Finnøy kommune Forvaltningsstyret Tilleggsinnkalling Møtedato: 24.01.2017 Møtestad: Formannskapssalen Møtetid: Kl. 09:00 Utvalsmedlemene vert med dette kalla inn til møte. Varamedlemene møter berre etter særskilt innkalling. Den som har lovleg forfall, eller er ugild i nokon av sakene, må melda frå så snart råd er på tlf. 51 71 47 00 eller på e-post: politisk.sekretariat@finnoy.kommune.no Finnøy 18.01.2017 Olav Halsne utvalsleiar Hilde Gunn Bjelde sekretær
Sakliste Sak nr. Saktittel 009/17 Gnr 15 Bnr 5 og 1 - Klagebehandling - Omdisponering av dyrka jord etter jordlova - Flesjå på Finnøy - Bjarte Austbø 010/17 Gnr 15 Bnr 5 - Klagebehandling - Dispensasjon fra kommuneplanen til lagerplass og lagerhall for betongelementer - Flesjå på Finnøy - Bjarte Austbø og Finnøy Betonga AS Side 2 av 8
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Silke Ullrich GBNR - 15/5 17/192 Saksnr Utval Dato 009/17 Forvaltningsstyret 24.01.2017 Gnr 15 Bnr 5 og 1 - Klagebehandling - Omdisponering av dyrka jord etter jordlova - Flesjå på Finnøy - Bjarte Austbø Vedlegg 1. Gnr 15 bnr 1 og 5 - omdisponering av dyrka jord etter jordlova - Bjarte Austbø - på Flesjå på Finnøy 2. GNR 15 BNR 5 - klage på kommunen sitt vedtak i sak 153/16 - omdisponering av dyrket areal 3. GNR 15 BNR 5 - merknad til klager på vedtak om omdisponering av jord etter jordlova og søknad om dispensasjon frå kommuneplanen til lagerplass og lagerhall for betongelementer Forslag til vedtak frå rådmannen: Kommunen tar ikkje klagen til fylgje, og opprettholder opprinneleg vedtak med ei ytterlegare presisering kva gjeld varighet på den midlertidige dispensasjonen: Forvaltningsstyre i Finnøy viser til administrasjonen sine vurderinger og konklusjon og gir i medhold av 1 og 9 i jordlova, løyve til midlertidig omdisponering i 10 år av 1,6 dekar overflatedyrka, 0.3 dekar fulldyrka og 0,3 dekar innmarksbeite på gnr. 15, bnr. 5 og gnr. 15 bnr. 1 til etablering av lagerplass og lagerhall for Finnøy Betong. Løyve blir gitt på følgende vilkår: Etter løyve om omdisponering av dyrka jord går ut eller når Finnøy Betong ikkje lengre har bruk for arealet skal arealet tilbakeføres til dyrka jord av opprinnelig kvalitet. Iverksetting av løyve til omdisponering av omsøkt areal trenger også dispensasjon fra kommuneplanen. For godkjenning av leieavtale mellom Bjarte Austbø og Finnøy Betong må det foreligge løyve til makebytte mellom Andreas Hesby og Bjarte Austbø som omfatter en del av arealet omsøkt omdisponert. Saka blir oversendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Klagen gis ikkje oppsettande verknad. Dette er eit avgjerd etter fvl 42 som er ein prosessledande beslutning, og kan ikkje påklagast. Side 3 av 8
Finnøy 17.01.2017 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Finnøy kommune har mottatt klage på vedtak om omdisponering av dyrka jord FOR 153/16 frå Ryger Advokatfirma på vegne av naboane Bjarte Arne Vestbø (eigar av gnr. 15, bnr. 69), Jan-Evan og Lourdes M. Vestbø (eigar av gnr. 15, bnr. 122) og Sturle Løvås (eigar av gnr. 15, bnr. 123). Punkt i klage I klaga er det hevda at utredning om arealet kan førast tilbake til jordbruksproduksjon er mangelfult. Det blir hevda vidare at jordsmonnet blir varig øydelagt også med omsyn til forureining frå betongverksemnda. Det er ikkje presisert i vedtaket kor lenge løyve til midlertidig omdisponering skal gjelde. Begjæring om utsatt iverksetting I klaga vert begjæring om utsatt iverksetting begrunna med at gjennomføring av tiltaket fører til store varige naturinngrep og at det vil føre til uforholdsmessige kostnader med tilbakeføring av arealet, under dette riving av eventuelt påbegynt byggverk. Byggearbeider er allereie i verk satt Vurdering Klaga kom