Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Like dokumenter
Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet

AU sak 13/14 Høyringsuttale frå Vestlandsrådet til rapporten "Et bedre organisert strømnett"

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Orienteringar: Solbakkenprosjektet Arbeidet så langt m.o.t. PLO prosjektet Samhandlingsreforma og kva som ligg så langt i den økonomiske pakken

Et bedre organisert strømnett

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Et bedre organisert strømnett

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Til medlemene i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MØTEINNKALLING. Utval: Råd for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Møterom servicetorget Herøy rådhus Dato:

Fellestenester - Politisk sekretariat Vår ref: 2016/ Dato:

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Tokke kommune. Møteprotokoll. Oppvekstutvalet. Utval: Møtestad: Kultur, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00 Møteslutt:

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Tysnes kommune Møteprotokoll

SOGN OG FJORDANE ENERGI

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Næringsfondsstyret Møtestad: Kommunehuset Dato: Tid: Etter formannskapsmøtet

TIME KOMMUNE TRYGG OG FRAMTIDSRETTA. Eigarskapspolitisk. plattform

I forkant av møtet, og etter avslutning av møtet, vart det gjennomført opplæring i bruk av ipad.

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: Tid: 14:00

Saksnr. Utval Møtedato 172/16 Formannskapet

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Utgreiing om framtidig strategival for nettverksemda

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

MØTEPROTOKOLL. Kvinnherad kommune. Formannskapet Møtedato Møtestad Kommunestyresalen, Rådhuset Møtetid 10:00 12:30

Nye kommunar i Møre og Romsdal

RETTFERDIG NETTLEIGEORDNING

Eigarmelding. Balestrand kommune

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING SAKLISTE

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

2 av 17 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 057/13 09/164 Tilslutning av nye deltarkommunar i Bergen og Omland

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

GLOPPEN KOMMUNE ARBEIDSMILJØUTVALET MØTEBOK

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Møteinnkalling for Råd for eldre og menneskje med nedsett funksjonsevne

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Møteinnkalling for Formannskapet

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Kvinnherad kommune Møteprotokoll

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

Kontrollutvalet i Hå INNKALLAST TIL MØTE 12. februar 2008 kl på Rådhuset, Varhaug

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Regionrådet Nord-Gudbrandsdal

EID KOMMUNE Kontrollutvalet i Eid kommune. Møteinnkalling. Møtedato: Møtestad: Eid rådhus, formannskapssalen Møtetid: Kl.

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 09:00

VANYLVEN KOMMUNE MØTEINNKALLING. Råd for funksjonshemma. Møtestad: Kommunestyresalen - Combisenteret, Fiskå Dato:

Kontrollutval rådmann - revisor. Korleis samarbeider vi?

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 10:00

Midsund kommune. Møteinnkalling. Utval: Helse- og omsorgsutval Møtestad: Møterommet, Midsund omsorgssenter Dato:

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 216 Arkivsaksnr.: 13/197

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma. Møteinnkalling

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR


MØTEPROTOKOLL Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 16:30-18:55

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

Fitjar kommune Møteprotokoll

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI

Saksnr Innhald Arkivsaknr Godkjenning av protokoll

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

2 av 7 næringsområdet på Gaupholm. Det vert heller ikkje gått vidare med andre alternative plasseringar, men kommunen vil arbeida tett mot vegvesenet

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Møteinnkalling for Formannskapet

Transkript:

Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Investeringsutvalet Møtedato 12.8.2014 Møtestad Rådhuset Møtetid 09:00 - AGENDA: Gjennomgang av situasjonen for kraftfondet Endringar i allokering? Val av forvaltar av konsesjonsstraum for perioden 2015-2017/8. Behandling av sak Endra organisering av straumnettet. Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: post@kvinnherad.kommune.no Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune side 1

SAKLISTE Saksnr PS 2014/1 Innhald Endra organisering av straumnettet. Kvinnherad kommune side 1

Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2014/1827-1 Kjell Odd Nygård Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/1 Investeringsutvalet 12.08.2014 Endra organisering av straumnettet. Innstilling frå rådmannen: 1. Investeringsutvalet sluttar seg til tilrådingane som kjem fram i rapporten frå Reitenutvalet. 2. For å styrke Kvinnherad Energi AS mest mogeleg fram mot dei endringane som vil kome, bør 2014 vere siste året med utbytte til kommunen. 3. Strukturendringar vil kome og difor må formannskap og kommunestyre ta stilling til om ein ønskjer å bli eigar eller deleigar av eit større energiselskap, eller om ein i staden skal la meir aktive eigarar ta seg av den vidare utviklinga av energisektoren. Saksutgreiing: På formannskapsmøte den 05.06.2014 tok medlemane opp utfordringar knytt til Reiten-utvalet sin rapport om framtidig organisering av straumnettet. Følgjande vart samrøystes vedteke: Formannskapet ber investeringsutvalet: Skaffe seg innsikt i forslag til endringar og konsekvensane av desse. I god tid før høyringsfristen 1. oktober leggje fram forslag til uttale frå Kvinnherad kommune. Ta kontakt med andre eigarar om samarbeid om framtidige løysingar og forslag til organisering eller selskapsdanning. Investeringsutvalet rapporterer og fremjar forslag til Formannskapet. Rådmannen er sekretær for investeringsutvalet i desse sakene. Reiten-utvalet sin rapport finn ein på: regjering.no / Olje- og energidepartementet / Dokumenter / Høringer / Høring Rapport frå ekspertgruppe om organisering av strømnettet. Kort gjennomgang av Reiten-rapporten: Rapporten legg til grunn at organiseringa av straumnettet må ta utgangspunkt i dei krav som vil bli stilt til nettet i framtida. Kvinnherad kommune side 1

