PROTOKOLL MØTE I REPRESENTANTSKAPET - SOGN BRANN OG REDNING IKS DATO; Fredag 16. oktober2015 kl. 0930 STAD; Simas sine lokaler i Festingedalen. TIL STADES FRÅ REPRESENTANTSKAPET; Olav Lunden, leiar Marta Finden Halset Jarle Aarvoll Marit Mellingen Ivar Kvalen. Olav Turvoll Obsevatør; Harald Offerdal Forfall; Laura Kvamme. Olaug Høyheim. Arnstein Menes og vara Frode Bøthun. Britt Grimelid og vara Siv M. Lidal ANDRE TIL STADES; Jarle Skartun, styreleiar Vidar Trettenes, brann- og redningssjef. Jostein Aanestad, rådmann i Sogndal kommune Ingvar Linde, SF revisjon (deler av møte.) Protokollen vert sendt til møtedeltakarane, eigarkommunane v/rådmennene, samt styret sine faste medlemmar. SAK 08/15. Godkjenning av innkalling og saksliste. Stadfesting av protokoll frå møte 31.10.14. Val av to til å skrive under møteprotokoll saman med leiaren. BEHANDLING I MØTE: Leiaren, Olav Lunden, ynskte velkommen og det blei gjennomført opprop, jf ovanfor. Det var det ikkje merknader til innkalling og sakliste. VEDTAK: 1. Innkalling og sakliste vart godkjent. 2. Ingen merknader til protokoll frå møte 24.apr.15. 3. Marta Finden Halseth og Marit Mellingen vert valde til å skrive under møteprotokoll saman med leiaren. Protokoll representantskapsmøte 16.10.15 Side 1
SAK 09/15 Kostnadsfordeling SBR IKS, revisjon av fordelingsnøklar BEHANDLING I MØTE: Det vart synt til utlevert dokumentasjon i samband med innkallinga. Styreleiar orienterte kring dei vurderingane som er gjort og viste ma. til møte mellom rådmennene. J. Aanestad supplerte. Det har vore ei målsetting å forenkle fordelingsnøklane.. Ny anbefaling frå rådmennene er 25% likt og 75% etter folketalet for dei fleste tenestene. Vakt, øvingar og utrykningar har eiga fordeling basert på budsjettert kostnad i kvar kommune. Det vart gjort greie for kva eit normalår er, jf statistikk siste 3 år. Det var gjennomgåande støtte for vurderingane i saka i representantskapet. VEDTAK: 1.) Representantskapet vedtek framlegget til nye fordelingsnøklar gjeldande frå 01.01.2016 slik: -302 Byggjetilsyn: 25% av budsjetterte kostnader vert delt likt med 5% pr kommune og 75% vert delt etter folketalet. -338 Førebyggande: 25% av budsjetterte kostnader vert delt likt med 5% pr kommune og 75% vert delt etter folketalet. Del av 338, feiing og bustadtilsyn, vert finansiert direkte via feiegebyr. (som i 2015.) 339 Beredskap vakt, øving og utrykking: Budsjetterte kostnader i eit normalår vert prosentvis fordelt mellom kommunane. 339 Beredskap andre kostnader; 25% av budsjetterte kostnader vert delt likt med 5% pr kommune og 75% vert delt etter folketalet 2.) Fordeling 25/75 vert ev innarbeidd i selskapsavtale ved revisjon av avtalen. Vert sendt kommunane for godkjenning. SAK 10/15 Budsjett 2016 og økonomiplan 2016-19. BEHANDLING I MØTE: Det vart synt til framlagt informasjon. Leiar i representantskapet stilte spørsmål om framlegg til vedtak skal syne til saksdokumentasjon og ikkje vere fullstendig område for område. Brannsjef og styreleiar tek dette med i vidare arbeid og grunngav opplegget som no er valt med ynskje om å få fram dei vurderingane og endringane som er gjort. Område for område vart gjennomgått. Det vart spesielt peika på at kostnadsauke knytt til nødnett og fortsatt kompetansekrav gjer budsjettbalansen krevjande.. Det er også noko uvisse kva feiing og bustadtilsyn vil ha av inntekter via komtek. Selskapet blei bedd om å klargjera kva kostnader som kan inngå i sjølvkost feiing og bustadtilsyn og om selskapet utnyttar det handlingsrommet. Brann- og redningsjefen gjorde greie for prioriteringane knytt til investeringar og representantskapet understrekar føringa om å involvere eksterne aktørar knytt til anskaffing av båt. Brann- og redningssjefen la og vekt på behovet for opprusting av brannstasjonane mhp. Garderobar, skiten rein sone mv., dette må kommunane nå ta tak i. Det vart stilt spørsmål ved om kva brannvesenet skal involvere seg i. Brann- og redningsfen viste til lovverket. (Jf paragrafane 1, 2 og 11 i BEL) Protokoll representantskapsmøte 16.10.15 Side 2
