Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet 30.10.2013 075/13 TROBRA Avgjerd av: Saksh.: Trond Inge Brakestad Arkiv: N-504, PLANID-20130005 Objekt: Arkivsaknr 13/991-4 Søknad om oppstart av Detaljreguleringsplan - Gamle Strandebarm skule, gnr 120, bnr 1,2,26, og gnr 121, bnr 173 og 169 Samandrag: Det er søkt om oppstart av reguleringsplan for området rundt gamle Strandebarm skule. Reguleringa vil omfatte eigedomane gnr 120, bnr 1,2,26, og gnr 121, bnr 173, 169, 97 og 197. Planområdet er om lag 50 da. Deler av området er regulert til offentleg føremål (skule) og deler av området ligg som LNF-område i kommuneplanen. Planområdet kan grovt sett delast i 2 der del 1 er det gamle skuleområdet og grusbana, og del 2 er området nord for skuleområdet. Del 2 er LNF i kommuneplanen, og arealet består av skog og noko innmarksbeite. Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustader og kombinert føremål bustad/næring. Føremåla i planen er i strid med det offentlege føremålet i gjeldande regulerignsplan og LNFføremålet i kommuneplanen. Saka vert difor lagt fram for NPB-utvalet for prinsippavklaring. Lenke til søknaden: http://www.kvam.no/informasjon/filarkiv/04102013_100512.pdf Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam Nærings-, plan- og bygningsutval gjev løyve til oppstart av reguleringsplan med konsekvensutgreiing på deler av gnr 120, bnr 1,2,26, og gnr 121, bnr 173, 169, 97 og 197 i Strandebarm. Planoppstart med planprogram skal kunngjerast og underrettast i tråd med Plan- og bygningslova 12-8 og 12-9. Arealføremåla i reguleringsplanen er i strid med gjeldande arealplanar for området, og ny plan må difor verte vurdert etter forskrift om konsekvensutgreiing 4. Det er vurdert at realisering
av reguleringsplanen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn. utarbeidast konsekvensvurdering saman med reguleringsplanen. Det må difor 30.10.2013 Nærings-, plan- og bygningsutvalet Framlegg til vedtak frå Ole Gjerde, SP: Rådmannen sitt framlegg til vedtak Røysting: Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke NPB-075/13 Vedtak: Kvam Nærings-, plan- og bygningsutval gjev løyve til oppstart av reguleringsplan med konsekvensutgreiing på deler av gnr 120, bnr 1,2,26, og gnr 121, bnr 173, 169, 97 og 197 i Strandebarm. Planoppstart med planprogram skal kunngjerast og underrettast i tråd med Plan- og bygningslova 12-8 og 12-9. Arealføremåla i reguleringsplanen er i strid med gjeldande arealplanar for området, og ny plan må difor verte vurdert etter forskrift om konsekvensutgreiing 4. Det er vurdert at realisering av reguleringsplanen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn. Det må difor utarbeidast konsekvensvurdering saman med reguleringsplanen. Liste med vedlegg som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga:
Saksopplysningar: Tiltakshavar for planen er eit selskap som er under stifting, så namnet er enno ikkje klart. Kontaktperson for selskapet er Sverre Sørnes. Planfagleg konsulent er Tippetue Arkitekter AS Gjeldande arealplanar for området er Reguleringsplan for Bru-Tangerås, vedteken 17.08.1976 (PlanID 19760006) og Reguleringsplan for Strandebarmstunet, vedteken 03.10.2006 (PlanID 20060014). Tilgrensande reguleringsplan er Reguleringsplan for RV49 HP 14, Risa Bru, vedteken 05.09.2000 (PlanID 20000001). I tillegg til dei nenmde reguleringsplanane gjeld kommunedelplanen for Kvam for deler av planområdet. Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for bustader og kombinert føremål bustad/næring. Næring vil her vere typiske servicenæringar som fint let seg kombinere med bustadføremål. Det er skissert eit omfang på 50-70 bueiningar, og det er forslag om høg utnytting av det gamle skuleområdet ved at det her vert bygd bustadblokker og leilegheitsbygg. Planen vil og ta med seg deler av gnr. 120, bnr.1, 2 og 26 (Omtalt som del 2) som er det er ynskje om å regulere til bustadområde. I tillegg til utbyggingsareal til bustad og næring/service må det regulerast teknisk og sosial infrastruktur i området. Det må på plass leikeareal, grøntstrukturar, uteopphaldsareal, veg, parkering, trafo, område for renovasjon med meir. Reguleringa vil og omfatte dei kommunale eigedomane 121/97, 121/197, 121/142 og 121/152 der dei tre førstnemnte er vegar og sistnemnde er grusbana på skuleområdet. Ved strid med overordna plan skal det alltid vurderast om planen utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing. Ordlyden i plan- og bygningslova er at planar som får vesentlege verknader for miljø og samfunn skal konsekvensutgreiast. Forskrift om konsekvensutgreiingar definerer korleis omgrepet vesentlege verknader for miljø og samfunn skal forståast. I vedlegg 2 til Forskrift om konsekvensutgreiingar står det i punkt 2 at detaljregulering av hytte- og bustadområde der planen avvik frå kommuneplan eller områdeplan skal vurderast etter 4 i forskrifta. I 4 er det lista opp ei rekke kriterier. Dersom detaljreguleringa vert fanga opp av kriteria i 4 må planen konsekvensutgreiast. 