Årsplan 2020/2021. Satsingsområde: SPRÅK SOSIAL KOMPETANSE - LEIK. Del 2: Metodisk del/ Emneplan TREET

Like dokumenter
INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Årsplan for. Hjartevarmen

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

- Mars 2016 på Nøtteliten

Trollnytt for januar og februar

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

- Der lek og læring går hånd i hånd. Halvårsplan for Ekornbarna Våren 2015

Onsdag Tid Aktivitet Mål Innhold Metode Ansvar

Månadsbrev frå Tyrihans oktober 2016

07.00 BARNEHAGEN ÅPNER De voksne tar imot barna i garderoben RYDDETID Vi rydder avdelinga/uteområdet

Årsplan for Trollebo Høsten 2014/ våren 2015

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

AKTIVITETSPLAN FOR ULVEHIET (Tidligere Gaupehiet)

Periodeplan for avdeling Lykke, januar til juni 2013

ANSVAR OMSORG - GLEDE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

Månedsbrev for Nordlys. oktober 2014

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Toftøy Barnehage Vedlegg til årsplan Avdeling Regnbuebarna

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Årsplan for gul og grønn gruppe

MÅNEDSPLAN FOR APRIL. MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 31.mars

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Bjørnehiet SFO - informasjon

Smilehullet Mai og Juni 2017 Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag

ÅRSHJUL LERKESTUEN 2018/19

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

ÅRSPLAN FOR KNØTTENE 2013/2014

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

Månedsbrev Bikuben juni, juli og august 2016

Mål: La barna oppleve glede ved å ferdes i naturen, og få grunnleggende innsikt i natur, miljøvern og samspillet i naturen.

I november har me arbeida med mattebegrepa: Liten-mellomstor stor. Gjennom eventyrarbeid får barna «leika» inn nye begrep.

MAI I SVEIARVEIEN TILBAKEBLIKK PÅ APRIL

Håndtrykket -April

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

PEDAGOGISK PLAN FOR SEPTEMBER, 0KTOBER OG NOVEMBER Gruppe STOREBJØRN

TYRISTRAND BARNEHAGE Kindsåsveien Tyristrand Tlf

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Månedsbrev Bikuben mai 2016

Månedens sang: Ai, ai, ai, Peter er her. Vi tar hverandres hender Lille Petter edderkopp Om jeg er liten eller stor

Mål: La barna oppleve glede ved å ferdes i naturen, og få grunnleggende innsikt i natur, miljøvern og samspillet i naturen

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

GRØNNPOSTEN OKTOBER-NOVEMBER 2018

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Informasjon til foreldre

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

Frøystad Andelsbarnehage Reisefører for BALDER & ODIN 0 3 ÅRS AVDELINGENE

PERIODEPLAN FOR AVDELING LEK, AUGUST DESEMBER 2012

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

Årsplan. Klinga familiebarnehage 2014 / 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

Hei alle sammen. kanskje du vil være min? Hipp hurra, jeg blir så glad når andre sier ja!

ÅRSHJUL PINNSVINKROKEN

Periodeplan for avdeling Lek. August til desember 2013

Årsplan for Trollebo 2016/2017

Månedsbrev Bikuben april 2016

Årsplan 2011/2012 FURUKOLLEN FAMILIEBARNEHAGE

Månedsbrev Bikuben september 2016

KL Aktivitet, turer, emner, baking m.m. Utelek. KL Lunsj, Bleieskift & klargjøring til å sove, pottetrening

AVDELINGSPLAN

HANDLINGSPLAN MARIHØNA

ÅRSHJUL PINNSVINKROKEN

Velkommen til barnehageåret på avdeling Revehiet

PERIODEPLAN FOR DESEMBER

PERIODEPLAN 4 Avdeling: Spurv EVALUERING AV PERIODE 3: Januar - Mars 2017

DESEMBER Evaluering av november

MÅNEDSPLAN FOR MAI 2016 HJØRNETANNA

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Periodeplan for avdeling Lek Januar- juni 2014

Juledager egen plan for uken. Juledager egen plan for uken

ÅRSPLAN LERKESTUEN 2017/18

Periodeplan for Sunnhagen barnehage avdeling Bamsebo høst 2017

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

VELKOMMEN TIL ANDEDAMMEN

Tilbakeblikk på mars:

Halvårsplan Nordlys. Ukerytme

GRØNNPOSTEN AUGUST-SEPTEMBER 2018

Periodeplan for Kardemommeby og Lønneberget høst/vinter 2013.

