Saksprotokoll i Kommunestyret

Like dokumenter
Saksprotokoll i Formannskapet

Budsjett 2019 og økonomiplan

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Oversyn over økonomiplanperioden

FLEIRBRUKSHALL PRESTAGARDSSKOGEN. VAL AV HALLTYPE OG FINANSIERING

FORDELING AV BUDSJETTRAMMER, FORMANNSKAP OG KOMITEAR

Saksprotokoll. Det vert gjort følgjande endringar i tillegg til budsjettnotat nr 1 i punkt 1.

PS 89/12 ÅRSBUDSJETT 2013, ØKONOMIPLAN

Stord kommune Møteprotokoll

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Vågsøy kommune. Saksframlegg. Årsbudsjett Økonomiplan JournalpostID: 17/15053 Saksbehandlar: Henrik Skovly Dato:

Saksprotokoll. Sak: 84/18 SAKSPROTOKOLL - BUDSJETT 2019 OG ØKONOMIPLAN

PS 66/13 - ÅRSBUDSJETT 2014, ØKONOMIPLAN

Saksframlegg Valle kommune

Saksgang Møtedato Saknr 1 Formannskapet /17 2 Formannskapet /17 3 Kommunestyret

Saksgang Møtedato Saknr 1 Økonomiplanutvalet (Formannskapet) /16 2 Kommunestyret

Møteprotokoll Komité for oppvekst og utdanning

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/107 Formannskapet Kommunestyret

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

Forslag til kommunebudsjett 2019 og økonomiplan

Saksnr. Utval Møtedato 183/18 Formannskapet /18 Råd for eldre og funksjonshemma /18 Kommunestyret

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Formannskapet /15

Handsaming i Kommunestyret :

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 43/18 18/ gongs handsaming Felles plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

OPPSTART AV KOMMUNEPLANARBEID OG OFFENTLEG ETTERSYN AV PLANPROGRAM

SAKSPAPIR. Økonomiplan Vedlegg :

Arild Iversen, Krf, kom med fylgjande framlegg på vegne av Krf, H, Frp og Ferjelista: 1. Skattesatsen for eigedomsskatt i 2015 vert sett til 2

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar Rådhus Dato: Tid: 13:00 15:05

Saksnr. Utval Møtedato 174/17 Formannskapet Kommunestyret. Sakshandsamar: Anne Marie Mo Arkiv: K1-150 Arkivsaksnr.

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Offentleg møteprotokoll

Behandling i Formannskapet den FRAMSETT FORSLAG FRÅ: Arve Opsanger (AP) / Ole T. Holmedal (Frp) / Kjell Yri (V) / Marit E.

Forfall meldast snarast til Ann Elisabeth Nes ( ) eller tenestetorget ( ).

Budsjett 2018, økonomiplan , vedlegg til rådmannen sitt arbeidsgrunnlag av Rådmannen

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Sognefjord Hotel Møtedato: Tid: Tittel

Saksnr. utval Utval Møtedato 184/17 Formannskapet Kommunestyret

May Britt Vihovde(V) fremmet Venstre sitt forslag til budsjett 2013 og økonomiplan

Til å skriva under møteboka saman med fylkesordføraren vart Beate Husa og Terje Kollbotn valde.

Hovudutval Plan og Ressurs har behandla saka i møte sak 80/16

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0018/03 03/01168 BADEANLEGG I OS KOMMUNE 1

PS 71/11 - ÅRSBUDSJETT 2012, ØKONOMIPLAN

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: Tittel

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Formannskapet PS /17 Levekårsutvalet PS /17 Plan- og

Møteprotokoll Komité for oppvekst og utdanning

Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Magny Lundeberg Medlem AP Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP

Saksprotokoll. Arkivsak: 07/779 Tittel: PROTOKOLL: BUDSJETT ØKONOMIPLAN

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS

Budsjett 2017 Økonomiplan

TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET:

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Saksnr. Utval Møtedato 101/17 Formannskapet Kommunestyret 012/17 Administrasjonsutvalet

STRANDA KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

VINJE KOMMUNE MØTEBOK

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.:

