SUND KOMMUNE Dok.dato: 07.02.2011 Vår Ref: 2011000275-1 Arkiv: N-211 Fysisk aktivitet og helse Natur, miljø og teknikk Drama, musikk, film og forming Språk Overgang barnehageskule Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar 2010 2013 Alle barn skal kjenne seg trygge og trivast, og bli ein del av eit stimulerande miljø for læring og utvikling. Side 1 av 14
Sund kommunale barnehagar Plan for kvalitet og kompetanse 2010-2013 Små føter store steg Side 2 av 14
Innhald: Side: Innleiing..4 Kompetanseutvikling. 4 Kvalitetsutvikling...6 Pedagogiske grunnsyn og visjon:..6 Barns medverknad.7 Satsingsområde..7 Satsingsområde tiltaksplan 8 Side 3 av 14
Innleiing: Det vert jobba kontinuerleg med kvalitet i Sund kommunale barnehagar gjennom evaluering og vurdering av praksis. I mai 2009 ble det lagt fram en kvalitetsmelding, st. melding 41 Kvalitet i barnehagen. Kvalitetsmeldinga legger føringar for kva som er god kvalitet i barnehagen. Det skal vere likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, barnehagen skal styrkjast som læringsarena og vere ein stad med eit inkluderande fellesskap for alle barn. Styrarane, i samarbeid med kommunalsjef og barnehagekonsulent, starta opp arbeidet med å evaluere kvalitet i Sund kommunale barnehagar opp mot kvalitetsmeldinga og laga kriterium for teikn på god praksis. Arbeidet resulterte i at det vart laga ein ny Plan for kvalitet og kompetanse for barnehagane. Planen er eit styringsdokument for barnehagane, ein pedagogisk plattform med eit felles pedagogisk grunnsyn og satsingsområde. Planen er og ein informasjon til brukarane om kva dei kan forvente med omsyn til tiltak for å styrke kvalitet, læringsmiljø og kompetanse i barnehagane. Det er ein generell plan som gjer arbeidsrom til den enkelte barnehage. Planen gjeld for alle dei kommunale barnehagane. Medan styrarane jobba med kvalitet fikk dei kjennskap til eit verktøy til å evaluere arbeidet i den einskilde barnehage, barnehagevandring. Våren 2010 reiste styrarane på studietur til Skien for å lære meir om barnehagevandring. Studieturen la grunnlaget for at barnehagevandring vart innført i den einsklide barnehage og at eit 3-åring lokalt utviklingsarbeid med fokus på vaksenrolla vart starta opp. Den førte og til at det vart utarbeid ein brosjyre over kvaliteten i Sund kommunale barnehagar, som blei lanser på eit kvalitetsmøte for politikarar, foreldre og tilsette hausten 2010. Nov. 2010, Anne Britt Fanekrog. Plan for kvalitet og kompetanse byggjer på: Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagen, Stortingsmelding 27. barnehagen til beste for barn og foreldre og Stortingsmelding nr. 41, Kvalitet i barnehagen, St. meld. nr. 41framhever at barnehagen har ein eigen verdi og ein sjølvstendig plass i utdanningssystemet. Stortingsmeldinga inneheld fleire forslag til tiltak for å styrkje læringsmiljøet i barnehagane, mellom anna forslag til krav om språkkartlegging og overføring av skriftleg dokumentasjon frå barnehage til skule om dei interessene barna har, om leik, læring og utvikling. Tilbodet som Sund kommunale barnehagar gir blir konkretisert i kvart enkelt barnehage sin årsplan. Kompetanseutvikling Eit kompetent personale er grunnleggjande for god kvalitet i barnehagen. For å styre utviklinga i barnehagen i bevisst og riktig retning, er det viktig at personalet vert aktive deltakarar i barnehagen som ein lærande organisasjon. Barnehagepersonalet må gjere seg kjent med ny kunnskap på området, og sjå kritisk på tankegods og tradisjonar som pregar arbeidet. Side 4 av 14