ROMPETROLLANE ÅRSINFORMASJON

August/September Velkommen! September

Månedsbrev AUGUST OG SEPTEMBER 2018

PING VINN BARNEHAGE ÅRSHJUL FOR RØDKLØVER 2015/2016

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Månedsbrev oktober 2015

Åpen SAKOMBA barnehage Informasjon og kalender Sammen tar vi vare på langsomheten og øyeblikkene!

Transkript:

Årsplan 2020/2021 Del 2: Metodisk del/ Emneplan Satsingsområde: SPRÅK SOSIAL KOMPETANSE - LEIK TREET

FORORD Årsplanen skal gi konkret informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til foreldre, eigar av barnehagen, barnehagen sine samarbeidspartnarar og andre interesserte. Årsplanen fortel noko om korleis ein formidlar kunnskap til barn i barnehagen. Årsplan (del 1) er eit informasjonshefte/velkomsthefte som blir delt ut til foreldre/føresette ved oppstart i barnehagen. Årsplan (del 2) er ein teoridel som inneheld: lov om barnehagar, orientering om rammeplan for barnehagen, pedagogiske hovudmål for arbeidet med barna, leiken, vaksenrolla, fagområda som rammeplanen angir at barna skal få erfaring med gjennom barnehageåret, vurdering og dokumentasjon, barn sin medverknad i barnehagen, plan for kompetanseheving og intern kontroll, personalutvikling og markering av kulturelle arrangement i lokalsamfunnet. Årsplan (del 3) er ein emneplan - metodisk del, der satsingsområdet for dette barnehageåret blir presentert. Siste del av planen inneheld månadsoversikt og er laga som ein kalender. Kalenderen kan med fordel hengast opp i heimen og brukast til å notere eigne notatar. Vi har valt og ikkje detalj-planlegge datoar for festar, karneval, turar m.m. Ulike arrangement blir nemnt på sida før kalenderen. Dato og klokkeslett vil det bli gitt nærare informasjon om. Denne årsplanen blir behandla av samarbeidsutvalet i barnehagen i løpet av hausten 2020. Langevåg 01.09.20 For personalgruppa Anne-Brit E. Magnussen - styrar - Hatlebakken barnehage Telefon nr: 70 19 21 37 Mobiltelefon: 482 79 405 E-post adresse: post@hatlebakken.no

Barnegruppa tilsette Barnegruppa 2020/2021: Barnegruppa dette året består av 16 barn, 9 jenter og 7 gutar. Tilsette i barnehagen 2020/ 2021: Anne- Brit Erdal Magnussen styrar 90 % st. Kari-Grete Tynes ped.leiar 100 % st. Jane Elisabeth Nielsen Vamråk ped.leiar 60 % st. Eli Grete Rekdal assistent 80 % st. Aina Klausen Ingebrigtsen assistent 60 % st. Ester Rødseth assistent 60 % st. Sara Nikolaisen Vikestad lærekandidat 100 % st. Beate Thalberg tilkallingsvikar Mary Grace Bogdanoff reingjeringsassistent

DAGSRYTME kl. 07.00: kl. 08.00: kl. 08.30: kl. 09.30: kl. 10.20: kl. 10.40: kl. 11.00: kl. 12.00: kl. 14.00: kl. 14.30: kl. 16.30: Barnehagen opnar Frukost Frileik Frukost avsluttast Frileik Organisert aktivitet: Forming, tur, baking, aldersdelte grupper o.l. Rydding Samlingsstund Handvask Formiddagsmat Toalettbesøk Uteleik Rydding av uteleiker Ettermiddagsmat (frukt måltid) Frileik inne el. ute Barnehagen stenger

