REGULERINGSPLAN Teikningar og føresegner E16 Varpe bru-nystuen Justering forbi Kolabrune E16 Hp9 Eidsbru-Tyinkrysset Vang kommune Revisjon av vedteken reguleringsplan Sak nr. 063/13 Revisjon A: Fjerne skiløyper Region vest Leikanger, R.vegktr Dato: 20. november 2014
Vang kommune E16 frå Varpe bru til Nystuen E16 forbi Kola bru Filefjell i Vang kommune Forord Statens vegvesen starta hausten 2008 arbeidet med reguleringsplan for ny E16 frå Varpe bru til Nystuen, på Filefjell i Vang kommune. I april 2011 varsla Statens vegvesen på nytt om arbeidet med reguleringsplan for E16 frå Varpe bru til Nystuen. Planen vart vedteken i mai 2012, sak nr 20/12. I samband med meir detaljert planlegging for byggeplan vart det avklara ønske om ei justering av E16 forbi Kola bru. Deler av reguleringsplanen for E16 frå Varpe bru til Nystuen vart difor trekt ut og laga ny plan for. Strekninga var 465 meter lang. Reguleringsplanen vart handsama i Hovedutval for utvikling 10.september 2013 (sak nr. HU-049/13). Dei vedtok framlegg til reguleringsplan. Planen vart vedteken i kommunestyret 19.september 2013 (sak nr. KS-063/13). Etter dialog mellom Statens vegvesen og kommunen vart det bestemt at gangvegane/skiløypene som krysser aust for brua ikkje skal byggast. Skiløypa som går parallelt med jordbruksvegen har uheldig kryssing av E16. Skiløypa som går på bru over E16 er ikkje aktuell når andre skiløyper vert etablert i området, inkludert kryssing av skiløype under E16 vest for Varpe bru. Reguleringsplanen for omlegginga forbi Kola bru er noko forlenga mot aust for å fjerne skiløypa som har avkøyrsle til E16. Oversiktskart som viser planområdet for justering av E16 forbi Kola bru, markert med sirkel. Innhald: Forord Formelt bindande del: Reguleringsføresegner Reguleringskart R3-4, revisjon A Planomtale og støysonekart, sjå plandokument datert 7.juni 2013
Vang kommune E16 frå Varpe bru til Nystuen E16 forbi Kola bru Filefjell i Vang kommune Vang kommune FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN E16 Hp 9 Eidsbru - Tyinkrysset/ Hp 10 Tyinkrysset - Sogn grense Varpe bru til Nystuen, Justering forbi Kola bru, revisjon A Planid: 2013002 Utarbeidd av Statens vegvesen reigon Vest november 2014 1. Planen sine grenser og reguleringsformål Planen er utarbeidd etter 12-3, detaljregulering. Planen vert fremja etter 3-7, overføring av planførebuing til statleg mynde. Planen sin avgrensing er vist på teikning R3-4, revisjon A: Kartprojeksjon er Euref 89, UTM sone 32 Formål Formålet med reguleringsplanen er å justere E16 med tilhøyrande avkøyrsler forbi Kola bru i høve til vedteken plan for E16 frå Varpe bru til Nystuen. Areala i planområda skal nyttast til fylgjande reguleringsformål: Bygningar og anlegg ( 12-5, nr 1) Fritidsbusetnad - frittliggande (1121) Samferdsle og teknisk infrastruktur ( 12-5, nr 2) Veg, offentleg (2010) Køyreveg, felles privat (2011) Køyreveg, privat (2011) Gangveg (2015) Annan veggrunn - grøntareal (2019) Landbruks-, natur- og friluftsområde og reindrift( 12-5, nr 5) LNFR (5120) Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone ( 12-5, nr 6) Naturområde (6600) Omsynssoner ( 11-8, jf 12-6) 11-8a.1 Sikringssone Frisikt (H140) Bestemmelsesområde ( 12-7) Midlertidig anleggsområde (B091) Formål med endringa er å fjerne skiløypene aust for Kola bru.