inn i rett tid. Arealet kan førast tilbake til jordbruksproduksjon Omsøkt tiltak er midlertidig, men det ligg til grunn at dispensasjonen kan vidareførast etter 10 år. Det skal tilbakeførast dersom dispensasjonen ikkje blir forlenga. Kommunen har i samband med behandling av saka vurdert at det lar seg gjere å tilbakeføre arealet til overflatedyrka mark, og med dei inngrepa som dispensasjonen medfører. Lagerhallen som skal byggast av element som kan demonterast og setjast opp eit anna sted etter at den midlertidige dispensasjonen og omdisponeringa er gått ut. Den matjorda som er på arealet skal brukast til nydyrking av eit område på gnr. 16 bnr. 1. Dersom omsøkt areal skal tilbakeførast til dyrka mark etter den midlertidige omdisponeringa går ut, skal det leggjast på matjord som skal tas frå eit anna sted. Forureining frå betongverksemnd: Frå Miljødirektoratets Faktaark m-14/2013: Disponering av betong og teglavfall viser at dei fleste skadelege stoffer er påført betongen i etterkant på byggverket, og er ikkje i sjølve betongen som er på betongfabrikken (t.d. maling, fugemasse, avrettingsmasse m.m.). I sjeldne tilfelle kan det vere for høge konsentrasjonar av krom i betong for å kunne bruke betongen legalt som fyllmasse etter forureiningsforskrift. Finnøy Betong skal ikkje bruke grunnstoffer i betongproduksjonen som har høge konsentrasjonar av krom. Då er det ikkje fare for forureining grunn og det er mogleg å tilbakeføre arealet til dyrka jord. Varigheit Vi ser at vi ikkje var presise i vårt vedtak angåande varigheit av løyve til omdisponering. Løyve til midlartidig omdisponering av dyrka jord skal ha same varigheit som midlartidig dispensasjon frå Side 4 av 8
kommuneplanen for same arealet og formålet, dvs. 10 år. Begjæring om utsatt iverksetting Utgangspunktet er at vedtak etter jordlova, kan setjast i verk straks dei er treft og meddelt partane. Når eit vedtak er påklaga, kan likevel underinstansen bestemme at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klaga er endeleg avgjort, ut frå til forvaltningslova 42. Avgjerd vil måtte bero på eit heilskapleg skjønn basert på ein foreløpig vurdering av klaga og av dei ulike interesser og forhold knyta til sjølve klagesaka, sjå Ombudsmannens årsmelding 1985 s. 154. Bakgrunnen for regelen om oppsettande verknad er omsynet til rettstryggleik ved at den kan forhindre at gjennomføringa av vedtaket medfører uoppretteleg skade eller tap enten for tiltakshavar eller nabo. Det sentrale for vurderinga vil vere ein avvegning av dei fordelar og ulemper ein avgjerd om utsatt iverksetting vil gi. Omsøkt tiltak er i utgangspunkt midlertidig. Det skal tilbakeførast når den midlertidige omdisponeringa ender. Kommunen har i samband med behandling av saka vurdert at det lar seg gjere å tilbakeføre arealet til overflatedyrka mark. Det dreier seg her ikkje om eit irreversibelt tiltak. Etter ein foreløpig vurdering av klagen og klagesaka elles føreligg det etter administrasjonen sin vurdering ikkje manglar ved saksbehandlinga som tilseier utsatt iverksetting av vedtaket. Det er heller ikkje komt fram nye opplysningar i klaga med vesentleg betydning for det konkrete avgjerd. Vidare skal det visast til at utsatt iverksetting vil vere til ulempe for tiltakshavar, ved at byggearbeidet ikkje kan settast i gang før klagesaka er endeleg avgjort. Oppstart av byggearbeidet før klagesaka er ferdig behandla, skjer likevel på tiltakshavars eige ansvar. Tiltakshavar må sjølv bere tapet ved ein eventuell retting, dersom klaga blir tatt til fylgje. På dette grunnlaget rår administrasjonen til å ikkje gi oppsettande verknad på vedtaket til klagesaka er endeleg avgjort av Fylkesmannen. Dette er ei avgjerd etter fvl 42 er ein prosessledande