Satsingsområde 2020-2021: Språk sosial kompetanse -leik TREET Gode naturopplevingar kan ein få i all slags ver, berre ein kler seg etter forholda. Ein kan flytte nokon av dei aktivitetane ein brukar å gjer inne til utanfor huset. Vi i Hatlebakken barnehage har eit flott og innhaldsrikt uteområde rett utanfor barnehagen. Vi kan bruke mykje av det som er i naturen til gode opplevingar og læring saman med barna. Mykje av det vi finn i naturen inviterer til leik, både som leikemateriell, kongler kan være både sau og mat, men også som ein stor leikeplass. Her trenast heile kroppen i gode grovmotoriske aktivitetar. Barna smyg seg fram for ikkje å forstyrre bia på blomen, hoppar over stubben som står i vegen og balanserer seg forbi bringebærbuska som stikk. Uteområdet vårt er ei stor oppdagingsverd der vi kan oppdage og lære nye ting kvar dag. Gjennom å bruke skogen får barna moglegheit til å bruke sansane sine. Høyre lydar, kjenne lukter, kjenne på ulike gjenstandar og kanskje smake på noko av det ein finn i skogen. I skogen kan ein gi barna kjennskap til ulike plantar, tre, dyr, insekt og fuglar. Kven bur i trea? Korleis ser treet ut i ulike årstider? Kva insekt kan ein treffe og kvar? Kva kan ein lage av ting ein finn i skogen? «Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan få eit mangfald av naturopplevingar og få oppleve naturen som arena for leik og læring» (Rmpl s.52) «I barnehagen skal barna få leike og utfalde skaparglede, undring og utforskartrong. Ein skal sjå arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse og kommunikasjon og språk i samanheng og samla bidra til den allsidige utviklinga til barna.» (Rmp s 19) Språk, sosial kompetanse og leik heng ofte tett saman i barnehagen. Barna brukar språket for å kome inn i leiken, og på

denne måten kan dei utvikle sosial kompetanse. Barn kan oppleve læring i leik og samspel med andre barn. Vaksenrolla er viktig som støtte i denne prosessen. Dette barnehageåret ønskjer vi i Hatlebakken barnehage å arbeide med temaet «Treet». Gjennom barnehageåret vil vi gi barna kjennskap til kva eit tre er, ulike typar tre, kva kan vi bruke treet til, kven bur i og rundt treet m.m. Vi vil gjennom dette temaet bruke ulike opplegg som kan støtte opp under barnet si språkutvikling, «Steg for steg», «Grep om begreper» og «Språksprell» Målet med dette temaet er å auke barn sin språkkompetanse gjennom leik og undring saman med andre barn og vaksne.

.. Tro på seg selv Problemløsning kommunikasjon Vise omsorg Humor og glede Visjon: "Det du vil at andre skal gjøre mot deg. Skal du også gjøre mot dem." Toleranse Empati Fungere i gruppe Sosial kompetanse er: ferdigheiter, kunnskap og haldningar som gjer det mogleg å etablere og vedlikehalde sosiale relasjonar. Sosial kompetanse er eit stort område og noko barna kjem bort i kvar dag. Det er viktig for å skaffe seg vener, bli akseptert i gruppa og for å vite kva andre forventar av deg. Rammeplanen set sosial kompetanse på dagsorden i barnehagen. Det er kanskje det mest sentrale utviklings og læringsområdet for barn under skulepliktig alder.

James Laws språktremodell James Law lanserte språktremodellen. Språktreet brukast for å illustrere språket si oppbygging, og korleis språkelementa heng saman og påverkar kvarandre. RØTENE på treet representerer dei grunnleggande forutsetningane for å lære seg språk. Det kan være syn, hørsel, merksemd, kognisjon, motorikk, sosial motivasjon, hukommelse m.m. Alle disse påverkar språkutviklinga i større eller mindre grad. STAMMEN i språktreet er omgrepsapparatet og språkforståing. Her handlar det om å bygge opp innhaldsrike og gode omgrep, ikkje berre ordnemningar utan meining for barnet. Vi kan skilje mellom ulike typar ordforråd. GREINENE representerar barnet si evne til å uttrykke seg verbalt og bruke omgrep i ein meiningsfull samanheng. Det handlar om å bygge opp setningar, lære grammatikk og tileigne seg blant anna gjenfortellingskompetanse. Ytters på greinene kjem uttale, språkleg medvit og evne til lesing og skriving.