Straumnettet er i dag delt i sentralnett der Statnett har ansvaret for over 90,0 %, regionalnett som er delt på 86 anleggseigarar, og distribusjonsnett der 136 selskap har konsesjon. Samla er det 149 nettselskap då ein del rår over ulike typar straumnett. Distribusjonsnettet er delt inn slik at 8 selskap forsyner 60,0 % av kundane, 25 selskap leverer til 30,0 %, og 103 selskap forsyner dei siste 10,0 % av nettkundane. Ingen av desse 103 selskapa har meir enn 10 000 kundar. Økonomiske nøkkeltal viser stor skilnad mellom nettselskap når det gjeld avkastning, effektivitet, drifts- og vedlikehaldskostnader, alder og leveringstryggleik. Store selskap gjere det relativt bra, medan det er stor variasjon mellom dei mindre selskapa. Den fragmenterte nettstrukturen reduserer mogelegheitene for å realisere stordriftsfordelar, og det gjere det vanskeleg å koordinere på tvers av selskapa. I tillegg kjem faren for samanblanding av nett og produksjon, omsetning eller annan aktivitet. Konsekvensane kan bli at tariffane som kundane betaler blir høgare enn dei burde vere. Det offentlege dominerer på eigarsida, og dei siste 10-15 åra har det blitt teke ut store utbytte frå kraftsektoren. Årsaka er at kommunar og fylkeskommunar ofte har heilt andre mål enn utvikling av straumnettet. For å sikre eit regional- og distribusjonsnett med høg nok forsyningstryggleik er det behov for store investeringar i åra som kjem. Årsaka er folkeauke, sentralisering, meir fornybar energi og aukande konsekvensar ved avbrot. I tillegg kjem nødvendig oppgradering av sentralnettet, samt pålegg om nye måle- og styringssystem hos kundane. Reiten-utvalet meiner det er viktig å sikre at nettet er organisert slik at investeringane vil gje størst mogeleg samfunnsøkonomisk nytte, og rår mellom anna til at regionalnettet blir ein del av distribusjonsnettet. Samtidig ønskjer dei å unngå så raske endringar at det går ut over nettet på kort sikt. Det må takast omsyn til busetnad og topografi, og ein må vektlegge dei rettigheiter noverande selskap har i kraft av tildelte konsesjonar. Dette sjølv om kraftnettet er ein så vital del av infrastrukturen at ein bør kunne forsvare omfattande reguleringar frå samfunnet si side. For å unngå ulempene med integrerte selskap må det innførast Selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom nett og annan verksemd. Selskapsmessig skilje betyr at nett skal drivast i eige selskap. Eit nettselskap kan etter dette ikkje eige eller bli eigd av einingar med aktivitetar som for eksempel kraftproduksjon, sluttbrukarsal, breiband, fjernvarme eller distribusjon av naturgass. Funksjonelt skilje betyr at personar i leiinga av nettselskap ikkje kan delta i leiing av anna verksemd, og truleg vil heller ikkje leiarar av anna verksemd kunne delta i leiinga av nettselskap. Sjølv om organisering som konsern ikkje vil gje fullgodt skilje mellom nett og annan verksemd, meiner utvalet at dette til nød kan aksepterast. Vilkåret nå vere at nettselskapet blir mest mogeleg sjølvstendig, at krava til tenestekjøp i konsernet blir skjerpa og at dei organisatoriske endringane blir gjennomført på maksimum tre år. Forslaget om slike organisatoriske endringar vil føre til auka merksemd om nettverksemda, hindre samanblanding med andre aktivitetar, føre til at eigar prioriterer investeringsbehov framfor utbyttepolitikk og truleg gjere det enklare og meir naturleg å slå saman nettselskap. For å oppnå rasjonelle investeringar er det behov for større grad av samordning og koordinering på tvers av ulike konsesjonsgrenser og nettnivå, og det vil ein kunne oppnå gjennom utpeiking av distribusjonssystemoperatørar (DSO). Dei vil mellom anna få ansvaret for å koordinere og rangere planlagde investeringar i distribusjonsnettet. Plikt til å gjennomføre tiltak må vurderast lovfesta. side 2 Kvinnherad kommune

