AKTIVITETSRAPPORT 2014



Like dokumenter
ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Lønnsundersøkinga for 2014

Forslag frå fylkesrådmannen

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Til deg som bur i fosterheim år

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 06/482

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Musea i Sogn og Fjordane Styremøte

Føretaket vil stille personell til å delta i arbeidet, og vil ta felles mål inn i lokale planar og rapporteringssystem for oppfølging.

GAULAFONDET. Vedtekter for bruk og forvalting av midlane kommunen har fått i samband med at Gaularvassdraget vart verna mot kraftutbygging

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

3 FORVALTNING AV FONDET 3.1 Forvalting Omstillingsstyret er fondsstyre i søknader om midlar frå næringsfondet.

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Saksframstilling. Arkivsaksnr: 12/1264 Saksbeh.: Karina Nerland Arkivkode: /12 Sogn regionråd Saksframlegg

-fl- P4AR HAIVIAR

Fylkeskommunen får tildelt midlar til kommunale næringsfond frå Kap 551, post 60 i dei årlege statsbudsjetta.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Kontrollutvalet. Målet i dag

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Stryn kommune 1

Program for entreprenørskap. Eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Innovasjon Norge og KOMMUNANE

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Kommuneretta næringsutvikling - statusrapport, evaluering og vidare arbeid

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: Tid: 12:00-16:30. A.

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

SANDØY KOMMUNE VEDTEKTER FOR NÆRINGSFONDET

INTERNASJONAL STRATEGI

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Korleis skape samhandlig lokal og regionalt Solstrand, 26.september 2012

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Handlingsplan (forslag vedtatt på årsmøte )

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Styresak. Synnøve Serigstad Retningslinjer for brukarmedverknad i Helse Vest. Arkivsak 2012/105 Styresak 043/14 Styremøte

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Granvin herad Sakspapir

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Transkript:

Førde 21.01.2015 AKTIVITETSRAPPORT 2014 SUNNFJORD NÆRINGSUTVIKLING AS Innleiing I samsvar med styret i SNU AS sine føresetnader er det utarbeidd ein overordna driftsrapport for selskapet AS for driftsåret 2014. Rapporteringa er gjort for å gje betre informasjon om aktivitetsbiletet for selskapet ut over den informasjon som er kjend gjennom styrearbeid og generalforsamling. Rapporten er lagt opp som ei omtale av aktivitet gjennomført i 2014. Det er grunn til å understreke at i SNU AS er det fast rutine at vedtek ny aktivitetsplan for kvart budsjettår. Det blir derfor laga utkast til Verksemdplan for SNU kvar haust der styret drøftar eit skisseopplegg der ein tek inn merknader. Deretter kjem det eiga styresak om dette i desembermøte der også budsjettet blir vedteke. Basert på styrevedtak om budsjett og verksemdplan blir det som standard gjort rapportering for desse to områda i kvart styremøte gjennom året. Avvik blir drøfta og eventuelle tiltak for avvikskorrigering drøfta. SNU AS har eige timeregistreringssystem som føreset 100% timeregistrering. Løysinga er vald for å sikre kontroll med både den generelle timebruken og ressursbruken på prosjekt av ulike typar. Dette timeføringssystemet er også grunnlaget for at SNU kan føre gode prosjektrekneskap både på interne og eksterne prosjekttenester. Systemet er integrert mot vårt rekneskapssystem slik at det er effektiv databruk. Grunnlaget for drifta i 2014 SNU AS planla hausten 2013 ein aktivitet med ein personalressurs i 2014 på totalt 4,2 årsverk. Det er for tida 5 tilsette i selskapet, men mellom anna på grunn av fødselspermisjon var kapasiteten redusert i 2014. På grunn av at SNU AS også er ansvarleg for drift av turistinformasjonar i Førde og på Skei, er det også gjort kjøp av diverse timetenester for vertskap i desse funksjonane på ca. 0,35 årsverk. Dette er tenestekjøp som ikkje blir ført i timeregistrering. På grunn av at timeregistreringssystema er omfattande med omsyn til postar og prosjekt, er det gjort ei samling av aktivitetar i meir logiske pakkar som er meir klargjerande i forhold til den aktivitetstypen det er snakk om. Vi understrekar også at vi i rapporten berre ser på aktivitetstimar, slik at ferie ikkje er medrekna i denne ramma.