beslutning, og kan ikkje påklagast. Fylkesmannen kan likevel på sjølvstendig grunnlag ta stilling til spørsmålet om oppsettande verknad i saka. Eventuelle førespurnader i denne samanhengen kan rettast direkte til Fylkesmannen i Rogaland. Konklusjon Det kom ikkje fram vesentlege nye punkt i klaga. Kommunen tar ikkje klagen til fylgje. Kommunen står fast på sitt tidlegare vedtak, med ein presisering om varigheit av 10 år på midlartidig løyve til omdisponering av dyrka jord. Vidare blir det lagt til vilkår om bruk av grunnsubstansar i betongproduksjonen som resulterer i betong med krominnhald lågare enn grenseverdig for fyllmasser etter forureiningslova. Saka vert oversendt Fylkesmannen for endeleg klageavgjerd. Klagen gis ikkje oppsettande verknad. Side 5 av 8
Saksframlegg Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Silke Ullrich GBNR - 15/5 17/193 Saksnr Utval Dato 010/17 Forvaltningsstyret 24.01.2017 Gnr 15 Bnr 5 - Klagebehandling - Dispensasjon fra kommuneplanen til lagerplass og lagerhall for betongelementer - Flesjå på Finnøy - Bjarte Austbø og Finnøy Betonga AS Vedlegg 1. Gnr 15 bnr 5 - Søknad om dispensasjon fra kommuneplanen til lagerplass og lagerhall for betongelementer på Flesjå på Finnøy - Bjarte Austbø, Finnøy Betong AS 2. GNR 15 BNR 5 - klage på Finnøy kommune sitt vedtak i sak 155/16 - søknad om dispensasjon fra kommuneplanen til lagerplass og lagerhall for betongelementer 3. GNR 15 BNR 5 - merknad til klager på vedtak om omdisponering av jord etter jordlova og søknad om dispensasjon frå kommuneplanen til lagerplass og lagerhall for betongelementer 4. FNR 15 BNR 5 - avslag på utvidet bruk av avkjørsler til Finnøy betong AS Forslag til vedtak frå rådmannen: Klagen tas ikkje til følgje, opprinneleg vedtak opprettholdes. Saka blir oversendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Klagen gis ikkje oppsettande verknad. Dette er eit avgjerd etter fvl 42 som er ein prosessledande beslutning, og kan ikkje påklagast. Finnøy 17.01.2017 Helene M. Ohm rådmann Saksopplysningar Finnøy kommune har mottatt klage på vedtak om dispensasjon til bygging av lagerhall og lagerplass til betongelement FOR 155/16 frå Ryger Advokatfirma på vegne av naboane Bjarte Arne Vestbø (eigar av gnr. 15, bnr. 69), Jan-Evan og Lourdes M. Vestbø (eigar av gnr. 15, bnr. 122) og Sturle Løvås (eigar av gnr. 15, bnr. 123). Finnøy kommune har også mottatt merknad til klage frå ansvarleg søkjar, Pro-plan AS. Punkt i klage Kommunen har ikkje satt krav om støykartlegging før igangsetjing av tiltaket som Side 6 av 8
kommuneoverlegen foreslår. Begjæring om utsatt iverksetting I klaga vert begjæring om utsatt iverksetting begrunna med at gjennomføring av tiltaket fører til store varige naturinngrep og at det vil føre til uforholdsmessige kostnader med tilbakeføring av arealet, under dette riving av eventuelt påbegynt byggverk. Det står vidare i klagen at vedtaket er truffet i strid med uttale frå Fylkesmannen og kommuneoverlegen og krev nye vurderingar. Brev frå statens vegvesen Kommunen har mottatt kopi av vedtak om utvida bruk av avkøyrsler til Finnøy Betong AS frå Statens Vegvesen. Det er Finnøy Betong AS som har søkt om utvida bruk av avkøyrsel til Statens vegvesen. Finnøy kommune legg til grunn at Finnøy Betong stiller seg til vedtaket og at dei til ein kvar tid har alle løyver som trengs på plass. Vurdering Klage kom inn i rett tid. Det kom ikkje fram nye punkt i klaga. Både uttale frå Fylkesmannen og frå kommuneoverlege var kjent og var med i vurderingane gjort da saka blei behandla for første gang. Det kommunale sjølvstyre tillater at kommunen går mot Fylkesmannen sitt uttale. I dette tilfelle har Fylkesmannen i Rogaland valt å ikkje klage på kommunen