Det vert stilt nye krav til personalet sin kompetanse som følgje av at barnehagen får ein meir sentral plass i styresmaktene sin samla oppvekstpolitikk. Barnehagen vert starten på eit obligatorisk løp for læring og utvikling, og barnehage og skule vert knytt tettare saman. Personalet må aktivt gjere bruk av den samla kompetansen som er i barnehagen. Ein må etablere samarbeid mellom barnehagane om utviklingsarbeid og kompetanseutvikling, og byggje faglege nettverk mellom dei tilsette. Den gode vaksne i barnehagen: Den gode vaksne i barnehagane i Sund er ein vaksen som er trygg, engasjert og kompetent i sitt møte med barnet. Ein vaksen som viser omsorg og respekt for alle, er samarbeidsvillig og fleksibel, og som nyttar eigne ressursar på ein positiv måte. Dette gjer vi: Viser engasjement og glede i arbeidet. Anerkjenner positive sosiale handlingar. Den vaksen er forskande saman med barnet. Gjer barnet oppgåver det meistrar og som fremjar vidare læring. Styrar sin rolle: Styrarane har eit særleg ansvar for å stimulere til læring og utvikling blant dei tilsette. Styrarane i barnehagane i Sund skal fokusere på pedagogisk leiing gjennom å initiere og leie utviklingsarbeid. Barnehagevandring skal innførast for å styrke dialogen kring innhald og arbeidsmetodar samt styrke styraren sin rettleiingskompetanse. Det vert forventa at styrarar og rektorar samarbeider godt om faglege spørsmål som gjeld overgangen mellom barnehage og skule, og at rutinar som er utarbeid blir følgt opp. Læringsmiljø: Læringsmiljø er summen av alle forhold som kan påverke barnet sin muligheit til å tilegne seg kunnskap. Dette stiller krav til dei tilsette i barnehagane, dei har som rollemodell og omsorgsperson eit særleg ansvar for å være bevisst sin eiga åtferd overfor barn. Det er i kvardagsaktivitetane det meste av læringa i barnehagen skjer. Den norske barnehagetradisjonen bygger på at omsorg, leik og læring går over i kvarandre. Barnehagen skal ta omsyn til barnas alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn. Barnehagane i Sund kommune skal legge vekt på fagområda i rammeplanen og legge til rette for leik og læring. Tidleg innsats skal styrkast gjennom kompetanseheving om barn 0-3 år, og innarbeiding av karleggingsverktøy (ASQ) som er spesielt retta mot denne aldersgruppa for å styrke kvaliteten i barnehagen. Erfaringsspreiing: Personale i Sund kommunale barnehagar skal bidra til erfaringsspreiing mellom barnehagane mellom anna på styrarmøte, felles personalmøte, kvalitetsmøte, planleggingsdagar og pedagogisk forum. Samarbeidspartnarar: PP tenesta skal spele ei aktiv rolle som samarbeidspartnar og ressurs for barnehagane i arbeidet med kompetanseutvikling. Andre delar av hjelpetenesta og kommuneorganisasjonen Side 5 av 14
kan og brukast aktivt for å utvikle kompetansen til dei tilsette i barnehagane. Helsestasjon er ei viktig samarbeidspartnar i denne samanhenga, særskilt overfor dei yngste barna. Kvalitetsutvikling Barnehagane har no ein meir sentral plass som arena for vekst og utvikling i tidleg barndom enn tidlegare. Det vert stilt store krav til kvaliteten i barnehagane. Det gjeld både fysiske rammer og krav til kvalitet i innhaldet. Kvalitet i Sund kommune sine barnehagar skal vere kjenneteikna av: Barnehagane innfrir krav som kjem fram av lover, forskrifter og retningsliner for verksemda. Barn blir sett og høyrd ut frå sine føresetnader og behov. Fokus på tidleg innsats og tidleg oppdaging. Trygge, engasjerte og kompetente vaksne. Tilsette med gode personlege eigenskapar og høg fagleg kompetanse. Godt samarbeid med heimen. Leik og læring i eit inkluderande fellesskap Aktiv bruk av natur og kultur i nærmiljøet. Fysisk aktivitet og sundt kosthald. Godt samarbeid med skulen. Respekt for barn og deira kulturelle bakgrunn. Fokus på læring og utvikling for barn og tilsette. Barnehagebygg som er godt tilrettelagt for barnehagedrift Pedagogiske grunnsyn og visjon: Barnehagane har eit felles pedagogisk grunnsyn: Barndommen er ein livsfase med eigenverdi, den kan ikkje forserast, kan ikkje takast att og skal få ta si tid. I barnehagen skal barnet få gode høve til utvikling, rette til medverknad og aktivitet i nært samarbeid og forståing med foreldra. Barna si utvikling blir sett på som eit dynamisk og tett samanvove samspel mellom dei fysiske og mentale føresetnadene til barna og miljøet dei veks opp i. Barn er sosiale aktørar som sjølve bidreg til eige og andre si læring. Samspel med andre menneske er avgjerande for korleis barn utviklar seg og lærer. Side 6 av 14
