men at det eventuelt må gjerast tiltak for å hindre avrenning frå området. I detaljprosjektering må det takast endeleg stilling til om det er tilstrekkeleg at bassenget skal sprengast ut eller om det må byggast demningar for å redusere overflateavrenning. Norges vassdrags- og energidirektorat må kontaktast ved bygging av demningar eller endring av avrenningsmønster som vil påverke nærliggande vassdrag. Sjå også VA-rammeplan. Dersom bassenget vert utforma med naturlike og slake bredder kan behovet for sikringstiltaka revurderast, men reguleringsføresegnene stiller krav om at opne vassflater skal sikrast med inngjerding og at gjerde med eventuell port skal vere minst 1,8 meter høgt.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 41 5.4 Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur 5.4.1 TAU, Trase for taubane. Vertikalnivå 3, over bakken Gondolbanetraseen er regulert i nivå 3, over bakken i ei breidde på 25 meter. I området kan etablerast luftstrekk/kabelanlegg for gondolbane. Krav til minste avstand mellom berekabel/føringslinje for gondolbane og bustader, bygg / anlegg som utgjer brannfare under kabeltraseen skal vere minst 15 meter. På bakkenivå/nivå 2 er dette kravet lagt inn som omsynssone H130 byggjeforbod rundt bane. For gondolbanen er det førebels valt leverandør av gondoltypen "3S". Banen er dimensjonert for inntil 14 kabinar som kvar tek ca 35 passasjerar. Avstand mellom kabinane vil då vere 420 meter, lengre avstand ved færre kabinar. 3S køyrer kontinuerlig, men har svært låg eller ingen fart ved av- og påstiging. 3S er organisert slik at det alltid vil vere 2 kabinar inne i kvar av endestasjonane. Banen er dimensjonert for ein kapasitet på 1500 personar per time ein veg, noko som vil gje 3000 personar per time ved full utnytting. Med ein linefart på opp mot 7 meter per sekund vil det ta ca. 5 minutt opp til Hanguren. Kabinane vil vere lukka og sikra mot at det vert kasta eller mista ting ut frå kabinane. I nedre del av traseen vil berekabelen liggje ca. 15 meter over næraste hustak. Sjølve gondolkabinen krev ca. 5 meter av luftrommet, slik at det på det næraste vil verte ca. 10 meter høgde frå næraste hustak til underkant gondolkabin. Høgde over eksisterande hus og terreng aukar oppover fjellsida, før den vert lågare inn mot øvre stasjon på Hangursplatået. 5.4.2 TB, tekniske konstruksjonar/mastepunkt Den 1800 meter lange gondollinja vil ha 3 master i tillegg til nedre og øvre stasjon. Dei 3 mastene er alle lokalisert over Mølsterberget, og vil ikkje stå i nærleiken av busetnad. Areal på bakkenivå/reguleringsnivå 2 for oppføring av mastene er sett av som baneformål / tekniske konstruksjonar. Arealet omfattar ei sone på 20 meter rundt mastepunkta som skal ryddast for tre og buskar som kan medføre skogbrannfare med risiko for gondolbanen. Figur 24 Lengdesnittet syner banestrekket frå nedre stasjon til mast 1 over bratthenget i Mølsterberget.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 42 5.5 LNF-område Planen regulerer LNF-område i ei sone på 60 meter til kvar side av banetraseen. Sona er regulert for å sikre heimel til å gjennomføre rydding av skog som kan medføre skogbrannfare i området under og inntil gondolbanen. I tillegg er det regulert areal for å etablere anleggsveg frå eksisterande skogsveg/anleggsveg og fram til mastepunkt. Føresegnene stiller krav om at minste avstand mellom berekabel/føringslinje for gondolbane og toppen av underliggjande lauvskog skal vere minst 15 meter, og at sjølve taubanetraseen ikkje kan førast over plantefelt med granskog. Det kan ikkje liggje plantefelt med granskog i området dersom det medfører risiko for gondolbanen (skogbrannfare), sjå separat vedlegg med Brannteknisk risikovurdering for planlagt taubanetrase, NEAS Consulting 21.10.2011. 