sitt vedtak. Krav om støykartlegging: Kommunen la til grunn at det føreligg støyrapport i denne saka. Støyrapporten er ifrå 2006. Men i samband med søknaden blei det redegjort for at omsøkt tiltak skal redusere støy. Kommunen legger derfor til grunn at den gamle støyrapporten er tilstrekkeleg. Vi har blitt kjent med at Finnøy Betong held på med å få utarbeidd ein ny støyrapport. Eventuelle overskridingar av lovelege støynivå og avbøtande tiltak for å kunne halde støynivået under dei lovelege grensar i den nye støyrapporten må tiltakshavar halde seg til. Kommunen går ut ifrå at tiltakshavar gjer dette. Begjæring om utsatt iverksetting Utgangspunktet er at vedtak i byggesaker etter plan- og bygningslova, kan setjast i verk straks dei er treft og meddelt partane. Når eit vedtak er påklaga, kan likevel underinstansen bestemme at eit vedtak ikkje skal setjast i verk før klaga er endeleg avgjort, ut frå til forvaltningslova 42. Avgjerd vil måtte bero på eit heilskapleg skjønn basert på ein foreløpig vurdering av klaga og av dei ulike interesser og forhold knyta til sjølve klagesaka, sjå Ombudsmannens årsmelding 1985 s. 154. Bakgrunnen for regelen om oppsettande verknad er omsynet til rettstryggleik ved at den kan forhindre at gjennomføringa av vedtaket medfører uoppretteleg skade eller tap enten for byggherre eller nabo. Det sentrale for vurderinga vil vere ein avvegning av dei fordelar og ulemper ein avgjerd om utsatt iverksetting vil gi. Omsøkt tiltak er i utgangspunkt midlertidig. Det skal tilbakeførast når den midlartidige dispensasjonen ender. Kommunen har i samband med behandling av saka vurdert at det lar seg gjere å tilbakeføre arealet til overflatedyrka mark. Det dreier seg her ikkje om eit irreversibelt tiltak. Lagerhallen som skal byggast skal byggast av element som kan demonterast og setjast opp eit anna Side 7 av 8
sted etter at den midlertidige dispensasjonen og omdisponeringa er gått ut. Det betyr at det er bare kostandane med grunnarbeidane og støyping av grunnplate som er tapte investeringar, men ikkje sjølve hallen. Den matjorda som er på arealet skal brukast til nydyrking av eit område på gnr. 16 bnr. 1. Når arealet omsøkt nå skal tilbakeførast til dyrka mark etter den midlertidige omdisponeringa går ut, må det leggjast på matjord som må tas frå eit anna sted i samband med byggearbeider som gjennomførast på det tidspunktet uansett. Etter ein foreløpig vurdering av klagen og klagesaka elles føreligg det etter administrasjonen sin vurdering ikkje feil ved saksbehandlinga som tilseier utsatt iverksetting av vedtaket. Det er heller ikkje komet frem nye opplysningar i klaga med vesentleg betydning for det konkrete avgjerd. Vidare skal det visast til at utsatt iverksetting vil vere til ulempe for tiltakshavar, ved at byggearbeidet ikkje kan settast i gang før klagesaka er endeleg avgjort. Eventuell oppstart av byggearbeidet før klagesaka er ferdig behandla, skjer likevel på tiltakshavars eige ansvar. Tiltakshavar må sjølv bere tapet ved ein eventuell retting, dersom klaga blir tatt til fylgje. På dette grunnlaget rår administrasjonen til å ikkje gi oppsettande verknad på vedtaket til klagesaka er endeleg avgjort av Fylkesmannen. Dette avgjerd etter fvl 42 er ein prosessledande beslutning, og kan ikkje påklagast. Fylkesmannen kan likevel på sjølvstendig grunnlag ta stilling til spørsmålet om oppsettande verknad i saka. Eventuelle førespurnader i denne samanhengen kan rettast direkte til Fylkesmannen i Rogaland. Konklusjon Det kom ikkje fram nye punkt i klaga. Kommunen står fast på sitt tidlegare vedtak. Saka må oversendast Fylkesmannen for endeleg klageavgjerd. Tiltaket er ikkje irreversibel. Klagen gis ikkje oppsettande verknad. Side 8 av 8