KVAM HERAD - BUDSJETT 2012

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Siv Ragnhild Bjerga K /8073

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

SAKSFRAMLEGG. Budsjett 2019 og økonomiplan behandling i formannskapet

ÅRSBUDSJETT 2018 OG ØKONOMIPLAN

TYSNES KOMMUNE REGLEMENT FOR DELEGASJON TIL RÅDMANN

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato: Tid: 13:00

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Formannskapet Kommunestyret

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

KOMMUNEPLANENS HANDLINGSDEL MED ØKONOMIPLAN OG ÅRSBUDSJETT ARKIVKODE: SAKSNR.: SAKSHANDSAMAR: SIGN.: UTV.SAKSNR.

064/15: Økonomiplan

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Økonomireglement Delegering i budsjettsaker, rapportering og rekneskap Vedtatt av kommunestyret 14. november 2016

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

Rådet for eldre og funksjonshemma

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Utsendte saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Budsjett 2016 og økonomiplan _versjon

Saksframlegg. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 145 Arkivsaksnr.: 14/

Frivilligpolitisk plattform

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

2. Kommunestyret vedtek følgjande prinsipp for drifta i Volda kommune:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Møteprotokoll for Formannskapet

ÅRSMELDING 2015 NORDDAL EIGEDOMSSELSKAP KF

MØTEPROTOKOLL. Formannskapet SAKLISTE: 118/07 07/853 REGULERING AV HUSLEIGENE I KOMMUNALE BUSTADER

Transkript:

Saksprotokoll i Kommunestyret - 03.12.2009 77/09 - ÅRSBUDSJETT 2010, ØKONOMIPLAN 2010-2013 Vedtak: 1. Kommunestyret vedtek driftsbudsjett for 2010 og økonomiplan for åra 2011-2013 med desse endringane i høve til rådmannen sitt budsjettframlegg: Kommunestyret er bekymra for at rådmannen sitt forslag til inntekts- og formueskatt kan vera for optimistisk. Bekymringa er grunna i utsiktene for sannsynlege permitteringar i verkstadindustrien på Stord. Kommunestyret er vidare bekymra for at balansen i budsjettet er for svak sett på bakgrunn av kommunen sine investeringsplanar innanfor bl.a. skule og omsorg. Kommunestyret vedtek derfor å styrka budsjett (auka overskotet) med kr 3 135 000,- Kommunestyret gjer vidare vedtak om å auka kostnadssida med kr 2 515 000 ref framlagte forslag. Kommunestyret vedtek å finansiera tiltaka på til saman kr 5 650 000 som følgjer: Reduserte kostnader: Andre konsulenttenester kr. 500 000 Reinhaldstenester frå føretak kr. 1 000 000 Transport midtskyss kr. 700 000 Til disposisjon for komiteane kr. 300 000 Kurs/etterutd./skyss/kostgjerelse /andre reiseutgifter kr. 400 000 Samanslåing einingar kr. 300 000 Redusert lønsbudsjett kr. 750 000 Ostehøvel (unntatt KOU+KF) kr. 1 700 000 SUM kr. 5 650 000 Auka kostnader: Auka tilskot lag og organisasjonar kr 250 000 Auka tilskot SNU kr 225 000 Ryddeaksjon kr 100 000 Til disposisjon formannskapet kr 800 000 HMT-koordinator, kvalitetskomm.prosj. kr 625 000 Auka tilbod onsdagsklubben kr 150 000 Psykisk helse Hamna kontaktsenter kr 75 000 Førebyggjande helse, barn og unge kr 50 000 MOT for 10. klasse + 4 VOKT-arb. kr 240 000 SUM I kr. 2 515 000 Auka overskot kr 3 135 000 SUM II kr. 5 650 000

