Saksnr. Utval Møtedato 043/15 Formannskapet 18.06.2015. Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2016-2019 - utlegging til offentleg ettersyn



Like dokumenter
Saksnr. Utval Møtedato 042/12 Formannskapet Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 12/ K1-145 Jan Olav Møller,

Saksnr. Utval Møtedato 067/14 Formannskapet Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 14/ K1-141, K1-145 Steinar Søgaard,

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 005/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 107/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

HARAM KOMMUNE Sakspapir

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Saksnr. Utval Møtedato 010/14 Kommuneplannemnda

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Saksnr. Utval Møtedato 006/15 Formannskapet Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan oppstart av planarbeid

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Skodje kommune Teknisk avdeling

Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

Radøy kommune Saksframlegg

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Kvam herad. Sakspapir

Arkiv FE-140. Kommuneplan Planprogram arealdel - Offentleg ettersyn

MØTEPROTOKOLL. Os eldreråd. Møtestad: Rådhuset, rom 326 Møtedato: Frå: til

Saksnr. Utval Møtedato 010/15 Kommunestyret Reguleringsplan(detaljregulering) for Fretheimshaugane - del 2 - oppstart av planarbeid

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Saksnr. Utval Møtedato 003/16 Kommuneplannemnda /16 Kommuneplannemnda

Økonomiplan

Saksnr. Utval Møtedato 054/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: Arkivsaksnr.

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Britt Grimelid Menes Arnstein Menes Frode Bøthun Harald N. Offerdal

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Odd Kåre Wiik Arkivsak: 2012/775 Løpenr.: 12829/2016

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Aurland kommune Rådmannen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Oversyn over økonomiplanperioden

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 12/158 Løpenummer: 12/ Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

Kommunestruktur Prosjektplan - sonderingsfasen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige


Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Styre, råd, utval Møtedato Saknummer Sakshandsamar Formannskapet /17 MF Kommunestyret /17 MF

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Møteprotokoll for Kommunestyret

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 028/17 Formannskapet PS Kommunestyret 023/17 Levekårsutvalet PS

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. Utval Møtedato 008/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Jølster kommune Saksutgreiing

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

Arne Sunde H Aud Melås H Jannet Aksnes H Ingen vara Erling M. Nesbø AP Steinar Grønsberg AP Monica Gjesdal Larsen MDG John Håland MDG

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

Områdereguleringsplan Smiehogen Plan-ID vedtak

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 049/16 Formannskapet Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - L12 15/423

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 048/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

Saksnr. Utval Møtedato 155/16 Formannskapet Sakshandsamar: Johannes Myrmel Arkiv: Arkivsaksnr. 15/178-68

Granvin herad Sakspapir

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

EID KOMMUNE Eid råd for funksjonshemma HOVUDUTSKRIFT

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Formannskapet /11 Kommunestyret /11. Arkiv FE-143, FA-C22

Arbeidsprosess Kommuneplanen sin samfunnsdel

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

Granvin herad Sakspapir

OPPSTART AV KOMMUNEPLANARBEID OG OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM

Transkript:

AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 043/15 Formannskapet 18.06.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 15/42-15/4868 K1-143, K1-145 Jan Olav Åsarmoen Møller 57 63 29 73 12.06.2015 Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2016-2019 - utlegging til offentleg ettersyn Kort samandrag Administrasjonen har utarbeidd framlegg til kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan for 2016 2019, som kan leggjast ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring. Rådmannen si tilråding: Formannskapet vedtek at framlegg til kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2016-2019, vert å leggja ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring, i samsvar med Planog bygingslova 11-1 og 11-4, samt kommunelova 44. Plandokumentet omfattar: Driftsbudsjettet sine økonomiske rammer, jf side 15. Investeringar i perioden med finansiering, jf tabell side 23. Handlingsdel i planperioden jf side 28-55. 18.06.2015 Formannskapet Handsaming i møte: 4.2 Investeringar: Turveg Heggviki - Bøen - 500 i 2016 og 3 500 i 2017 og 4 000 i 2018 Kommentar i formannskapet: Kommunedelplan for fysisk aktivitet og folkehelse skal ha prioritet for å sikra søknad om og tippemidlar til kunstgrasbane, symjehall og turvegar. Opparbeiding av nye bustadfelt. Framlegg frå Noralv Distad: Nye bustadfelt skal opparbeidast straks reguleringplan er godkjent. 1

