HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Folkestad skule 2011 1
Mål : Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø på skulen, fritt for mobbing. Planen bygger på 4 prinsipp: 1.Avdekke mobbing: - bevisstgjere lærarar, elevar og foreldre. - kva er mobbing? - mobbing/erting - sladre/seie ifrå - god kontakt med elevar og foreldre - fast inspeksjon med tydelege vaksne - årleg spørjeundersøking. 2. Problemløysing: I denne rekkjefølgja: - samtale med enkeltelev- fyrst med den som blir mobba, så mobbaren - kontakt med heimen - fyrst til den som blir mobba 3. Førebygging: - samarbeid skule/heim - foreldresamtaler, foreldremøter - F.A.U. - inspeksjon, - "sikkert område" - stadig ta problemet opp i klassene - inkluderande miljø, - fellessamlingar, - fellesdagar på tvers av klassetrinn - trivselsundersøkingar, -elevinspektørane, - elevsamtaler 4.Kontinuitet i arbeidet: - info. til heimen gjennom foreldremøte kvar haust, - og gjennom Folkestadposten - planen blir gjennomgått ved skulestart kvart år, både for tilsette og for elevar 2
INNHALD: 1.0 Avdekking av mobbing s. 4 2.0 Problemløysing av mobbesaker..s. 6 3.0 Førebygging..s. 7 4.0 Kontinuitet s. 10 3
1.0 Avdekking av mobbing Mål: Mobbing som føregår ved skulen vert avdekka Skulen sine prosedyrar for jamleg å ha tiltak for å oppdage mobbing av og blant elevar. I tilegg til prosedyrane set dei opp kva for ansvar ulike aktørar har i denne samanhengen. Aktuelle aktørar kan vere: Leiing, lærarar, andre tilsette, elvar og foreldre/føresette. 1.1 Årleg undersøking av omfanget av mobbing ved skulen Prosedyrar ved den årlege undersøkinga: Undersøkinga blir gjennomført i månadsskiftet oktober/november. Alle elevar på 2.-7. trinn deltek. Undersøkinga må gjennomførast på same tidpunkt for alle. Kontaktlærar gjennomfører undersøkinga. 1. klasse har elevsamtale der ein nyttar eit fast skjema som kan avdekke mobbing. Rektor har ansvaret for at undersøkinga vert gjennomføring og oppfølging. 1.2 Vakt og tilsynsordningar Sjekkpunkt for vakt og tilsynsorningar: 1. Alle inspektørar ber vest i sterk farge. Eigen plan for inspeksjon finns der dei ulike områda på skulen er konkretisera. Alle møter presis til inspeksjon. 2. Skulen har eit sikkert område. Her er det alltid ein vaksen person. Dette må elevane vite om. På vår skule er det sikre området mellom SFO-fløyen og administrasjonsbygget. Ansvarleg: Kvar inspektør er ansvarleg for at gjeldande inspeksjonsplan vert følgd. Den enkelte sitt ansvar ved vakt og tilsynsordningar: Inspiserande vaksne har ansvar for eit aktivt tilsyn i friminutta. Aktivt tilsyn er å forstå slik at ein førebyggjer konfliktar, uhell, mobbing og at ein oppsøker elevar og elevgrupper. I tilegg til dette har inspiserande vaksne ansvaret for at: Elevar som skader seg eller treng hjelp, får det. Inspiserande vaksne har ansvaret for eit nærare definert område. Ved uhell må ein annen vaksen overta dette området. 1.3 Kommunikasjon lærar-elev-føresette Sjekkpunkt: Den einskilde elev sitt arbeidsmiljø som utgangspunkt for å oppdage mobbing: 1. Vi tar opp mobbing i alle faste konferansetimar med elevar og føresette. Inn i årsplan Ansvarleg: Kontaktlærar 2. Mobbing blir tatt opp i faste elevsamtaler. Det er eit punkt i alle elevsamtaler som tek føre seg trivsel m.m på skulen Helsesyster blir kalla inn ved behov Timeplanlege timen/samtalen Ansvarleg: Kontaktlærar 4