5.6 Omsynssoner Det er lagt 3 omsynsoner i plankartet: Føresegnområde merka #1 (BO91) er regulert til midlertidig anleggsområde der det kan oppførast riggar for etablering av kabelanlegg/luftstrekk til gondolbanen, og rigg/anleggstilkomst/anleggsveg. Heimelen for anleggstilkomst er lagt på bakkenivået under heile banestrekket. Omsynssone H130 (byggjeforbod) gjeld krav om minste avstand 15 meter frå køyreleidning gondolbane til høgaste punkt på varige tiltak som, bygg, konstruksjonar eller andre anlegg som inneber brannrisiko på bakkenivå. Omsynssona er lagt på bakkenivået under heile banestrekket. Området mellom mast 1 og mast 2 nedanfor Mølsterberget er regulert til omsynssone H310, ras- og skredfare og er basert på felles aktsemdskart for snø- og steinskred. Faresona omfattar både utløysings- og utløpsområde jf. nasjonalt aktsemdskart. I sona er det krav om tiltak som sikrar tryggleiksklasse S2 for gondolbanemastene. 5.7 Parkering Det er ikkje stilt krav om etablering av eigne parkeringsplassar for gondolbane, men lagt til grunn bruk av kollektivtransport og sambruk med eksisterande og planlagde parkeringsanlegg i Voss sentrum. I områdeplanen for kollektivknutepunktet er framtidig parkering i stasjonsområdet lagt til nytt parkeringsanlegg på nordsida av jernbanen. Det er krav om minst 200 plassar i parkeringsanlegget. For kontorføremål innanfor AB2 gjeld krav til parkering i Områdeplan for Voss knutepunkt. Det skal settast av minst 0,7 maks 1,2 bilparkeringsplassar per 100 m2 BRA, samt 0,5 sykkelplassar per 100 m2 BRA. Det er knytt rekkefølgjekrav til parkering for kontor. 5.8 Kulturminne og kulturmiljø Innmarka til Mølstertunet som ligg under kabeltraseen er omfatta av omsynssone BO91, midlertidig anleggs- og riggområde, og H130 krav om minste avstand 15 meter til køyreledning for gondolbane, i ei breidde på 25 meter. Reguleringsstatus som museum og vernestatus er elles uendra. Sjå kap. 6.10 og eige vedlegg med konsekvensutgreiing for kulturminne og kulturmiljø.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 43 5.9 Universell utforming Det er krav om universell utforming (UU) av tiltak i felt AB2 og AB3 (nedre banestasjon) og for publikumsretta delar av AB1 (øvre banestasjon). I AB2/AB3, nedre stasjon er krav om UU løyst gjennom bruk av heis i kombinasjon med trapper og ramper. I AB1, øvre stasjon og restaurant er alle inngangar planlagt direkte frå terreng og alle funksjonar av bygget universelt tilgjengeleg ved at nivåforskjellar vert tekne opp med ramper. For gondolbanen er det valt leverandør av gondoltypen 3S. Banen køyrer med inntil 14 kabinar som kvar tek inntil 35 passasjerar. 3S køyrer kontinuerlig, men har svært låg eller ingen fart ved av- og påstiging. Dette gjer at gondolen har låg brukarterskel, og kan nyttast av funksjonshemma personar. For tiltak i skianleggsområdet (SKI) på Hangursplatået er det ikkje krav om universell utforming. Turstiar, leike- og opphaldsareal i SKI skal leggjast til rette for så høg grad av tilgjenge som mogleg. 5.10 Kommunalteknisk infrastruktur 5.10.1 Vatn og avløp. VA-rammeplan Nedre stasjon inngår i VA-rammeplan utarbeidd i samband med Områdeplan for Voss knutepunkt. For øvre stasjon med restaurantbygg er det utarbeidd overordna VA-rammeplan i samband med planarbeidet. VA- anlegget med tilhørande pumpestasjonar vert å rekna som eit privat leidningsanlegg/ stikkleidningsanlegg. Det kan reknast med at anlegget får tilknytingsrett til kommunalt vatn og avløpsnett i Tråstølen. VA-rammeplan med teikningsvedlegg skildrar føreslåtte hovudtraséar for vatn og spillvatn i traktorvegen frå Tråstølen til Hanguren. Dimensjoner på leidningar