Fellestenester Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad «POSTNR» «POSTSTED» Saksbehandlar Ingo Bewer Tlf. direkte innval Vår ref. 2015/2825-9 Dykkar ref. «REFDATO» Dato 10.02.2016 Særutskrift - Mindre endring av detaljreguleringsplan for 186/31 m.fl. - bustadfelt Porsvikneset - Valen - Porsvikneset AS Kvinnherad forvaltningskomité hadde saka føre i møte 3.2.2016 med vedtak nr.2016/9. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Då saka gjeld mindre endring reguleringsplan etter plan- og bygningslova kap.12-14, vert kopi av vedtaket også sendt til berørte regionale og statlege mynder for eventuell klagevurdering. Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld lenkje til kommunen sin arkiv webmodul. Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka. Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi til reglane i forvaltningslova samt eventuelt bestemmelsar i særlov om klage. Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Kopi til: Ingo Bewer
Side 2 Mottakarar: Porsvikneset AS Heiamyro 11 5460 HUSNES Statens Vegvesen, Region Vest Askedalen 4 6863 Leikanger Fylkesmannen i Hordaland Postboks 7310 5020 BERGEN Omega Areal AS 5582 ØLENSVÅG
Side 3 Saksframlegg Saksmappe Saksbehandlar 2015/2825-7 Ingo Bewer Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/9 Forvaltningskomiteen 03.02.2016 Mindre endring av detaljreguleringsplan for 186/31 m.fl. - endring av BYA, revidert takhøgde og takvinkel i bustadfelt Porsvikneset - Valen - Porsvikneset AS Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomitee godkjenner ein mindre endring av reguleringsplan for 186/31 m.fl. - endring av BYA, revidert takhøgde og takvinkel i bustadfelt Porsvikneset Valen. Føresegner er revidert i følgjande punkt: 1. a. i. til: «BYA skal ikkje overstige 30%. Arealet til parkering skal ikkje reknast med.» 1. a. ii. til: «( ) og B2 som kan ha mønehøgd 8.5 m over kote + 26.» 1. a. iii. til: «( ), innanfor B2 kan det byggjast tremannsbustad.» 1. a. vi. til: «Det skal nyttast takvinkel på mellom 0 og 45 grader.( )» 1. b. i. til: «BYA skal ikkje overstige 40%. Arealet til parkering skal ikkje reknast med.» Vedtaket er heimla i pbl 12-14 og forvaltningskomiteen meiner i samsvar med utgreiinga nedanfor at endringa er mindre og i samsvar med lova. Behandling i Forvaltningskomiteen den 03.02.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 03.02.2016 Kvinnherad forvaltningskomitee godkjenner ein mindre endring av reguleringsplan for 186/31 m.fl. - endring av BYA, revidert takhøgde og takvinkel i bustadfelt Porsvikneset Valen. Føresegner er revidert i følgjande punkt: 1. a. i. til: «BYA skal ikkje overstige 30%. Arealet til parkering skal ikkje reknast med.» 1. a. ii. til: «( ) og B2 som kan ha mønehøgd 8.5 m over kote + 26.» 1. a. iii. til: «( ), innanfor B2 kan det byggjast tremannsbustad.» 1. a. vi. til: «Det skal nyttast takvinkel på mellom 0 og 45 grader.( )» 1. b. i. til: «BYA skal ikkje overstige 40%. Arealet til parkering skal ikkje reknast med.» Vedtaket er heimla i pbl 12-14 og forvaltningskomiteen meiner i samsvar med utgreiinga nedanfor at endringa er mindre og i samsvar med lova.
