MØTEINNKALLING Utval: RÅDET FOR MENNESKE MED NEDSATT FUNKSJONSEVNE Møtestad: Rådhuset Møtedato: 28.11.201 Tid: 09:00-00:00 Medlemene vert med dette innkalla til møtet. Evt. forfall må meldast til kommunen v/sekretariatet, tlf. 57 8 55 00 Varamedlemer får særskilt innkalling dersom nokon melder forfall. SAKLISTE Sak Tittel 13/1 Godkjenning av møtebok. 14/1 Informasjon, referat- og drøftingssaker 15/1 Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram 2017 1/1 Ymse LUSTER KOMMUNE Gaupne, 21.11.201 Anne Marie Bolstad Leiar Karin Leirdal Politisk sekretariat
Sak 13/1 Luster kommune Saksnr. Utval Møtedato : 13/1 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne 28.11.201 Godkjenning av møtebok. Arkivsak: 1/413 Rådmannen si tilråding: Sakshandsamar: Karin Leirdal Arkivkode: Godkjenning av møteboka frå 10.10.201 Val av to til å skriva under på protokollen.
Sak 14/1 Luster kommune Saksnr. Utval Møtedato : 14/1 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne 28.11.201 Informasjon, referat- og drøftingssaker Arkivsak: 1/417 Rådmannen si tilråding: Sakshandsamar: Anita Bjørk Ruud Arkivkode: 033 Saker til felles informasjon i dei tre råda: Legevakt, rådmannen informerer. Handsaming som eiga sak i kvart av råda. Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram. Rådmannen informerer. Handsaming som eiga sak i kvart av råda. Delegeringsreglement. Rådmannen informerer.
Sak 15/1 Luster kommune Saksnr. Utval Møtedato : 71/1 Formannskapet og næringsutvalet 31.08.201 82/1 Formannskapet og næringsutvalet 14.09.201 89/1 Formannskapet og næringsutvalet 27.10.201 95/1 Formannskapet og næringsutvalet 09.11.201 98/1 Formannskapet og næringsutvalet 18.11.201 102/1 Formannskapet og næringsutvalet 23.11.201 20/1 Eldrerådet 28.11.201 13/1 Brukarutval for samhandlingsreforma 28.11.201 15/1 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne 28.11.201 Budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram 2017 Arkivsak: 1/2911 Rådmannen si tilråding: Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkivkode: 151 Saka kjem til råda for uttale. Budsjettboka vert oversendt medlemene på papir, slik forslaget ser ut før formannskapet sitt møte den 23.11.1. Ev. endringar formannskapet gjer i møte den 23.11, vert samla i eitt dokument etterpå. Rådmannen vil informere dykk alle i felles møte før de handsamar saka i kvart av råda. Formannskapet og næringsutvalet 31.08.201 Sak : 71/1 Øp-notat 1 vart referert og drøfta. Rådmann svara på spørsmål. Saka vert vidareført i neste møte i formannskapet, 14.09 ; T2, økonomisk balanse og større enkeltsaker; Friskhuset, Omstilling PLO, Legevakt m.fl. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Formannskapet tek informasjonen til orientering. Rådmannen tek med seg innspel frå drøftingane til vidare arbeid.
Formannskapet og næringsutvalet 14.09.201 Sak : 82/1 Rådmann orienterte om balanseutfordringar og nokre større budsjettsaker, jf ØP-notat- 2. Kommunalsjef/ass.rådmann orienterte om utviklings/omstillings-arbeidet innan pleie og omsorg. Geir Arve Sandvik sette fram forslag til «spelereglar» for å sikre politisk budsjettdisiplin i Luster kommune for å sikre ei berekraftig utvikling av kommuneøkonomien i Luster; Reglar: Kommunebudsjettet skal ha eit netto driftsresultat på minimum 2,5% av inntektene. Usikre inntekter og utgifter (kraftprisar, avkastning aksjefond, pensjon, renter, lønnsvekst etc) skal vurderast realistisk basert på faglege råd/fagleg skjønn (ikkje politisk skjønn). Kommunen skal ikkje bruke av fond (tidlegare overskot) for å saldere budsjettet, korkje til drift eller investering. Øvre tak for netto renteberande lånegjeld (lån minus utlån) skal vere X % (forventa nivå pr 31/12-201) av årets frie disponible inntekter (Type «Gullringen» gjeld reknast ikkje med her) Vedtak i formannskap/kommunestyre undervegs i året som medfører utgifter som ikkje er budsjettert må i same vedtak dekkast inn med innsparing på anna område. Dersom kommunestyret vel å nytte fond skal dette automatisk medføre at neste års budsjett må ha eit overskot som er tilsvarande større enn minstekravet i reglane. Formannskapet drøfta innspelet og vil kome tilbake til saka på neste møte. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Innspel i drøftingane vert teke med i vidare budsjettarbeid. Formannskapet og næringsutvalet 27.10.201 Sak : 89/1 Rådmannen orienterte med utgangspunkt i budsjettnotat nr 3 og svara på spørsmål. Rådmannen hadde og ein kort gjennomgang av investeringsplanen. Formannskapet tek til orientering ein svært krevjande økonomisk situasjon i den kommande økonomiplanperioden. Endringar i inntektssystemet i kommunen sin disfavør og stor svikt i kraftinntekter/eigedomsskatt gjer det nødvendig med større tiltak for å balansere budsjettet. Formannskapet bad rådmannen sjå nærare på tiltak som ev kan hjelpe på balansering av budsjettet; -Gjennomgang av eigen administrasjon og vurdering av tenesteområde teknisk. (opp mot 2 million kroner.) -Nærare vurdering av skule/skulestruktur. Tiltak for å redusere rammer på oppvekstområde med 4-5 million kroner. -Nærare informasjon om opplegg og potensiale for innføring av allmenn «moderat» eigedomsskatt i Luster kommune. -Realisering av verdiar. Vurdering av aksjeportefølgjen i Sognekraft.