vil bli avklart i samband med seinare detaljprosjektering. Anlegget skal byggjast ut i tråd med gjeldande VA- norm for Voss kommune samt i høve til sanitæranlegg gjeld Standard abonnentsvilkår for vann og avløp, tekniske og administrative bestemmelser. For å unngå den store pumpehøgda levering frå det kommunale anlegget vil medføre, vil grunnvatn vere eit alternativ til vasskjelde. I følgje NGUs lausmassekart er det sparsamt med lausmassar i reguleringsområdet. Heile området er kartlagt som bart fjell, eller tynt lausmassedekke. Det betyr at grunnvatnet eventuelt må pumpast opp frå berggrunnen i bort(e) fjellbrønn(ar). Ei eventuell grunnvasskjelde må godkjennast av mattilsynet m.o.t. kvalitet, jf. drikkevassforskrifta. Det er usikkert kva vassmengder slike brønnar i området vil gi, VA-rammeplanen legg derfor til grunn tilkopling til kommunalt nett. 5.10.2 Renovasjon Føresegnene stiller krav om at oppsamling og oppbevaring av avfall skal skje innanfor bygg og ikkje i uteareal, og det skal leggast til rette for trafikksikker handtering og henting av avfall. Det er stilt krav om at renovasjonsløysing skal ytterlegare dokumenterast i samband med søknad om tiltak. Nedre stasjon vil ha tilkomst for renovasjonskøyretøy både frå perrongnivå og frå bussterminalen. For øvre stasjon er det lagt opp til oppsamlingssentral med containerar i underetasjen, inklusive matavfall, som vil gjere at det ikkje er behov for bosshenting i vintersesongen.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 44 Containerane kan med det hentast og tømmast i løpet av sommarsesongen ved å nytte anleggsvegar/sommarvegar. 5.10.3 Energi Gondoltypen 3S har elektrisk drift. Kabeltraseen består av to berekablar og ein trekk-kabel. Ved straumbrot/driftsstans vil ein dieselmotor og ein hydraulisk motor slå inn og drive banen vidare. Motoren som driv banen vil verte plassert i øvre gondolstasjon på Hanguren. Gondolstasjon og restaurant er samla i ein bygningskropp, noko som er energiøkonomisk for bygget. Overskotsvarme frå heisanlegget kan nyttast til oppvarming av resten av bygget. Det er avklart med Voss Energi AS at eksisterande høgspent/trafokiosk til Ekspressheisen har tilstrekkeleg kapasitet til bygging og drift den nye gondolbanen. Trafoen vil i samband med bygging av ny stasjon verte flytta inn i nybygget. På sikt ønskjer Voss Resort å byggje eige vindkraftanlegg til drift av anlegget. Nedre gondolbanestasjon med kollektivterminal, nærings- og kontorareal skal basere seg på oppvarming med vassboren varme. Området ligg innafor planlagt konsesjonsområde for fjernvarme, og kan dersom det vert søkt om konsesjon også verte aktuelt for tilknyting til framtidig fjernvarmeanlegg. 5.11 Rekkefølgjekrav Det er knytt rekkefølgjekrav til etablering av kontorareal i nedre gondolstasjon. Før det vert gitt ferdigattest for kontorføremål innanfor AB2 skal krav til parkering jf. Områdeplan for Voss knutepunkt vere oppfylt.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 45 6 KONSEKVENSAR AV PLANFRAMLEGGET 6.1 Planavgrensing, arealbehov og forholdet til andre planar I samsvar med plan- og bygningslova definerer reguleringsplanen kva vertikalnivå reguleringa gjeld. I planen er det nytta vertikalnivå 2, som gjeld reguleringsformål på bakken, og vertikalnivå 3, som gjeld reguleringsformål over bakken. Nedre banestasjon er regulert i nivå 2 med areal identisk med arealet i Områdeplan for Voss knutepunkt, og i nivå 3 for å synleggjere arealet som vil krage ut over busstasjonens areal i kollektivknutepunktet. Øvre stasjon er regulert og omkringliggande areal avsett til skiområde på Hanguren er regulert i nivå 2. Reguleringa av får konsekvensar for avgrensing av Fjellheimen villreinområde, sjå