Psykisk helse i barnehagen. Frå barnehageåret 2018/2019 har barnehagen gjennomført eit undervisningsopplegg om psykisk helse i samarbeid med Sula kommune, «Grønne tanker glade barn». Denne satsinga er eit resultat av prosjektet «Forebygge meir for å reparere mindre» i Sula Kommune. Psykisk helse i barnehage og skule er eit delprosjekt her. Det er også anbefalt undervisning om psykisk helse av Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Verktøyet «psykologisk førstehjelp» er eit sentralt element i opplegget. Dette er et sjølvhjelpsverktøy som er utvikla av psykologspesialist Solfrid Raknes for å hjelpe barn og ungdom til å handtere vanskelege tankar og følelsar. Barna lærer om tankar, følelsar og kva vi kan gjer for å hjelpe oss sjølv og andre når vi har det vanskeleg. Sentrale omgrep er «røde og grøne tankar» og «hjelpehanda». Dette opplegget fortset vi med i barnehageåret 2020/2021.

KJÆRE DU VOKSNE SOM ER SAMMEN MED MEG - Jeg vil så gjerne være sånn som du er: glad, hensynsfull, rettvis og oppriktig. Husk at jeg pleier å herme etter deg. - Bli ikke sint når jeg løper inne. Jeg har det så gøy at jeg glemmer meg litt. - Minn meg gjerne på at jeg må bruke innestemmen inne. Jeg kan snakke like lavt som deg. - Gi meg oppgaver og ansvar som du tror jeg kan greie, for det synest jeg er gøy. - Jeg vil gjerne sitte rolig ved bordet og ta hensyn til de andre, men vi kan vel le sammen for det? - La meg få lov til å sitte og filosofere litt akkurat nå, da. Husk at jeg engang skal klare meg selv. Gi meg sjansen til å finne ut av verden uten deg. - Jeg har behov for å se at jeg kan påvirke verden. Hør litt på meg, da. - Si fra til mamma eller pappa hvis jeg ikke har med meg det jeg skal. Ikke kjeft på meg. Det er ikke min skyld. - Vær litt forsiktig med hva du sier til voksne over hodet på meg. Jeg kan lett bli litt redd og forvirret. - Jeg kan ofte være vrang og lei, men husk at jeg også har humoristisk sans. - Jeg vet godt at jeg ikke får lov til å slå deg eller andre. Selvsagt må du stoppe meg hvis jeg gjør det. (Kanskje jeg prøver deg ut litt.) - Husk at jeg ikke er akkurat sånn som alle de andre barna!

SAMLINGSSTUND MED KRISTENT INNHALD Mål: Barna skal få eit trygt og naturleg forhold til den kristne bodskapen, få kjennskap til den kristne trua og til Jesu liv og virke på jorda. I desse samlingane (to gongar i veka) tek vi opp korte forteljingar frå Bibelen, les bøker og syng songar med kristent innhald. Vi har også ei makering av dei kristne høgtidene. HAUSTEN 2020: August September Bønn Skapelsen Adam og Eva Noah Abraham og Sara VÅREN 2021: Januar : Februar: Jesus i tempelet Jesus kallar disiplane sine En lam mann får hjelp Jairus dotter Jesus stiller stormen Fastelavn Jesus og barna Den store fiskefangsten Oktober Josef Barnet i sivet Flukta frå Egypt Mars: Jesus mettar 5000 Jesus går på vatnet Den blinde Bartimeus Tollaren Sakkeus November Ørkenvandringa/Dei ti bod David og Goliat April: Påskebodskapen Skapelsen nytt liv i naturen Daniel i løvehola Jona Mai Den barmhjertige Samaritan Likninga om sauen Kristi Himmelfartsdag og Pinse Desember Advent. Juleevangeliet Juni/juli Likninga om den bortkomne sonen Den gode hyrde