På bakgrunn av tilbakemelding, vert tiltaka drøfta nærare på neste møte. Formannskapet drøfta innspel frå sist møte omkring «spelereglar for budsjettarbeidet». Formannskapet støttar intensjonane i framlegget, men i lys av den økonomiske situasjonen til kommunen er ikkje målsetjingane i framlegget realistisk å oppnå i dette budsjettarbeidet. Budsjettdrøftingane vert ført vidare på neste møte. Rådmann tek med seg innspel i vidare arbeid. Formannskapet og næringsutvalet 09.11.201 Sak : 95/1 Rådmannen si tilråding; Formannskapet drøfta tiltak, innsparingstiltak, investeringsplan, betalingssatsar, planleggingsprogram og saldering av budsjettframlegget. På bakgrunn av drøftingane utarbeider rådmannen utkast til budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram. Rådmann orienterte om ajourføring av budsjettstatus, jf presentasjon nytta i møtet, som vert lagt ved protokollen. Sentrale punkt frå drøftingane; 1)Betalingssatsar, investeringsplan og planleggingsprogram vart gjennomgått og rådmann merka seg innspel for vurdering/innpassing i endeleg høyringsutkast. 2)Tiltak i drifta vart drøfta og rådmann tek med seg innspela i det vidare arbeidet. 3)Formannskapet drøfta ulike alternativ for utviding av eigedomsskatteordninga og spurde etter ytterlegare basisgrunnlag for eit slikt tiltak. Høgre v/geir Arve Sandvik signaliserte at dei ville gå mot å utvida ordninga til fleire objekt enn verk og bruk. 4)Formannskapet drøfta innsparingstiltak innan grunnskule. Formannskapet ynskjer å gå vidare med saka, men det krev ei grundig utgreiing og ein god prosess. Rådmannen utarbeidar framlegg til mandat for eit slikt utgreiingsarbeid til neste møte for innarbeiding i budsjettframlegget. Rådmannen må og klargjera dei formelle krava til endringa av skulestruktur/krinsgrenser. 5)Formannskapet er innstilt på å nytta avdragsutsetjing og fond for å oppnå budsjettbalanse i 2017. )Det var ikkje spesielle merknader til budsjettframlegga/gebyrsatsane for dei interkommunale ordningane. 7)Skriv frå Luster kyrkjeleg fellesråd omkring budsjettramme og ekstra investeringstilskot til Jostedal kyrkjegardshus vart lagt fram. Ordføraren tilrådde 2% auke i ramma i framlegget for 2017. Ekstra investeringstilskot, som omsøkt, vert vurdert nærare. 8)Budsjettframlegget frå kontrollutvalet vart lagt fram, vert ev å kome tilbake til.
9)Div budsjettinnspel som er registrerte vart omdelte; Indre Hafslo bygde- og ungdomslag. /ang. veglys. FAU v/hafslo barne- og ungdomsskule /ang. helsestasjon og skulehelsetenesta. Solvorn bygdalag/ ang. diverse saker Solvorn. Kari Beheim Karlsen /ang. veglys kommunal veg Hillestad-Kjos. Siri Dalehaug ang. veglys Skjolden. Innspela vert lagt på saka for nærare vurdering. 10)Ope brev frå Luster AP til rådmann ang. den vidare budsjettprosessen vart omdelt. Formannskapet vedtok å halde eit ekstra møte for vidare drøftingar. Saka vert utsett til ekstra møte 18.11. Formannskapet og næringsutvalet 18.11.201 Sak : 98/1 Innspel ang budsjettet vart omdelt; Styrking av helsestasjon og skulehelsetenesta, frå hovudtillitsvalde i NSF. Veitastrond skule, skriv frå SU Veitastrond skule og barnehage. Rådmannen orienterte og svara på spørsmål. Formannskapet drøfta øp-notat 5 som grunnlag for vidare budsjettarbeid. I framlegget vert gjenståande balanseutfordring på 11,2-11,5 mill kroner dekka opp slik; -Avdragsutsetjing på 5 million kroner. -Bruk av disposisjonsfond på 3 million kroner. -Utvidinga av eigedomsskatteordning til å omfatta bustadeigedommar i heile kommunen på 3 million kroner. -Ev ytterlegare reduksjonstiltak/reduserte tilskot inntil 0,5 million kroner. Utover dette byggjer framlegget på dokumentasjon utsendt til møte 18.11. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Formannskapet drøfta tiltak, innsparingstiltak, investeringsplan, betalingssatsar, planleggingsprogram og saldering av budsjettframlegget. På bakgrunn av drøftingane utarbeider rådmannen utkast til budsjett, økonomiplan og planleggingsprogram som skal leggjast fram for formannskapet på møte 23.11. Formannskapet legg i møte 23.11 endeleg framlegg ut til ettersyn.
Sak 1/1 Luster kommune Saksnr. Utval Møtedato : 1/1 Rådet for menneske med nedsatt funksjonsevne 28.11.201 Ymse Arkivsak: 1/4171 Rådmannen si tilråding: Sakshandsamar: Karin Leirdal Arkivkode: