Skjema for eigenvurdering arbeidet med språk og språkmiljø i barnehagen I denne delen skal du vurdere påstandar om noverande praksis i barnehagen opp mot slik du meiner det bør vere. Du skal altså ikkje berre vurdere din eigen praksis, men praksis i hele barnehagen. Da må du ta utgangspunkt i dine eigne refleksjonar og vurderingar, og ikkje kva du trur dei andre meiner. Vurderinga skal markerast ved å hake av for eitt av alternativa: A: Praksis er tilfredsstillande B: Praksis bør bli betre C: Praksis må endrast D: Veit ikkje Du leverer inn skjemaet på den måten din styrar/leiar har forklart. Skjemaet skal ikkje ha namn, men fordi det kan vere vanskeleg for barnehagen å sikre total anonymitet, skal du ha gitt ditt informerte samtykke før innleveringa (jf. Personopplysningslova 2 og 8 som set vilkår for behandlinga av personopplysningar). Dersom du ikkje ønskjer å samtykkje til å levere inn skjemaet, kan du likevel fylle det ut og behalde det sjølv. Du kan da delta i refleksjonar og drøftingar med dette som utgangspunkt. Dine og dei andre tilsette sine refleksjonar og vurderingar vil på denne måten danne eit viktig grunnlag for å setje i gang nødvendige tiltak og pedagogisk utviklingsarbeid knytte til språk i din barnehage. Lykke til!
1 i Arbeid med språkmiljø og språkstimulering barnehagen A B C D Samtalar I vår barnehage trekkjer vi alle barna med i kvardagssamtalar. Vi legg til rette for gode samtalar mellom vaksne og barn i dagens rutinar og aktivitetar. I barnehagen oppmodar vi barna til å snakke om det dei tenkjer og føler. Vi i barnehagen er gode på å stille opne spørsmål til barna. I vår barnehage tilpassar vi samtalane til barnas alder og språklege nivå. Forteljingar I vår barnehage oppmuntrar vi barna til å fortelje om eigne opplevingar. Vi vaksne støttar eigne forteljingar med illustrasjonar og/eller konkrete saker. Vi vaksne bruker fantasi og humor når vi fortel for barna. I vår barnehage skriv vi ned nokre av barnas forteljingar. Aktivitetar og opplevingar Vi førebur barna med samtalar før vi skal oppleve noko saman. Vi bruker foto frå aktivitetar og opplevingar aktivt i samtalar. Vi bruker barnas minne og opplevingar frå turar aktivt i samtalar når vi er tilbake.» Sjå eit anna ark for å halde fram med punkt 1
» Framhald av punkt 1 A B C D Leik I vår barnehage deltek personalet aktivt i leiken med barna innadørs. Vi vaksne deltek aktivt i leiken med barna utadørs. Vi vaksne gir barn som treng det, språkleg støtte i leik. I barnehagen organiserer vi ulike typar leik for å involvere ulike barn. Bøker I barnehagen les vi ofte bøker med barna. I barnehagen les vi med barna i små grupper. I vår barnehage oppmodar vi barna til å delta aktivt språkleg når vi les bøker saman. I barnehagen snakkar vi med barna om bøker vi har lese. Ord og omgrep Vi snakkar om ord vi møter i kvardagen, og om kva orda betyr. Vi bruker konkrete saker og/eller illustrasjonar for å gi barna ei god omgrepsforståing når vi forklarer nye ord. Språkleg bevisstheit Vi leiker med ord og lagar tulleord i barnehagekvardagen. I barnehagen oppmuntrar vi barna til å lytte til lydar og rytmar i språket. Fleirspråkleg perspektiv I vår barnehage støttar vi barna i å bruke sitt morsmål. I barnehagen leiker vi med forskjellige språk, f.eks. gjennom song, rim og regler.
2 i Arbeid med dokumentasjon og vurdering av språk barnehagen A B C D Språkmiljø Vi vaksne diskuterer korleis vi best kan leggje til rette for å stimulere barna språkleg i alle kvardagsaktivitetar. For oss er barns medverknad viktig når vi skal skape eit godt språkmiljø. Enkeltbarnet I barnehagen observerer vi alle barnas språk og språkbruk i kvardagen. Vi vaksne reflekterer saman rundt observasjonar vi gjer. I vår barnehage dannar observasjonar og vurderingar eit utgangspunkt for å gi det enkelte barnet tilpassa språklege utfordringar. I barnehagen har vi god kompetanse når det gjeld bruk av observasjon og anna kartlegging av språk. I vår barnehage har vi tilfredsstillande rutinar for å oppbevare observasjonsskjema og andre kartleggingsdokument. 3 Vår kunnskap om språktileigning, fleirspråklegheit og språkforseinkingar/språkvanskar A B C D Vi som jobbar i barnehagen, har nødvendig kunnskap om korleis barn tileignar seg språk. I vår barnehage har vi nødvendig kunnskap om språktileigning hos fleirspråklege barn. Vi har kunnskap om språklege forseinkingar og språkvanskar.
4 om Samarbeid språk A B C D Foreldra blir tidleg involverte dersom vi meiner at eit barn har språklege utfordringar. Barnehagen har gode rutinar for å hente inn informert samtykke frå foreldra i samband med systematisk kartlegging. Vi samarbeider med tenester utanfor barnehagen om språkarbeid i barnehagen.
Mål og tiltak for pedagogisk utviklingsarbeid Skriv berre ned eit mål per ark. Bruk fleire ark dersom barnehagen skal setje i verk fleire tiltak. Mål Tiltak Ansvar Tidsperiode for tiltak Tidspunkt for evaluering Evalueringsmetode Vidare oppfølging (skal fyllast ut etter evalueringa)