Aurland kommune Kommunestyret Møteprotokoll Møtedato: 06.09.2012 Møtetid: Kl. 17:00 20:00 Møtestad: Kommunestyresalen Saksnr.: 101/12-116/12 Følgjande medlem møtte Noralv Distad, Monica Finden, Johannes Dalsbotten, Therese Turlid, Per Are Flåm, Anita Lærum Terje Horvei, Kristine Grønner Ohnstad Trygve Skjerdal, Audhild Rogdo, Ingrid Steine Bortne, Marianne Holme, Sturle Ryum Forfall meldt frå følgjande Parti Følgjande varamedlem møtte Parti medl. Arne Sunde H Aud Melås H Jannet Aksnes H Ingen vara Erling M. Nesbø AP Steinar Grønsberg AP Monica Gjesdal Larsen MDG John Håland MDG Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte Møteleiar: Frå adm. møtte: Dokument utlevert i møtet: Påskjønning: Merknader: Noralv Distad Sekretær Eli Johanne Ohnstad, rådmann Steinar Søgaard, ass.rådmann Norunn Haugen, planleggjar Jan Olav Møller Ordføraren takka og gav blomster til Per Selboskar og Per Skjerdal for arbeidet dei la ned i samband med bygging av Aurlandsvegen. Odd Nesse og Hans Aasen var ikkje tilstades, men vil få overrekt påskjønninga seinare. Ingen merknader til saksliste og innkalling Underskrifter:
Sakliste Sak nr. Sakstittel Gradering pe/lukka 101/12 Godkjenning av møteprotokollen 102/12 Referatsaker 103/12 Open post 104/12 Lokal forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel - vedtak 105/12 Utvikling av sauenæringa - Prosjekt sau og utmark 106/12 Søknad om midlertidig fritak frå politiske verv - Monica Gjesdal Larsen 107/12 Kommunale vegar - vegnamn 108/12 Brannvarsling frå hus I Undredal sentrum til sentral og brannslangepostar i tett verneverdig trehusbebygging - Undredal sentrum / Låvi og Otternestunet - fullfinansiering 109/12 Delegasjon og innstillingsrett - utvida mandat for sakskomite 110/12 Godkjenning og kvalitetssikring av nytt finansreglement 111/12 Reguleringsplan for Vassbrekka - vedtak av plan 112/12 Høyring - Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2012-2016 113/12 Overordna risiko og sårbarheitsanalyse Aurland kommune 114/12 Kommunedelplan for veg og trafikktrygging 2013-2017 - vedtak av planprogram 115/12 Handlingsdel med økonomiplan 2013-2016 - vedtak av plan 116/12 Søknad om lån frå Næringsfondet 2012 Ikkje offentleg
101/12: Godkjenning av møteprotokollen Framlegg til vedtak: KS-101/12 VEDTAK: Ingen merknader til møteprotokollen 102/12: Referatsaker Framlegg til vedtak: KS-102/12 VEDTAK: Ingen merknader til referatsaker 103/12: Open post Saker / tema: Spørsmål frå Anita Lærum: Fond i Aurland kommune Det er opprett fleire fond dei siste åra og nye kjem til. Eg ynskjer at kommunestyret får lagt fram ei oversikt over alle fonda og i tillegg retningslinjer som høyrer til dei forskjellige fond. KS-103/12 VEDTAK: Fond i Aurland kommune Ordføraren bad om at dette vert lagt fram til neste møte 104/12: Lokal forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel - vedtak Aurland kommune vedtek med heimel i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav 23 lokal forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel.
