REGULERINGSFØRESEGNER FOR STOREBØ NÆRINGS- OG FRITIDSHAMN DELAR AV GNR. 43, 44 M.FL I AUSTEVOLL KOMMUNE



Like dokumenter
Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

REGULERINGSPLAN FOR DEL AV GNR. 33 BNR. 9.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

OMRÅDEREGULERING FOR GNR/BNR 56/1, 56/3 M.FL., ALMÅS UTMARK, STORD KOMMUNE

Planskildring Reguleringsføresegner

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 109 BNR. 14, BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR ETNESJØEN, SENTRUMSOMRÅDET, (DEL 1).

Reguleringsføresegner

REGULERINGSPLAN FOR ÅMOT PlanID FØRESEGNER

Reguleringsføresegner

ENDRA REGULERINGSPLAN FOR GNR: 45 BNR: 6 m/fl DALEN, BJELLAND i AUSTEVOLL

FØRESEGNER Juni 2015

REGULERINGSFØRESEGNER FOR REGULERINGSPLAN FOR YTTERDAL. 1. AVGRENSING. Det regulerte området er vist på planen med. reguleringsgrense.

Detaljplan for småbåthamn Haganesvika Gnr 52 bnr 227, 229 mfl, Haganes Fjell kommune REGULERINGSFØRESEGNER

REGULERINGSPLAN LUNDSHAGEN / LUNDSNESET Gnr. 95, Bnr. 50 m.fl. KVINNHERAD KOMMUNE. FØRESEGNER Juni Side 1

Hansabakken Sveio sentrum. Einebustadtomter og prosjekterte bustadtomter

DEL AV GNR. 4, BNR. 1 M. FL. NEDRE AKSNES, KVAM HERAD.

REGULERINGSPLAN FOR ANGLEVIK, MOSTERHAMN GNR. 10 BNR. 1 MFL. BØMLO KOMMUNE.

Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for ei utbygging av bustadar med tilhøyrande anlegg.

Reguleringsføresegner

Fjell kommune. Gnr. 42, Bnr. 3; Bnr. 49; Bnr. 99; samt del av Bnr. 83 og 85 MAIMYRA, BRATTHOLMEN

REGULERINGSPLAN FOR DØSHAUGNESET, GNR. 46 BNR. m.fl., AUSTEVOLL OMMUNE

REGULERINGSPLAN GRUNNAVÅGEN 2, MOSTER, BØMLO KOMMUNE

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

REGULERINGSPLAN FOR GNR. 230 BNR. 1 M.FL., STØLSVIK, HALSNØY, KVINNHERAD KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Føresegner Detaljregulering for naustområde Strand, Sandeid. Del av gnr. 27 bnr. 3 og 7 og gnr 27 bnr 14, 22, 23, 27 og 29, Vindafjord kommune.

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Ramsneset gnr.82 bnr.40, m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGN - REGULERINGSPLAN VÅGSMYRAN

Lo sør - forslag til reguleringsplan REGULERINGSBESTEMMELSER. Kommunens arkivsaksnummer: xx

DEL AV GNR. 4, BNR. 1 M. FL. NEDRE AKSNES, KVAM HERAD.

Leirvåg småbåthavn og naustområde

DETALJREGULERING FRITIDSBUSTADER BØVÅGEN, GNR. 14 BNR. 10, BØMLO KOMMUNE

1 REGULERINGSFØRESEGNER

Detaljplan for Årsund Vest II Hytteområde, Tingvoll

Detaljregulering Terrengparken Vierli

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR NORDØYRANE

Detaljplan for Årsund Vest Hytteområde, Tingvoll

VOLDA KOMMUNE Nærings- og utviklingsstaben 6100 VOLDA

PLANBESTEMMELSER Avgrensing av planområdet Reguleringsformål Detaljplan ved byggesøknad Byggeområde for fritidsboliger/

Føresegner Reguleringsplan for Hansabakken, Sveio

E16 Varpe bru-nystuen Justering forbi Kolabrune

Føresegner. Reguleringsplan for hybelhus, ny barnehage og leiligheitar Sauda kommune

FELLESFØRESEGNER 7 Ein bør i størst mogleg utstrekning søkje å taka vare på eksisterande vegetasjon i området.