2. Felles føresegner Vang kommune 2.1. Mindre vesentlege unntak frå reguleringsføresegnene kan, der særlege grunnar talar for det, gjevast løyve til av kommunen innanfor ramma til lovverket. 2.2. Der byggegrense ikkje er vist, gjeld reglane i veglova. Byggegrensa er vist som 25 meter eller i høve til eksisterande bygningar frå midten av offentleg veg frå brua ved Tyinkrysset til Kola bru. Elles er byggegrensa i hht Veglova, 50 meter frå midten av offentleg veg 2.3. Terrenginngrep i samband med veganlegget skal skje mest mogeleg skånsamt. Før veganlegget vert opna skal areala opparbeidast og settast i stand i samsvar med felles føresegner. 2.4. Bruer, murar og andre bygde element langs vegen skal ha god utforming og høg materialkvalitet. 2.5. Alle kryssingar av vassdrag skal dimensjonerast med nok plass til vassgjennomstrøyming dimensjonert til 200-års flaum slik at det ikkje vert oppstuving, erosjon og endra straumtilhøve i vassdraget. Dette gjeld både permanente og mellombelse bruer. Alle oppfyllingar nær vassdrag skal avklarast i høve til å unngå fare for oppstuving i vassdraget. 2.6. Tiltak i eller nær Begnavassdraget som kan føre til tilslamming i vassdraget skal utførast i tidsrommet 15.juni til 15.september. E16 frå Varpe bru til Nystuen E16 forbi Kola bru Filefjell i Vang kommune 4.7. Annan veggrunn - Grøntareal er offentleg grunn som sikrar dei offentlege vegareala. Det er ikkje løyve til å gjere inngrep i desse areala som skadar eller endrar dei offentlege vegareala. Desse areala kan nyttast til riggområde, mellombelse anleggsvegar og mellombelse massedeponi i anleggsperioden. 5. Landbruks- natur og friluftsområde og reindrift ( 12-5, nr5) 5.1. Områda regulerte til LNFR sikrar dagens bruk av areala. 6. Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone ( 12-5, nr 6) 6.1. Inngrep i naturområde vassdrag skal ved gjennomføring av veganlegget gjennomførast på ein skånsom måte og med minst mogelege inngrep. 7. Omsynssoner ( 11-8, jf 12-6) 7.1. I frisiktsonene skal det til ein kvar tid være fri sikt 0,5 meter over nivået til dei tilstøytande vegane. Statens vegvesen og kommunen kan krevje fjerning av sikthindrande element innanfor denne sona. 3. Bygningar og anlegg ( 12-5, nr 1) 3.1. Deler av eksisterande fritidsbusetnader FB som inngår i denne planen vert regulert til dette, basert på eigedomsgrenser. Deler av desse areala har regulert inn midlertidig anleggsområde. 3.2. Areala regulerte til fritidsbusetnader stadfestar eksisterande bruk. 4. Samferdsleanlegg og teknisk infrastruktur ( 12-5, nr 2) 4.1. Offentlege køyrevegar skal opparbeidast med den linjeføring, bredde og høgde slik det går fram av reguleringsplan-teikningane. 4.2. Felles privat veg FV5 er veg til eigedomane 10/2-3 og 10/12. 4.3. Felles privat veg FV6 er veg til eigedomane 10/20, 10/25, 10/23, 10/18, 10/17, 10/11, 10/8, 10/16 og 10/19. Det er to parkeringsplassar for kvar hytte langs vegen. 4.4. Felles privat veg FV7 er stølsveg til alle eigedomar som vegen vidare naturleg fører fram til, på eksisterande vegsystem. Vegen kan ikkje nyttast som tilkomst til nye eigedomar eller nye hytteområde. 4.5. Dei private vegane merka PV sikrar tilkomst til eigedomane dei høyrer til, frå tilstøtande veg 4.6. GV3 er planfri kryssing under E16 for framtidig skiløype. Terrenget kan svøymast over i flaumperiodar.
Statens vegvesen Region vest Ressursavdelinga Askedalen 4 6863 LEIKANGER Tlf: (+47 915) 02030 firmapost-vest@vegvesen.no vegvesen.no Trygt fram sammen