3. Mobbing er tema på klasseforeldremøte. Inn i årsplanen PPT/helsesyster blir kalla inn ved behov Ansvarleg: Kontaktlærar 4. Vi tar opp mobbing som tema med alle føresette på felles møte ved skulen i samarbeid med FAU. Inn i skulen sin årsplan/årshjul og Folkestadposten Ansvarleg: Rektor 5. Mobbing er tema på klassemøter (elevar) Ansvarleg: Kontaktlærar 6. Mobbing er tema i elevrådet. Ansvarleg: Kontaktlærar for elevrådet- 1.4 Ved mistanke om mobbing Prosedyre når mistanke om mobbing er tilstades. 1. Skaffe informasjon gjennom observasjon. Kontaktlærar, inspiserande vaksne og andre tilsette. Helsesyster/PPT ved behov. Føresette, både til den som vert mobba og til mobbaren. Observasjonane skal loggførast straks. Ansvarleg: Kontaktlærar 2. Skaffe informasjon gjennom samtaler med antatt offer: Jfr prosedyre i Roland sin plan (video og skriftleg materiale). Helsesyster blir trekt inn i tunge tilfelle. Ansvarleg kontaktlærar. 5
2.0 Problemløysing av mobbesaker Mål: Skulen tar ansvar og initiativ for å stoppe mobbing. Dette blir gjort på måtar som i neste omgang førebygg mobbing ved skulen. 2.1 Prosedyrar ved skulen når mobbing er meldt eller avdekka. Når det blir avdekka mobbing, bør personalet informerast og problemløysinga må ta til raskt. Kontaktlærar skaffar seg faktainformasjon. I alvorlege tilfelle må rektor vere med. Der ein har eit klart bilete av mobbesituasjonen og dei involverte, vil vi i hovudsak fylgje desse prosedyrene. Kontaktlærar samtalar med den som blir plaga. Kontaktlærar samtalar med plagaren/plagarane. Dersom det er fleire som plagar, må samtalane med dei skje enkeltvis. Kontaktlærar (rektor) har oppfølgingssamtale med den som bli plaga. Kontaktlærar (rektor) har oppfølgingssamtale med plagaren/plagarane Kontaktlærar (rektor) har samtale med foreldre/føresette til den som blir plaga. Kontaktlærar (rektor) har samtale med foreldre/føresett til plagaren/plagarane. Ved alvorlege tilfelle har kontaktlærar (rektor) eit fellesmøte med foreldra/føresette til dei involverte. Innkallinga til dette møte bør skje skriftleg. Samtalane held fram til vi har funne ei løysing på problemet. Skulen støttar den som blir plaga og tek han på alvor og stiller krav til den/dei som plagar. Det er viktig at skulen har to personar som kan assistere kontaktlærar når det gjeld problemløysing. Desse personane må vere særleg godt inne i prisnippa for problemløysing slik dei er forklart i lærarrettleiinga til SAF sit program om mobbing. 2.2 Samarbeid med andre instansar ved mobbing. Dersom mobbinga er komplisert/vanskeleg å løyse, kan det vere aktuelt å trekke inn: FAU, helsesyster, PPT, Lillegården kompetansesenter og transportør (skuleskyss). Kontaktlærar i samarbeid med rektor tek kontakt med desse. Det er viktig med dokumentasjon, møtereferat, notat frå samtaler og liknande. Ansvar og oppgåver fordelast. Dersom elevar opplever at dei blir mobba av vaksne på skulen, bør dei kontakte rektor direkte. 6
2.3 Arbeid i etterkant av ei mobbesak. Samtale kvar veke med den som blir mobba Samtale kvar veke med dei som mobbar Arbeide med klassemiljøet; lage reglar Ta kontakt med heimane hugs å gje tilbakemelding og når det går bra Kontaktlærar er ansvarleg for dette. Etter at skulen har arbeidd med ei mobbesak, bør arbeidet evaluerast. Rektor er ansvarleg for at dette blir gjort. Fører evaluering til endring i planen, må dette diskuterast med alle tilsette. 3.0 Førebygging Mål: Alle elevar skal oppleve eit godt arbeidsmiljø 3.1 Relasjon lærar - elev Læraren er ein tydelig vaksen som eleven har tillit til. At læraren er sjefen Inspeksjon = aktiv inspeksjon At det er klare grenser At en viser elevane respekt At ein gjev positive tilbakemldingar Tiltak skolen set i verk for å hjelpe slik at det blir gode relasjonar mellom lærar og elev: Fast inspeksjon Lik forståing av klare reglar Elevsamtaler Konferansetimar Konsekvent i ord og handling Tid nok når eit problem oppstår 7
