JØLSTER KOMMUNE Formannskapet Møtedato: 26.08.2008 Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 14:00 Møteinnkalling Varamedlemar Innkallinga vert sendt både til varamedlemar og ein del andre mottakarar til orientering. Varamedlemar møter berre etter nærare innkalling. Når du må melde forfall Dersom du ikkje kan møte, må du så snart som råd kontakte tenestekontoret (tlf 57 72 61 00 eller postmottak@jolster.kommune.no). Då kallar administrasjonen inn vara for deg. Når du er ugild i ei sak Det er kvar medlem som tek opp spørsmålet men utvalet sjølv som bestemmer om du er ugild. Dersom du meiner du kan vere ugild i ei sak, avklarar du med partigruppa/gruppeleiar om det er aktuelt med vara. Du finn meir om reglane om ugildskap i forvaltningslova 6-10. Sakliste Sak nr. Saktittel 042/08 Referatsaker 043/08 Budsjett 2008 - endringar august/september Jølster kommune Gerd Dvergsdal ordførar
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskapet 26.08.2008 042/08 SRØ Sakshandsamar: Svanhild Røkenes Referatsaker Vedlegg: Arkiv: FE-, FA- Arkivsaknr 08/736 Nr Dok.ID T Dok.dato Avsendar/Mottakar Tittel 1 08/2565 I 11.06.2008 Ordføraren i Opprop mot felles valdag Haugesund 2 08/2978 I 28.07.2008 Utlendingsdirektorate t Informasjonsdag om driftsoperatørrolla 3 08/2897 I 23.07.2008 Mattilsynet Ny dyrevernnemnd i Sunnfjord og Ytre Sogn 4 08/2709 I 27.06.2008 Kommunal- og regionaldepartemente t Høyring - forslag til endringar i Vallova og kommunelova 5 08/2994 I 15.07.2008 Utlendingsdirektorate t 6 08/3043 U 14.08.2008 Førde Kommune; Gaular kommune; Naustdal kommune Landsomfattende etablering av statlige mottak for asylsøkere Interkommunalt legevaktsamarbeid Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Referatsakene vert tekne til orientering. 2. Godkjenning av møteinnkalling og sakliste
Jølster kommune Saksutgreiing SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret AHE Formannskapet 26.08.2008 043/08 AHE Sakshandsamar: Arnar Helgheim Arkiv: FE-150, FA- Arkivsaknr 08/770 Budsjett 2008 - endringar august/september Vedlegg: Brev frå Fylkesmannen av 11.6.08 Kommunestyresak 007/08 Endring av driftsbudsjettet Kommunestyresak 008/08 Endring av investeringsbudsjettet Budsjettrundskriv for 2009 til tenesteleiarane Saksutgreiing: Bakgrunn: Som ROBEK-kommune, skal budsjettet godkjennast av Fylkesmannen. I brev av 11.6.08, konkluderer Fylkesmannen med at: ".Vi har føreteke kontrollen, og Jølster kommune sitt budsjettvedtak for 2008 er ikkje godkjent, jf. det som er omtalt at avdrag er budsjettert lågare enn lovpålagt minimumsavdrag". Som kjent, måtte vi gjere store endringar i budsjettet i vår. Rekneskapsresutlatet for 2007 og verknad av folketalsendringane gjorde at kommunen fekk ei ny salderingsutfordring på 4,2 millionar. Som følgje av dette, hadde administrasjonen ei grundig gjennomgang av budsjettet. Alle tenesteleiarane gjekk gjennom budsjettføresetnadane for sine område og det vart gjort vesentlege endringar i kommunestyresak 007/08. I k-sak 007/08, vart det gjort endringar i driftsbudsjettet og råmene for einingane. Gjennomgangen avdekka også naudsynte endringar som drog i feil retning og administrasjonen fann ikkje realistiske innsparingar for heile salderingsutfordringa. I tillegg til driftsendringane, vart det difor gjort framlegg om endringar innan finansielle føremål. Saman med auka budsjettert mva-kompensasjon, vart det gjort framlegg om reduksjon i avdrag på lån med 2,4 millionar. Dette var ikkje eit ønskjeleg tiltak men for å nå hovudmålsetjinga om å komme ut av ROBEK når rekneskapen for 2008 vart avslutta, såg ein det som naudsynt med ekstraordinære tiltak.
