CP IT-COMENIUS-C3PP



Like dokumenter
Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Psykologisk førstehjelp i skulen

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Pedagogisk analysemodell

Utviklingsplan 2013 Foldrøy skule

Pedagogisk plattform

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

Leiing i skolen. Oppgåver kan delegerast, men ikkje ansvar ARTIKKEL SIST ENDRET: Leiing er å ta ansvar for at

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

VURDERING. fordi vi stiller krav og vi bryr oss

Læreplan i Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

Læreplan i felles programfag i Vg1 helse- og oppvekstfag

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Frå fint! og flott! til vurdering for læring VFL frå ein skuleleiar sitt perspektiv. Åge Stafsnes Rektor, Halbrend skule

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

«Mestringsforventningar»

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Du må tru det for å sjå det

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Kontrollutvalet i Gloppen kommune

STRATEGISK PLAN FOR OPPVEKSTSEKTOREN I LEIKANGER KOMMUNE

Leiing i skolen. Krav og forventningar til ein rektor

Prinsipp for opplæringa blei fastset av Kunnskapsdepartementet juni 2006.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Slik vil vi ved Vigra skule skape eit trygt og dynamisk, skulemiljø.

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Øystese barneskule April - 08

Rettleiande nasjonale kjenneteikn på måloppnåing for standpunktvurdering etter 10. trinn.

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Psykologisk førstehjelp i skulen

Formål og hovedinnhold matematikk Grünerløkka skole

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Verksemdsplan for Seljord barneskule skuleåret

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

System for verksemdbasert vurdering og oppfølging av dei vidaregåande skulane

Veiledning til læreplanen i samfunnsfag. 14. oktober Kristine Waters og Jarle Sundve

Fagfornyelsen - andre runde innspill til kjernelementer i skolefagene

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Barnerettane i SKULEN

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Etiske retningslinjer Jølster kommune

GJENSIDIG RESPEKT INKLUDERANDRE SKAPANDE KOMMUNIKATIVE ENGASJERTE GISKE BARNEHAGE SAMAN I TRYGGLEIK OG UNDRING

Leiarsamtale utvikling og oppfølging

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Kultur for læring i biblioteket. Kunnskapsløftet

Kvalitetsvurdering og kvalitetsledelse

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Plan for «Den kulturelle skulesekken» i grunnskulen i Osterøy kommune

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

Kommunal barnehagepolitikk i eit organisasjonsperspektiv

AGP - vegen vidare. Medarbeidarskap og tydeleg kultur for læring og utvikling

Om lærande nettverk. Korleis organisere/bruke lærande nettverk. som metode i eigen organisasjon, evt. i samarbeid med andre skular?

«Kvalitet 2020» Fagsamling mai 2014 Maren Ørjasæter Aaland

Årsplan i SAMFUNNSFAG 9.klasse

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Eit lærande utdanningssystem?

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Verksemdsplan for Flatdal skule

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Kvalitetskriterium i PP-tenesta

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Nytt kap 9A opplæringslova. Prop 57 L ( )

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Tema/spørsmål ja/nei Vurdering/grunngjeving Dokumentasjon

Læreplan i klima- og miljøfag

Høyring - Forslag om endringar i forskrift om opptak til høgre utdanning

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Ekskursjon til Stryn kommune besøk på to oppvekstsenter

Transkript:

114426 CP-1-2004-1-IT-COMENIUS-C3PP

Alle barn og unge har rett til ein skule med ein kultur som fremjar kvalitetsutvikling, og som er basert på synergi mellom eksterne og interne evalueringsprosessar. Denne fråsegna er i samsvar med den europeiske visjonen om at alle skal leve og arbeide saman i harmoni, bygd på rettane og pliktene til kvart einskild individ. Særleg er forbetringar i utdanning sett på som avgjerande viktig for å sikre at kvart barn får utvikle talent og evner for å kunne bidra til morgondagens Europa. Vurdering i klasserom, skule og region, på nasjonalt og europeisk nivå støttar og legg til rette for forbetring av utdanning. Men intern og ekstern skulevurdering kan og må bli meir gjensidig støttande og integrert. Ved å utvikle synergi mellom interne og eksterne element, og i tråd med denne fråsegna, kan det bli eit klarare fokus på forbetring av utdanningstilbodet og utvikling for alle barn i Europa. Alle har rett til å bli involverte i vurderingsprosessar i samarbeid og i delt ansvar med andre. Kvar evaluering er ulik den andre. Omfanget kan vere forskjelleg: klasserom, skule, region, nasjon. Måla kan vere ulike, og rammene, styringa eller politikken bak evalueringa kan variere. Dei involverte kan vere elevane og lærarane i ei klasse, eller prosessen kan vere omfattande med stor breidde av involverte. Uavhengig av kontekst er det viktig å akseptere at alle har rett til medansvar. Dette er basert på dei grunnleggande prinsippa om demokrati i Europa. Fokus på gjensidig støtte legg dessutan til rette for at kunnskapen og ekspertisen til alle dei involverte blir brukt i vurderingsprosessane. Skuleleiinga har ei svært viktig oppgåve i å strukturere evalueringsprosessane slik at alle aktørane blir tilstrekkeleg involverte.