Aurland kommune gjennomfører planlegging av VA og anna infrastruktur og utarbeider anbodsdokument for opparbeiding. Vidare opparbeiding kan skje i kommunal eller privat regi. 4 røyster Framlegg frå Terje Horvei: Vidare opparbeid skjer i privat regi. 1 røyst Lån frå konsesjonsavgiftsfondet: Framlegg frå Noralv Distad: Det skal framleis vera høve til å yte lån frå konsesjonsavgiftsfondet. Samrøystes Framlegg frå Noralv Distad: a) Elevar frå Aurland som går på vidaregåande skule i Sogndal skal ha eit skysstilbod som gjev eit reelt val mellom å bu heime eller å bu på hybel. Samrøystes b)dagen båtrute kan kun erstattast av eit like godt eller betre tilbod. 2 røyster FS-043/15 Vedtak: Formannskapet vedtek at framlegg til kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2016-2019, vert å leggja ut til offentleg ettersyn og sendast på høyring, i samsvar med Plan- og bygingslova 11-1 og 11-4, samt kommunelova 44. Plandokumentet omfattar: Driftsbudsjettet sine økonomiske rammer, jf side 15. Investeringar i perioden med finansiering, jf tabell side 23. Handlingsdel i planperioden jf side 28-55. Formannskapet legg inn slike endringar i plandokumentet: 4.2 Investeringar: Turveg Heggviki - Bøen - 500 i 2016 og 3 500 i 2017 og 4 000 i 2018 Kommentar i formannskapet: Kommunedelplan for fysisk aktivitet og folkehelse skal ha prioritet for å sikra søknad om og tippemidlar til kunstgrasbane, symjehall og turvegar. Opparbeiding av nye bustadfelt. Nye bustadfelt skal opparbeidast straks reguleringplan er godkjent. Aurland kommune gjennomfører planlegging av VA og anna infrastruktur og utarbeider anbodsdokument for opparbeiding. Vidare opparbeiding kan skje i kommunal eller privat regi. Lån frå konsesjonsavgiftsfondet: Framlegg frå Noralv Distad: Det skal framleis vera høve til å yte lån frå konsesjonsavgiftsfondet. 2

Skuleskyss til Sogndal a) Elevar frå Aurland som går på vidaregåande skule i Sogndal skal ha eit skysstilbod som gjev eit reelt val mellom å bu heime eller å bu på hybel. Vedlegg: Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan - høyringframlegg Handlingsplan - næring Handlingsplan - veg og trafikktrygging Handlingsplan - helse og omsorg Handlingsplan - VA Interkommunale samarbeid Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m. - Plan- og bygningslova 11 Kommunelova 44 Kommuneplan for Aurland, samfunnsdel av 2007 og arealdel av 2009. Handlingsdel med økonomiplan 2014 2017, av 19.12.2013. Kommunal planstrategi 2012 2015, av 15.11.2012. Analyse- og utfordringsdokument, av juni 2012. Kommunedelplan for veg og trafikktrygging, av 07.03.2013. Evaluering av regionalt næringsfond Aurland Vik Voss, av mai 2013 Samfunns- og næringsanalyse for Aurland kommune, Menon 2012. Kommunedelplan for næring, av 19.06.2014. Kommunedelplan for helse og omsorg, av 18.09.2014. Hovudplan for vatn Kommunedelplan for klima og energi, av 16.12.2010. Utviklingsmelding for grunnskule, barnehage og kulturskule. Sakspapir 006/15 oppstart av planarbeid, med framdriftsplan. Utfordringsnotat til økonomiplanseminar 19.03.2015 Saksutgreiing Formannskapet gjorde i møte 29.01.2015, sak 006/15 vedtak om å starte opp rullering av kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan for perioden 2016 2019. Oppstart av planarbeid vart kunngjort i Sogn avis og på Aurland kommune si heimeside, og ulike instansar vart inviterte til å kome med innspel til oppstartsvedtaket. Frist for å kome med merknadar vart sett til 04.03.2015. Det vart gjennomført økonomiplanseminar 19.03.2015, der administrasjonen blant anna la fram økonomiske analysar og rekneskapet for 2014. I tillegg til kommunestyret og utvalsmedlemmane, var tenesteleiarane og tillitsvalde med. Det vart halde planverkstad i utvala 01.06.2015, der utvala kom med innspel til planarbeidet. I forkant av møtet vart det halde orientering om økonomiske rammer og framlegg til investeringar. 3