Detaljreguleringsplan for Farhovd, del av gnr. 151, bnr. 5

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 27/ 606 m.fl, Svehaugen». Stord kommune. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 27/606 m.

REGULERINGSPLAN Prosjekt: E134 Ørvella bru

GULEN KOMMUNE Reguleringsføresegner til detaljreguleringsplan for: Gbnr. 91/1, Mjømna, Mjømna bobil camp og båtferie. Planid:

FØRESEGNER OG RETNINGSLINER

"GNR 11, BNR 10 M. FL. SANDVEN, NORHEIMSUND, KVAM HERAD"

1. De regulerte områdene er vist med reguleringsgrense på plankartet i målestokk 1:2000.

Reguleringsplan for Stavedalen

Reguleringsføresegner

FRESVIK, VIK I SOGN PRIVAT REGULERINGSPLAN

REGULERINGSBESTEMMELSER FOR GREFSTAD VESTRE.

REGULERINGSPLAN FOR NAUSTOMRÅDE ØREVIK, GNR. 33 BNR. 47 M.FL., BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER FOR SKJELEVIKA I AUSTEVOLL KOMMUNE

DETALJREGULERING FOR SMÅBÅTHAMN HORNELANDSVÅGEN, DEL AV GNR. 46, BNR.4, STORD KOMMUNE

Føresegner for «Detaljregulering for gnr /bnr 22/ 23 m.fl, Haga Mat». Stord kommune. Forslag til. Detaljregulering for. Gnr/ bnr 22/23 m.

REGULERINGSPLAN FOR APALEN SØR, GNR 202 BNR 1 M.FL.

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

- Industri/lager - Angitt bebyggelse og anleggsformål kombinert med andre angitte hovedformål

REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN HÅLANDSSJØEN, BOKN KOMMUNE

Føreseg ner for Deta ljreg ulering for 154/257, 338, m.fl. - Sunde Industriområde - Sunde - Pøylo Eiendom AS - Pla nid Sa ksnr: 2016/2913

DETALJREGULERINGSPLAN. Fritidsbustader Karihavet Del av gnr. 101, bnr.13 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Fjell kommune, Langøyna Ørnahaugen Kystlandsby

"REGULERINGSPLAN FOR EWOS INDUSTRIOMRÅDE FURØYA, HALSA I MELØY KOMMUNE

Finnøy kommune. Føresegner til detaljregulering for Holmastø, Fogn. Plan nr Vedtatt , KS-sak 027/13.

DETALJREGULERING FOR GNR/BNR 39/32 M. FL., SJOARBAKKEN, STORD KOMMUNE

REGULERINGSPLAN FOR KJELSVIKA, GNR. 15 BNR. 4 MFL.

FØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN DETALJREGULERING GISKEREMEN (JOHANGARDEN), GNR. 127 BNR. 34 MED FLERE, GISKE KOMMUNE PLANIDENT:

REGULERINGSPLAN FOR MYRENE NÆRINGSOMRÅDE BESTEMMELSER

DETALJREGULERINGSPLAN. Naustområde Sandholmen delar av gnr. 71 bnr.1 PlanID: BØMLO KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER TIL REGULERINGSPLAN FOR GJERDSVIK NAUSTOMRÅDE DEL AV GNR. 11, BNR. 1 OG GNR. 15, BNR. 1

FØRESEGNER for detaljregulering for Haganes hytteområde

REGULERINGSBESTEMMELSER (Forslag) Detaljreguleringsplan for Stusvik hyttefelt Lindesnes kommune

PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN STRAUMEN II ERSTATTAR DELAR AV R-116 PLANID: BØMLO KOMMUNE

Jotunheimen caravan camp, Postfuru

Reguleringsføresegner for reguleringsplan Turistanlegg Uskedalen

Planbestemmelser ÅKRA INDRE HAVN. Arkivsak: 10/352 Arkivkode: PLANR 2042 Sakstittel: DETALJREGULERING FOR ÅKRA - INDRE HAVN - 15/2104 M.FL.