For 2014 har vi slikt fordelingsresultat på dei ulike samlepostane: 1. linjeteneste/ saksførebuing for styret i kommunale næringsfond Samla forbruk av totalressurs: 31% ( ca 2090 tv) Generell rådgjeving større saker/ regionalt strategiarbeid etc Samla forbruk av totalressurs: 9% ( 607 tv) Reiselivs- og destinasjonsarbeid/turistinformasjon etc Samla forbruk av eigen totalressurs: 45% (3034 tv) I tillegg kjem kjøpte timar av andre med samla ressursomfang ca 680 tv. Prosjektoppdrag ( intern og eksternt) næring (vekstprogram) Samla ressursbruk av totalressurs: 11% ( 741 tv) Eiga drift og kompetansebygging SNU Samla forbruk av totalressurs: 4% (270 tv) Informasjon 1. linjeteneste/ saksførebuing for styret i kommunale næringsfond Området er samla slik fordi det er naturleg å ha denne samla pakken av verkemiddel i verktøykassa når SNU er i posisjon som rettleiar for personar med ønske om å etablere eiga verksemd eller har produktforslag. SNU har omfattande kontakt med nyskaparar og nyetablerarar i heile regionen. Det er ein regel at vi inviterer alle dei aktuelle til fysiske møte for å starte eit samarbeid basert på at vi kjenner kvarandre. Sjølv om vi er lokalisert i litt avstengde kontor, legg vi vekt på at alle skal få tilgang samt bli møtte med interesse og kompetanse. Ofte er etablerarar klart i posisjon for å kunne få støtte frå dei kommunale næringsfonda. Dette er derfor eit verkemiddel som er naturleg å drøfte i faglege treffpunkt med den enkelte nyskaparen. Ved at SNU er så tett på den enkelte sine plana, er dette også ein av grunnane til at vi i stor grad gjennom rådgjeving har stor grad av avklaring på førehand om søknader til næringsfonda har sjanse for å få støtte. SNU er også fokusert på at vi er berre ein del av eit større apparat for å støtte nyskaping. Vi ser det som viktig at vi også er hjelpar for nyetablerar som skal ha kontakt Innovasjon Noreg for å få hjelp og støtte der. Som det går fram av oppstillinga over er det brukt om lag 31% av samla ressurs på dette området. Etter vårt syn er det lite tvil om at denne forma for regional organisering er effektiv. Den samla drifta vår på dette feltet har større omfang, meir ressurs og betre kvalitet enn fleire små organ ville