11-1 i Plan- og bygningslova set krav om at kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som seier noko om korleis planen skal fylgjast opp dei neste fire åra, og skal rullerast årleg. Økonomiplanen kan, etter kommunelova 44, vera ein del av handlingsdelen. For den årlege rulleringa av handlingsdel, jf 11-1, skal kommunen innhenta synspunkt/merknadar frå berørte statlege og regionale organ, og andre som har ansvar for gjennomføringa av tiltak i handlingsdelen. Kommuneplanen sin handlingsdel skal leggjast ut til offentleg ettersyn og høyring minst 30 dagar før kommunestyret si handsaming. Administrasjonen har i prosessen med økonomiplanen hatt gjennomgang med alle einingane vinter og vår 2015. Det har vore sendt ut arbeidsdokument til tenesteieningane om framlegg til reduksjon på 3% av brutto driftsutgifter. Tillitsvalde, statlege/regionale myndigheiter og lag/råd/organisasjonar har vore tilskrivne med invitasjon til å kome med merknadar til oppstart av planarbeidet. Dei politiske utvala har gjennomført økonomiplanseminar og planverkstad. Dersom formannskapet vil endre prioriteringane i planen, er det eit krav at kvart år i planperioden skal balanserast. Driftsrammer, investeringar og tiltak skal vere realistiske. Eventuelle store endringsframlegg bør sendast attende til administrasjonen for konsekvensvurdering. Økonomiske konsekvensar I planframlegget er det budsjettert ein styrking av disposisjonsfondet med til saman 5 mill kroner. Fondet vil då ha ei behaldning på 11 millionar kroner pr 31.12.2019. Ei målsetjing er at fondet skal ha ein grunnbehalding på 20 millionar. Det er i tillegg ei målsetjing å styrke konsesjonsavgiftsfondet, og skal ha ein grunnbehaldning på 20 mill pr 31.12.2019. Dette er i tråd med kommunetyret sine signal frå økonomiplanseminaret. Kontrollutvalet har si handsaming av Aurland kommune sitt rekneskap for 2014 bedt kommunestyre planlegge slik at fondsbehaldninga blir auka, og på den måten betre likviditeten i kommunen. Samla lånegjeld pr 31.12.14 var på 105,8 mill. kroner. I planperioden er det tilrådd å ta opp lån i samband med utbygging av vatn- og avløp på 12,2 mill. Slike investeringar skal vere sjølvfinansierande. I tillegg til dette er det tilrådd å ta opp lån på til saman 21 mill i planperioden til investeringar utanom VA. Med dei investeringane som ligg føre er det lagt opp til at den samla lånegjelda til investeringar i planperioden vil auke. Ein stor del av kommunen sine inntekter er kraftrelaterte. Desse inntektene har vore på same nominelle nivå over fleire år, og har dermed ikkje auka i takt med lønns- og prisvekst. Det er forventa ein liten reduksjon i desse intektene i planperioden. Dette må kommunen ta omsyn til i planlegginga. Dette betyr i realiteten eit årleg effektiviseringskrav i planperioden. I 2015 har kommunen budsjettert med kr 833 000 til disposisjonsfondet. Dette er svært lågt og kommunen har lite å gå på i høve driftsbudsjettet. Det er naudsynt med reduksjon i drifta i planperioden for å kunne møte dette. Det er svært krevjande å finne reduksjonstiltak i drifta, utan å gjennomføre strukturendringar. I planperioden er det lagt inn investeringar som skal føre til omstrukturering i drifta, som igjen vil gje reduserte driftsutgifter. Vurdering Dei økonomiske rammene for kommuneplanen sin handlingsdel 2016-2019 er bygd på vedtatt plan for 2015-2018, budsjett 2015, kjente grunnlagsendringar og kommuneproposisjonen 2016. 4