4. Kriterier for vurdering av vesentlige virkninger for miljø, naturressurser og samfunn Planer og tiltak etter 3 skal behandles etter forskriften dersom de a) er lokalisert i eller kommer i konflikt med områder med særlig verdifulle landskap, naturmiljø, kulturminner eller kulturmiljø som er vernet eller fredet, midlertidig vernet eller fredet eller foreslått vernet eller fredet, eller hvor det finnes eller er stor sannsynlighet for å finne automatisk fredete kulturminner som inngår i et kulturmiljø med stor tidsdybde, b) er lokalisert i eller kommer i konflikt med viktige inngrepsfrie naturområder, eller utgjør en trussel mot direkte truede eller sårbare arter og deres leveområder eller mot andre områder som er særlig viktige for biologisk mangfold, c) er lokalisert i større naturområder som er særlig viktige for utøvelse av friluftsliv, herunder markaområder, samt i viktige vassdragsnære områder som ikke er avsatt til
utbyggingsformål og i overordnede grønnstrukturer og viktige friområder i byer og tettsteder, og hvor planen eller tiltaket kommer i konflikt med friluftslivsinteresser, d) omfattes av virkeområdet for Rikspolitiske retningslinjer (RPR) for planlegging i kyst- og sjøområder i Oslofjordregionen, RPR for vernede vassdrag og RPR for samordnet arealog transportplanlegging og samtidig kommer i konflikt med disse retningslinjenes formål, eller som er i strid med retningslinjer for utbygging av kjøpesentre gitt i fylkes(del)plan, e) kan komme i konflikt med utøvelsen av samiske utmarksnæringer, eller er lokalisert i reindriftens særverdiområder eller minimumsbeiter og kan komme i konflikt med reindriftsinteresser, eller på annen måte kan komme i konflikt med reindriftens arealbehov, f) innebærer større omdisponering av landbruks- natur- og friluftslivsområder eller områder som er regulert til landbruk og som er av stor betydning for landbruksvirksomhet, g) gir vesentlig økning i antall personer som utsettes for høy belastning av luftforurensning eller støy, eller kan føre til vesentlig forurensning til jord, vann og sedimenter, eller medfører risiko for alvorlige ulykker, stråling og ras- og flomsituasjoner, h) kan få konsekvenser for befolkningens helse som følge av vesentlige endringer i befolkningssammensetning, boligmarked, boligbehov eller behov for tjenestetilbud, i) kan få vesentlige konsekvenser for befolkningens tilgjengelighet til uteområder, bygninger og tjenester, j) kan få vesentlige negative konsekvenser for en annen stat. Kart over planområdet:
Vurdering: Rådmannen ser positivt på at dette sentrumsområdet i Strandebarm vert regulert. Planen må innehalde naudsynt sosial og teknisk infrastruktur, og i eit sentrumsområde som dette er det svært viktig med løysingar som har høg kvalitet. Det gjeld både vegtilkomst, leikeareal/uteopphaldsareal/grønstrukturar så vel som den arkitektoniske utforminga av bygga. God kopling mot skulevegen, butikkområdet og turvegar i området må etterstrebast. Del 2 mot nord bør og kunna utnyttast høgare enn tradisjonell einebustadutbygging. Grusbana ligg på Kvam herad sin eigedom. Grusbana ligg sentralt til i planområdet, og denne bør innlemmast i planen. Arealet kan tenkast nytta til byggjeareal, men det har og stort potensiale som leikeplass, uteopphald, park eller grøntstruktur; både for bebuarane i det nye området og for ålmenta. Av kriteria i 4 i KU-forskrifta er det først og fremst punkt F) er aktuelt å vurdere i dette planarbeidet. Eit større område er klassifisert som LNF i kommuneplanen. Dette området er og del av eit større samanhengane jordbruksområde, og konsekvensane av å regulere dette til bygggjeareal må utgreiast. Kvam herad er i gang med å rullere kommuneplanen, og eit av krava då er at alle nye byggjeområde må konsekvensutgreiast. Rådmannen meiner difor at det er naturleg å stille krav om KU i reguleringsplanen no når reguleringa skjer i forkant av endeleg vedteken kommuneplan. Gjennom ei konsekvensutgreiing kan ein gjennom ei grundig utgreiing og ein omfattande medverknadsprosess klargjere alle konsekvensar på best mogleg måte.