VEDTAK: 1)Budsjett og økonomiplan for SBR IKS vert vedteken slik: Sum alle område: Driftsinntekter: Regnskap 2014 Budsjett 2015 ØP 2016 ØP 2017 ØP 2018 ØP 2019 Salgsinntekter -27 064-271 600-271 600-271 600-271 600-271 600 Refusjoner -2 042 520-724 666-735 575-735 575-735 575-735 575 Overføringer -421 227-370 000-370 000-370 000-370 000-370 000 Driftstilskot frå eigarkommunane Andre driftsinntekter -21 490 153-23 628 075-25 229 475-25 505 236-25 272 236-25 650 236 Sum driftsinntekter -23 980 964-24 994 341-26 606 650-26 882 411-26 649 411-27 027 411 Driftsutgifter: Lønn inkl. sosiale utgifter 17 639 982 17 540 987 18 353 621 18 745 895 18 745 895 18 745 895 Kjøp av varer og tjenester 3 571 232 3 798 809 4 699 354 4 503 302 4 128 302 4 473 302 Overføringer 568 897 545 466 561 375 561 375 561 375 561 375 Kalkulatoriske avskrivninger 1 826 721 1 826 721 1 882 000 1 882 000 1 882 000 1 882 000 Andre driftsutgifter 2 072 807 2 200 431 2 243 839 2 243 839 2 243 839 2 243 839 Sum driftsutgifter: 25 679 638 25 912 414 27 740 189 27 936 411 27 561 411 27 906 411 Driftsresultat 1 698 674 918 073 1 133 539 1 054 000 912 000 879 000 Finansposter: Renteinntekter -7 221-10 000-10 000-10 000-10 000-10 000 Renteutgifter 133 184 182 350 170 000 188 000 217 000 198 000 Avdrag på lån 458 660 569 743 548 000 650 000 763 000 815 000 Motpost avskrivninger -1 826 721-1 826 721-1 882 000-1 882 000-1 882 000-1 882 000 Ordinært resultat (Res. før interne fin. -1 242 098-1 084 628-1 174 000-1 054 000-912 000-879 000 Interne finansieringstransaksjoner: Avsetninger 333 885 166 555 40 461 0 0 0 Bruk av tidligere avsetninger -750 000 0 0 0 0 0 Overføring til investeringsrekneskapen 0 0 0 0 0 0 Meirforbruk/Mindreforbruk 40 461 0 0 0 0 0 2)Felles administrasjon: Løn/sosiale 165.465 111.000 363.034 363.034 363.034 363.034 Andre dr. 918.648 758.461 836 000 980 000 1 013 000 kap./udekka (40.461) Driftstilskot. (1.019.648) 0 0 0 0 Protokoll representantskapsmøte 16.10.15 Side 3
Styrearbeid/styringskostander er budsjettert på bakgrunn av vedtak i representantskapet. Udekka underskot frå 2014 er dekka inn med kr.40.461,- i 2016. Pensjonskostnader/ premieavvik er budsjettert med kr.227.550.(lønskostn.) Investeringar i 2015 er dekka av eigenkapital/tilskot. Minimumsavdrag av lånegjeld er berekna, ½ årseffekt av kapitalutgifter i investeringsåret, og eit rentenivå på 2,5 %. Planen legg opp til at låneopptaket vert halde innanfor ramma på 10 millionar fastsett i selskapsavtalen. Nettoutgiftene på dette området vert i budsjettframlegget fordelt på beredskapsområdet.(styret har ev fullmakt til å godkjenne fordeling til andre område.) 3) Byggjetilsyn. Løn/sosiale 658.218 679.156 679.156 679.156 679.156 Andre dr. 297.840 290.423 299.423 299.423 299.423 Driftstilskot. 909.858 922.755 931.755 931.755 931.755 Budsjettframlegget er tillagt pårekneleg lønsutvikling. Andre driftsutgifter er stramma inn i budsjettframlegget til kr.280.000. (290.423 i rekneark.) 4)Feiing og bustadtilsyn 4.1 Løn/sosiale 2.905.302 3.010.374 3.402.648 3.402.648 3.402.648 Andre dr. 773.374 773.898 784.898 784.898 784.898 Gebyr 3.601.230 3.601.230 3.601.230 3.601.230 Løn/sosiale utgifter er justert ved at ein feiarstilling er budsjettert netto 50%. Feiarlærling får fagarbeidarlønn på slutten av læretida og det vert opna for ny lærling hausten -16. Andre driftsutgifter vert budsjettert til 2015 nivå. 4.2 Gebyr for feiing og bustadtilsyn vert auka med 3,0 % i 2016. 