04.06.2012 PLAN OG UTVIKLING PUT-041/12 VEDTAK: Aurland kommune vedtek med heimel i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav 23 lokal forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel. KS-104/12 VEDTAK: Aurland kommune vedtek med heimel i Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav 23 lokal forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel. 105/12: Utvikling av sauenæringa - Prosjekt sau og utmark Aurland kommune støttar Prosjekt sau og utmark med kr 270.000 fordelt over 4 år. Det vert løyvd kr 16.875 i 2012, kr 67.500 i 2013, kr 67.500 i 2014 og kr 50.625 i 2015. Kostnadane vert å dekka med finansiering frå konsesjonsavgiftsfondet. Frå Aurland kommune skal. delta i prosjektstyre. 29.08.2012 FONDSTYRET FOR KONSESJONSAVGIFTSFONDET Handsaming i møte: Noralv Distad gjer framlegg på Audhild Rogdo som kommunen sin representant FSKF-016/12 VEDTAK: Aurland kommune støttar Prosjekt sau og utmark med kr 270.000 fordelt over 4 år. Det vert løyvd kr 16.875 i 2012, kr 67.500 i 2013, kr 67.500 i 2014 og kr 50.625 i 2015. Kostnadane vert å dekka med finansiering frå konsesjonsavgiftsfondet. Frå Aurland kommune skal Audhild Rogdo delta i prosjektstyre. Handsaming i møte: Korrigert framlegg vart delt ut i møtet. KS-105/12 VEDTAK: Aurland kommune støttar Prosjekt sau og utmark med kr 270.000 fordelt over 4 år. Det vert løyvd kr 16.875 i 2012, kr 67.500 i 2013, kr 67.500 i 2014, kr 67.500 i 2015 og kr 50.625 i 2016. Kostnadane vert å dekka med finansiering frå konsesjonsavgiftsfondet. Frå Aurland kommune skal Audhild Rogdo delta i prosjektstyre.
106/12: Søknad om midlertidig fritak frå politiske verv - Monica Gjesdal Larsen Saka vert lagt fram utan tilråding. KS-106/12 VEDTAK: 1. Kommunestyret vedtek at Monica Gjesdal Larsen får permisjon frå kommunestyret, og som medlem i plan og utvikling for skuleåret 2012/2013. 2. May Britt Martinsen går inn som fast medlem i plan og utvikling i permisjonstida. 107/12: Kommunale vegar - vegnamn 05.12.2011 DRIFTS- OG EIGEDOMSUTVAL DEU-026/11 VEDTAK: Drifts- og eigedomsutvalet gjer framlegg om at vegstrekninga mellom Bellsbakken Inge Olai Sønnerheim vert kalla Kvålsvegen. Saka vert sendt ut på høyring. 12.06.2012 DRIFTS- OG EIGEDOMSUTVAL DEU-018/12 VEDTAK: Det vert innført slike nye vegnamn i Flåm: 1. Lundaåkeren 1-19 2. Lunden 3. Vollsgjera, eller alternativt: Lundaflaten, Nedre Lunden,Flatane, eller Vinkelvegane 29.08.2012 FORMANNSKAPET Spørsmål i formannskapet frå Erling Monrad Nesbø: Det må avklarast korleis Kvålsvegen skal vera avgrensa. FS-047/12 VEDTAK: Det vert vist til tilråding frå drifts- og eigedomsutvalet. Saka vert lagt fram for kommunestyret utan handsaming i formannskapet. Handsaming i møte: Framlegg frå Johannes Dalsbotten: Pkt 3: Vollsgjera, resten utgår. Pkt 1 og 2 : John Håland gjer framlegg om at Kvålsvegen skal heita Kvaolsvegen. :8 røyster
Ordføraren nytta dobbelrøysta og namnet blir Kvålsvegen KS-107/12 VEDTAK: Det vert innført slike nye vegnamn i Flåm: 1. Lundaåkeren 1-19 2. Lunden 3. Vollsgjera, Vegstrekninga mellom Bellsbakken Inge Olai Sønnerheim vert kalla Kvålsvegen. 108/12: Brannvarsling frå hus I Undredal sentrum til sentral og brannslangepostar i tett verneverdig trehusbebygging - Undredal sentrum / Låvi og Otternestunet - fullfinansiering 1. Aurland kommune gjennomfører dei to første punkta i brannsikringsplanen for Undredal; brannalarmanlegg og slangepostar 2. Restfinansieringa på 1.875.000 kr vert innarbeidd i budsjettet for 2013 29.08.2012 FORMANNSKAPET FS-053/12 VEDTAK: 1. Aurland kommune gjennomfører dei to første punkta i brannsikringsplanen for Undredal; brannalarmanlegg og slangepostar 2. Restfinansieringa på 1.875.000 kr vert innarbeidd i budsjettet for 2013 KS-108/12 VEDTAK: 1. Aurland kommune gjennomfører dei to første punkta i brannsikringsplanen for Undredal; brannalarmanlegg og slangepostar 2. Restfinansieringa på 1.875.000 kr vert innarbeidd i budsjettet for 2013 109/12: Delegasjon og innstillingsrett - utvida mandat for sakskomite Ordføraren si tilråding: Sakskomite vald i K-sak 44/12 får og i oppdrag å vurdera innstillingsretten. 29.08.2012 FORMANNSKAPET FS-049/12 VEDTAK: Sakskomite vald i K-sak 44/12 får og i oppdrag å vurdera innstillingsretten.