AUGUST: Vennskap, tryggleik og å høyre til - Tilvenning av nye barn i barnehagen. - Bli kjent med kvarandre og barnehagen. - Barna skal bli trygge i barnehagen, på barna og dei vaksne. - Barna skal få kjennskap til korleis vere ein god venn. Bær plukke bær, lage syltetøy og få kjennskap til ulike typar bær Samlingsstund Vi tar opp ulike tema. Vi pratar saman (øver på samtaleteknikk), synger, leser bøker og eventyr. Vi snakkar om kva dag, månad, årstid og ver det er. Bruker rytmeinstrument el. leikar m.m. Vi deler barna inn i to grupper: - Eldste gruppa er barn født 2015, 2016 og 2017. - Yngste gruppa er barn født i 2018 og 2019. Gruppeaktivitetar Vi deler barna inn i grupper etter alder. Kvar gruppe har kvar sin dag. Aktivitetar i gruppene: forming, turar/besøk, skogen, matlaging m.m. Måndag: Tysdag: Onsdag: Torsdag: Fredag: 3års gruppe v/jane 5års gruppe v/eli Førskulegruppe v/kari-grete (oddetall) og Jane (partall) 4års gruppe v/kari-grete og Anne-Brit 1års gruppe Aina og Ester (to veker med gruppe, to veker opphald) 2års gruppe v/ Aina / Ester Tur/skogen

SEPTEMBER: Språk sosial kompetanse leik Treet kva er eit tre? Gi barna kjennskap til kva eit tre består av. Rot, stamme, greiner, blad m.m. Barna skal få kjennskap til ulike typar tre. Hausttreet Barna få kjennskap til kva som skjer med treet om hausten. Frukt hauste frukt, lage syltetøy m.m. Kjennskap til ulike typar frukt. Haust Gi barna kjennskap til årstida haust. Kva skjer i naturen og kva kan vi hauste om hausten? Førskulegruppe. Vi har førskulegruppe for barna som skal begynne på skulen hausten 2021. I år har vi tre førskulebarn. Kvar tirsdag har vi førskulegruppe. Vi vil arbeide med oppgåver og aktivitetar både inne og ute tilpassa deira alder og utviklingstrinn. Mål: Ro og konsentrasjon om konkrete oppgåver og spel. Brannvern Gi barna kjennskap til brannvern. Brannøving. Overgang barnehage skule. Alle som skal begynne på Langevåg skule hausten 2021, treffast på LIL ein gong på hausten og ein gong på våren. Her får dei anledning til å bli kjent med kvarandre, gjennom leik og aktivitetar. Skuletreff/leiketreff. Barnehagebarna besøker skulen ein gong på hausten og ein gong på våren. Her får barna kjennskap til skulen og treffe 1.klassingar.

OKTOBER: Språk sosial kompetanse leik Treet kva er eit tre? Gi barna kjennskap til kva eit tre består av. Rot, stamme, greiner, blad m.m. Barna skal få kjennskap til ulike typar tre. Hausttreet Barna få kjennskap til kva som skjer med treet om hausten. Grønsaker Hauste grønsaker og lage ulik mat av innhausta grøde. Få kjennskap til ulike typar grønsaker. Formingsaktivitet Mål: barna skal bli kjent med ulike teknikkar og materialar. Øving i konsentrasjon om ei oppgåve og fullføre det dei begynner på. Utvikle fantasi og skaparglede. Trene finmotorikk ( klipping o.l.) Formingsaktiviteter kan være: maling, klipping, veving, trolldeig, plastilina, o.l. Måltid Kvar dag har vi smøremåltid i barnehagen. Barna får på denne måten trening i å smøre maten sjølve og å sende til kvarandre. Dei får vere med å dekke bordet. Vi legg vekt på at barna skal lære god bordskikk. Innimellom har vi matlaging i barnehagen. Vi baker bollar, rundstykke og lager salatar. m.m.

NOVEMBER Språk sosial kompetanse leik Treet kva er eit tre? Gi barna kjennskap til kva eit tre består av. Rot, stamme, greiner, blad m.m. Barna skal få kjennskap til ulike typar tre. Hausttreet Barna skal få kjennskap til kva som skjer med treet om hausten. Fjernadopsjon/fadderbarn. Frå barnehageåret 2000/2001 har vi i barnehagen hatt eit fadderbarn i Ukraina. Prosjektet heiter "Hope of Mercy"- Barmhjertighetens håp. Barna og personalet betaler kr 100.- pr. år. Det blir sendt ut faktura. (Eige informasjonsskriv om prosjektet).