FRAMLEGG TIL REGULERINGSFØRESEGNER FOR PLAN NR , SPJELD BÅTHAMN, JFR. PLAN- OG BYGNINGSLOVA 26

DETALJREGULERINGSPLAN. Bustad- og fritidsområde Tressvik gnr. 14 bnr.27 m.fl. PlanID: BØMLO KOMMUNE

Føresegner. Planid: Arkiv nr.: Plan: Områdereguleringsplan Sørstrand / Austvik

Reguleringsføresegner Reguleringsendring - Evanger

FØRESEGNER REGULERINGSPLAN FOR ÅHEIM SMÅBÅTHAMN. Føresegner datert Plankart datert

REGULERINGSPLAN. HYTTER ERVE Del av gnr. 105 bnr. 5, m. fl. SVEIO KOMMUNE

02/ /K1-140//LTA Manger: KOMMUNEPLAN FOR RADØY AREALDEL Føresegner

1.3 Planområdets arealformål. I henhold til plan- og bygningsloven 12 er området regulert til følgende formål med feltangivelse som vist i plankart.

REGULERINGSFØRSEGNER REILSTAD 4/1,2,38 mf. FINNØY. Dato:

Reguleringsplan Storemyr i Åbødalen Gnr. 32, Bnr. 4, Sauda kommune. Plan ID:

Fjell kommune, Langøyna Ørnhaugen Kystlandsby

Møgedal hyttefelt, Reguleringsbestemmelser

Kvam herad Reguleringsplan for Haldeplassen Kaldestad, Norheimsund Dato:

Meland kommune. Områdeplan for. Frekhaug sentrum gnr bnr m.fl. Reguleringsføresegner. (jf plan- og bygningslova 12-7)

REGULERINGSPLAN FOR ALVSVÅG, GNR. 110 BNR. 44 m.fl., BØMLO KOMMUNE

R E G U L E R I N G S F Ø R E S E G N E R

REGULERINGSPLAN FOR SMÅBÅTHAMN HÅLANDSSJØEN, BOKN KOMMUNE

REGULERINGSFØRESEGNER DETALJREGULERING FOR KVITEFOSSMYRA, BORTELID.

Transkript:

REGULERINGSFØRESEGNER FOR STOREBØ NÆRINGS- OG FRITIDSHAMN DELAR AV GNR. 43, 44 M.FL I AUSTEVOLL KOMMUNE 1. GENERELT 1.1. Det regulerte området er markert med stipla linje på kart i mål 1:2000. Koder i kart og i føresegnene viser til Miljøverndepartementet sine føresegner. 1.2. Areala i planområdet skal nyttast til følgjande formål: - Byggjeområde for hamn - Byggjeområde for industri/lager - Byggjeområde for kontor - Byggjeområde for naust - Byggjeområde for bustader med tilhøyrande anlegg - Byggjeområde for rorbuer/fritidsbustader - Offentlege trafikkområde - Område for jord- og skogbruk - Spesialområde privat veg og parkering - Spesialområde kommunalteknisk verksemd - Spesialområde privat småbåthamn - Spesialområde automatisk freda kulturminne - Friluftsområde (på land) - 6410- akvakulturanlegg i sjø - Samferdselanlegg og teknisk infrastruktur- Hamn 1.3. Etter at denne reguleringsplan med tilhøyrande føresegner er stadfesta, kan det ikkje inngåast privatrettslege avtalar som er i strid med planen og føresegnene. 2. BYGGJEOMRÅDE FOR HAMN 2.1. I hamneområda skal det i samband med byggjemelding leggjast ved situasjonsplan i målestokk 1:500 som syner korleis den ubygde delen av tomt skal planerast og utnyttast. På kartet skal det visast eventuelle støttemurar, gjerde, areal for parkering, av og pålessing, lagerareal, samt den terrengmessige behandling med høgder, herunder kva som skal takast vare på av dagens naturmark/berg, nye plantingar m.m. 1