2. Kommunestyret vedtek investeringsbudsjett for 2010 og økonomiplan 2011-2013 med desse endringane i høve til rådmannen sitt budsjettframlegg: 2010 2011 2012 2013 Stord ungdomsskule kr 1 200 000 1 800 000 20 000 000 80 000 000 Fyrøya, reduksjon -kr 1 300 000 Langeland skule, reduksjon -kr 600 000 Nye dagplassar kr 500 000 PC ar til politikarane, reduksjon -kr 600 000 3. Kommunestyret vedtek budsjett for Stord kommunale kino slik det ligg føre. 4. Kommunestyret vedtek å ta opp kr 129 258 000 I lån i 2010 som serielån. Låneopptaket er fordelt slik: Til Stord vatn og avlaup KF kr 64 278 000 Til kommunale føremål kr 54 980 000 Til Startlån kr 10 000 000 Rådmannen får fullmakt til å gjennomføra låneopptaket 5. Kommunestyret vedtek å oppretthalda gjeldande trekkrett i DNB Nor med inntil 25 mill kr. Rådmannen får fullmakt til å disponera trekkretten. 6. Skatteøyre vert sett lik maksimal sats i samsvar med Stortinget sitt vedtak om kommunalt skatteøyre. 7. Kommunestyret vedtek satsar for gebyr og avgifter med verknad frå 1. januar 2010 slik det går fram av eige hefte Betalingssatsar for Stord kommune. Dette gjeld for: - Avgift for feiing og brannsyn - Avgifter for vatn, avlaup, renovasjon og slamtøming - Reguleringsgebyr - Gebyr for delingssøknader - Oppmålingsgebyr - Gebyr for byggjesak og tekniske installasjonar 8. Stord kommune vil i 2010 busetta 10 flyktningar. Familiesameiningar kjem i tillegg. 9. Rådmannen får fullmakt til å reorganisera den sentrale leiinga i kommunen i samband med nedtaket av ein kommunalsjefstilling, jf pkt 5.1.2 i budsjettkommentarane. Komiteane RHO og OOU skal ha kvar sin kommunalsjef som har komiteen sine politikk-område som hovudansvar 10. Kommunestyret vedtek oppstart av prosjekt nybygg/oppgradering Stord ungdomsskule. Planlegginga skal skje i nært samarbeid med Stord kommunale eigedomsselskap KF. Fylkeskommunen skal også involverast for å sjå på felles arealbruk, inkludert spesialbasar for utviklingshemma med stor hjelpetrong. Sidan revisjon av kommuneplanen kan innehalda nye bustadområde som framskundar behovet for ny barneskule i området Heiane/Kårevik, må investering i nye areal på Langeland Skule avventa endeleg vedtak til etter at kommuneplanen føreligg hausten 2010. Komité for oppvekst og utdanning skal godkjenna plan og budsjett for prosjekta. 11. Sagvåg og Litlabø barnehage sin avdeling på Litlabø vert lagt ned frå og med hausten 2010.

