Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2013/496-13 Kjartan Thoresen Saksgang Saksnr Utval Møtedato Forvaltningskomiteen Behandling klage dispensasjon - 5/3 - deling av eigedom - Ølve - Arne Preshus Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite tek klagen til følgje og gjev ikkje dispensasjon frå LNF i arealdelen til kommuneplanen eller PBL 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Planlagt deling og omdisponering frå LNF-område til fritidsbustad kan difor ikkje omsøkjast og handsamast i samsvar med PBL kap. 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Avslaget er heimla i PBL 19-2 då omsyna til dei interessene kommuneplanen skal ivareta vert tilsidesette og det er større ulemper enn føremon ved frådelinga. Saksutgreiing: Klagar: Fylkesmannen i Hordaland Historikk: Rådmannen fremja saka første gong 08.05.13 med negativ innstilling. Øyvind Utne m.fl la fram nytt forslag til vedtak som vart samrøystes vedteke den 08.05.2013: Kvinnherad forvaltningskomite gjev tilsagn om dispensasjon frå arealformålet LNF i gjeldande kommunedelplan samt pbl 1.8 om forbod mot tiltak i 100 beltet langs sjø og vassdrag, slik at ein 1 da stor parsell kan frådelast 5/3 som omsøkt. Parsellen skal nyttast til fritidshus. Tilsagn om dispensasjon er gjeve med heimel i pbl 19-2. Forvaltningskomiteen meiner at eit tilbaketrekt fritidshus på denne tomta ikkje vil koma vesentleg i strid med strandsoneverdiane og heller ikkje vesentleg i strid med landbruksformålet, då frådelinga er ein lekk i generasjonsskifte på garden. Før det kan gjerast endeleg vedtak, må saka sendast til berørte regionale og statlege styresmakter for uttale. Saka vart sendt på uttale til regionale styresmakter, der det kom negative uttalar frå Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland. Rådmannen fremja saka for andre gong, framleis med negativ innstilling. Forvaltningskomiteen snudde saka etter framsett forslag frå Øyvind Utne: Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 28.08.2013 side 1
Kvinnherad forvaltningskomite gjev dispensasjon frå arealformålet LNF i gjeldande kommunedelplan samt pbl 1.8 om forbod mot tiltak i 100-beltet langs sjø og vassdrag, slik at ein 1 da stor parsell kan frådelast 5/3 som omsøkt. Parsellen kan nyttast til fritidshus. Dispensasjon er gjeve med heimel i pbl 19-2. Forvaltningskomiteen meiner at eit tilbaketrekt fritidshus på denne tomta ikkje vil koma vesentleg i strid med forutsetningane i kommunedelplan og strandsoneverdiane. Eit fritidshus kjem heller ikkje vesentleg i strid med landbruksformålet, då frådelinga er ein lekk i generasjonsskifte på garden. Forvaltningskomiteen viser til Arne Presthus sin merknad til kommentarane frå fylkesmannen og fylkeskommunen vedkomande dispensasjonssøknaden, og meiner fordelene med dispensasjon er klart større enn ulempene. Fylkesmannen i Hordaland påklaga dette vedtaket 23.09.13. Rådmannen fremjar no klagesaka, og innstiller på å ta klagen til følgje. Behandling i Forvaltningskomiteen den 08.05.2013 Søkjar: Arne Presthus Søknad dagsett: 17.02.13 Figur 1: Oversiktskart, Presthus, Ølve. Om søknaden og eigedommen: Det er søkt om frådeling av ein 1 daa stor parsell frå gnr/bnr 5/3, Prethus i Ølve. Arealet er søkt omdisponert frå LNFområde til fritidsbustad. Søkjar har tidlegare fått to avslag (2004 og 2008) på same søknad på dette arealet. Figur 2: Omsøkt areal. side 2