Rammeplan for barnehagen På bakgrunn av dette grunnsynet er det laga ein visjon for arbeidet i barnehagen: Visjon: Alle barn skal kjenne seg trygge og trivast, og bli ein del av eit stimulerande miljø for læring og utvikling. Mål Alle barn skal bli høyrd og sett, få utfordringar tilpassa den enkelte, og få høve til leik og utvikling i eit inkluderande fellesskap Foreldre/føresette skal bli møtt med forståing og respekt av eit personale som legg til rette for eit godt samarbeid Personale skal vere del av eit stimulerande arbeidsmiljø med fokus på nytenking og utvikling Barnehage og skule skal samarbeide og følgje opp rutinar for å legge til rette for barns overgang frå barnehage skule. Barns medverknad Barns medverknad er ein viktig del av arbeidet i barnehagen og barna skal få høve til å påverke sin eigen kvardag på ulike måtar. Barn kan t.d medverke gjennom observasjon, prosjektarbeid, organisering av måltid, samtalar, via kroppsspråket, følelsar og gjennom at dei vaksne gjev barna den tida dei treng i ulike samanheng. Barna skal få tid til å undre seg og dei vaksne skal undre seg saman med dei og oppmuntre til ny aktivitet/erfaringar og kunnskap. Dei vaksne skal sjå ting med barns auge, men skal og være ein tydeleg vaksen som gir barna rammer og reglar å halde seg til. Satsingsområda Det er sett ned 6 satsingsområde som den enkelte barnehage skal ha som utgangspunkt for sin praksis. Satsingsområda er vald med tanke på å skape ei felles plattform for Sund kommune sine barnehagar, og for å formidle kva innhald brukarane kan forvente når dei vert tildelt barnehageplass i Sund. Områda vil bli ulikt vektlagt i dei ulike barnehagane. Gjennom desse skal kvalitetsarbeidet sikrast og gjennomførast. Barnehagane i Sund legg vekt på følgjande satsingsområde: Språk Natur, miljø og teknikk Fysisk aktivitet og helse Drama, musikk, film og forming. Overgong barnehage- skule Vaksenrolla Side 7 av 14
Utviklingsarbeid innanfor desse satsingsområda vil bli prioritert i samband med tildeling av kompetansehevingsmidlar. Språk Barnehagen er med på å leggje grunnlag for utvikling av språket. Barna har behov for varierte og positive erfaringar med språk. Ei god språkutvikling har stor verdi for lese og skriveopplæringa når barn tek til på skulen. A. Tiltak og aktivitet: ( 2010-13 ) Barnehagane skal arbeide med språk og stimulere til aktivitetar innan område tal, rom og form gjennom aktiv bruk av språket i daglege aktivitetar, tekst og bilete. Fokusområde 2010 12 er lokal kultur og tradisjon som skal formidlast gjennom tekst og song. Barnehagane blir oppmoda til å bruke nynorske tekstar. Det skal innførast eit nytt kartleggingsverktøy for barn 0-3 år, ASQ, for tidleg oppdaging og intervenering. Følgje opp og kartlegge minoritetsspråklege barn gjennom arbeids- og kartleggingsmateriell utarbeid av Sund Kommune. B. Kompetanseutvikling Våren 2010 kurs i ASQ for pedagogar i alle barnehagane. Innkjøp av kartleggingsmateriell. Våren 2010 kurs i kommunalt kartleggingsmateriell for pedagogar i barnehagane. C. Evaluering Årsplan Dokumentasjonsarbeid Årsevaluering Side 8 av 14
Natur, miljø, teknikk Naturen er ei kjelde til vakre opplevingar, og gir inspirasjon til estetiske uttrykk. Barn blir kjende med og får forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og ver. Gjennom arbeidet med teknikk lærer barna å observere, undre seg, eksperimentere. A. Tiltak og aktivitet: ( 2010-13) Barnehagane skal bruke naturen i nærmiljøet aktivt. Personalet skal legge til rette for leik, læringsaktivitetar, undring og utforsking gjennom årstidene. Gjennom læringsaktivitetar skal barn lære om miljøvern og samspelet i naturen. Barna skal erfare korleis teknikk vert bruk gjennom leik, eksperimentering og i kvardags aktivitetar. B. Kompetanseutvikling: Individuelt etter vektlegging i barnehagane. C. Evaluering: Årsplan Dokumentasjonsarbeid Side 9 av 14