ha. Også for styrearbeidet i dei ulike kommunale næringsfonda er det svært rasjonelt å ha volum som gjer at sakene kan få eins handsaming i fleire kommunar slik som hos oss. Det er også ein regel i SNU at når det er styremøte i selskapet, er det også eigne styremøte for dei ulike kommunale næringsfonda. Derfor blir ventetida på avgjer relativ kort hos oss. Det kan også nemnast at det frå styret i dei kommunale næringsfonda er gjeve delegasjonsfullmakt til dagleg leiar for mindre enkeltsaker. Desse blir rapporterte til styret ved første høve. Denne delegasjonen er gjort for å sikre at avgjerder i små saker ikkje tek unødig tid. Vanlegvis blir det gjennom aviser eit par gonger i året gjort kjent at SNU er rett kontaktpunkt når det gjeld kommunale næringsfond, men vi registrerer at denne informasjonen også blir godt kjend gjennom andre media og gjennom direktekontakt. Vi meiner at kunnskapen om at det finst næringsretta støtteordning som god. Som snitt gjennom fleire år har det vore tett på balanse mellom søknader og tildelingar. Det er noko ulikt mellom dei enkelte kommunar, men balanse er eit hovudtrekk. At det finns opparbeida kapital i fonda er basert på at vi får renteoverføringar, samt at det også er restar frå tildelingar som blir ståande unytta og dermed tilbakeførte til fonda etter ei tid. Tildelingsrammene for det enkelte prosjektet har vore unedra over lang tid, noko som også gjer at prosjekt som er litt meir omfattande fort har kostnadsrammer som gjer at vi i staden må hjelpe søkjarane inn i systemet til Innovasjon Noreg. Det er slik at det er Innovasjon Noreg som tek saker med omfag over grensa som er lagt til grunn i retningslinjene for dei kommunale næringsfonda. AS fekk gjennom vedtak i styret for dei kommunale næringsfonda disponere 5% av midlane til administrasjon og saksførebuing i 2014. På grunn av at SNU er etablert som felles sakshandsamingsorgan for søknader blir det løyvt eit ekstra stimuleringstilskot til kvar av kommunane på 100.000 kroner pr. år. Løysinga er både rasjonell og økonomisk gunstig for fonda. På grunn av krav frå tildelar blir det laga eigen årsrapport frå styret for dei kommunale næringsfonda. Rapporten blir alltid send til den enkelte kommune for politisk handsaming og godkjenning. Generell rådgjeving i større saker/ regionalt strategiarbeid etc. Innanfor dette feltet ligg arbeid som ikkje er etablert som prosjekt, men der vi er sentrale partar for å få drive prosessar. SNU deltek i møte og drøftingar på mange ulike nivå der det ikkje er råd å vise til direkte resultat. Ofte er dette oppdrag mot næringsliv eller offentlege instansar for å sikre at våre funksjonar har rett fokus. Omfanget av arbeidet utgjer om lag 9% av totalressursen. Dette er eit viktig element for å ta vidare omsyn og få betre perspektiv på saker. Eitt av dei sentrale områda som har vore dominerande er aktiviteten frå SNU inn mot utvikling av Regional strategisk næringsplan 2014-2017 som var ferdig i 2014. Det var stor aktivitet på det same prosjektet også i 2013, men sluttdelen vart gjennomført i 2014. oppdraget er typisk slik funksjon som er sentralt både for selskapet ved dei resultat som blir utforma, men også for å skape felles kompetanse på utviklingsstrategiar for regionen.

SNU er også sentral aktør inn mot arbeidet med dei ulike arrangement som går under tema Rekrutteringsmesser. Arrangementa er både tidkrevjande og kostbare, men er så viktige for regionen at det ikkje er aktuell problemstilling å redusere på dette. Reiselivs- og destinasjonsarbeid/turistinformasjon etc. Denne aktiviteten har omfattande ressursbruk gjennom året. Bruken av våre eigne samla timeressursar er totalt på om lag 45%. Ut over dette leiger vi også inn eit relativt stort tal timar for å få aktiviteten ved turistinformasjonane til å fungere. Sentralt på dette feltet er det årvisse arbeidet med marknadsføring av reiselivsprodukta i regionen. Her er det etablert eit relativt omfattande samarbeid med organisasjonen Visit Fjordkysten for å oppnå økonomiske fortrinn ved at vi kan dele på kostnader på elektroniske løysingar etc. Vidare er det tett samarbeid om å utvikle Reiseguide Sunnfjord slik at produktet både blir betre og rimelegare for kvar av oss. Dette samarbeidet har vore eit svært viktig grep for å starte utvikling mot større og meir effektive einingar som vi ser blir krav framover for å sikre finansieringsstøtte. Det er svært kostnadskrevjande å lage nye papirbaserte katalogar, men framleis er det stort behov for slike, så vi ser det ikkje som farbar veg å slutte med dette. Katalogen er delvis finansiert ved sal av reklame frå den enkelte reiselivsbedrifta eller andre som vi bli profilerte. Det er stor skilnad på dei ulike områda innan vår region på korleis ein ser på viktigheita av slik reklame, noko som også gjer at det er svært stor skilnad på mengda profilering og reklame kommunane imellom. SNU har for året 2014 fått tildelt næringsstøtte frå fylkeskommunen ( av statlege overføringar ) på 450.000kroner til tiltak retta mot målretta innsatsområde i 2014. Midlane er knytte til avtale som er kontraktfesta mellom partane, og det er strenge krav til bruk og rapportering. SNU har gjennom åra ikkje fått merknader til sine disponeringar av desse midlane. Vi har alltid vore svært lojale og ikkje kanalisert midlar inn mot oppgåver som er definerte som drift av selskapet eller mot drift av turistinformasjonar. Drifta av turistinformasjonane i 2014 var gjennomført etter vanleg mal, men med små justering av opningstider for å blir meir kostnadseffektiv. Justeringa av opningstidene er alltid drøfta på førehand med næringsaktørane gjennom møte i dei lokale næringsorganisasjonane. Det er slik at med dei tal på besøk vi har, ( Førde: samla 611registrerte besøkande, Skei samla 1732 besøkjande), så er det svært høge enkeltkostnader slik vi no opererer. Med auka opningstider ville kostnad for kvar besøkjande auke endå meir, noko som vi ikkje ser som økonomisk tilrådeleg. Vår eiga evaluering av aktiviteten syner at vi må vidareføre vårt fokus på å effektivisere drift og sjå på nye løysingar der elektroniske informasjonsmetodar blir nytta. Sjølv om det kunne vore rettast å rapportere om aktiviteten vi har gjennomført når det gjeld Forprosjekt vedrørande utvikling og etablering av interaktive elektroniske informasjonstavle/terminal ein annan stad, er det naturleg å knyte omtala til denne faktadelen. Med Mediebruket som underleverandør har SNU gjennomført eit forstudiearbeid der vi har sett på om det er råd å planlegge ei utvikling der vi nyttar ulike interaktive terminalar som portal for informasjon generelt og for turistar og besøkjande spesielt. Svaret er eintydig at det er teknologisk