eige kapittel. Sjølve kabeltraseen er regulert i vertikalnivå 3, over bakken med ei samla breidde på 25 m. Dette er 11 m breiare enn den totale driftsbreidda som er på 14 meter. Avstanden mellom senter gondolliner er 10 m. Sjølve gondolen bygger ca. 2 meter på kvar side av senter gondolline, og krev 5 meter av luftrommet under kabelen. På bakkenivået under kabeltraseen er det lagt omsynssone med samla breidde 25 m og krav om minste avstand 15 meter frå køyreleidning gondolbane til høgste punkt på varige tiltak som, bygg, konstruksjonar eller andre anlegg som inneber brannrisiko på bakkenivå, samt gitt heimel for oppføring av master og midlertidig anlegg for oppføring av banen. Med unntak for nødvendige mastepunkt og anleggstilkomst for å legge kabelen ut og strekke den opp i lufta, har sjølve gondolbanen ikkje behov for areal på bakkenivå. Mastepunkt er regulert til baneformål, medan midlertidig anleggstilkomst er heimla som føresegnsområde i vertikalnivå 2, på bakken. Arealbruken er elles uendra. Følgjande planar med føresegner gjeld framleis på bakkenivå: PlanID Plannamn KPLAN2011 Kommuneplanens arealdel 2011-2022 78003 Mølstertunet 09017 Reguleringsplan E16 Vangstunnelen 06020 Reguleringsplan Gullfjordungvegen 2011002 Områdeplan Voss knutepunkt

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 46 6.2 Arkitektur, landskap og visuelle konsekvensar Det er utarbeidd 3d-modell for gondolbanen som syner tiltaket i ein større landskapssamanheng. Modellen følgjer planen som separat vedlegg, og er nytta som grunnlag for vurderingar av visuelle konsekvensar både for landskap, siktliner, kulturminne og kulturmiljø, og konsekvensar for naboar. Modellen har dynamisk sol/skyggefunksjon. 6.2.1 Øvre stasjon - Hanguren Øvre stasjon er lagt til toppunktet på Hanguren, 815 m.o.h., og rett ved toppstasjonen til Expressheisen. Gondolstasjon og restaurant/servicebygg er samla i eitt bygningsvolum, slik at fotavtrykket i landskapet er samla og avgrensa. Frå toppunktet vil det slik framleis vere fritt utsyn til omkringliggande fjellandskap og dalføre i alle retningar. Alle funksjonane er samla i eit bygg der takforma er det mest karakteristiske av bygningsvolumet og underordnar seg landskapet som ei naturleg forlenging av forma på toppunktet. Taket har ulike høgder og strekker seg utanfor vegglivet. Slik vert det skapt rom og uteplassar som er beskytta for ver og vind. Retning på taket og bygget er lagt i nord-sør retning, lik gondoltraseén. Servicefunksjonar er lagt tett mot av- og påstiging til gondolen og sikrar effektiv drift og vareflyt. Restaurant/publikumsfasilitetar og uteplassar er plassert mot sør og vest der området byr på ein fantastisk utsikt og dei beste solforholda. Sjølve heisanlegget treng stor høgde og plass for å kunne operere sikkert. Bygningsforma og takkonstruksjon bryt ned denne høgda i ulike sprang som både dempar totalinntrykket av bygningsvolumet i landskapet og skil mellom dei forskjellige funksjonane i bygget. Gondolbanen kjem inn i bygget frå sør, og er plassert lengst aust i anlegget og på det høgaste punktet i terrenget. Takform og bygningsvolum knekk ned i lågare høgder mot det eksisterande T-trekket i vest. Under delar av gondolstasjonen og restauranten blir naturleg høgdeskilnad kombinert med at det vert sprengt ut areal til kjellar for drift og avfallshandtering i anlegget. Bygget elles er planlagt i ein etasje, med delar av restauranten i vest seinka ca. 60 cm for å differensiere volum, rom, og for å tilpasse seg terrenget. Alle inngangar kan slik leggjast direkte frå terreng og alle funksjoner av bygget kan gjerast universelt tilgjengelege. Byggjehøgder og oppdeling av takflater er sikra gjennom føresegner og plankart. Bygget er tenkt oppført med naturlege materialar både i overflater og konstruksjonar, så langt dette er muleg og ønskeleg. Det er ønskeleg at bygget har eit moderne og spennande formuttrykk, samtidig som materialar skal vere kjente og stadstilpassa. Figur 25 Tverrsnittet viser plasseringa av stasjonen i toppunktet, og korleis takforma underordnar seg og byggjer opp om den naturlege terrengforma.