KS-109/12 VEDTAK: Sakskomite vald i K-sak 44/12 får og i oppdrag å vurdera innstillingsretten. 110/12: Godkjenning og kvalitetssikring av nytt finansreglement Finansreglementet med kvalitetssikring og dei administrative rutinane blir godkjent slik dei er framlagt. 29.08.2012 FORMANNSKAPET FS-046/12 VEDTAK: Finansreglementet med kvalitetssikring og dei administrative rutinane blir godkjent slik dei er framlagt. Handsaming i møte: Framlegg på nytt punkt frå Johannes Dalsbotten: Plassering av langsiktige overskotslikviditet i andre finansielle instrument enn bank, skal godkjennast av formannskapet. KS-110/12 VEDTAK: 1. Finansreglementet med kvalitetssikring og dei administrative rutinane blir godkjent slik dei er framlagt. 2. Plassering av langsiktige overskotslikviditet i andre finansielle instrument enn bank, skal godkjennast av formannskapet. 111/12: Reguleringsplan for Vassbrekka - vedtak av plan Kommunestyret vedtek Reguleringsplan for Vassbrekka, i medhald av Plan- og bygningslova 12-12. 27.08.2012 PLAN OG UTVIKLING PUT-049/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek Reguleringsplan for Vassbrekka, i medhald av Plan- og bygningslova 12-12.
KS-111/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek Reguleringsplan for Vassbrekka, i medhald av Plan- og bygningslova 12-12. 112/12: Høyring - Regional planstrategi for Sogn og Fjordane 2012-2016 Saka vert lagt fram utan tilråding. Syner til spørsmål/oppgåver i vurderinga. 29.08.2012 KOMMUNEPLANNEMNDA KPLN-014/12 VEDTAK: Saka vert utsett til ekstramøte 6. september. Rådmannen legg fram utkast til uttale frå Aurland kommune FRAMLEGG TIL VEDTAK: Aurland kommune vurderar Regional Planstrategi for perioden 2012 2016 til å vera ein god strategi for vidare planleggingsarbeid i fylket. Kommunen ynskjer at det vert gjennomført drøftingsmøter mellom fylkeskommunen og kommunane so tidleg som råd i dei ulike planprosessane. I høve geografisk avgrensa regionale planar ynskjer kommunen at det vert laga ein regional plan som omfattar kommunane i Sogn Regionråd.. 06.09.2012 KOMMUNEPLANNEMNDA Handsaming i møte: Tillegg : Kommuneplannemnda har i sitt framlegg til kommunal planstrategi prioritert mellom anna desse områda: - Utvida bu- og arbeidsregion Sogn med pendlarbåt til Sogndal - Gode rammevilkår for mineralutvinning - Heilårs reiseliv Aurland kommune ser det som viktig at desse tema vert tekne opp også i det regionale planarbeidet. KPLN-017/12 VEDTAK: Aurland kommune vurderar Regional Planstrategi for perioden 2012 2016 til å vera ein god strategi for vidare planleggingsarbeid i fylket.
