VEDLEGG A KRAVSPESIFIKASJON
Innhald 1. Innledning... 3 1.1 Krav til svar... 3 1.2 Omfang... 3 2. Krav til leveransen... 3 Vedlegg A Kundens kravspesifikasjon Side 2 av 5
1. Innleiing 1.1 Krav til svar Heile konkurransegrunnlaget skal sjåast på som krav det skal agerast på. Dette betyr at Oppdragsgjevar tek for gitt at Tilbydar set seg inn i alle delar av konkurransens dokument, både den merkantile delen og den funksjonelle (dette dokumentet). Det leggast vekt på at tilbydar svarar eksplisitt dei krav som er satt og at alle referansar følgjer konkurransedokumentas oppbygging. 1.2 Omfang Rammeavtale skal inngåast med ein leverandør som kan levere eit bredt utval av mobiltelefonar og tilleggsutstyr i tråd med nedanståande kravspesifikasjon. Aktuelt tilleggsutstyr kan vere hands-free, deksla/skydd, berevæsker, batteri, lader m.v. Rammeavtalen omfattar mobiltelefonar (enkle og avanserte mobiltelefonar), tilhøyrande originalt og uoriginalt tilleggsutstyr for dei tilsette i HFK med avtale om telefoni samt service på leverte mobiltelefonar og tilleggsutstyr. Hordaland fylkeskommune har mellom 400 og 500 mobilabbonement i dag. Ein reknar ein utskiftingstakt på ca. 30 % kvart år. Hordaland fylkeskommune har nyleg inngått avtale med TDC om levering av mobiltelefonitenester. Registrering av SIM-kort og oppretting/endring av abonnement vil bli utført av HFK/TDC. Alle mobiltelefonar skal difor leverast ulåste/opplåste, uavhengig og ubundne av teleoperatør. Rammeavtalen omfattar ikkje telefonabonnement eller telefoni-/datatrafikk. Rammeavtalen omfattar ikkje levering av nettbrett. 2. Krav til leveransen Mobiltelefonar og teknologi er i stadig utvikling. Den einskilde brukar hos Oppdragsgjevar stiller ulike krav til funksjonalitet. Rammeavtalen skal difor ikkje vere bunde opp til eit bestemt utval av telefonar og utstyr. Et viktig formål med avtalen er å legge til rette for effektiv og hensiktsmessig handtering av reparasjonar i og utanfor garanti, slik at skadevirkningane av å være utan sin telefon minimeras for brukarane. I dette ligg også ynskje om løysingar for lånetelefonar. Det er også viktig å legge til rette for effektiv og hensiktsmessig logistikk i form av prosesser, rutinar, verktøy og vilkår for handtering av nytingingar og reparasjon. Leverandør skal tilby eitt kontaktpunkt/person for generelle henvendingar/rådgjeving frå brukarane. 2.1 Leverandør skal gje ein oversikt/skildring av sortimentsbredde og -dybde. 2.2 Leverandør skal til ein kvar tid tilby eit bredt utval av modeller med operativsystema ios, Android og Windows slik at Oppdragsgjevar har valfridom. Som minimum skal det verte tilbydd: - Ein variant med ios operativsystem, versjon 6 eller nyare - Tre variantar med Android operativsystem, versjon 4 eller nyare - To variantar med Windows operativsystem, versjon 8 eller nyare - Ein variant av «enkel» (ikkje smarttlf) - Ein variant med trykktastar (kan vere smarttelefon eller enkel modell) Vedlegg A Kundens kravspesifikasjon Side 3 av 5
2.3 Leverandør skal tilby ekstrautstyr som kan leverast til dei tilbydde mobiltelefonane. Dette kan innehalde, men ikkje avgrensa til: - Batteria - Ladarar - Beskyttelses deksel - Hovudsett med leidning - Hovudsett handfritt - Bilmonteringssett Leverandør må gje ein oversikt over kva fabrikat og modeller som vert tilbydd. 2.4 Det er ynskjeleg at andre mobiltelefontypar og tilleggsutstyr som er tilgjengeleg i bedriftsmarknaden er mogleg å tinge via varekatalog. 2.5 På førespurnad skal leverandør vere til hjelp med å råde Oppdragsgjevar om eit passande utval av mobiltelefonar og tilleggsutstyr. 2.6 Leverandøren skal vederlagsfritt tilby produktrelatert rådgjeving knytt til bruk av utstyr. 2.7 Produkt med radiosender og mottakar skal oppfylle de til ein kvar tid gjeldande krav til stråling o.l. frå nasjonale som f.eks. Statens strålevern og internasjonale myndigheter som ITU. 2.8 Produkta skal i størst mulig utstrekning oppfylle norsk regelverk, inkludert: Forskrift om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter (Produktforskriften av 2004-06-01 nr 922) 2.9 Tilbydde produkts miljøprofil skal kort beskrivast. 2.10 Leverandøren skal skildre korleis reparasjonshenvendingar handterast. Spesielt skal det skildras korleis det leggas opp til at tid frå mottatt defekt telefon til utsending av ny/reparert telefon minimerast. Følgjande scenarier ynskjast skildra: - Mista telefon i vatn - Knust glas - Teknisk feil på telefon - Stelt/mista telefon - Tilbod om lånetelefon Det er ynskjeleg at Leverandøren har eit kontaktpunkt som alle brukarar kan nytte ved behov for reparasjon av mobiltelefon. 2.11 Leverandøren skal beskrive sitt system for «Pickup & Return» service av produkta i og utanfor garantitid; primært knytt til reparasjon av mobiltelefoner. Det vert lagt spesielt vekt på at leverandøren kan garantere kort tid frå innsending av telefon til brukaren har ny/reparert telefon tilgjengelig. Vedlegg A Kundens kravspesifikasjon Side 4 av 5
2.12 Leverandøren skal beskrive vilkår og rutinar for service av produkta utanfor garantitid samt annen betalbar reparasjonsservice. 2.13 Leveringstider og leveringsmåte for bestillingar med normal- og hasteprioritet skal beskrivast 2.14 Normal garantitid skal beskrivast, og bør være minst eitt år for utstyr. 2.15 Omfanget av ytingar og evt. avvik i garantiperioden skal beskrivast. 2.16 Dersom det avdekkast alvorlige feil eller manglar ved et produkt i garantitiden, skal leverandøren utan ugrunna opphald erstatte dette med et nytt mangelfritt produkt dersom Kunden krev dette (omlevering). 2.17 Garantitiden starter frå den dato produktet er levert Kunden. 2.18 Priser skal være konkurransedyktige samanlikna med leverandørens normale marknadsprisar til bedriftskundar av tilsvarande omfang. For øvrig skal Kunden gis beste vilkår, f eks ved kampanjar o.l. Nye produkter som introduseras i avtaleperioden, og som naturlig omfattast av Rammeavtalen skal underleggast dei same prisreglar som beskrive for den aktuelle utstyrskategori 2.19 Leverandørens prismodeller skal være etterprøvbare, og Leverandøren skal sikre konsistens mellom dei prinsippa for prising som leggast til grunn og dei prisar som konkret vert tilbydd under rammeavtalen 2.20 Leverandøren skal beskrive i kva grad Kunden eller oppnemnt tredjepart kan verifisere at tilbudde priser er i samsvar med prismodellen 2.21 Priser skal gjevast eks. mva utan valutaforbehold og fritt levert kundens lokasjon 2.22 Det er ikkje ønskelig at Leverandøren krev betaling eller gebyr på servicevurdering eller reparasjonsforsøk. Vedlegg A Kundens kravspesifikasjon Side 5 av 5