Merknadar til oppstartsvarselet: Statens Vegvesen og NVE har gjeve tilbakemelding om at dei ikkje har merknadar til saka. Aurland Pensjonistlag skriv at dei meinar det er behov for ein frivilljugheitskoordinator i kommunen. Aurland har frivillige lag, organisasjonar og enkeltpersonar som gjer ein god innsats, med det er behov for koordinering og få fleire med i arbeidet. Dette treng ikkje vera ein ny stilling, men kan eventuelt leggjast inn under ei stilling i kulturetaten. Dei ber OOK finne ei løysing som kan styrke friviljugheitsarbeidet og trivselen for dei eldste i kommunen. Kommentar: Rådmannen er samd i at frivilligarbeidet er svært viktig og viser til melding om frivilligarbeid som skal leggjast fram våren 2016. Det er ikkje rom for å auke tal stillingar i planperioden. Råd for menneske med nedsett funksjonsevne peikar på at dei ynskjer at eit terapibad skal bli ein del av oppgradering av symjehallen i Aurland. Det er ynskje om eit mindre basseng som erstatning for bassenget i Flåm. Rådet ber og om at det vert prioritert ei flytebrygge i 2015 med ei innretning som gjer at rullestolbrukarar kan kome seg om bord på ein trygg og god måte. Kommentar: Nytt terapibad vil bli vurdert i samband med detaljprosjekteringa ved renovering av symjehallen. Ulike løysingar og kostnadar vil bli synleggjort, slik at kommunestyret kan ta endeleg stilling til dette. Ut i frå den tilrådde investeringsramma er det ikkje teke høgde for at terapibad skal byggjast. Det skal likevell leggjast fram ein kostnadskalkyle for eit terapibad i samband med detaljprosjekteringa. Planverkstad i utvala 01.06.2015 Det vart halde planverkstad i utvala 01.06, der utvala kom med innspel til planarbeidet. I forkant av møtet vart det halde ein gjennomgang av dei økonomiske rammene og investeringsbudsjettet. Drift og eigedomsutvalet hadde fylgjande innspel: Drift: Ingen innspel til endringer Investering: DEU tilrår slike innspel til endringer: År: 2016 2017 2018 2019 Tiltak: (heile 1000) Kustgrasbane 2000 Turveg Heggviki- Bøen 4000 4000 Tilrettelegging næringsareal 1000 1000 1000 1000 Tiltaka vert finansiert ved låneopptak. Politisk (Ansvar 100) DEU rår til at det vert sett nærare på å slå saman DEU/PUT til eit utval. I tilknyting til dette må bør og delegasjonsreglementet vurderes endra slik at ein får flytta beslutninger ut til utvala. Kommentar: Høgt investeringsnivå må i tillegg til dei økonomiske rammene sjåast i samanheng med kapasitet i organisasjonen til gjennomføring av tiltaka. Kommunestyret vedtok ved handsaming av kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2015 2018 at utvalsstrukturen skulle liggja fast. Dersom kommunen skal sjå på utvalsstrukturen må dette sjåast i samanheng med forvaltningsrevisjonsrapporten og kontrollutvalet sine tilrådingar. Ei vurdering utvalsstrukturen må omfatte den heile organsiasjonen. Det vil seie både den politiske og administrative organiseringa. Rådmannen tilrår at nytt kommunen gjennomfører ein slik gjennomgang i starten på neste valperiode. 5