3.2 Relasjon lærar klasse/gruppe Lærar utøvar tydeleg leiing på ein slik måte at alle elevane opplever klassa/gruppa som ein trygg stad. At elevane kjenner skulen og klassa sine rutinar. Elevane er trygge på at lærarane er leiarane, og at dei er trygge på medelevane. Det er viktig at lærarane ser den enkelte eleven og er objektiv og positiv til eleven. Tiltak skulen set i verk for å få gode relasjonar mellom lærar og klassa. Få, men klare klassereglar. Tydeleg konsekvens ved regelbrot. 2 elevsamtaler i året som eit minimum og jamlege klassemøter. 3.3 Relasjon elev elev Elevane i klassa/gruppa tek vare på kvarandre og er opptatte av at alle har det trygt. Alle snakkar sant STOPP regelen blir respektert Alle har omsorg for kvarandre Vi respekterar at alle er ulike Ingen baksnakkar kvarandre Tiltak skulen set i verk for å stimulere til positive relasjonar mellom elevane: Fadderordning Aldersblanding Felles samlingar/sosiale arrangement Steg for steg Støttegrupper for integrerte elevar Elevråd/klasseråd Rask inngripen i situasjonar 3.4 Relasjon lærar føresette Relasjonen mellom læraren og kvar enkelt elev sine føresette er prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje. Ein open kontakt mellom heim og skule når det gjeld ros og ris. Alle foreldre/føresette blir møtt med same respekt. 8
Tiltak skulen set i verk for best mogleg samarbeid med heimane: Marknadsføre skulen, fortelje kva som skjer Sende gladmeldingar heim Foreldremøte Klassekontaktmøte Konferansetimar Folkestadposten Vekeplan Fredagstest med ei kort evaluering av veka som gjekk ( 4-7 kl) Foreldremedverknad i undervisninga Ved konflikt mellom lærar og føresett, involverar leiinga seg m.a. ved å hente inn fakta som gjeld saka og deltar i møter. 3.5 Skulen samarbeid med heimane Skulen har eit ope og aktivt samarbeid med dei føresette som gruppe. Skulen og FAU arbeider aktivt saman og har tillit til kvarandre. Viktig å arbeide mot eit felles mål. Tiltak skulen set i verk slik at samarbeidet med heimen har høg kvalitet og elevane får eit godt læringsmiljø: Klasseforeldremøte/storforeldremøte Eit aktivt FAU Sommaravslutning for alle Fjelldag Felles turdag Trivselsplan for kvar klasse (klassekontaktene bør utarbeide denne). 3.6/3.7 skulestart/klasse -/gruppestart Skulestarten skal være forutsigbar, trygg og gje alle elevar ei positiv oppleving. Eleven føler seg velkommen til skulen God informasjon og rutinar før skulestart Nye elevar som kjem til i løpet av skuleåret må føle seg velkomen Tiltak skulen set i verk for å sikre ein god skulestart for enkelteleven: God og tidleg informasjon til foreldre. Gjerne med opplysning om kontaktlærar/lærarar Fadderordning for 1.klasse Alle 1. klassingar får eit personleg brev frå skulen kort tid før skulestart Foreldremøte for ny 1.klasse haldast om våren før skulestart Samle alle elevar ved skulestart Gjennomgang av skulen sine reglar kvart år 9
3.8 Overgang mellom barnehage skule og mellom skuleslag Elevane skal kjenne seg trygg når dei kjem frå barnehagen til skulen, og seinare når det gjeld overgang til andre skular. Klar informasjon til elevar og føresette i god tid. Tiltak skulen set i verk for å sikre ein god overgang for enkelteleven: Konfidensiell informasjon blir utveksla på leiarnivå Overgangsmøter mellom barnehage-skule-helsestasjon (eige årshjul ferdig våren 2011) i mars april månad og skule/u.skule i januar månad. Bli kjent dagar 3.9 Sikring av arenaer som skulegard, toalett, gymnastikkfløy, SFO og skuleveg Skulen har prosedyrer og sjekkpunkt som gjer skulegarden, toalett, gymnastikkfløy, SFO og skuleveg blir opplevd som trygge stader. Fast inspeksjon med tydlege vaksne Tiltak skulen set i verk for å få ein trygg skulegarden, toalett, gymnastikkfløy, SFO og skuleveg for enkelteleven: Aktiv oppfølging av vaksne Sikkert område Vestar Bussvakt Samarbeid med transportør (skuleskyss) 4.0 Kontinuitet Mål: Skulen sitt arbeid med å førebyggje, avdekke og stoppe mobbing føregår kontinuerlig Den som oppdagar mobbing seier frå til kontaktlærar. Rektor blir informert når handlingsplanen blir brukt i mobbesak. Notat/referat leverast rektor i alle mobbesaker. Planen blir gjennomgått ved skulestart kvart år både blant tilsette og elevar. Rektor er ansvarleg for dette. 10