Det går fram av brevet frå Fylkesmannen at kommunen må auke opp att budsjetterte avdrag med 1,05 millionar for å få budsjettet godkjent. I så fall, blir det ståande att 1,35 millionar som verknad av avdragsutsetjing. Råme for endringar: Administrasjonen viser til k-sak 007/08 der det var gjort ein svært grundig gjennomgang av drifta og råmevilkåra for einingane. Vi ser det framleis som lite realistisk med generell innstramming utan at det samstundes er gjort klare føringar på konkrete tiltak eller driftsendringar. Eit viktig bakteppe for endringane må også vere at budsjettet skal vere realistisk som styringsreiskap. Rapportane hittil, viser at einingane framleis ikkje heilt har greidd å få drifta innanfor råmene. Arbeidet med dette held fram og formannskapet har gitt tydeleg uttrykk for at dette må ha første prioritet. Administrasjonen gjer framlegg om endringar som er reelle for resten av 2008 men samstundes gir lite varig verknad. Det er framleis behov for varige tiltak som reduserer driftsutgiftene over tid. Arbeidet med budsjett for 2009 og økonomiplan 2009-2012 vert venteleg svært utfordrande. Administrasjonen legg ikkje opp til store endringar i investeringsbudsjettet. I k-sak 008/08 den 29.4.08 vart det gjort ei omfattande endring. Svært mange av tiltaka vart utsett frå 2008 til seinare i økonomiplanperioden. Fylkesmannen skriv mellom anna følgjande om investeringsplanen: I høve opphavleg budsjett er investeringsbudsjettet redusert med om lag 18 mill. kroner. Men som Robek-kommune er det framleis lagt opp til omfattande investeringar. Konkrete endringar: Administrasjonen tilrår at kommunestyret gjer endringar i budsjettet basert på desse momenta: Vakanse i stillingar Det er pr i dag vakanse i 80% stilling innan næring og miljø og 100% stilling innan drift og kommunalteknikk. Administrasjonen ser det som urealistisk med inndraging av stillingane men legg opp til at det ikkje vert føreteke tilsetjing før dette året er omme. Forventa innsparing er kr 240.000 innan drift og kommunalteknikk og kr 126.000 innan næring og miljø. Denne endringa er med på å gjere at mindre del av inntekter frå eigedomsskatt går til vedlikehaldstiltak samanlikna med opphavleg plan for dette. Her er eit oversyn over bruken av midlane slik dei i tilfelle blir for 2008: Eigedomsskatt - bruk av midlar Budsjettert Etterslep vintervedlikehald 300 000 Vaktmeisterstilling 60% 212 000 Ingeniør vaktmeisterteneste 50% 220 000 Styrke brannvern (inkl. ingeniør 50%) 300 000 Styrke vedlikehald: 111 000 Sum tiltak 2008 (e-skatt) 1 143 000 Utsett tilsetting -240 000 Ny sum med utsett tilsetting 903 000 Heimetenesta - Vassenden
I samband med nye omsorgsbustadar, har det vore planlagt auka omfang i heimetenesta. Administrasjonen legg opp til at dette vert utsett. Forventa innsparing ca kr 200.000. Mva-kompensasjon Finansieringa av kunstgrasbana på Skei stadion inneber overføring av mva-kompensasjon frå drift til investering. Endra finansiering kan dermed styrke driftsbudsjettet. Pr i dag ser det ut til at det vil bli ubrukt over kr 300.000 på investeringsprosjektet omsorgsbustadar på Vassenden. Vi tilrår at dette beløpet vert overført til kunstgrasbaneprosjektet. Konsekvensen blir då lågare overføring frå driftsbudsjettet og dermed blir beløpet brukt til saldering. Refusjon - ressurskrevjande brukarar Det har vore fleire endringar på refusjonsordninga for ressurskrevjande brukarar. Pr i dag, er ordninga basert på eit innslagspunkt på kr 800.000. Av lønsutgifter over dette, dekker staten 85%. Vi har gått gjennom forventa utgifter og tilskot og ser at 2 av tiltaka får høgare refusjon og 1 får lågare refusjon samanlikna med budsjettet. Enkelttiltak Vassenden: Auka tilskot med ca kr 160 000 Enkelttiltak Førde: Auka tilskot med ca kr 200 000 Enkelttiltak Skei: Redusert tilskot med ca kr -176 000 Netto endring: Auka tilskot med ca kr 184 000 Skatt og råme og lønspott Som det går fram av brevet frå Fylkesmannen, kan vi forvente ca kr 600.000 meir i skatt og råmetilskot samanlikna med budsjettet. Administrasjonen rår til at dette vert sett av til å dekke konsekvensar av lønsoppgjeret. Oppsummering Administrasjonen legg med dette fram tilrådde endringar som er realistiske for 2008. I liten grad gir dei verknad for seinare år og utfordringane til kommande år vert framleis store. Ein konsekvens av nokre av tiltaka er også at positive marginar i budsjettet vert ytterlegare redusert. Utfordringane med å halde budsjettet blir dermed endå større enn vi har sett føre oss hittil. Vi meiner likevel at dette er eit opplegg som tek omsyn til at Jølster kommune både skal ha eit budsjett som kan godkjennast av Fylkesmannen og at budsjettet skal vere ein realistisk styringsreiskap. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Det vert gjort følgjande endringar i budsjett for 2008: Driftsbudsjettet Konto Ansvar Teneste Stad Endring Kommentar 17000 340 25400 331-160 000 Refusjon, enkelttiltak 17000 350 25400 351-200 000 Refusjon, enkelttiltak 17000 373 25400 360 176 000 Refusjon, enkelttiltak 10100 381 25400 380-200 000 Heimetenesta Vassenden 15700 400 38000 000-300 000 Redusert overføring til investering - kunstgrasbane 10100 620 19000 000-240 000 Drift/kommunalteknikk - stilling 10100 650 32500 100-126 000 Næring/miljø - stilling 14900 900 18000 000 600 000 Avsett lønspott
18700 900 80000 000-500 000 Auka råmetilskot 18000 900 84000 000-100 000 Auka skatteinngang 15109 900 87000 000 1 050 000 Auka avdrag 0 Sum endring i driftsbudsjettet Investeringsbudsjettet Konto Ansvar Teneste Prosjekt Endring Kommentar 02300 400 26500 169-300 000 Reduksjon av råme Vassenden omsorgssenter 09700 400 38000 186 300 000 Endra finansiering - kunstgrasbane på Skei 0 Sum endring i investeringsbudsjettet Dokumentliste:
Side 1 av7