12. Rådmannen får fullmakt til gjennomføra utbygging av 21 bustader for personar med særskilde behov. To av bufellesskapa skal vera klar til å takast i bruk innan utgangen av 2010, medan dei to siste skal vera ferdig hausten 2011. ROH komiteen skal prioritera utbyggings rekkefølgjene av dei fira bufellesskapa. 13. Rådmannen får i oppdrag å utarbeida eit forprosjekt for bygging av nye sjukeheimsplassar. Forprosjektet skal godkjennast av Komité for rehabilitering, helse og omsorg. På møtet i januar 2010 vil komiteen få sak vedrørande kvar dei nye institusjonsplassane skal byggjas og framdriftsplan for desse. 14. Kommunestyret løyver kr.750 000 som tilskot til lag og organisasjonar, jfr. Frivilligmelding for Stord. Retningsliner for tildeling skal vurderast Det er eit sentralt mål for Stord kommune å optimalisere det frivillige engasjementet, då dette gjev positive ringverknadar for Stord-samfunnet. Det er difor viktig at tilhøva blir lagt best mogleg til rette for størst mogleg grad av frivillig innsats og aktiv deltaking i samfunnsutviklinga. 15. SNU vert tildelt eit driftstilskot for 2010 på kr 1.725.000 16. Kommunestyret vil behalda 4 VOKT-arbeidarar og starta MOT-prosjektet for 10. klasse frå skulestart 2010/2011. 17. Kommunestyret ønskjer å oppretta fleire dag- og aktivitetstilbod til yngre og eldre med behov for tilrettelagte aktivitetar. 1. Kommunestyret ber rådmannen vurdera kva som må til av ressursar og lokalitetar for å etablera eit ELDRESENTER, lokalisert på Leirvik. Prospektet skal seia noko om samarbeid med frivillige og evt andre aktørar. Saka vert å koma attende til i budsjettrevisjonen i 2010. 2. Tilleggsløyving for 2010 på kr 150.000 til onsdagsklubben. Kommunestyret føreset at rådmannen tek kontakt med nabokommunane om å vera med å finansiera tiltaket (spleiselag). 18. Stord kommune opprettar stilling som HMT-leiar/konsulent. Med bakgrunn i uttalte mål og visjonar innan arbeidsmiljørelaterte område og kvalitetsforbetrande tiltak vil det vere kostnadseffektivt å opprette ein 100% stilling (auke 60% frå nivået i dag) stilling med systemansvar for Helse, Miljø og Tryggleik (HMT). Ressursar vert å henta frå heile organisasjonen (ostehøvelprinsippet på driftsbudsjettet). Driftsstyret vedtek arbeidsområde og stillingsbeskrivelse etter forslag frå rådmannen. 19. Einingane skal som prinsipp dekke eigne straumutgifter, men ber rådmannen leggje fram sak om forslag til ordning som omhandlar konsekvensar ved auka straumpris og konsekvens ved endra straumbruk i forhold til budsjett. 20. Fyrøya tas ut av investeringsbudsjettet. Investerings- og driftsbudsjett skal vurderast på nytt etter at det er framlagt planar med dokumenterte budsjett i form av driftsavtalar med interesserte partar som på sjølvstendig basis kan driva Fyrøya basert på avtalar og retningsliner frå kommunen. Rådmannen får i oppdrag å forestå denne prosessen. 21. I samband med ny idrettshall i Nordbygdo er det ønskeleg at operasjonell drift av idretts- og kulturanlegg(kulturhuset og Vikahaugane Sportssenter) i kommunen vert samla og samordna under ein organisasjon/eining. Det vil vera naturleg at Stord kommunale eigedomsselskap KF overtek ansvaret for drifta av eigedomsmassen og at tilsette som er engasjert i drifta i dag heilt eller delvis vert overført til KF et. Kommunestyret ber Stord Kommunale Eigedomsselskap KF innan 30.03.2010 koma med framlegg til framtidige organisasjons- og driftsformer for idretts- og kulturanlegg i kommunen.

22. Kultur/idrett, kulturskule, bibliotek, mm. er i dag organisert i eigne einingar. Kommunestyret ber rådmannen innan 30.06.2010 koma med forslag om samlokalisering og samorganisering i ei felles kulturteneste under leiing av ein Kultursjef. 23. Kommunestyret ber Stord Kommunale eigedomsselskap KF å koma med innspel til: a. Betre utnytting av eigedomsmassen til kommunen b. Flytting omdisponering av areal c. Energisparing/tiltak for å arbeida mot å nå krava i miljø og energiplanen d. Leggja opp til større grad av brukarkontroll/påverknad i høve til kostnader e. Koma med innspel til kva eigedomar ein kan selja for å bruka salgsmidlane til ekstraordinært vedlikehald. 24. Aktivitets tilbod for personar med utviklingshemming. Kommunestyret vil i investeringsprogrammet for 2010 legge inn inntil kr 0,5 mill til vidare prosjekt- og planarbeid vedrørande nye dagplassar for personar med utviklingshemming. Dette med tanke på å få opp alternative løysingar til det som til no er lagt fram i komiteen. Tidsramme: haust 2010 25. Kommunestyret ønskjer å opne døgn drift på Rehabiliteringssenteret. Kommunestyret ber rådmannen utarbeide ei sak med sikte på at rehabiliteringsplassane ved Stord Sjukeheim vert flytta til Rehabiliteringssenteret innan 1. kvartal 2010 og med full målsetting om drift på senteret innan utgangen av året. Det er primært rehabilitering og kortidsplassar som skal etablerast her. Dette skal løysast innanfor budsjettrammene til RHO 26. Kommunestyret ber rådmannen legga fram sak om retningsliner for klassedeling med spesielt fokus på oppstart av 1. og 8. klasse. Saka må leggast fram i god tid før oppstart av skuleåret 2010/2011 27. Formannskapet får ytterlegare 800.000 på sin konto for å nytte til planoppgåver. Kommunen bør vera i forkant på mange område når det gjeld planar og planarbeid. Ein ber rådmannen fortløpande vurdere kva oppgåver som bør prioriterast for å stimulere til god næringsutvikling, trafikksikring, og generell utvikling i Stord. 28. Det vert sett av kr 100.000 til ryddeaksjon Reint Stord 2010. Pengane skal nyttast i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, Sentrumsforrening, Næringsforrening; Sagvåg Forum, m fl. NMK får framlagt forslag til organisering/bruk februar 2010. 29. Kommunestyret ønskjer ei utgreiing om Stord kommune sin driftsstøtte til fysioterapeutar i samanheng med budsjett 2011. Handsaming Habilitet: Under sakshandsaminga vart det stilt spørsmål til om Omar Zahl Pettersen, Sv hadde snakka seg ugild i saka og han forlèt plassen. Pettersen vart erklært ugild med 18 mot 16 røyster. Røysting: Pkt 1 29 Vedteke med 18 mot 16 røyster Driftsbudsjett for 2010 og økonomiplan for 2011 2013 med endringar Vedteke med 32 mot 2 røyster. ************ Dem, H, Krf, Sp og V la fram ny innstilling til pkt 1 29, slik den ligg føre i vedtaket.