Alle involverte må dele ein visjon for målet med evalueringa. I ein prosess som skaper synergi mellom intern og ekstern vurdering, er det avgjerande at ein har felles visjonar. Visjonar gjev haldepunkt for målet med evalueringa. Ulike aktørar har ulike roller, og difor ikkje nødvendigvis same formålet med å delta. Dette er ein av grunnane til at både visjon og mål må definerast gjennom ein open prosess. Det er også avgjerande å ha ein dialog for å skape meining i visjonane og klargjere måla. Alle involverte bør ha ein klart uttrykt tanke om målsetjinga med å delta. Denne bør vekse fram gjennom open dialog. Evalueringa må vere open og transparent og respektere rettane til alle involverte. For å oppnå samspel mellom internt og eksternt vurderingsarbeid må meininga med arbeidet, mekanismane i prosessen og kriterium for vurdering vere klare for alle. Men synergi stiller krav om meir enn dette. Styring av prosessen må baserast på klare verdiar som stadfestar at alle involverte er viktige og at dei har rett til å bli høyrde, at dei har medansvar for vurderinga og at bidraget deira blir teke omsyn til, verdsett og kan påverke resultatet av vurderinga. Synergi mellom intern og ekstern evaluering stiller krav om at alle involverte respekterer og verdset kvarandre.

Evaluering må føre til utvikling av læring og undervising. Framfor alt må formålet med vurderingsarbeidet vere at lærarar betrar sin eigen praksis og at læringa til barn og unge blir betre. Dette er å rekne som ein nøkkel til utvikling av utdanning i heile Europa. Målet for alt vurderingsarbeid både internt og eksternt må fokusere på forbetring og utvikling av læring og undervising. Gjennom samspel mellom intern og ekstern evaluering kan krafta i vurderingsarbeidet medføre reell og substansiell endring i læringa til barn og unge. Evaluering er ein kontinuerleg prosess som må bli ein del av dagleglivet på skulen. Vi er dei handlingane vi gjentek heile tida. Det framståande er difor ikkje ei handling, men ein vane. (Aristoteles) Evaluering er grunnleggande for at utdanninga heile tida skal bli betre, og på den måten avgjerande for høg kvalitet. Dersom høg kvalitet best kan uttrykkjast gjennom handlingsmønster, og ikkje gjennom ei eller fleire eingangshendingar, er det logisk at vurderingsarbeid ikkje kan vere enkeltståande tiltak men må inngå i ein uavbroten og integrert prosess som har samarbeid som føresetnad. Ein slik prosess må vere ein del av det daglege arbeidet til alle aktørane på ein skule. Slik kan vurderingsarbeidet bli ei haldning og ein måte å framstå på. Når dette omfattar alle nivåa i utdanningssystemet, er grunnlaget for synergi mellom intern og ekstern vurdering til stade.

Synergi i evaluering krev tilrettelegging for å dele praksiserfaringar og byggje kunnskap i lag. Evaluering kan medverke til å betre undervising og læring dersom alle involverte i prosessen samarbeider og aktivt viser respekt for kvarandre. Det er difor viktig å legge til rette for strukturert rammer (til dømes bruk av plattformer, kritiske vener, nettverk, workshops), slik at alle involverte kan samlast om arbeidet mot felles mål. Kjenneteikn ved slik strukturert tilrettelegging er at ting skjer regelmessig, er ein systematisk del av evalueringa og følgjer ein framgangsmåte ein har blitt einige om. Desse elementa er viktige for alle vurderingsprosessar og kan vere til støtte for arbeidet med å skape synergiar på alle nivå. Forbetring av kvalitet krev permanent profesjonell utvikling av undervisningspersonalet. Kvalitetsforbetring er ei sirkelrørsle der profesjonell utvikling er integrert. Det trengst høg evalueringskompetanse for å sikre at skulevurdering fører til betre kvalitet. Kompetansen er avhengig av funksjon og ansvar i vurderingsprosessane. Dei mest venlege kompetansefelta omfattar eigen og felles motivasjon, kunnskap om evalueringsteori, evalueringsmetode og evalueringsprosessar, evne til å kommunisere, handtere kjensler og utøve leiarskap. Å utvikle og halde ved like den forventa kompetansen er ei utfordring ein møter heile tida, og det krev stadig skulering av det pedagogiske personalet. Dette må ein sjå som del av den livslange læringa, og utvikling av dette feltet kan innebere å ta i bruk nye idear og teoriar for kvalitetsarbeid, dele erfaringar gjennom benchmarking eller å støtte nyskapande utviklingsarbeid for å kunne byggje ny kunnskap om evaluering.