grunnlag for å kunne etablere slike løysingar, men at ein må gjennomføre dette med varsemd. Det er lett for oss i Noreg å tenkje at alle er like teknologivillige som vi er, noko som ikkje alltid er rett. Vidare må vi også syte for at slik etablering blir ei løysing som generelt burde vore nasjonal slik at dei verkeleg store resultata kunne hentast ut. Vårt krav er at sjølve systemet skal fungere slik at dei ulike media automatisk kan oppdaterast samt at det er stor grad av desentralt redaktøransvar for å leggje inn tidsaktuell informasjon. Våre innspel mot fylkeskommunen og infrastruktursatsinga har ikkje resultert i at vi får finansiering til å ta fullskalatest av denne løysinga i regionen. Prosjektutvikling vidare må derfor avvente til seinare. Det er i 2014 gjort eit prosjektarbeid for å få meir fokus på Haugabreen i Stardalen i Jølster. Denne breen er svært lett tilgjengleg, men har vore lite profilert fordi det har vore lite og mangelfull skilting. No er det gjennom prosjektet gjort store framskritt ved at det er avtale med Statens vegvesen om skilting samt at det er forbetra skilting og parkering for besøkjande. Vidare er det laga informasjonsmateriell tilpassa denne spesielle attraktiviteten på fleire språk. Satsinga i Jølster når det gjeld utgreiing av Tverrfjellet har vore støtta av SNU der vårt fokus er å sikre faktakunnskap hos NCE Tourism slik at dette prosjektet sitt fyrtårn - potensial blir notert. Det er no skipa eit eige selskap av lokale interessentar for å dra dette prosjektet vidare. Grovprosjektering og kalkulering er gjort. Selskapet arbeider med finansieringsskisse mot Innovasjon Noreg og sentrale styresmakter. SNU har jobba aktivt for å mobilisere verksemder langs Nasjonal turistveg til produktutvikling og samarbeid i form av nettverk. Dette har resultert i at 25 engasjerte bedrifter har meldt seg som deltakarar i Prosjektet Produktutvikling langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet. Prosjektet er oppteke som pilot i Norwegian Centres of Expertise, NCE Tourism. Dette inneber finansiering gjennom Innovasjon Noreg til kjøp av ekstern prosjektleiar Børre Berglund. SNU ser også på fyrtårnetableringar med vandring og oppleving som sentrale element i vår satsing. Vi held tett kontakt med både fylkeskommunen og NCE Tourism for å sikre rett målfokus slik at vi støttar sentrale strategiske mål innan reiselivsbransjen. Når det gjeld klyngeprosjektet i Nedre Jølster, blir dette omtala som eige prosjekt seinare. Mot slutten av 2014 kom det sterke signal frå sentralt hald om at ein vil gå mot større og meir kompetente og effektive organisasjonar i feltet som omfattar destinasjonsfunksjonar. SNU er i innleiande drøftingar for å sjå korleis vi bør organisere oss framover. Det er ei målsettjing at ein skal gjennomføre slike felles vurderingar med ei tidplan slik at ein er klar for å møte eit nytt tilskotsregime frå 2016. Prosjektoppdrag ( internt og eksternt) næring (vekstprogram) Som det går fram av oversynet er det berre brukt om lag 11% av samla ressurs på dette feltet i 2014. Dette meiner dagleg leiar er for lite, men er eit resultat av dei avgrensa ressursane som er