************** OVERSENDINGSFRAMLEGG: Nils Tore Gram Økland, Ap kom med følgjande oversendingsframlegg: Til Komité for næring, miljø og kultur Kommunestyret oppmodar Komité for næring, miljø og kultur til å vurdera oppstart av arbeidet med busetnadsdelen av det lokalhistoriske verket i løpet av 2010 innanfor eige budsjett. Samrøystes vedteke oversendt Kommunestyret vedtek at prosjektgruppa for det lokale verket held fram med arbeidet sitt i 2010 med ei ramme på kr 50.000. Komiteen finn finansiering på eige budsjett. Samrøystes vedteke oversendt Til rådmann: Kommunestyret ber rådmannen i framlegget til budsjett for 2011 og økonomiplan for 2011 2014 visa korleis busetnadsdelen av det lokalhistoriske verket ev kan finansierast. Samrøystes vedteke oversendt Frp kom med følgjande oversendingsframlegg til driftsstyret: Fjerning av stillingsvern. Stord FrP meiner at stillingsvernet er negativt for et godt arbeidsmiljø og sikring av den beste organiseringa for kommunen. For å sikre at dei tilsette får best mogleg leiing må stillingsvernet for leiande stillingar i kommunen vurderast fjerna. Vedteke med 23 mot 11 røyster ************** Nils Magne Blålid, Sv kom med følgjande framlegg til budsjett: Budsjett Stord SV 2010 Reduserte investeringar: Politiker-PC Fyrøya Sum reduserte investeringar Auke investeringar: Lys i "Langelands-svingen Til fond Endringar driftsinntekter Auke finansinntekter Sal tomter og eigedom Reduserte konsulentutgifter Sum Næring, miljø og kultur, auka midlerlar Miljøvernleiar Auke støtte lag og orgnisasjonar Lokalhistorisk verk Støtte SNU 0,6 mill kr 0.250 mill kr 0,5 mill kr 1,3 mill kr 1,8 mill kr 0,5 mill kr 1,3 mill kr 6,0 mill kr 6,0 mill kr 0,5 mill kr 12,5 mill kr 2,850 mill kr

