Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad «POSTNR» «POSTSTED» Saksbehandlar Ingo Bewer Tlf. direkte innval 53483323 Vår ref. 2012/1424-4 Dykkar ref. «REFDATO» Dato 19.06.2012 Særutskrift - Dispensasjon frå reguleringsplan - 152/100 - Sunde - SJØKANTEN helse & velvære Kvinnherad forvaltningskomité hadde vedlagte dispensasjonssak føre i møte 13.06.12 med vedtak nr 2012/94. Då saka ikkje hadde vore til uttale hos statlege og regionale mynder i samsvar med pbl kap 19, gav forvaltningskomiteen tilsegn om dispensasjon. Før det vert gjort endeleg vedtak, vert saka difor med dette sendt regionale og statlege mynder for uttale. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Kopi til: Ingo Bewer Mottakarar: Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 Bergen
Mottakarar: Side 2 Grete Karin Rørvik Rørvikveien 110 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 Bergen
Side 3 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2012/1424-3 Ingo Bewer Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2012/94 Forvaltningskomiteen 13.06.2012 Dispensasjon frå reguleringsplan for 152/100 - frå naust til næring - Sunde - SJØKANTEN helse & velvære Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev med heimel i pbl 19-2 ikkje dispensasjon frå arealføremålet naust til føremålet næringseigedom i gjeldande reguleringsplan Sunde båtlag, godkjent den 23.11.06. Forvaltningskomiteen meiner i samsvar med utgreiinga nedanfor at dispensasjon ikkje kan gis fordi hensynene bak føresegner og plankart det dispenserast frå og hensynene i lovens førmålsbestemmelse, blir vesentleg tilsidesatt. Avslaget er basert på at det skal leggjast vekt på konsekvenser for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit. Behandling i Forvaltningskomiteen den 13.06.2012 Bjarne Berge (H), Aud Presthus (H), Øyvind Lernes (H), Are Blokhus (V), Kari Blokhus (Frp) og Thorleif J Hellesøy (Frp) la fram ny innstilling: Kvinnherad forvaltningskomite gjev med heimel i pbl 19-2 tilsegn om dispensasjon frå reguleringsplan for Sunde båthamn slik at bruksendring frå naust til næring på 152/100 kan omsøkjast og behandlast i samsvar med pbl 20-1. Forvaltningskomiteen meiner at sidan arbeidet med den nye reguleringsplanen for Sunde sentrum er avslutta, lyt kommunen bruka dispensasjon på enkeltsaker for at utviklinga ikkje skal stoppa opp. Forvaltningskomiteen meiner også at det er tradisjon på Sunde med næring i naust. Det er eit vilkår for dispensasjonen at næringstiltaket på alle relevante område tilfredstiller krava i TEK10 Før endeleg vedtak, må regionale og statlege styresmakter gjevast mogelegheit for uttale i samsvar med pbl 19-1. Røysting: Bjarne Berge m.fl sitt forslag vart vedteken med 6 stemmer. Rådmannen si innstilling fekk 3 stemmer. Desse var Otto Benjaminsons (Krf), Svein A Einan (Ap) og Monica Lindseth (Krf).
Side 4 Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 13.06.2012 Kvinnherad forvaltningskomite gjev med heimel i pbl 19-2 tilsegn om dispensasjon frå reguleringsplan for Sunde båthamn slik at bruksendring frå naust til næring på 152/100 kan omsøkjast og behandlast i samsvar med pbl 20-1. Forvaltningskomiteen meiner at sidan arbeidet med den nye reguleringsplanen for Sunde sentrum er avslutta, lyt kommunen bruka dispensasjon på enkeltsaker for at utviklinga ikkje skal stoppa opp. Forvaltningskomiteen meiner også at det er tradisjon på Sunde med næring i naust. Det er eit vilkår for dispensasjonen at næringstiltaket på alle relevante område tilfredstiller krava i TEK10. Før endeleg vedtak, må regionale og statlege styresmakter gjevast mogelegheit for uttale i samsvar med pbl 19-1. Saksutgreiing Søkjar: Grete Karin Rørvik Mottatt: 09.05.12 Om søknaden og eigedommen: Det er søkt om dispensasjon frå naust til næring (Sjøkanten helse velvære). Dispensasjonssøknaden er grunngjeve med at Sunde har lang tradisjon for næringsvirksomheit frå naust. Ein dispensasjon vil bare krevje ein annen rominndeling for å kunne drive lønnsomt og praktisk og næringsvirksomheit vil kun vere på dagstid / ettermiddag, det skal ikkje vere døgnåpent. Naustet skal heller ikkje nyttast til overnatting. Arealstatus og strandsone Det omsøkte arealet er i gjeldande reg.plan Sunde båtlag (godkjent i Kvinnherad kommunestyre den 23.11.06) avsett til naustområde (sjå under naust/redskapshus). Nabovarsel
Side 5 Sunde Båtlag stiller seg positive til ein eventuell etablering av bedriften (sjå vedlegg). Ingen naboar er varsla. Veg, vatn og avløp. Det er ikkje gjeve opplysningar om dette i søknaden. Aktuelle lovheimlar. Den omsøkte tiltaket krev dispensasjon etter pbl 19-2 frå naustområdet i gjelande reguleringsplanen. Før det skal gjevast dispensasjon, skal det vurderast og leggjast vekt på konsekvenser for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit. Grunnar som kan grunngje ein dispensasjon vil i første rekkje vera knytte til areal- og ressursdisponeringsomsyn. Som døme kan ein nemna dei tilhøve der vurdering av arealbruken er endra etter at det vart utarbeidd plan, eller at tidsfaktoren tilseier at ein ikkje bør avventa ei planendring. Vurdering Administrasjonen kan ikkje sjå at det ligg føre grunnar til dispensasjon i denne saka. For det naustområdet ein ynskjer å dispensere frå, har det blitt gjennomført ein reg.plan. d.v.s. ein fullstendig prosess med utlegging, ny plankart, føresegner og politisk handsaming. Omdisponering vil motarbeide reguleringsplanen sin arealbruksintensjon. Ein dispensasjon frå naust til næring ser administrasjon i.h.t. gjeldande reg.plan som ingen god løysning. Ein har ikkje vurdert alternativer, næringsvirksomheit skaper behov for ny parkering og kundetrafikk, dette er ikkje utgreit. Mangel på naustområde i heile er dessutan eit faktum. Etablering av eit næringsbedrift i eit etablert naustområde kan skaper presidens. Vedlegg: Søknad Gjeldande reg.plan + føresegner Kopi til: Grete Karin Rørvik; Rørvikveien 110; 5450 Sunde i Sunnhordland