2.2. Ubygd areal Ubygd del av hamneareal kan nyttast til utelagring. Utelagringa skal i størst mogleg grad skjermast mot innsyn. 2.3. Ved utfylling av masse, pliktar ein å fylgje forureiningsforskrifta/ Fylkesmannen sin godkjende plan for tiltaket. 2.4. Utbyggjingsrekkjefølgje Utfylling og sprenging av areal skal ikkje skje i større omfang enn det som til ei kvar tid er bruk for. 2.5. I området for hamn kan det oppførast anlegg for hamn, notbøteri og andre verksemder retta mot fiske og havbruk og ofshoreverksemd (H-01), lasting og lossing av trelast (H 03), og RO-RO-hamn ( H 04) 2.6. Dersom området skal nyttast til andre typar hamneverksemd, skal verksemdene sin art, utforming og plassering i kvart enkelt tilfelle godkjennast av kommunen. Kommunen kan forby verksemd som, etter kommunen sitt skjønn, er sjenerande for naboar eller til ulempe for den offentleg ferdsel. Det kan ikkje tillastast anlegg som ved lukt, røyk, støy eller anna forureinande utslepp vil verke meir sjenerande for nærliggjande bustader enn slik det er i dag (2003). Verksemder som vil medføre særlege ulemper kan verte vist til andre industriområde. 2.7. Talet på parkeringsplassar skal dekke verksemdene sitt behov. All parkering skal skje innafor areal regulert til industriformål. Parkeringsplass med direkte tilkomst frå offentleg veg skal vere tilgjengleg for parkering for andre på kveldstid og i helgar. Alle køyrevegar skal ha fast dekke. 2.8. I hamneområdet kan det ikkje tillastas oppført bustader. Kommunen kan gjere unntak for vaktmeisterbustad, forlegning o.l. 2.9. Inngjerding av tomtene høgare enn 1 m skal godkjennast av kommunen. 2.10. Tomteutnytting For områda er maksimum BYA for delområda H-01 = 60 % H-02 = 25 % H-03 = 25 % H-04 = 25 % 2.11. Maksimale mønehøgder for industriområda er: H-01 = 15 meter H-02 = 15 meter H-03 = 10 meter H-04 = 10 meter 2