Oppvekst og utdanning, auka midlar Forbyggande helsevern Auke delingstimar og vikartimar Reduserte prisar SFO Auke til kulturskulen Drift Litlabø barnehage Vokt og mobstillingar Auka ressurs Leirvik skule pga store klassar 1,5 mill kr 0,35 mill kr 0,3 mill kr 0,35 mill kr 5,5 mill kr Rehab, helse og omsorg Helsefremmande og førebyggande arbeid Sum auka midlar drift Overskot 2,0 mill kr 2,0 mill kr 10,0 mill kr 2,5 mill kr Årlege konferansar i regionen innanfor miljø og universell utforming Gjenopprette Stord energi Litlabø oppvekstsenter må inn på langtidsbudsjettet Kurs for tilsett på tema miljø, energi, helsefremmande og førebyggande arbeid Universell utforming ved bygging av private bustadar, minst 75%. To stillingar med fagkompetanse for miljø/fornybar energi i SIM Satsing på døgn- og dagrehabilitering og rehabilitering i heimen. Omstilling av 10 mill kr innanfor eksisterande budsjett. Offentleg og private bygg skal byggast som "passiv-hus" for å oppnå lågare energiforbruk. Etablering av forvaltningskontor Framlegget fekk 2 røyst Andreas Larsen, Ap kom med følgjande framlegg: Budsjettframlegg 2010 - Stord kommune Driftsbudsjettet Verknad Kommentar Barnehageavdeling Litlabø 350 000 (0) 1 Styrka skulebudsjett kr 100 per elev til læremidlar 265 000 2 MOT-arbeid i 10. klassetrinn 80 000 3 Førebygging samhandlingsmidlar 780 000 4 Auka ramme SNU 200 000 5 Auka ramme VOKT-arbeidar 100 000 3 Busetnadssoge 125 000 Nedtrekk konsulentstilling rådmannens stab - 500 000 6 Nedtrekk overordna plan og utvikling - 200 000 7 Nedtrekk disposisjon komitéar - 500 000 Innsparing einingsindeling, vikarbruk RHO - 350 000 8 Straumutgifter overført til foretak 0 9 Endra saldering 0 Investeringsbudsjettet Dansegolv til kulturskulens bruk 300 000 10 Nedtrekk PC til politikarar - 500 000 11 Endra investeringsramme - 200 000

Kommentarar til budsjettet 1) I skulebruksplanen 2008-2015 er Litlabø-avdelinga av Sagvåg og Litlabø barnehage ein sentral del i Litlabø oppveksstenter. Arbeiderpartiet meiner plangrunnlaget krev framleis drift i avdelinga. Midlane vert å henta frå fondsmidlar, og påverkar difor ikkje salderinga av budsjettet. 2) Stord kommune bruker 41 % av landssnittet på undervisningsmateriell. Arbeiderpartiet meiner skuleborna skal ha oppdatert materiell, og legg inn ei auke på 100 kr per elev i tillegg til rådmannens framlegg om kr 150 per elev. 3) Arbeiderpartiet legg inn midlar til MOT-arbeid i 10. klassetrinn og VOKT-arbeidarar i ungdomsklubbane og skulane i alle oppvekstområder. Rusførebyggande arbeid med ungdom i denne aldersgruppa er eit viktig arbeidsområde for kommunen. 4) Arbeiderpartiet øyremerker kr 780 000 til førebygging. 5) Når leverandørindustrien går mot vanskelege tider er det svært viktig at Stord kommune held oppe arbeidet med næringsdiversifisering. Arbeiderpartiet vil difor ikkje kutta i midlane til SNU. 6) Stillinga vert å vurdera i budsjett for 2011. 7) Det er oppretta stilling som plan- og utviklingskonsulent, samstundes som det er stor kompetanse på området i rådmannens stab. Ekstern utgreiing må hentast innan kr 400 000. 8) Driftsstyret har vedtatt samanslåing av sonane i heimetenestene. Saman med felles vikarordning i omsorgstenestene gir dette ei innsparing i meir effektiv drift. Brukarane sine tenester blir ikkje råka. 9) Komité for oppvekst og utdanning ønsker endringa. 10) For å sikra dansetilbodet i kulturskulen ligg det inne kr 300 000 i investeringsbudsjettet til dansegolv i kommunal regi. Eininga kan nytta midlane tiltenkt leige av danselokale til auka gitarundervisning. 11) Arbeiderpartiet ser ikkje innsparinga i prosjektet. Verbalframlegg b) Kommunestyret ønsker ei utgreiing frå dei kommunale foretaka om prosessane rundt lønnsforhandlingar med dei daglege leiarane. c) Kommunestyret meiner rimeleg parkeringsavgift i Leirvik er viktig for sentrumsutviklinga, og opnar ikkje for avgiftsauke i 2010. d) Kommunestyret finn det urimeleg at Stord vatn og avlaup KF aukar den administrative staben med to årsverk, sett i samanheng med den venta avgiftsauken innan området. Innsparinga ved å ikkje tilsetje går til nedtrekk av avgifter til vatn og avlaup. e) Kommunestyret ber rådmannen greia ut betring av Almåsvegen innan budsjettvedtak 2011. Vegstandarden hindrar utbygging i Sagvågsområdet som føresatt kommuneplanen. f) Kommunestyret ønsker å flytta rehabiliteringsplassane ved Stord sjukeheim til Stord kommunale rehabiliteringssenter i løpet av fyrste kvartal. Det er ei målsetnad å ha full drift ved rehabiliteringssenteret innan utgangen av året. Framlegget fekk 8 røyster

