et medisinske fakultet Institutt for samfunnsmedisin EKSMENSOPPGÅVE KLH3002 Epidemiologi 1 Torsdag 9.6.2011 3 timar ntal studiepoeng: 7,5 Lovlege hjelpemiddel: Kalkulator ntal sider (inkludert framside): 6 NYNORSK Kontaktperson under eksamen: Pål Romundstad (tlf. 73597523, Mob. 99464909) Sensurfrist: 30.6.2011 Sensuren vert gjort kjent på internett: http://studweb.ntnu.no/ KLH3002 Epidemiologi I våren 2011 Page 1
Eksamen består av 21 oppgåver. v dei er 5 opne spørsmål. Sett ring rundt rett svar. ruk blå eller svart penn. et vert ikkje gitt minuspoeng ved feil svar. Om ikkje anna er spesifisert er det berre eitt rett alternativ pr oppgåve. Oppgåve 1 Prevalens av sjukdom er eit mål Som beskriv kven sjukdom kan ramme På førekomst av sjukdom ved eitt spesifikt tidspunkt Som beskriv personar sine tidligare sjukdomar På betre diagnosemetodar for sjukdom Oppgåve 2 Mortalitet Er eit mål på vanhelse Er insidens av død Er ein ratio Reduserast med aukande alder Oppgåve 3 Kva skjer med ein sjukdom dersom ein ny behandlingsmetode forhindrar død, men ikkje gir nokon kurativ effekt (ingen vert friske)? Insidensen til sjukdomen vil auke Prevalensen til sjukdomen vil auke Insidensen til sjukdomen vil minske Insidensen og prevalensen til sjukdomen vil minske Oppgåve 4 u ynskjer å finne ut om tran kan forhindre beinbrot. u intervjuar 25 000 menn og kvinner om deira forbruk av tran og følgjer dei deretter med tanke på om dei får beinbrot eller ikkje. Etter 10 år gjer du opp status og finn: 5,000 deltakarar tok regelmessig tran, dei er følgt i til saman 47 000 person-år, blant dei er det 160 som har fått eitt eller fleire brot i oppfølgingsperioden. 20,000 deltakarar tok ikkje tran, dei er følgt i til saman 175 000 person-år, blant dei er det 500 som har fått eitt eller fleire brot. Kva vert risk ratio for beinbrot blant tranbrukarane samanlikna med dei som ikkje brukte tran? 0,5 1,48 1,28 0,82 Oppgåve 5 Tyd svaret kort med ord KLH3002 Epidemiologi I våren 2011 Page 2
Oppgåve 6 Kva er insidensrate ratio for beinbrot blant tranbrukarar samanlikna med dei som ikkje brukte tran? 0,32 1,19 1,28 0,82 Oppgåve 7 u vil studere om folat målt i blod er knytt saman med førekomsten av merkelcellesvulstar i hud (ei særs sjeldan kreftform). Kva for ein studiedesign er best egna gitt at du har avgrensa ressursar til rådigheit? ase-kontroll studie Kohortstudie Randomisert, kontrollert forsøk Tverrsnittsstudie Oppgåve 8 u vil studere om søvnforstyrringar påverkar førekomst av tjukktarmskreft (ein relativt vanleg kreftsjukdom). Kva for ein studiedesign er best egna? ase-kontroll studie Kohortstudie Randomisert, kontrollert forsøk Tverrsnittsstudie Oppgåve 9 et finst observasjonsdata på at sjansen for å overleve er betre blant pasientar med prostatakreft som tar eit -vitamintilskot i tillegg til anna behandling. u ynskjer å svare på om -vitamintilskot forbetrar sjansen for å overleve prostatakreft etter at diagnosen er stilt. Kva for ein studiedesign er best egna for å få svar på dette? ase-kontroll studie Kohortstudie Randomisert, kontrollert forsøk Tverrsnittsstudie Oppgåve 10 Kva er den primære skilnaden i oppgåve 7 og 8? KLH3002 Epidemiologi I våren 2011 Page 3
Oppgåve 11 I ein prospektiv studie av 10 000 menn vart det funne ein relativ risiko på 1,2 for prostatakreft blant menn som hadde eit lavt inntak av grøne grønsaker (<1 grønsak/uke) samanlikna med menn som hadde eit høgt inntak av grøne grønsaker (>6 grønsak/uke) ved basisundersøking. Kva betyr dette? Risiko for prostatakreft er dobbelt så høg blant menn med lavt inntak av grøne grønsaker samanlikna med menn med høgt inntak av grøne grønsaker Risiko for prostatakreft er 20% høgare blant menn med lavt inntak av grøne grønsaker samanlikna med menn med høgt inntak av grøne grønsaker et er ingen samanheng mellom inntak av grøne grønsaker og prostatakreft fordi Relativ Risiko er veldig lav (1,2) Risiko for prostatakreft er 120 % høgare blant menn med lavt inntak av grøne grønsaker samanlikna