DESEMBER: Advent og juleførebuingar Det blir sendt ut eige program om dette. Adventsstund Kvar dag i desember har vi adventsstund. Vi tenner adventlys, synger julesongar, opnar kalender og får høyre frå juleevangeliet. Barna skal få kjennskap til jula sin kristne bodskap. Få oppleve adventstida som ei fin og forventningsfull tid. Juletreet Barna skal få kjennskap til juletreet. Kvar kjem denne tradisjonen frå? Kva betyr dei ulike tinga ein pyntar treet med, stjerna, kuler, lenker m.m Aktivitetar i adventstida: - Bake julekaker - Lage julepynt og julegåver - Lucia-feiring - Juleverkstad for barn og foreldre - julevandring - julegudsteneste Julegåver til Ukraina I desember tar barna med ei gåve som vi gir til fattige barn i Ukraina. Pakken kan gjerne innehalde klede eller leiker barna har vakse frå. Dette er ein del av adventskalenderen vår, og barna får gi pakke kvar sin dag i desember. Denne hjelpesendinga er i samarbeid med organisasjonen Hope of Mercy.

JANUAR: Språk sosial kompetanse leik Treet Kva kan vi bruke treet til? Barna få kjennskap til kva ein kan lage av treet. Ved til å fyre med, bygge hus, papir m.m Vinter Gi barna kjennskap til årstida vinter. Kva skjer i naturen om vinteren? «Vinterleikane 2021»- Ulike vinterleikar og aktivitetar i skogen vår. Vintertreet Barna skal få kjennskap til kva som skjer med treet om vinteren. Fødselsdagsfeiring. Vi pyntar med lys og flagg, og koser oss saman. Vi ønskjer å gjere ekstra stas på fødselsdagsbarnet. Denne dagen får bursdagsbarnet velgje om han/ho vil ha frukt-fat, bagettar med pizzafyll eller tacofyll, grønsaker med dipp, smoothie eller ostesmørbrød. Dette blir handla inn og laga til i barnehagen. Turar Vi går turar i nærmiljøet, og nokre lengre turar gjennom året. Vi bruker også det store naturområdet ved barnehagen. Her får barna trene grovmotorikk og utforske naturen. Bibliotekbesøk. Inni mellom vil vi gruppevis besøke biblioteket, for å bli kjent med bøker og bli glad i dei. Vi låner bøker ut ifrå emne vi jobbar med i barnehagen. Bøker inspirerer barna. Barna får låne ei bok kvar som vi tar med til barnehagen.

FEBRUAR: Språk sosial kompetanse leik Treet Kva kan vi bruke treet til? Barna få kjennskap til kva ein kan lage av treet. Ved til å fyre med, bygge hus, papir m.m Vintertreet Barna skal få kjennskap til kva som skjer med treet om vinteren. Fastelavn Karneval Karneval songen: (Melodi: Jeg gikk meg over sjø og land ) Til karneval vi drar av sted, for der er mye rart å se. Og hvem er det som kommer der, jeg tror det er! (en harepus / bamse / sjørøver)

MARS: Språk sosial kompetanse leik Treet Kven bur i og rundt treet? Barna få kjennskap til kven som bor i og rundt treet. Ulike insekt, dyr og fuglar ein kan finne. Kva heiter dei? Korleis ser dei ut? Kva et dei? Kvar bur dei? Skapelsen nytt liv i naturen Vårtreet Barna skal få kjennskap til kva som skjer med treet om våren.