Plan og utvikling hadde fylgjande innspel: Plan og utvikling gjer slik prioritering, avgrensa til utvalet sitt ansvarsområde: Plan og utvikling ser at barnehagesaka krev store investeringsmidlar, og framtidig vedtak avgjer investeringsbehov. Plan og utvikling har forventning om at vidare saksbehandling av barnehagesaka får fram rimlegare løysingar. Plan og utvikling prioriterer opparbeiding av tomteland i Ty, tilrettelegging og prosjektering av bustadfeldt på Fretheimshaugane og skredsikring. Kommentar: Bustadprosjekta og sikring av bustadareal har høg prioritet. Formannskapet og kommunestyret vil ta stilling til val av modell for utbygging. Oppvekst, omsorg og kultur hadde fylgjande innspel: Utvalet har ingen konkrete framlegg til endringar, og viser til prioriteringar som er gjort i kommunedelplan for helse og omsorg. Kommunereforma: Innan juni 2016 skal det gjerast kommunale vedtak om samanslåing av kommunar. Kommunane har utgreiingsplikt, og det er utarbeida ein prosjektplan som skal sikre at kommunen aktivt deltek i reformarbeidet, sikrar brei medverknad samt eit forsvarleg utgreiingsarbeid. Kommunen har slutta seg til felles utgreiing med Vik og Voss, samt Sogn. Telemarksforsking er engasjert til å gjere utgreiingsarbeidet. I tillegg vil Aurland gjennomføre eigne utgreiingar. Modell for utbygging av bustadar: Den venta folketalsutviklinga i kommunen fører til eit behov for nye bustadar. Kommunen jobbar med bustadprosjekta på Fretheimshaugane, Ty, Furuly og har i tillegg Smiebakken som eit langsiktig prosjekt. Eit viktig vurderingstema som kommunen må gjere, er kva modell for utbygging av bustadfelta kommunen skal velje. Dette må kommunen konkret ta stilling til ved budsjett for 2016 i desember 2015. Kommunen må difor undersøke om det er marknad for privat ubygging i løpet av hausten 2015. Det ligg føre to modellar for utbygging. Alternativ 1: Aurland kommune gjennomfører planlegging av VA og anna infrastruktur og hentar inn anbod på opparbeiding, bygger ut dette og legg tomtene ut for sal. Det vil seie at tomtene vert lyst ut og det vert gjennomført loddtrekning av einebustadtomtene, dersom det meld seg fleire søkjarar enn tal tomter. Rekkehusområda kan lysast ut og seljast til ein eller fleire utbyggjarar. Alternativ 2: Aurland kommune legg bustadfelta ut for sal, ferdig regulert og overlet til utbyggjar å planlegge infrastruktur, opparbeiding og sal av tomtene. I planen er det skissert fordeler og ulemper med dei to alternativa. Til grunn for begge alternativa ligg sjølvkostprinsippet til grunn. 6