Medan regelen i dag er at ein tiltakshavar sjølv må byggje seg fram til eksisterande nett, bør nettselskapa no bli pålagde å investere i nett fram til produksjonsanlegg eller forbrukar. Dermed unngår ein at andre blir eigarar av mange mindre nettanlegg. Med auke i investeringane rår utvalet til at det blir mogeleg å ta pant i nettet, for dermed å oppnå betre lånevilkår. Samtidig rår gruppa til at det blir strengare reglar for å sikre at kjøp innan same konsern skjer til marknadsvilkår. Utvalet rår ikkje til eigne tiltak for å harmonisere nett-tariffane. Når investeringane aukar vil også tariffane auke, men dei store investeringane vil samtidig føre til færre og større selskap og dermed vil tariffane etter kvart bli meir like. For å oppnå så kostnadseffektiv drift som mogeleg blir minimumsavkastninga redusert frå to til null prosent og nettselskapa si inntektsramme blir basert på 30,0 % av eigne kostnader og 70,0 % av kostnadane til dei mest effektive nettselskapa. I dag er fordelinga 40/60. Utjamningstilskotet blir tilrådd vidareført. Dette er ei ordning der staten subsidierer enkelte nettselskap for å unngå urimeleg høg tariff. I statsbudsjettet for 2014 er det samla tilskotet blitt redusert frå 120,0 til 30,0 mill. kr. Vurdering: Kvinnherad kommune er eineeigar av Kvinnherad Energi AS som med 30 årsverk driv med kraftproduksjon, kraftdistribusjon, nettverksemd og kraftomsetnad. I tillegg kjem ansvaret for det lokale elektrisitetstilsynet, måling/ams og ulike investeringar. Selskapet eig i tillegg 80,0 % av aksjane i Kvinnherad Breiband AS med 5,5 årsverk, medan Fjelberg Kraftlag SA eig resten. Kvinnherad Energi AS har 6 861 nettkundar og er eit av dei mange selskapa som forsyner 10,0 % av nettkundane i landet. I fjor hadde energiselskapet og breibandselskapet ein samla omsetnad på 159,7 mill. kr, eit driftsresultat på 24,0 mill. kr, eit resultat før skatt på 20,9 mill. kr og eit overskot på 14,7 mill. kr. Totalkapitalen var på 324,1 mill. kr og eigenkapitaldelen på 95,9 mill. kr. Forslaget om endringar i inntektsrammemodellen kan bli store for mindre selskap når det skal innførast selskapsmessig og funksjonelt skilje. Konsernmodellen kan sjølvsagt nyttast, men når styre og administrativ leiing for nettselskapet ikkje kan delta i leiinga av anna verksemd, kan det bli vanskeleg å få til effektiv og rasjonell konserndrift. Krav om effektiv drift og pålegg om store investeringar tilseier også at eigar må flytte fokus frå utbytte til utvikling og drift av nettselskapet. Truleg vil dette føre til færre offentlege eigarar og til samanslåing av selskap i større einingar. For Kvinnherad kommune vil det neppe vere særleg smart å vente til ein ser kva som skjer. Signala frå sentralt hald tyder på at ein ved handsaming av rapporten vil freiste å få på plass ein struktur med større og meir robuste nettselskap. Dette tilseier at ein som eigar av eit mindre energiselskap vil kunne oppnå mest gjennom ei aktiv rolle. For kunne møte dei ulike krav som vil kome, bør ein starte sonderingar med tanke på å kjøpe opp eller å fusjonere med andre selskap i regionen. Vilkåret for å kunne lukkast med dette vil vere ein robust økonomi, og difor må det vere ein klar politisk vilje til økonomisk satsing på kraftbransjen. I så fall kan ein på sikt oppnå god avkastning på investeringane. Ein slik vilje var i mindre grad til stades då SKL-aksjane vart selde, og kanskje vil resultatet bli det same denne gongen. Eigarane av kraftbransjen ser ut til å bli stadig meir profesjonelle, og truleg vil Kvinnherad kommune side 3

denne utviklinga akselerere i åra som kjem. Dermed kan det etter kvart bli vanskeleg å hevde seg for mindre eigarkommunar. Dette tilseier at også sal av Kvinnherad Energi AS no må vurderast. Uavhengig av kva veg ein vel å gå, bør ein alt no gjere vedtak om å stanse med uttak av utbytte. Dette for å styrke Kvinnherad Energi AS økonomisk, noko som kan bli avgjerande den dagen ein sentralt har bestemt seg for kva som skal skje med organiseringa av distribusjonsnettet. Økonomisk konsekvens: 9,0 mill. kr mindre i utbytte frå Kvinnherad Energi AS kvart år i økonomiplanperioden og i åra som kjem. Andre økonomiske konsekvensar vil vere avhengig av om kommunen vil satse vidare eller om ein vel å gå for sal. Miljømessig konsekvens: Vil vere avhengig av kva val ein gjere i åra som kjem. Vedlegg: Nr. 1: Innspel frå Kvinnherad Energi AS. Nr. 2: Innspel frå Sunnhordland Kraftlag AS side 4 Kvinnherad kommune