HARAM KOMMUNE Sakspapir Utval Møtedato Saksnr Saksbeh. Fast utval for plansaker 13.12.2012 055/12 Per Langnes Avgjerd av: Fast utval for plansaker Arkiv: L12 Arkivsaknr 12/806 Fv. 659 - Nordøyvegen - Delområde 4 - Fjørtofta Motsegn frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal Framlegg frå Rådmannen: Det faste utvalet for plansaker vil halde fast på det framlagte reguleringsplanforslaget for fv. 659, Nordøyvegen over Fjørtofta. Utvalet vil derfor be om mekling med fylkesmannen i Møre og Romsdal i saka. Jfr. pbl. 5-6. Statens vegvesen vil utarbeide eige brev der ein gjer nærare greie for dei alternative vegtraèane og dette vil danne grunnlag for meklinga. Vedlegg: Fråsegn til offentleg ettersyn - Motsegn Statens Vegvesen: Oppfølging av motsegn frå fylkesmannen i Møre og Romsdal Kart Saksutgreiing: Det faste utvalet for plansaker behandla i sak 36/12 framlegg til reguleringsplan for fylkesveg 659 Delområde 4 Fjørtofta. Det vart gjort slikt vedtak: Det faste utvalet for plansaker vedtek å leggje framlegg til reguleringsplan m/ føresegner og planomtale for del av Fv. 659 Nordøyvegen ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova 12-10. Vedtaket omfattar delområde 4: Fjørtofta I tråd med vedtaket har planforslaget vore lagt ut til offentleg ettersyn. I tilknyting til dette har fylkesmannen i Møre og Romsdal reist motsegn til planforslaget. Motsegna er reist ut i frå omsyn til at hubro er klassifisert som ein sterkt truga art i Norsk Raudliste, og at ein internasjonalt er forplikta til å ta vare på arten og leveområda. Det vert vist til utgreiingar som viser at vegalternativet i planforslaget vil ha stor negativ verknad for hubro på Fjørtofta. Veglinja vil skjere gjennom heile territoriet og
vere negativt for alle dei kartlagde funksjonselementa frå Burberget til Ramsberget. Fylkesmannen meiner at det er stor risiko for at hekketerritoriet vil gå ut av bruk. Etter fylkesmannen si vurdering er ikkje krava i naturmangfaldlova 12 om vurdering av alternativ oppfylt, og Statens Vegvesen vert derfor beden om å utgreie alternative linjeføringar utan konflikt med hubro. Inn til det ligg føre plandokument med vurdering av alternativ som kan likestillast med ei ordinær konsekvensutgreiing, vil fylkesmannen og knyte motsegna til manglande konsekvensutgreiing. Statens Vegvesen har vurdert motsegna frå fylkesmannen. Det har og tidlegare vore halde eit møte med fylkesmannen der representantar frå Statens vegvesen, samferdselsavdelinga i fylkeskommunen, leiaren i samferdselsutvalet og ordføraren i Haram deltok. Dette møtet vart halde 4. oktober der problemstillinga rundt avbøtande tiltak i forhold til hubroen på Fjørtofta vart drøfta. Fylkesmannen varsla på dette møtet at dei truleg ville kome med motsegn til planforslaget slik dei hadde varsla i tidlegare brev. I etterkant av møtet har vegvesenet vurdert alternative løysingar, og har kome fram til to moglege alternativ som er omtalt i vedlagte brev, og vist på vedlagte kart. Begge alternativa vil etter vegvesenet sine kostnadsrekningar gi ein ekstrakostnad på 49 millionar kroner. Fylkesmannen har og bede vegvesenet om å sjå på eit sørleg alternativ over Fjørtofta. Etter synfaring på staden har ein imidlertid funne det vanskelig å finne eit eigna tunnelpåhogg. Ein har då utelatt Ramsberget som tunnelpåhogg på grunn av konflikten med hubroen. Tunnellengde og veglengde vil ved eit sørleg alternativ bli vesentleg lenger, og kostnadane vil tilsvarande auke ytterlegare ut over dei kostnadane ein har kome fram til ved dei nordlege alternativa. Det vert og vist til mange andre konflikter i dette området som ein ikkje har hatt tid og økonomi til å få kartlagt og utgreidd vidare. I høve manglande konsekvensutgreiing (KU) for reguleringsplanen viser vegvesenet til den tilleggsutgreiinga som er utarbeidd, og meiner at planomtalen og tilleggsutgreiing langt på veg vil reparere manglande konsekvensutgreiing (KU) Til slutt i brevet ber vegvesenet om at Haram kommunen behandlar saka i planutvalet den 13. desember 2012. Det vert oppmoda om at kommunen held fast på framlagt planforslag, og be om mekling med fylkesmannen. Statens vegvesen vil i eige brev gjere nærare greie for alternative vegtrasèar over Fjørtofta. Vurdering: I og med at det er reist motsegn til planforslaget så kan ikkje kommunen eigengodkjenne planen. Problemstillinga er knytt til lokalisering av hubro, og at denne er klassifisert som ein sterkt truga art i Norsk Raudliste. Ein må derfor vurdere alternative vegløysingar der omsynet til hubro vert ivaretatt. Det er imidlertid ikkje lett å finne eigna alternative løysingar som kan nyttast. Fjørtofta er relativt flat, og med få område som kan nyttast til tunnelpåhogg. Sjølv om vegvesenet viser til to alternative løysingar, så er ikkje desse løysingane problemfrie og gjer store inngrep i terrenget. I tillegg vil desse løysingane medføre ein større auke i kostnadane med prosjektet. Vegvesenet vil i eige brev gjere nærare greie for dei alternative trasèane, og på dette grunnlag bør kommunen følgje opp og be formelt om ei mekling med fylkesmannen.
Rådmann Per Langnes Leiar Stab/støtte