Kommunen ynskjer at det vert gjennomført drøftingsmøte mellom fylkeskommunen og kommunane so tidleg som råd i dei ulike planprosessane. I høve geografisk avgrensa regionale planar ynskjer kommunen at det vert laga ein regional plan som omfattar kommunane i Sogn Regionråd. Kommuneplannemnda har i sitt framlegg til kommunal planstrategi prioritert mellom anna desse områda: - Utvida bu- og arbeidsregion Sogn med pendlarbåt til Sogndal - Gode rammevilkår for mineralutvinning - Heilårs reiseliv Aurland kommune ser det som viktig at desse tema vert tekne opp også i det regionale planarbeidet. KS-112/12 VEDTAK: Aurland kommune vurderar Regional Planstrategi for perioden 2012 2016 til å vera ein god strategi for vidare planleggingsarbeid i fylket. Kommunen ynskjer at det vert gjennomført drøftingsmøte mellom fylkeskommunen og kommunane so tidleg som råd i dei ulike planprosessane. I høve geografisk avgrensa regionale planar ynskjer kommunen at det vert laga ein regional plan som omfattar kommunane i Sogn Regionråd. Kommuneplannemnda har i sitt framlegg til kommunal planstrategi prioritert mellom anna desse områda: - Utvida bu- og arbeidsregion Sogn med pendlarbåt til Sogndal - Gode rammevilkår for mineralutvinning - Heilårs reiseliv Aurland kommune ser det som viktig at desse tema vert tekne opp også i det regionale planarbeidet. 113/12: Overordna risiko og sårbarheitsanalyse Aurland kommune Kommunestyre vedtek at det skal utarbeidast overordna risiko og sårbarheitsanalyse for Aurland kommune. Rådmann eller den han peikar ut har ansvar for gjennomføringa av kartlegging og analyse. Formannskapet er prosjektstyre. Det skal leggjast fram endeleg overdna ROS analyse innan september 2013. Dekning konsesjonsfondet prosjekt 25007. 29.08.2012 FORMANNSKAPET
FS-048/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek at det skal utarbeidast overordna risiko og sårbarheitsanalyse for Aurland kommune. Rådmannen eller den han peikar ut har ansvar for gjennomføringa av kartlegging og analyse. Formannskapet er prosjektstyre. Det skal leggjast fram endeleg overdna ROS analyse innan september 2013. Dekning konsesjonsfondet prosjekt 25007. KS-113/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek at det skal utarbeidast overordna risiko og sårbarheitsanalyse for Aurland kommune. Rådmannen eller den han peikar ut har ansvar for gjennomføringa av kartlegging og analyse. Formannskapet er prosjektstyre. Det skal leggjast fram endeleg overdna ROS analyse innan september 2013. Dekning konsesjonsfondet prosjekt 25007. 114/12: Kommunedelplan for veg og trafikktrygging 2013-2017 - vedtak av planprogram Kommunestyret vedtek med heimel i Plan- og bygningslova 11-13 planprogram for kommunedelplan for veg og trafikktrygging. 29.08.2012 KOMMUNEPLANNEMNDA KPLN-013/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek med heimel i Plan- og bygningslova 11-13 planprogram for kommunedelplan for veg og trafikktrygging. Handsaming i møte: Framlegg frå Trygve Skjerdal: Konklusjon frå arbeidsgruppa for gang- og sykkelveg frå Heggviki til Bøen vert teke inn i planen. Framlegg frå Monica Finden: Må sikre opning i hekken mellom Vangsgården og parkeringsplass ved bårehuset, antan ved stenging eller fotgjengerfelt. Framlegg frå Noralv Distad: Alle innkomne merknader skal takast med og vurderast i det vidare planarbeidet. Framlegg frå Kristine Grønner Ohnstad: Gang- og sykkelveg til Flåm skule skal vere med i det vidare planarbeidet.
KS-114/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek med heimel i Plan- og bygningslova 11-13 planprogram for kommunedelplan for veg og trafikktrygging med slik presisering: - Konklusjon frå arbeidsgruppa for gang- og sykkelveg frå Heggviki til Bøen vert teke inn i planen - Må sikre opning i hekken mellom Vangsgården og parkeringsplass ved bårehuset, antan ved stenging eller fotgjengerfelt - Alle innkomne merknader skal takast med og vurderast i det vidare planarbeidet - Gang- og sykkelveg til Flåm skule skal vere med i det vidare planarbeidet. 115/12: Handlingsdel med økonomiplan 2013-2016 - vedtak av plan Kommunestyret vedtek Handlingsdel med økonomiplan 2013 2016, i medhald av Plan- og bygningslova 11-1 og 11-4, samt kommunelova 44. Plandokumentet omfattar: - Driftsbudsjettet sine økonomiske rammer jf side 35. - Investeringar i perioden jf tabell side 42. Handlingsdel i planperioden jf side 7 26. 29.08.2012 FORMANNSKAPET FS-055/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek Handlingsdel med økonomiplan 2013 2016, i medhald av Plan- og bygningslova 11-1 og 11-4, samt kommunelova 44. Plandokumentet omfattar: - Driftsbudsjettet sine økonomiske rammer jf side 35. - Investeringar i perioden jf tabell side 42. - Handlingsdel i planperioden jf side 7 26. Handsaming i møte: Næringsutvikling hovudmål og strategiar delmål siste strekpunkt: Endringsframlegg frå Therese Turlid: Nytt punkt: Aurland kommune vil fortsetja som eineeigar i Aurland Energiverk AS, og bruka konsesjonskrafta på ein slik måte at den sikrar næringslivet og innbyggjarane ein sikker tilgang på rimeleg straum. Framlegg frå Trygve Skjerdal: Det skal føretakast eit samla gjennomgang av idrettsanlegga i kommunen. Framlegg frå Johannes Dalsbotten: Alle investeringar skal vurderast i høve til driftskonsekvensar.