APRIL: Språk sosial kompetanse leik Treet Kven bur i og rundt treet? Barna få kjennskap til kven som bor i og rundt treet. Ulike insekt, dyr og fuglar ein kan finne. Kva heiter dei? Korleis ser dei ut? Kva et dei? Kvar bur dei? Vårtreet Barna skal få kjennskap til kva som skjer med treet om våren. Påskeførebuingar - Påskebodskapen Barna få kjennskap til påska sitt kristne bodskap. På Golgata stod det eit kors, Jesus hang på det korset. I hagen var det ei grav, Jesus låg i den grava. Men korset er tomt, grava er tom. Jesus sto opp og han lever. (x 2) Påskeførebuingar: - Lage påskepynt - Påskevandring i kyrkja - Synge påskesongar - Få høyre om påskebodskapen - Påskefrokost for barna og foreldre

MAI: Språk sosial kompetanse leik Treet Sommar treet Barna få kjennskap til kva ein kan bruke treet til ved å bruke kroppen. Klatring, bygge, leike m.m Sommartreet Barna skal få kjennskap til kva som skjer med treet om sommaren. Frukttre i blomstring. 17.MAI Kjennskap til nasjonaldagen vår og kvifor vi feirar den. Lære om flagget vårt, lage flagg som vi pyntar barnehagen med og øve oss i å gå i 17. mai-tog. 17-mai er barn, foreldre og søsken velkommen til å gå i 17- mai tog i Langevåg. Barnehagen går under eigen fane, nærmare informasjon om tid og sted kommer seinare. 1. Hipp, hopp, heisann HURRA! På Hatlebakken barnehage har vi Det bra! 2. Hatlebakken barnehage hei-hei-hei Ingen barnehage er som deg!

JUNI: Språk sosial kompetanse leik Treet Sommar treet Barna få kjennskap kva ein kan bruke treet til ved å bruke kroppen. Klatring, bygging, balansering m.m Sommartreet Barna skal få kjennskap til kva som skjer med treet om sommaren. «Sommarleikane 2021» - Ulike leiker og aktivitetar i skogen vår. Det vil bli fotografering av barna i barnehagen løpet av mai/juni. Det vil bli mogleg å bestille både portrett og gruppebilde. Nærmare informasjon blir gitt.

JULI: Uteaktivitetar, uteleik, turar og naturopplevingar. - Barna skal få moglegheit til å bruke naturen til utforsking og kroppslege utfordringar. Sommartreet Barn skal få kjennskap til kva som skjer med treet om sommaren Hatlebakkesangen Vi går i barnehagen på Norges beste øy. Vi e`kje veldig mange, men he det veldig gøy. Her kjenne alle alle, og alle e i lag. Her e det godt å være kvar barnehagedag. Her på Ha ha ha ha Hatlebakken He he he he vi det bra. Ho ho hoppa rundt og leika. Hi hi ho ho og e glad. Her på Ha ha ha ha Hatlebakken He he her e Jesus og Ha ha Han vil passe på oss. Det e godt å tenke på.

Velkommen til nytt barnehage år! AUGUST: Vennskap, tryggleik og å høyre til Sommer, kommer, sommer, kommer. Sol og regn og latter og sang. Sol og regn og latter, ha, ha, ha, latter sol og sang Lykke til vidare til de som skal begynne på skulen! Nytt barnehageår startar: Mandag 2. august 2021

Nokre praktiske påminningar. Merking Alt tøy skal vere merka. Spesielt sokkar, vottar, regntøy og støvlar. Gjengløymt tøy (umerka) vil bli lagt i ei plastkasse i garderoba. Sjekk kassa innimellom om der er noko de eig. Tøy skifte Hugs å passe på at det alltid ligg nok klede i barnehagen. Følgjande ekstraklede bør ligge på barna si hylle: undertøy, strømpebukse, langbukse, lue, sokkar, genser, vottar. Regntøy og støvlar Skal alltid vere i barnehagen, evt. bli tatt med kvar dag. (veret skifter fort) Ta med regnklede jamnleg heim for vask (f.eks. fredagane). Alle klede + støvlar og sko som heng - står i grov garderobe og som ikkje blir tatt med heim i helga, skal hengast inn i den andre garderobe. Dette på grunn av vask av veggane i grov garderoba. Levering / henting Barna skal følgjast heilt inn i barnehagen. Det er ønskeleg at de tar de litt tid i garderoba og hjelper barnet av med kleda for å få ein roleg start på dagen. Barna bør kome til barnehagen innan kl. 10.00 då det er enklare å gjennomføre felles opplegg for heile gruppa, turar, aktivitetar o.l. Dei dagane barna har gruppedag må dei ha kome til kl. 9.15. Gi beskjed dersom andre skal hente barnet! Sjukdom Gi beskjed dersom barnet er sjuk eller har fri innan kl. 9.30, på tlf. 70 19 21 37 eller mobil 482 79 405 / 469 03 837 Barnet må alltid være frisk nok til å vere ute då vi har uteleik kvar dag. Oppslagstavla Hugs å sjå etter oppslag / beskjedar på tavla i garderoba kvar dag. På oppslagstavla hengjer også dagboka vår. Der kan du lese kva vi har gjort i løpet av dagen i dag. Hugs alltid å stenge porten og døra i grov-garderoba og porten ut mot vegen/parkeringsplassen!