med menn med høgt inntak av grøne grønsaker Oppgåve 12 Nemn kort minst tre kriterium som bør vere oppfylt før ein iverkset screening Oppgåve 13 (les teksten godt han er grunnlag for spørsmål 13-16) Ein har funne ein ny blodtest som med høgt sannsyn kan si om ein pasient har kreft i tarmen, testen har ein sensitivitet på 95% og ein spesifisitet på 90%. Effekten av blodtesten som screeningmetode for tjukktarmskreft har vore prøvd ut i ei gruppe pasientar ved sjukehuset si mage-tarmavdeling over 5 år (der prevalens av sjukdomen er ca 10 %). Resultata ifrå denne forundersøkinga er veldig gode. en positive prediktive verdien av testen er 50%. Screeningen vert så innført i 6 prøvekommunar i Trøndelag med til saman 20 000 innbyggjarar. Når ein gjer opp status finner ein følgjande: Totalt 80 personar fikk påvist sikker tjukktarmskreft etter screening og tilleggsundersøkingar. Kva er prevalensen av nyoppdaga tjukktarmskreft i desse 6 kommunane? Oppgåve 14 Kva er den positive prediktive verdi av testen i de 6 prøvekommunane? etre enn 50 % Uforandra (50%) 19 % <10% (3.7%) E Har ikkje nok opplysningar til å svare på dette KLH3002 Epidemiologi I våren 2011 Page 4
Oppgåve 15 Vis i tabell korleis du kom frem til svaret. Oppgåve 16 Forklar kva som skjer. Oppgåve 17 Røyking er sterkt knytt saman med lungekreft. a 1 av 11 som røyker vil utvikle lungekreft og 85% av dei som får lungekreft har røykt. Kva kan vi si om røyking som årsaksfaktor? Røyking er ei naudsynt årsak til lungekreft Røyking er ei tilstrekkeleg årsak til lungekreft Røyking er både ei naudsynt årsak og ei tilstrekkeleg årsak til lungekreft Røyking er verken ei naudsynt eller ei tilstrekkeleg årsak til lungekreft Oppgåve 18 Sett ring rundt riktig bokstav i kvar av setningane nedanfor kor eitt av følgjande uttrykk hører heime Epidemi Incidensrate Incidens andel ase fatality E Prevalens F Risikofaktor G Sjanse for å overleve (survival) Kva beskriv best sannsynet for at ein person utan hjarteinfarkt vil utvikle hjarteinfarkt i løpet av dei neste 5 årene ( E F G)? Kva beskriv best ein faktor som er relatert til sannsynet for å få ein sjukdom ( E F G)? Kva beskriv best delen som døyr i løpet av ein tidsperiode etter et sjukdomsutbrot (til dømes i løpet av fyrste året etter eit hjarteinfarkt) ( E F G)? Kva beskriv best med kva for ein fart nye tilfeller av hjarteinfarkt oppstår i ein populasjon ( E F G)? Kva beskriv best delen i ein populasjon som har ein tilstand (til dømes grå stær) ved eit tidspunkt ( E F G)? KLH3002 Epidemiologi I våren 2011 Page 5
Oppgåve 19 Tenk deg at du skal planlegge ein case-kontrollstudie for å undersøkje samanhengen mellom faktor X og ein sjukdom. Korleis bør fordelinga av faktor X vere i kontrollgruppa? E lle bør ha faktor X Ingen bør ha faktor X Tilsvarande nivå av faktor X som heile befolkninga som case er henta ifrå Same fordeling av faktor X som blant case a 10 % bør ha faktor X Oppgåve 20 u vel å studere faktor X i ei avdeling kor pasientar med er lagt inn ( case ) og vel kontrollar ifrå same avdeling blant pasientar utan sjukdomen. u risikerar no å introdusere ein bias i studien kvifor det? et kan vere ein samanheng mellom andre sjukdomar på same avdeling og faktor X slik at fordelinga i kontrollgruppa vert for lik den i case-gruppa Ingen pasientar på sjukehus er egna som kontrollar i en case-controll studie Studien kan ha verte konfundert av nivået på faktor X blant pasientar på avdelinga et kan vere en samanheng mellom faktor X og sjukdomen du studerer Oppgåve 21 I ein studie vart samanhengen mellom alkohol og kreft i munnhola undersøkt. Resultatet viste ein auka risiko for kreft i munnhola blant dei som drakk mykje samanlikna med dei som drakk lite (RR 3,0). Når du stratifiserer på røyking så finn du at samanhengen er 6,0 blant røykjarar og 2,0 blant ikkjerøykjarar. Kva er dette eit døme på? Effektmål modifikasjon konfundering Verken effektmål modifikasjon eller konfundering Seleksjonsbias KLH3002 Epidemiologi I våren 2011 Page 6