Arealstatus og strandsone Arealet er kommunelpanlagt til LNF-område i gjeldande kommunedelplan for Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy. Omsøkt areal ligg og innanfor funksjonell strandsone. Denne er vurdert i samband med kommunedelplanarbeidet (2006 2011). Det er relativt store strandsoneverdiar i området, særleg når det gjeld friluftsliv og landskap (kulturlandskap). Figur 3: Kommuneplansituasjon og ortofoto. Nabovarsel Tiltaket er nabovarsla, det har ikkje kome merknadar. Regionale og statlege styresmakter Dersom forvaltningskomiteen gjer positivt vedtak, vert saka sendt på klagevurdering til Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland. Naturmangfaldlova Det er registrert eit lite areal med spesiell naturtype/biotop tett opptil omsøkt område (www.naturbase.no og www.artsdatabanken.no, 24.04.13. Arealet er definert som småbiotop som er lokalt viktig, utan at det går fram kva type biotop dette er. Kunnskapsgrunnlaget er relativt godt i dette området då det har vore eigne registreringar i samband med siste revisjon av kommunedelplanen (2006-2011). Kulturminne Det er registrert eit gravminne som er datert til bronse- eller jernalder om lag 40m frå omsøkt areal. Sjå kart ovanfor. Det er ikkje SEFRAKregistreringar som kjem i konflikt med omsøkt frådeling. www.kulturminnesok.no 24.04.13. Støy Ikkje relevant. Klimatilpassing Arealet ligg ikkje utsett til i forhold til ras eller havnivåendring. Veg, vatn og avløp Ikkje relevant. Aktuelle lovheimlar Tiltaket krev dispensasjon etter pbl 19-2 frå arealføremålet LNF i gjeldande kommunedelplan, samt 1-8 i PBL byggje- og deleforbod i strandsona mv. Dersom det skal gjevast dispensasjon må omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla Figur 4: Kart som viser registrert kulturminne og viktig naturmangfald. www.naturbase.no www.kulturminnesok.no til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. I tillegg må fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vurdering og grunngjeving side 3
Det er relativt store strandsoneverdiar i området, særleg når det gjeld friluftsliv og landskap (kulturlandskap), og det vil vera uheldig med ytterlegare privatisering av strandsona i dette området. Frådelinga kjem i tillegg i direkte konflikt med eit automatisk freda fornminne (gravminne frå bronse/jernalder), og truleg i konflikt med ein lokalt viktig biotop Saka har vore prøvd som enkeltsakt to gonger tidlegare, begge gonger med avslag, og slik administrasjonen ser det, har det ikkje kome fram nye moment i saka som tilseier at det bør bli opna for dispensasjon no. Søknad Behandling i Forvaltningskomiteen den 28.08.2013 Samandrag av uttale frå Fylkesmannen i Hordaland: Eigedomen ligg i strandsona og i eit område som i kommuneplanen sin arealdel er synt med arealføremålet LNF. Fylkesmannen si rolle i planprosessar etter plan- og bygningslova er å formidle nasjonal areal- og miljøpolitikk, og sjå til at denne politikken vert ivareteken i planarbeidet. Nasjonal areal- og miljøpolitikk går i hovudsak fram av St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Tiltaket ligg i eit område med store strandsonekvalitetar både i høve til rekreasjon og friluftsliv, men også når det gjeld kulturlandskap med kulturminner. Området inneheld også ein lokalt viktig naturtypelokalitet beståande av ein bergknaus med eldre eik og nokre kravfulle lavartar. Omdisponering til fritidsbustad vil byggje ned verdiar i området og vil bidra til å privatisere strandsona ytterligare. På grunnlag av verdiane i området rår Fylkesmannen i frå at det vert gitt dispensasjon for deling og omdisponering til fritidsbustad. Vi viser til at kommunen ikkje bør gje dispensasjon dersom regional styresmakt har uttala seg negativt til søknaden, jf. plan- og bygningslova. Dersom der likevel vert gjeve dispensasjon, ber vi kommunen sende vedtaket til Fylkesmannen for klagevurdering. Samandrag av uttale frå Hordaland fylkeskommune: I fylgje våre arkiv vil det omsøkte tiltaket komma i konflikt med kjende automatisk freda kulturminne. Det er åg potensial for fleire funn i nærområda