tilgjenglege i selskapet, og dei felles vurderingar og prioriteringar som er gjort i samband med utarbeiding av verksemdplana. Innanfor dette feltet er det behov for stor auke av innsats. Det er grunn til spesielt å ha fokus på feltet ved SNU sitt Vekstprogram, der vi meiner det er svært store effekt å hente ved auka innsats. Erfaringane her er svært gode for det eksisterande næringsliv som er svært sentralt for å sikre vidare vekst i Sunnfjord. SNU er nøgd med å ha vore sentralt deltakande og koordinerande i arbeidet med å etablere elkraftstudie for ingeniørar i Førde. Dette året har det arbeidd for å få etablert eit ingeniørstudium for fagområdet bygg/anlegg i Førde. SNU er prosjektkoordinator saman med ei arbeids- og prosjektgruppe. Målsettinga i denne omgang er å etablere eit forprosjekt der Høgskulen i Sogn og Fjordane skal skaffast ressursar til å arbeide med å utvikle samla plan for å kunne etablere eit slikt studietilbod. Behovsgrunnlaget er avklara og dokumentet med spesiell hjelp frå NHO, KS og NITO. Konklusjonen ved årsskifte er at det er tilsegn om ca 75% av eit behov for midlar på 2 million kroner til dette forprosjektet. Her er INU- ordninga sentral saman med Sparebanken Sogn og Fjordane og fleire andreaktørar. Arbeidet held fram i 2015. SNU har også oppdrag som betalt sekretær for Førde industri- og næringssamskipnad, Flyplassutvalet og E-39 utval. Spesielt har det vore stor aktivitet kring E-39 utbygginga og flyplasspørsmålet i 2014. I Naustdal har det vore relativt stor aktivitet i eit fellesprosjekt som omfattar Elva Nausta der det er mykje aktivitet i ei samling av grunneigarar, kommune og SNU. Industriutbygging på Engebø er uavklara. Vidare er Naustdal næringsråd og Gaular næringsråd no etablerte med aktive organisasjonar slik at vi no har eige næringsorganisasjonar i alle fire kommunane i SNU. Dette er svært viktig for å sikre at det finst partar frå næringslivet som kan hørast om næringsspørsmål. Alle prosjekta som omhandlar Fjordvarmeprosjektet, Handelspark Brulandsvellene og Sunnfjord Næringspark Moskog er prega av at det har vore mindre aktivitet frå SNU siste året på grunn av planprosessar etc. Vi avventar avklaringar på desse prosjekta slik at nytt arbeid kan settjast i verk. Det som er sentralt for alle sakene er at dei er svært viktige for utvikling av arbeidsplassar i regionen. I Jølster har det vore gjennomført eit større vekstprogram lokalt i 2014. Bakgrunnen er eit forsøk på å etablere både ei klyngetenking i eit vekstprogram der bedrifter er lokalisert innanfor ei lite geografisk område og har gjensidig tilstøytande produkt. I området Nedre Jølst- Vassenden finst det eit titals bedrifter som har slike tilstøytande produkt ved at dei bygger på besøksnæring av ulik art. SNU inviterte desse bedriftene til utfordringssamling for å sjå om det var potensial for å skape meirvekst. Prosjektet vart ein stor suksess der SNU saman med PWC har gjennomført eit litt justert vekstprogram som er meir retta mot å utvikle klyngeeffekt.