KS-115/12 VEDTAK: Kommunestyret vedtek Handlingsdel med økonomiplan 2013 2016, i medhald av Plan- og bygningslova 11-1 og 11-4, samt kommunelova 44. Plandokumentet omfattar: - Driftsbudsjettet sine økonomiske rammer jf side 35. - Investeringar i perioden jf tabell side 42. - Handlingsdel i planperioden jf side 7 26. med slik endring: Næringsutvikling hovudmål og strategiar delmål siste strekpunkt: Nytt punkt: Aurland kommune vil fortsetja som eineeigar i Aurland Energiverk AS, og bruka konsesjonskrafta på ein slik måte at den sikrar næringslivet og innbyggjarane ein sikker tilgang på rimeleg straum. Det skal føretakast eit samla gjennomgang av idrettsanlegga i kommunen. Alle investeringar skal vurderast i høve til driftskonsekvensar. 116/12: Søknad om lån frå Næringsfondet 2012 1.Kommunestyret vedtek med heimel i Reglar for bruk av konsesjonsfondet i Aurland kommune at Flåm Investor AS får konverteringslån i Næringsfondet til investeringar til bygging av lagerbygg på Orøyane på kr 1.130.000,-. Det vert føreset full finansering i medhald av plan i søknaden og godkjend festeavtale med Aurland kommun. 2. Låna skal betalast attende over 10 år med betaling av renter og avdrag den 30. juni og 30 desember kvart år til lånet er nedbetalt. Det skal svarast rente lik gjeldande utlånsrente i fondet til ei kvar tid, f.t. 5,5% p.a. Lånet skal sikrast med pant i bygning/inventar med 2 prioritet og opprykk etter banklån. 29.08.2012 FONDSTYRET FOR KONSESJONSAVGIFTSFONDET FSKF-018/12 VEDTAK: 1. Kommunestyret vedtek med heimel i Reglar for bruk av konsesjonsfondet i Aurland kommune at Flåm Investor AS får konverteringslån i Næringsfondet til investeringar til bygging av lagerbygg på Orøyane på kr 1.130.000,-. Det vert føreset full finansering i medhald av plan i søknaden og godkjend festeavtale med Aurland kommune. 2. Låna skal betalast attende over 10 år med betaling av renter og avdrag den 30. juni og 30 desember kvart år til lånet er nedbetalt. Det skal svarast rente lik gjeldande utlånsrente i fondet til ei kvar tid, f.t. 5,5% p.a. Lånet skal sikrast med pant i bygning/inventar med 2 prioritet og opprykk etter banklån.
KS-116/12 VEDTAK: 1. Kommunestyret vedtek med heimel i Reglar for bruk av konsesjonsfondet i Aurland kommune at Flåm Investor AS får konverteringslån i Næringsfondet til investeringar til bygging av lagerbygg på Orøyane på kr 1.130.000,-. Det vert føreset full finansering i medhald av plan i søknaden og godkjend festeavtale med Aurland kommune. 2. Låna skal betalast attende over 10 år med betaling av renter og avdrag den 30. juni og 30 desember kvart år til lånet er nedbetalt. Det skal svarast rente lik gjeldande utlånsrente i fondet til ei kvar tid, f.t. 5,5% p.a. Lånet skal sikrast med pant i bygning/inventar med 2 prioritet og opprykk etter banklån.