Thor Gunnar Bjelland, Frp kom med følgjande framlegg: Reduksjonar i driftsbudsjettet : Anslag innsparing Ta bort betalte lunsjpausar 1.500.000,- - ca. 500 årsverk har ikkje tariffesta betalte matpausar. - Dette utgjør ca. 20 årsverk. - Innsparing av 4 stillingar pr. år. Reduksjon av Kulturskule tilbodet 400 000,- - Effektivisering / reduksjon av drift / auka inntekter. Feiing og brannberedskap 1.000.000,- - Eininga blir lagt inn under annan eining Avvikle avgiftsparkering i Leirvik Sentrum 450.000,- Tilrettel. / Bistand til Næringslivet 500.000,- 3.700.000,- Konkurranseutsette deler av : IKT 1.000.000,- Feiing 0,- Stord Kommunale kino 500.000,- 1.500.000,- Stillingsreduksjonar : Administrative stillingar 1.500.000,- Kulturtenester 500.000,- 2.000 000,- Flytting av kommunale kontor m.m. til eignebygg 1.000.000,- Totale reduksjonar i driftsbudsjettet 8.350.000,- Styrking av driftsbudsjettet : Oppvekst og utdanning 4.000.000,- - Lærebøker, - Delingstimar, - Vikartimar, - Vokt ordninga Styrking av MOT i Skulen også i 10 klasse 250.000,- Rehabilitering, helse og omsorg 2.000.000,- Opning av Rehab Senteret Litlabø Barnehage 350.000,- Døgnkassanering Stord Brannvesen 1.500.000,- Tilskot Lag og organisasjonar 250.000,- Total styrking av driftsbudsjettet 8.350.000,- Inntekt på sal av kommunale eigedommar 30.000.000,- Bygg og eigedommar som må vurderast selt : Fyrøya, Sunnhordlandskaien, Turnhallen, Teknisk Bygg, Kulturhuset og Kommunalt eigde bustader. Framlegget fekk 6 røyst Verbalframlegg: Ekstra inntekter inn som eigen budsjett post Stord FrP meiner at alle einingar der dette er naturleg skal ha ein eigen budsjett post for ekstra inntekter Dette skal sikre at det ikkje berre er et einsidig fokus på kostnadsreduksjonar i kommunal sektor. Mange av einingane i kommunen har moglegheit for å selje tenester til det private næringslivet i større grad en tilfellet er i dag. Framlegget fekk 6 røyster

Aktivt bruka lag og organisasjonar inn mot skule. Med bakgrunn i det svært gode arbeidet som lag og organisasjonar utfører i kommunen, bør ein vurdera nærare om lag og organisasjonar kan brukast meir aktivt til å utføre tenester innan skulesektoren m.m Framlegget fekk 8 røyster Offentlig privat samarbeid for ny skule i Kåreviks området. Stord FrP ynskjer at Stord Kommune ser på muligheit for bruk av Offentlig Privat Samarbeid for bygging av ny skule i Kåreviks området. Dette for snarast å skaffa nødvendig skulekapasitet for denne krinsen. Framlegget fekk 8 røyster