Drama, musikk og forming Barnehagane gir barna muligheit til å oppleve og uttrykke seg estetisk. Gjennom erfaringar med drama, musikk og forming får barna eit mangfald av muligheiter for sansing, oppleving, eksperimentering, skapande verksemd, tenking og kommunikasjon. A. Tiltak og aktivitet: (2010 13) Barnehagane skal gi barn muligheit til å oppleve kunst og kultur, og til sjølv å uttrykke seg estetisk gjennom drama, musikk og forming. Gjennom vaksenstyrte og barnestyrte aktivitetar skal barna få styrka sin kulturelle identitet og ta i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede. Personalet skal sørgje for at barn har tilgang til bøker, bilete, instrument, utkledningsutstyr og variert materiale og verktøy for skapande verksemd. Barna skal bli kjent med tradisjonar innan bumiljø, byggekunst og handverk, kulturlandskap og kulturminne i lokalmiljøet. B. Kompetanseutvikling: Individuelt etter vektlegging i barnehagane C. Evaluering: Årsplan Dokumentasjonsarbeid Side 10 av 14
Fysisk aktivitet og helse I løpet av småbarnsalderen tileignar barna seg grunnleggjande motoriske ferdigheiter. Barn er kroppsleg aktive og gjennom kroppslege aktivitetar lærer barna verden og seg sjølv å kjenne. Godt kosthalde og god veksling mellom aktivitet og kvile er av betyding for å utvikle ein sunn kropp. A. Tiltak og aktivitet: (2010 13) Barnehagane skal legge tilrett for fysiske aktivitetar som fremmer glede og meistring hos barna. Kosthald og fysisk aktivitet skal blir innført som tema i foreldresamarbeidet. Maten som blir servert i barnehagane skal være sunn og følgje helsemyndigheitenes retningsliner for mat og måltider i barnehagen Link til informasjon og bestilling av materiell: http://www.helsedirektoratet.no/ernaering/barnehage/retningslinjer/ B. Kompetanseutvikling Individuelt etter vektlegging i barnehagane. C. Evaluering: Årsplan Dokumentasjonsarbeid Side 11 av 14
Overgang barnehage skule Barnehagen skal i samarbeid med skulen legge til rette for barns overgong frå barnehage til første klasse. Samarbeidet må fokusere på kva barn kan og meistrar og på kva dei kan trenge særskilt støtte til. Dette skal skje i nært samarbeid med heimen. Planar for overgong frå barnehage til skule må være nedfelt i barnehagens årsplan. A. Tiltak og aktivitet: (20010 13) Barnehagane skal ta i bruk rutinar for overgong barnehage skule og følgje mål, aktivitetar og innhald som er sett i planen. Ved overgongssamtalar skal ein nytte skjema for overgongssamtaler som følgjer som vedlegg til rutinane. For meir informasjon sjå websak 2010001123 B. Kompetanseutvikling: Individuelt etter vektlegging i barnehagane C. Evaluering: Årsplan Dokumentasjonsarbeid Side 12 av 14
Vaksenrolla Den gode vaksne i barnehagen er ein vaksen som er trygg, engasjert og kompetent i sitt møte med barnet. Ein vaksen som viser omsorg og respekt for alle, er samarbeidsvilling og fleksibel, og som nyttar eigne ressursar på ein positiv måte. A. Tiltak og aktivitet: (20010 13) Kvalitet i barnehagane i Sund Kommune skal mellom anna vere kjenneteikna av: Trygge,engasjerte og kompetente vaksne - vaksne som vil og kan. Med utgangspunkt i vaksenrolla skal barnehagane starte opp eit lokalt utviklingsarbeid innan eit av følgjande område: Vaksenrolla den vaksne, vaksne som støtte for barn, kommunikasjon med barn, respekt/ anerkjennelse. Problemstilling for utviklingsarbeidet: korleis auke kvaliteten på arbeidet i barnehagen med fokus på vaksenrolla. Gjennom utviklingsarbeid skal personalet auke sin kompetanse og bli medviten sin rolle som den gode vaksne. Andre element i utviklingsarbeidet: Dei pedagogiske leiarane skal styrkast i leiarrolla. Styrarane skal utvikle sin kompetanse til å sjå og utvikle medarbeidarane gjennom barnehagevandring. B. Kompetanseutvikling: 2010: Barnehagevandring: Studietur styrar Pedgogisk leiing: kursdag pedagogar + styrarar sep. + nov. Planleggingsdag: Element i vaksenrolla for fagarbeidarar, assistentar. Oppstart utviklingsarbeid 2011: Planleggingsdag: Element i vaksenrolla heile personalgruppa. 2012: Planleggingsdag: Element i vaksenrolla heile personalgruppa. 2013: Avslutning utviklingsarbeid med erfaringsspreiing. Side 13 av 14
Ansvar C. Evaluering: Årsplan Dokumentasjonsarbeid Kvar barnehage er forplikta til å arbeide med dei 6 satsingsområda i kompetanseplanen i det daglege eller gjennom utviklingsarbeid. Det vil variere frå barnehage til barnehage kor mykje dei ulike satsingsområda vert vektlagt, og styrar har ansvaret for at planen vert innarbeidd og sett i samanheng med dei andre plandokumenta i barnehagen. Side 14 av 14