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 47 Figur 26 Fotomontasje sett frå sør. HLM arkitektur AS. Figur 27 Fotomontasje sett frå vest. HLM Arkitektur AS.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 48 6.2.2 Nedre stasjon Vangen For nedre stasjon er det lagt sterke føringar for lokalisering, utforming og plassering med byggjegrenser og byggjehøgder i Områdeplanen for Voss knutepunkt. Detaljreguleringsplanen er i samsvar med desse føringane både når det gjeld byggjegrenser, byggjehøgder og arkitektonisk uttrykk. I det store landskapet er den lineære aust vest retninga på dei nye bygga langs jernbanen med på å forsterke dei dominerande linjene i landskapet som fjellsida, strandlina, veg og jernbanelinje og fjellsida dannar. Unntaket er gondolbanestasjonen, som kragar ut over busshaldeplassen mot Evangervegen. Gondolbygget har avvikande møneretning frå resten av stasjonsområdet, både fordi form og funksjon for gondolheisen tilseier det, og fordi det bidreg til å variere hovudstrukturen med møneretning langs jernbanen og gjere bygget til eit moderne landemerke for Voss. Ved å snu møneretninga på gondolstasjonen, skjer ein variasjon i bygningsvoluma som også har ein forklarande funksjon i forhold til orientering og lokalisering av funksjonar i området. På sørsida av gondolbygget er det lagt gangsone på perrongnivå k+58. Gangsone og delvis transparente veggar gir flott oversikt og utsikt mot panoramaet med kulturhuset, Vangsvatnet og Gråsida. Utkraginga vil ta noko av siktlina mellom gamle Fleischers Hotell og kyrkja. Som nytt og moderne landemerke for reiselivsdestinasjonen Voss, kan bygget likevel forsvare eit slikt brot med resten av strukturen. Siktlinene mellom Voss stasjon og nytt gondolbygg og mellom gondolbygget og nytt hotell er ivaretatt og er i samsvar med formål og byggjegrenser sett i Områdeplanen. Figur 28 Snitt/oppriss av gondolbygget sett frå vest. Byggjehøgde 81 moh.

Planskildring Reguleringsplan med KU for gondol Voss 49 Figur 29 Oppriss av fasade mot Evangervegen 6.3 Universell utforming Kollektivknutepunkt og uteareal i tilknyting til bygg har krav om universell utforming. Gondolbanen vil vere utforma på ein måte som aukar tilgjenge til Hanguren for alle brukargrupper. Sjå også punkt 5.9. 6.4 Grunnforhold 6.4.1 Ras- og skredfare Det er gjennomført kartlegging av snøskredfare og jordskredfare i fjellsida under Hangursplatået (COWI, 2013). Kartlegginga konkluderer med at tiltaka i planen ikkje vil føre til endringar i skredfare for busetnaden. Rapporten skisserer avbøtande tiltak for å sikre den nedste gondolbanemasta (mast 1) mot eventuelle jord- og snøskred. Tiltaka er sikra i reguleringsføresegnene og plankart som omsynssone H310, ras- og skredfare. 6.4.2 Stabilitet Mast 1 ligg i område der berggrunnen er dominert av fyllitt. Føresegnene stiller krav om at det må gjerast tiltak som sikrar fundamenteringa av masta. Mast 2 og 3 står på granodiorittisk gneis som er godt eigna for fundamentering. Grunnforholda kring nedre gondolbanestasjon vart vurdert i samband med Områdeplanen. Undersøkingane konkluderer med at det generelt er gode grunntilhøve i området, men med til dels store lausmassemektigheter. Reguleringsføresegnene stiller krav om å dokumentere tilfredsstillande tryggleik søknader om tiltak etter plan- og bygningslova.