Resultat av nasjonale og internasjonale samanliknande studiar må sjåast i samanheng med internt vurderingsarbeid for å kunne gje synergieffekt. Internasjonale komparative studiar (PISA, TIMSS osb.) har først og fremst som mål å gje informasjon til nasjonale utdanningssystem, sjølv om også den einskilde skulen kan bruke data frå desse undersøkingane. Dette er særleg aktuelt for dei skulane som sjølv deltek i undersøkingane og har tilgang til detaljerte data på skulenivå. Det eksterne perspektivet kan hjelpe skulen med å klargjere eigne standardar og plassere seg i ein større samanheng. Å samanlikne seg med andre kan vere nyttig for å identifisere kriterium for å tolke data frå eigen skule. Potensialet i nasjonale eller internasjonale samanliknande studiar kan nyttast fullt ut når skulen tek desse eksterne undersøkingane med som ein del av vurderinga av eiga utvikling og brukar informasjonen saman med data som er utvikla i eige, internt kvalitetsarbeid. Rolla til alle aktørane som er involvert i evalueringa, må vere klargjort i starten av prosessen for å kunne gje synergi. Synergi er avhengig av at alle aktørane (elevar, foreldre, arbeidslag på skulen, kritiske vener, skuleleiinga, pedagogiske rådgjevarar, kvalitetsagentar, inspektørar osb.) veit kva rolle dei skal ha i vurderingsarbeidet. Dette sikrar eit solid utgangspunkt, erkjenninga av at vurderingsarbeid er noko som blir utført av nokon ikkje med nokon. Tilnærminga er ein føresetnad for synergieffekt og kan sikre implementeringa av dei andre punkta i denne fråsegna, mellom anna at vurderingsarbeidet skal vere ope og bygd på tillit, og det stiller krav om at alle tek eit felles ansvar.

Synergi av evaluering føreset tillit, tillit krev dialog, og dialog fører til felles forståing. Synergi mellom intern og ekstern evaluering betyr å kople saman kunnskap frå ulike kjelder og aktørar. Å dele kunnskap og erfaring på denne måten betyr at du har tillit til dei andre som er involverte. Synergieffekt må difor byggje på gjensidig tillit, respekt, delte verdiar og eit felles språk. Tillit oppstår i ein demokratisk dialog, som er meir enn retten til å utale seg og å bli høyrd. Det handlar meir om å lytte enn om å snakke. Det er viktig å gjere andre sterke og å fremje rettferd og integritet i evalueringsprosessane. Den kontinuerlege dialogen fordrar ein kultur som fører folk saman i forhandlingar, diskusjonar og idemyldring. Dette er ein positiv måte å skape felles forståing på. Resultata frå dei ulike aktørane i evalueringa har same legitimitet og like stor verdi. Innhaldet i denne fråsegna skisserer vilkår for synergi og kva som kan få fram vurderingsarbeid med høg kvalitet. Både intern og ekstern evaluering kan bidra til å sikre kvalitet. Likevel meiner vi at den beste og mest verknadsfulle evalueringa er den som oppstår som synergi mellom dei to formene. Ei slik tilnæring opnar for at intern og ekstern evaluering samla kan setje høgre standardar for kvalitet. Ein ikkjehierarkisk framgangsmåte kan både legge til rette for og styrke utvikling av synergi.

Further information: http://syneva.net Contact address: pi@schule.suedtirol.it Published by: SYNEVA.net Pädagogisches Institut für die deutsche Sprachgruppe Layout: Helene Lageder Printed by: Varesco, Auer/Ora (BZ) Italy This product was published with the financial support of the European Commission.