3. BYGGJEOMRÅDE FOR INDUSTRI/LAGER 3.1. I Industriområda skal det i samband med byggjemelding leggjast ved situasjonsplan i målestokk 1:500 som syner korleis den ubygde delen av tomt skal planerast og utnyttast. På kartet skal det visast eventuelle støttemurar, gjerde, areal for parkering, av og pålessing, lagerareal samt den terrengmessige behandling med høgder, herunder kva som skal takast vare på av dagens naturmark/berg, nye plantingar, m.m. 3.2. Ubygd areal Ubygd del av industriareal kan nyttast til utelagring. Utelagringa skal i størst mogleg grad skjermast mot innsyn. 3.3. Ved utfylling av masse, pliktar ein å fylgje forureiningsforskrifta/ Fylkesmannen sin godkjende plan for tiltaket. 3.4. Utbyggingsrekkefølgje Utfylling og sprenging av areal skal ikkje skje i større omfang enn det som til ei kvar tid er bruk for. 3.5. I området for industri kan det oppførast anlegg for skipsreparasjon (I/L -01) og for trelast (I/L -02 og I/L 03) 3.6. Dersom området skal nyttast til andre typar industri, skal verksemdene sin art, utforming og plassering i kvart enkelt tilfelle godkjennast av kommunen. Kommunen kan forby verksemd som, etter kommunen sitt skjønn, er sjenerande for naboar eller til ulempe for den offentleg ferdsel. Det kan ikkje tillatast anlegg som ved lukt, røyk, støy eller anna forureinande utslepp vil verke meir sjenerande for nærliggjande bustader enn slik det er i dag (2003). Verksemder som vil medføre særlege ulemper kan verte vist til andre industriområde. 3.7. Talet på parkeringsplassar skal dekke verksemdene sitt behov. All parkering skal skje innafor areal regulert til industriformål. Parkeringsplass med direkte tilkomst frå offentleg veg skal vere tilgjengleg for parkering for andre på kveldstid og i helgar. Alle køyrevegar skal ha fast dekke. 3.8. I industriområdet kan det ikkje tillastas oppført bustader. Kommunen kan gjere unntak for vaktmeisterbustad, forlegning o.l. 3.9. Inngjerding av tomtene høgare enn 1 m skal godkjennast av kommunen. Der industritomt grensar mot isolasjonsbelte skal gjerdet setjast i denne grensa. 3.10. Tomteutnytting For områda er maksimum BYA = 60% 3.11. Maksimale mønehøgder for industriområda er: 3

I/L-01 = 9 meter I/L-02 = 15 meter I/L-03 = 15 meter 4. BYGGJEOMRÅDE FOR KONTOR 4.1. Området skal nyttast til kontor retta mot hamne og næringsverksemda i området 4.2. Tomteutnytting for området er maksimum BYA = 60% 4.3. Maksimal mønehøgd for kontorområdet er 11m. 5. BYGGJEOMRÅDE FOR BUSTADER 5.1. I området for bustader kan det oppførast bustader med tilhøyrande anlegg. 5.2. Det skal opparbeidast 2 parkeringsplassar for kvar bustad. For hybelhusvære skal opparbeidast 1 parkeringsplass. 5.3. Tomteutnytting for bustadområda er maksimum BYA = 25% 5.4. Maksimale byggjehøgder for bustadområda er 8 meter til gesims og 10 meter til møne. 6. BYGGJEOMRÅDE FOR NAUST 6.1. I områda kan det oppførast naust. Desse skal ikkje nyttast til overnatting eller til varig opphald, og det skal ikkje vere innlagt vatn og avløp. Naustområda N-01 og N-02 skal nyttast til felles naustboder. 6.2. Naust må ikkje hindre fri ferdsel i strandsona. 6.3. Møneretning for naust skal vere normalt på lengderetninga på strandlinja, og ha saltak med takvinkel mellom 35 og 45 gr. tilpassa eksisterande bygningsmiljø. 6.4. Naust skal gjevast ei enkel utforming utan takvindauge, arker, kvister, andre takopplett, balkongar/terrassar, karnappar, skorstein, levegger eller andre fasadeleementer og store vindauge. Nausta kan likevel vere varierte i utforminga. Gjerde og liknande vert ikkje tillete. 6.5. Storleik på naust må fylgje kommuneplanen sine føresegner. Dersom naust skal ha fleire brukseiningar, kan det faste utval for plansaker vurdere å auke mønehøgd opp til 8m og grunnflate opp til 65m². 6.6. Naust skal i hovudsak utformast i tre, brannskiljande konstruksjonar skal utførast i samsvar med krav gjeve i teknisk forskrift til plan- og bygningslova. Fargeval skal tilpassast 4