rundt den omsøkte fritidsbustaden. Det ligg ein gravhaug, Askeladden id. nr. 66371, vel 30 meter nordaust for den omsøkt frådelte tomta. Det er og kjent fleire andre funn på garden, mellom anna tre gravrøyser frå bronsealder ved Stonganeset. Ølve kyrkje, Askeladden id. nr. 85903, som også er kyrkj estad frå mellomalder, ligg om lag 100 meter nord for den omsøkte frådelinga. Området langs med sjøen er forholdsvis intakt, om enn ikkje heilt uforstyrra. Det er m.a. bygt eit større kaianlegg i betong med oppdrag søraust for den omsøkte frådelinga. Hordaland fylkeskommune meiner likevel at ei ytterlegare nedbygging av området, med ei hytte på den omsøkt frådelte tomta, vil få ein dominerande verknad i dette opne kulturlandskapet, og vil i fylgje Kulturminneloven 3 virke utilbørleg skjemmande på gravminnet Askeladden id. nr. 66371. Me oppmodar difor søkjar om å finna ei eventuell alternativ plassering av hyttetomta. Me viser elles til Regionale retningsliner for forvaltning av kulturminne og kulturmiljø i Hordaland nedfelt i fylkesdelplanen for Kulturminne (1999-2010). Konklusjon: Hordaland fylkeskornmune rår frå at det vert gjeve dispensasjon til frådeling av tomt frå gnr. 5, bnr. 3 for bygging av hytte på Presthus i. Vi ber om å få sendt over vedtaket i saka for eventuell vurdering av klage, jf. Miljøverndepartementets rettleiar Kommuneplanens arealdel, T 1382. Administrasjonen si vurdering og grunngjeving Uttalane frå FM og FK er i tråd med dei vurderingane administrasjonen gjorde i saka før møtet 08.05.13. Det er relativt store strandsoneverdiar i området, særleg når det gjeld friluftsliv og landskap (kulturlandskap), og det vil vera uheldig side 4
med ytterlegare privatisering av strandsona i dette området. Frådelinga kjem i tillegg i direkte konflikt med eit automatisk freda fornminne (gravminne frå bronse/jernalder), og truleg i konflikt med ein lokalt viktig biotop Saka har vore prøvd som enkeltsakt to gonger tidlegare, begge gonger med avslag, og slik administrasjonen ser det, har det ikkje kome fram nye moment i saka som tilseier at det bør bli opna for dispensasjon no. Søknad Uttale Fylkesmannen i Hordaland Uttale Hordaland fylkeskommune Behandling klagesak, forvaltningskomiteen 06.11.2013: Samandrag av klagebrev frå Fylkesmannen i Hordaland: Fylkesmannen legg vekt på at det omsøkt arealet ligg i eit område med store strandsonekvalitetar både i høve til rekreasjon og friluftsliv, men også når det gjeld kulturlandskap med kulturminner. Frådelinga kjem i konflikt med lokalt viktig naturmangfald. Omdisponering til fritidsbustad vil byggje ned verdiane i området og vil bidra til å privatisere strandsona yttarlegare. Eigedomen ligg som ein del av eit samanhengande landbruksområde, der og ei frådeling som omsøkt vil føre til oppdeling av dette arealet. Utbygging basert på dispensasjonar vil gje uheldige konsekvensar for framtidig arealbruk i dette området. Sjå vedlagt klagebrev frå FM. Administrasjonen si vurdering og grunngjeving Uttalane frå FM og FK, og seinare klagen frå FM er i tråd med dei vurderingane administrasjonen gjorde i saka før møtet 08.05.13. Det er relativt store strandsoneverdiar i området, særleg når det gjeld friluftsliv og landskap (kulturlandskap), og det vil vera uheldig med ytterlegare privatisering av strandsona i dette området. Frådelinga kjem i tillegg i direkte konflikt med eit automatisk freda fornminne (gravminne frå bronse/jernalder), og truleg i konflikt med ein lokalt viktig biotop Saka har vore prøvd som enkeltsakt to gonger tidlegare, begge gonger med avslag, og slik administrasjonen ser det, har det ikkje kome fram nye moment i saka som tilseier at det bør bli opna for dispensasjon no. Søknad Klagebrev Fylkesmannen i Hordaland side 5