5)Førebyggande brannvern Løn/sosiale 1.567.350 1.821.506 1.879.448 1.879.448 1.879.448 1.879.448 Andre dr. 485.476 862.020 800.351 817.351 817.351 817.351 Driftstilskot. 2.370.000 2.395.426 2.389.639 2.406.639 2.406.639 2.406.639 Budsjettframlegget er tillagt pårekneleg lønsutvikling. Andre driftsutgifter er stramma inn i budsjettframlegget til kr.800.000. Budsjettframlegget har ikkje rom for ny stilling til tilsyn. Protokoll representantskapsmøte 16.10.15 Side 4
6)Beredskap. Løn/sosiale 13.155.012 12.044.961 12.421.609 12.421.609 12.421.609 12.421.609 Andre dr. 4.576.565 4.611.472 5.639.896 5.406.844 5.031.844 5.376.844 Driftstilskot. 15.464.871 15.806.067 18.315.851 18.162.338 17.929.338 18.307.338 (inkl.fond) (inkl felles) Budsjettframlegget er tillagt pårekneleg lønsutvikling. Andre driftsutgifter er tillagt konsekvensane av årskostnader for nytt nødnett, netto for 2016 med 360.000. Kompetansetiltak er innlagt samla med 740.00 der det er føresett at 50% vert dekka av statstilskot. Det er ikkje funne rom til realauke i andre driftsutgifter. Felles adm er belasta Beredskap i framlegget. 7)Investeringar. 7.1) Investeringsbudsjettet pr. prosjekt Reknskap Prosjekt 2014 1205 Utrykningsbil Sogndal 15 000 1217 Frigjøringsverktøy 166 178 1302 Kommandobil 743 071 1401 DK92355 Tankbil 498 530 625 000 1405 DN58534 Administrasjonsbil 226 167 1501 Øvingsfelt i Gaupne 300 000 625 000 1502 IR kamera 62 500 Budsjett 2015 ØP 2016 ØP 2017 ØP 2018 ØP 2019 1503 Frigjeringsverktøy 225 000 1504 Verneutstyr 2015 187 500 1510 S 4.4 Tankbil Balestrand 1 250 000 1511 Ny S 2.1 Førstebil Gaupne 1 875 000 1512 S 4.8 Vaktbil Balestrand 375 000 1513 Feiebil - utskifting Hiace 437 500 1514 Feiebil-Utskifting Suzuki 437 500 1601 Båt 375 000 900 Eigenkapitalinnskotl KLP 4 602 6 000 9 000 9 000 9 000 9 000 Sum 1 653 548 1 181 000 1 009 000 2 296 500 2 321 500 9 000 Ev investering i båt føreset medverknad frå andre slik at konsekvensane for selskapet vert avgrensa til kapitalutgiftene av tilrådd investering. Ev kan kløyvinga nyttast til ny vaktbil i Balestrand. Styret får fullmakt til å godkjenne denne delen av investeringsprogrammet. 7.2) Investeringsbudsjettet for 2016, kr 1.009.000 vert finansiert ved låneopptak på inntil kr 800.00,- og mva kompensasjon med kr. 209.000,-. 8)Brannstasjonar Kommunane må vurdere HMT- tiltak i brannstasjonane for å sikre arbeidsmiljøet til mannskapa. Selskapet inviterar til drøfting for å finne tenelege løysingar på kort og lengre sikt. Protokoll representantskapsmøte 16.10.15 Side 5
11/15 Orientering og open post Orientering om status i selskapet. Brann og redningssjefen orienterte om status og utvikling i selskapet. Presentasjon vert lagt ved protokollen. Ma. vart synspunkt knytt til lokalisering av 110 sentral belyst. Det vert eit dialog/infomøte med DSB om dette i Førde 28 oktober Ordførar i Sogndal peika på utfordringa knytt til utsatte grupper og uro om ikkje tilfredsstillande hyblar mv. Rådmannen i Sogndal supplerte med å meine at det truleg er behov for å lage eigen forskrift og gjerne ei felles forskrift for heile Sbriks. Brann- og redningssjefen vil ta initiativ til at det lagast eit utkast til ei felles forskrift for Sbriks. Då vil ein unngå at det må gjerast einkelt vedtak når slike saker oppstår. Det vert kalla inn til konstituerande møte i nytt representantskap når kommunane har valt sine medlemmar. Festingdalen 16.10.2015 Underskrifter; Olav Lunden. Martha F. Halseth Marit Mellingen. Jarle Skartun. -styreleiar/sekretær. Vidar Trettenes. -brann og redningssjef. Protokoll representantskapsmøte 16.10.15 Side 6