naturmiljøet og eventuelt andre bygningar i området. Taktekking skal vere betongtakstein, tegl, naturstein eller anna naturmateriale med matt overflate. 6.7. Faste brygger kan byggast i tre, naturstein eller betong og skal ikkje vere lenger enn naustet si side mot sjø, og ikkje større enn 15 m². 6.8. Flytande brygger kan byggjast i tre, metall eller betong og skal ikkje vere lenger enn 7 meter og ikkje større enn 15 m². 6.9. Tomteutnytting for naustområde er maks BYA 70% 7. BYGGJEOMRÅDE FOR RORBUER/FRITIDSBYGG OG BRYGGER FB 1,2 OG 4-10 7.1. I områda kan det førast opp rorbuer/fritidsbygg. Dette er bygningar ved sjøen for oppbevaring av mindre båtar og for utstyr til fritidsbruk på og ved sjøen i 1.høgda og med moglegheit for overnatting i 2.høgda. 7.2. Rorbuer/hyttenaust må ikkje hindre fri ferdsle i strandsona. 7.3. Møneretning for rorbuer/hyttenaust skal vere normalt på lengderetninga på strandlinja, og ha saltak med takvinkel mellom 35 og 45 gr. tilpassa eksisterande bygningsmiljø. 7.4. Rorbuer/hyttenaust skal gjevast ei enkel utforming utan takvindauge, arker, kvister, andre takopplett, balkongar/terrassar, karnappar, skorstein, levegger eller andre fasadeleementer og store vindauge. Rorbuer/hyttenaust kan likevel vere varierte i utforminga. Gjerde og liknande vert ikkje tillete. 7.5. Rorbuer/hyttenaust kan ha ei grunnflate på inntil 50 m² og ei mønehøgd inntil 6,7m rekna frå golv i 1.høgda. Talet på, og plassering av vindauge skal tilpassast bygget si bruk som rorbuer/hyttenaust, og med max glasflate pr. vindauge på 1,0 m². Dersom rorbuer/hyttenaust skal ha fleire bueiningar, kan det faste utval for plansaker vurdere å auke mønehøgd opp til 8 m og grunnflate opp til 65m². 7.6. Rorbuer/hyttenaust skal i hovudsak utformast i tre, brannskiljande konstruksjonar skal utførast i samsvar med krav gjeve i teknisk forskrift til plan- og bygningslova. Fargeval skal tilpassast naturmiljøet og eventuelt andre bygningar i området. Taktekking skal vere betongtakstein, tegl, naturstein eller anna naturmateriale med matt overflate. 7.7. Faste brygger kan byggast i tre, naturstein eller betong og skal ikkje vere lenger enn rorbua/hyttenaustet si side mot sjø, og ikkje større enn 15 m². 7.8. Flytande brygger kan byggjast i tre, metall eller betong og skal ikkje vere lenger enn 7 meter og ikkje større enn 15 m². 7.9. Tomteutnytting for rorbuer/hyttenaust er maks BYA 70% 5

8. BYGGJEOMRÅDE FOR RORBUER/FRITIDSBYGG OG BRYGGER FB3 8.1. I området kan det førast opp rorbuer/fritidsbygg. Det er høve til å innreie 1. og 2. høgda for overnatting. Rom for utstyr til fritidsbruk på og ved sjøen kan være innvendig eller som utvendig bod. 8.2. Rorbuer/hyttenaust må ikkje hindre fri ferdsle i strandsona. 8.3. Møneretning for rorbuer /fritidsbygg skal tilpassast eksisterande bygningsmiljø. 8.4. Rorbuer/fritidsbygg skal gjevast ei utforming som stettar funksjonen og bruken av bygget. og tilgjengelig for ålmenta. Rorbuer/fritidsbygg kan vere varierte i utforminga. Gjerde og liknande vert ikkje tillete. 8.5. Det er høve til å etablere takterrasse, altan/balkong, takvindauge eller andre fasadeelement. 8.6. Rorbuer/fritidsbygg kan ha ei grunnflate på inntil 55 m² og ei mønehøgd inntil 8 m rekna frå golv i 1.høgda. Talet på, og plassering av vindauge skal tilpassast bygget si bruk som rorbuer/fritidsbygg. 8.7. Dersom rorbuer/fritidsbygg skal ha fleire bueiningar, kan det faste utval for plansaker vurdere å auke grunnflate opp til 65m². 8.8. Rorbuer/hyttenaust skal i hovudsak utformast i tre, brannskiljande konstruksjonar skal utførast i samsvar med krav gjeve i teknisk forskrift til plan- og bygningslova. Fargeval skal tilpassast naturmiljøet og eventuelt andre bygningar i området. Taktekking skal vere betongtakstein, tegl, naturstein eller anna naturmateriale med matt overflate. 8.9. Faste brygger kan byggast i tre, naturstein eller betong og skal ikkje vere lenger enn rorbua/fritidsbygget si side mot sjø, og ikkje djupare enn 4 m. Det er høve til å byggje brygge mellom dei ulike bygga for eit meir ryddig utrykk, samt sikre fri ferdsel i strandsona. 8.10. Flytande brygger kan byggjast i tre, metall eller betong og skal ikkje vere lenger enn 7 meter og ikkje større enn 15 m². Dersom fleire einingar har felles flytebryggeanlegg kan større brygger godkjennast i byggesak. 8.11. Tomteutnytting for rorbuer/fritidsbygg er maks BYA 70% 6