Slik planen no ligg føre er det lagt opp til at kommunen sjølv byggjer ut Furuly, medan Ty og Fretheimshaugane kan leggjast ut for sal. Alternativt kan kommunen byggje ut alle bustadprosjekta. For kommunen ligg det ein risiko knytt til bustadutvikling. Kostnadar til utbygging av infrastruktur skal finansierast. Det kan gå fleire år før alle bustadprosjekta er selt. Kommunen binder mykje kapital i denne perioden. Tidlegare har kommunen subsidiert bustadtomter. Rådmannen er noko usikker på om alternativ 2 er rett modell for utbygging. Dersom det syner seg å ikkje vera marknad for dette i Aurland, der det viktig at midlar vert innarbeidd i budsjettet som kommunestyret skal vedta desember 2015. Som ei direkte konsekvens av kommunestyret sitt vedtak om å busette flyktningar må kommunen engasjere seg i bustadmarknaden enten ved å kjøpe/leige bustadar eller ved å bygge. Det er lite truleg at det kjem mange nok relevante bustadar på marknaden. Klargjering av nye område for bustadbygging vil ta tid og krev investeringar. På sikt vil kommunen sine kostnadar bli dekt inn gjennom sal av tomter under føresetnad at dei blir selde til sjølvkost. Alle framtidige tomter bør seljast til sjølvkost. Aurland kommune har høge inntekter, men likevel dårleg likviditet. Gjennom dei prioriteringane som er føreslått i planen, vil kommunen betre likviditeten med om lag 40 mill. kroner i løpet av perioden. Både inntekter og utgifter i kommunen kjem i ulike periodar. Det er difor viktig å ha ein solid botnlikviditet for å kunne dekke dei daglege betalingsforpliktingane. Føresetnaden for dette er at kommunen hentar ut avkasting frå selskap som kommunen eig eller er medeigar i, gjennomfører føreslegne reduksjonar og endringar i drifta, og at kommunen held finansieringsplanen på investeringane. Det skal gjennomførast ein totalgjennomgang av spesialomsorga i kommunen. Det er lagt inn forventa reduksjon i kjøp av tenester frå andre. Mogelegheit for å redusere utgifter er knytt til planlagt investering i avlastingsbustad, personalbase og fellesareal for Vårdraum og Vetleli. Rådmannen følgjer opp vedtatt kommunedelplan for helse og omsorg ved å tilføre ekstra ressursar til tenestene. Rådmannen meinar det er riktig å avvikle skulebåttilbodet til elevar på vidaregåande skule i Sogndal, og at noverande kontrakt ikkje blir vidareført frå skulestart 2016. Grunnlaget for tilrådinga er at dette er ei fylkeskommunal oppgåve, styring av konsesjonsavgiftsfondet og styrking av kommunen si botnlikviditet. I tillegg har kommunen har no fått stadfesta at ferjetider vert endra på frå 01.01.2016, slik at elevane vil kome fram til skulestart. Rådmannen meinar kommunen er tent med ein gjennomgang av både den administrative og politiske strukturen. I denne evalueringa bør målsettinga vere å effektivisere sakshandsaminga og vitalisera kommunestyret. Dette er i tråd med nedfelte mål i kommuneplanen sin samfunnsdel. Ei anna målsetting med ein slik gjennomgang vil vera å rydde i uklare roller, og sikre god overordna kontroll med den kommunale forvaltninga jf komeunelova 24. Kontrollutvalet konkluderer i sin forvaltningsrevisjonsrapport om oppgåver og ansvarsfordeling, etikk og gildskap med at ein slik gjennomgang kan vere nyttig. I planverkstadar i utval for plan og utvikling og drift og eigedomsutvalet vart det peika på ei mogleg samanslåing av utvala til eit teknisk utval. Ved førre planvedtak valde kommunestyret å ikkje gå for ein slik gjennomgang. Rådmannen tilrår at det vert teke ei ny vurdering av poltisk og administrativ organsiering ved starten av ny valperiode. 7

Investeringar: Det er planlagd investeringar for om lag 126 mill. kroner i åra 2016 til 2019. Større investeringsprosjekt som er prioriterte i rådmannen sitt framlegg er: - Opparbeiding Furuly - Skjerdalsvegen 28 - Barnehage - Symjehall Rådmannen vurderar investeringsbudsjettet til å vera høgt, noko som vil bety lite rom for nye prosjekt i planperioden utan at andre prosjekt vert skyvd på, tekne ut eller finansiert gjennom låneopptak. Rådmannen meinar likevel at planen er realistisk med dei føresetnadane som ligg i finansieringa av prosjekta. 8