SNU tolkar responsen frå det lokale næringslivet som svært godt. Arbeidet har enda med at ni eksisterande bedrifter no har etablert eige aksjeselskap med målsettjing om å drive fram samla marknadsføring og profilering. Slik etablering og slikt samla fokus er vi overtydde om ikkje kunne ha skjedd utan at det hadde vore gjort samarbeidsprosjekt for å sikre både kvalitet og auka fokus på strategiske mål. Sparebanken Sogn og Fjordane og NCE Tourism såg dette prosjektet så interessant at dei støtta oss med svært avgjerande midlar. SNU er svært tilfreds med resultatet, men skal også understreke at denne suksessen er eit resultat av at dei lokale bedriftene i området har lagt ned stor innsats og skaparvilje i noko som dei ikkje kunne vite resultatet av då ein starte. SNU ser fram til å kunne hjelpe vidare, men ser også at prosjektet no går inn i ein meir sjølvstendig fase der andre støttesystem blir utfordra Vi og PWC meiner at vi no truleg har eit opplegg som er svært lett å tilpasse næringslivet. Det er viktig å kunne justere opplegg slik at vi kan variere mellom vanlege vekstprogram og denne type klynge- og vekstprogram. SNU vil legge vekt på å finne finansiering for nye framstøytar etter same mal seinare. SNU har i 2014 også gjennomført eit svært omfattande arbeid saman med Folkeuniversitetet. Vi fekk tildelt frå departementet 1.0 mill. kroner for å styrkje vidareutdanning av tilsette i handelsnæringa. Dette prosjektet har vore svært godt motteke. SNU såg på denne innsatsen som svært sentral for å sikre basiskompetanse og teknologikompetanse i handelsnæringa i Førde spesielt. For Førde er handel svært viktig, noko som gjer at slik kompetansebygging bør skje ofte for å sikre at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap. Denne innsatsen styrkjer også arbeidet med at tilsette må få kunne ta fagbrev. Vi er svært tilfreds med samarbeidet med Folkeuniversitetet og deira måte å ta tak i prosjektet på. Eiga drift og kompetansebygging SNU Innanfor dette område er det gjort samling av diverse aktivitetar som er naturleg del av selskapet si eiga drift. Det blir lagt vekt på at kompetansen i selskapet skal aukast i tråd med dei behov som blir avdekka. Det er eit faktum at både reglar og dei elektroniske støttesystema bli fornya over tid slik at vi må sikre at selskapet har oppdatert kunnskap. Dette er sentralt for at vi skal kunne yte støtte basert på faktakunnskap til nyskaparar og andre. God støtte til dei som treng dette føreset at vi sikra at vi har relevant kompetanse som også har høg kvalitet. På grunn av avgrensa ressurstilgang er det sett strenge grenser for omfanget. SNU har i sine kontorareal etablert også nokre lånekontor for nyetablerarar der ein som førstefasetiltak kan låne kontor i ein periode. På slutten av 2014 er stoda den at vi no ikkje har ledige slike kontorplassar og har utvida dette tilbodet med å ta i bruk eit felles prosjektkontor i SNU til same type førstefasetilbod. Kapasiteten er derfor no utnytta 100%. Tilbodet til slike nyetableringar er tenkt som ei kortare startordning for å stimulere til auka nyskaping, men skal ikkje bli eit tilbod i konkurranse med dei som leiger ut kontorareal. Vurderinga vår i SNU er at

dette tiltaket er viktig. Vi må sjå på om omfanget må aukast og samtidig sjå om vi kan få dette til å bli del av ei inkubatorsatsing. Kostnader til administrasjon av sjølve selskapet er svært avgrensa fordi vi har etablert faste system på det meste av dei vanlege administrative oppgåver. Løysinga med 100% timeregistrering med knyting direkte til rekneskapssystemet er svært effektivt. Fakturakontroll blir gjort av dagleg leiar med tilhøyrande knyting mot prosjekt. Revisjonsarbeidet bygger på å sikre etablering av kvalitative gode system og rutine slik at det er lite spørsmål om enkeltpostar etc. Revisor for selskapet er også den som gjennomfører revisjon av prosjekt der det er slike krav til revisoruttale ved avslutning. Totalt sett er det vår vurdering at selskapet har ein effektiv administrasjon og dermed relativt små kostnader til administrative driftsutgifter i selskapet. Sluttmerknad Dokumentet er noko meir omfattande enn det som var tenkt, men er eit resultat av at i utviklinga av teksten ser behov for å gje ei orientering som gjer lesaren i stand til å skape eit bilete med tilstrekkeleg detaljgrad.