9.1. Trafikkområdet skal nyttast til: 9. OMRÅDE FOR OFFENTLEG TRAFIKKFØREMÅL. Køyreveg Parkering Anna trafikkområde i sjø Hamneområde i sjø 9.2. Anlegg skal opparbeidast eller nyttast med den inndeling av føremål som er vist på planen. 9.3. Hamneområde i sjø skal nyttast til hamneverksemd for fiskeri, havbruk og fritidsbåtar. Største tillatne fart er 5 knop. 9.4. Utbyggingsrekkefølgje Etter vilkår frå Statens vegvesen, skal krysset mellom fv.152 og kv.28 opparbeidast i samsvar med sentrumsplanen før utfyllinga startar. 10. SPESIALOMRÅDE FRILUFTSOMRÅDE. 10.1. Områda skal nyttast til friluftslivsføremål. Enkle bygg for føremålet kan verte tillete. 11. SPESIALOMRÅDE PRIVAT VEG OG PARKERING 11.1. Område skal nyttast til privat veg, parkering og sidearela til slike 12. SPESIALOMRÅDE KOMMUNALTEKNISK VERKSEMD 12.1. Områda skal nyttast til anlegg for kommunalteknisk verksemd. 13. SPESIALOMRÅDE AUTOMATISK FREDA KULTURMINNE 13.1. Områda si utstrekning på kartet inkluderer naudsynt vernebelte rundt funna. 13.2. Områda skal nyttast til verneformål automatisk freda kulturminne. Det er ikkje tillatt å gjere endringar i områda. 7

14. OMRÅDE FOR JORD OG SKOGBRUK 14.1. Områda skal nyttast til jord- og skogbruksnæring. 14.2. Bygging som ikkje er ein del av stadbunden næring vert ikkje tillete 15. AKVAKULTURANLEGG I SJØ 15.1. Tiltak fell inn under hamne- og farvasslova 18.2, og må difor godkjennast av Kystverket, i tillegg til godkjent reguleringsplan. 15.2. I samband med byggemelding skal situasjonsplan og tekniske teikningar som syner korleis tiltaket er meint løyst, over og under vatn, leggjast ved. Desse må godkjennast av kommunen før byggestart. Storebø, 09.04.03 2.9.2011 -Endring Sturtevika: 2.3 3.3 og 9.4 Tippetue arkitekter AS 23.1 2012 - Endring akvakulturanlegg i sjø. 15 Tippetue arkitekteras 4.7.2013 - Oppdatert i samsvar med tidlegare endringar. Nagla AS 4.7.2013 -Byggjeområde for rorbuer, fritidsbygg og brygger. 7 og 8 Nagla AS 5.7.2013 - Naust oppdatert ihht til kommuneplanen Austevoll kommune 8