Barnehagerute barnehageåret 2020 2021 August Mandag 03.08.20 Nytt barnehageår Torsdag 13.08.20 og fredag 14.08.20 Planleggingsdagar/kursdagar for personalet. Barnehagen er stengt. September Oktober Fredag 23.10.20 Planleggingsdag. Denne dagen er barnehagen stengt. November Desember Onsdag 23.12.20 Siste dag i barnehagen før jul. Barnehagen er open kvardagane i romjula etter behov/påmelding. Januar Mandag 04.01.21 Første dag i barnehagen etter nyttår. Februar Mars April Barnehagen er open kvardagane i påskeveka, etter behov/påmelding; frå foreldra 29., 30. og 31. mars (onsdag 31. mars fram til kl. 12.00) Første dag etter påske tysdag 6. april Mai Fredag 14.05.21 Planleggingsdag. Barnehagen er stengt. Juni Mandag 07.06.21 Planleggingsdag. Barnehagen stengt Juli Fredag 30.07.21 Siste dag for barna dette barnehageåret. August 2021 Mandag 02.08.21 Nytt barnehageår startar.

BORDVERS VI BRUKAR I HATLEBAKKEN BARNEHAGE: Gledens Herre Gledens Herre, vær vår gjest ved vårt bord i dag! Gjør vårt måltid til en fest, etter ditt behag. For de gaver som du gir takker vi deg Gud! Du som hører før vi ber, Priset være du! Takk og lov Takk og lov, takk og lov, takk og lov. Jesu venner sier alltid takk og lov. Takk og lov, takk og lov takk og lov. Jesu venner sier alltid takk og lov. Amen I Jesu navn går vi til bords, og spise drikke på ditt ord, Halleluja Takk og lov, takk og lov takk og lov. Jesu venner sier alltid takk og lov. Amen

Jesus du kjære Jesus,du kjære,ta plass ved vårt bord Sign du vår mat og vær du vår gjest Lys du din fred over tanker og ord Da blir vårt måltid en fest Herre, vi reiser oss mette fra bordet. Takk for de kreftene vår kropp har fått. Nye skal sitte ved bordet og spise, viss du får fordele får alle nok. Herre vår jord Herre, din jord bærer mat nok for alle, takk for den delen du vil vi skal ha, lær oss å dekke et langbord i verden som alle kan reise seg mette fra. Amen, amen. Herre, vi reiser oss mette fra bordet. Takk for de kreftene vår kropp har fått. Nye skal sitte ved bordet og spise, hvis du får fordele får alle nok. Amen, amen

Takk for at du er her, Gud Takk for at du er her, Gud Takk for gode ting som skjer Når du velsigner får vi mer enn det vi ser Livets brød og det levende vann gir liv til evig tid Tenk at det går an Takk for alt du gir Hjelp oss ta imot Når vi deler ut blir det til no`stort Tusen takk! Thank you Lord Thank you, Lord, for giving us food! Thank you, Lord, for giving us food! Thank you, Lord, for giving us food - right where we are! Halleluja, praise the Lord (3x) Right where we are. Amen!

I Jesu navn går vi til bords I Jesu navn går vi til bords og spiser, drikker på ditt ord. Deg, Gud til ære, oss til gavn, Så får vi mat i Jesu navn. Amen. I Jesu navn så har vi ett. Av dine gaver er vi mett. Gud gi oss der av styrke og gavn. Så vi kan prise Herrens navn. Amen