Side 4 FAKTAROPPLYSNINGAR: Henvendelse frå: Porsvikneset AS gjennom Omega Areal AS Planident: 20080008 Saksutgreiing: Planhistorikk: Nyaste planen for området er reguleringsplanen for Porsvikneset frå den 19.11.09 (planid.: 20080008). Planen er ein omregulering av deler av 2 eldre planar med planid.: 19740001 og 19810002. Kommunedelplanen (planid.: 20000003) frå den 20.02.2003 stadfester reguleringsplanføremålet bustadbygging. Gjeldande reguleringsplan for Porsvikneset (planid.: 20080008) er frå den 19.11.09. Det har i etterkant av godkjenning ikkje blitt utført reguleringsendringar / dispensasjonar i denne delen av planen. I har dei siste årane vore veldig fokus på eit betydeleg høgre utnyttingsgrad og eit forandra byggjeskikk i.h.t. takform, takvinkel etc. Forslagsstillar ynskjer seg dessutan eit tremannsbustad istadenfor eit regulert tomannsbustad. Føresegner under 1. a. i.; 1. a. ii.; 1. a. iii.; 1. a.vi. og 1. b. i. skal difor reviderast (sjå under føresegner til godkjent plan frå den 19.11.09; Web-arkiv: 2015/2825 8). Utbyggingsplanar i dette forholdsvis lille feltet er antakeleg på vent i.h.t. utvikling i resten av kommunen og elles. Mange regplaner er lite fleksibel i.h.t. nåverande byggjeskikk og folk sine ynskjer. Omregulering gjer moglegheiter til ein meir framtidsretta tomteutnytting også i dette området. Vurdering : Bakgrunn for endringa av den gjeldande reguleringsplanen frå 2009 er ein søknad om mindre endringar av føresegner i reg.planen. Ein ynskjer her å har moglegheit å etablere seg med flat tak eller anna takfarm, som er ikkje mogleg i.h.t. pkt. 1.a.vi. i føresegner. Det visast dessutan ut frå erfaring at også utnyttingsgraden er basert på veldig trong margin. Dispensasjonar er veldig resurskrevjande og kommunen sjølv meiner at ein må gjere noko med det. Ein føreslår revisjon av føresegner gjennom m.a. ein tillegsopplysning i utnyttingsgrad under 1.a.i. og 1.b.i. om at: «( ) Areal til parkering skal ikkje reknast med.».
Side 5 I føresegner blir det tilføyt følgjande punkt under 1.a.ii.: ( ) og B2 som kan ha mønehøgd 8.5 m over kote + 26.», under 1.a.iii.: «( )innanfor B2 kan det byggjast tremannsbustad.», under 1.a.vi.: «Det skal nyttast tak med takvinkel på mellom 0 og 45 grader ( ).» og under 1.b.i.: «( ) Areal til parkering skal ikkje reknast med.». Føresegner (reviderte og gjeldande) + plankartet er lagt ved. Med enkle oppdateringar kan ein har eit godt utgangspunkt for å omgår i framtida tidskrevande dispensasjonar og foreløpig, kostnadskrevjande reg.planendringar/nyregulering. Ein kan ikkje sjå at endringar medfører konsekvenser for hverken areal, miljø eller trafikk. I artsdatakart er det ikkje registrert nokon spesielle arter for området som merker seg ut i dei siste åra. Det er ingen offisiell registrerte kulturminner i reg.plan -feltet. Utbygginga av området elles skal vera i samsvar med reguleringsføresegnene. Rådmannen meiner at endringa kjem inn under mindre endring iflg plan- og bygningslova 12-14. Saka har vore på høyring til berørte mynder og naboar. Naboar, Statens vegvesen og Fylkesmannen har uttalt seg positiv til den mindre endring av planen og har ingen merknader. Vedlegg: Web-arkiv: 2015/2825-8 1. Utdrag av reguleringsføresegner (revidert) 2. Reguleringsføresegner (frå 2009) 3. Plankart (gjeldande) Web-arkiv: 2015/2825-8 1. Naboliste med merknader Kopi: Omega Areal AS; Kvassanesvegen 4; 5582 Ølensvåg; areal@omega.no Porsvikneset AS; Heiamyro 11; 5460 Husnes; knut.rune@fatland-ship.com Fylkesmannen i Hordaland; fmhopostmottak@fylkesmannen.no