SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kirsti Øye Driveklepp Arkivsak: 2015/905 Løpenr.: 7169/2015



Like dokumenter
Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

Kommunedelplan for oppvekst

Foreldreundersøking i skule 2006

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Andrea Fivelstad Arkivsak: 2014/1159 Løpenr.: 9907/2014

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Arkiv FE-140. Kommuneplan Samfunnsdel - Offentleg ettersyn

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

1. Framlegg til årsbudsjett for Time kommune 2016 og langtidsbusjett vert godkjente.

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

Barnehageplan for Vinje kommune

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren Oppvekst og utdanningsmøte Skei

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Tilleggsinnkalling for Formannskapet i Radøy

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

BARNEVERNET. Til beste for barnet

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås


Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Kvalitetsplan mot mobbing

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring Framlegg til planprogram

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

HANDLINGSPLAN Side 1

System for kvalitetsvurdering av verksemda etter Opplæringsloven Kviteseid kommune. Systemet for kvalitetsvurdering består av fylgjande komponentar:

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Kvam herad. Utegruppe /naturavdeling ved Tolomarka barnehage og Sjydnahaugen barnehage. Arkiv: N-211 Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Mali Grete N.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kvalitetsundersøking våren 2014

SAKSFRAMLEGG OVERGANG TIL ELEKTRONISK UTSENDING AV UTVALSSAKER / 2011/299

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval Møtestad: Dato Møtet starta Møtet slutta Faste medlemar som møtte: Faste medlemar som ikkje møtte:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret Kommunestyret

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

PROTOKOLL. Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem Organisasjon Per Are Sørheim medlem H

Framtidas barnehage og skule. - sett gjennom HAFS sine augo. Åsmund Berthelsen, Utviklingsleiar

Handlingsprogram og økonomiplan

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGA

Kvalitet i dagleg arbeid. Stolte fagfolk for framtida

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Innkalling til Administrasjonsutvalet

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Riple skule Skulen sitt arbeid med den faglege og sosiale kompetansen til elevane

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 15.00

Plan for forvaltningsrevisjon

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

10/60-14/N-211//AMS

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Kommunedelplan for oppvekst

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Wenche Solheim Arkivsak: 2017/1133 Løpenr.: 7252/2017

Tertialrapport 2 tertial 2015

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

F-SAK 137/14: HØRINGSSVAR - PLIKT TIL Å STILLE VILKÅR OM AKTIVITET VED TILDELING AV ØKONOMISK STØNAD

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Kvam herad. Samandrag: Denne saka gjeld tre moment i samband med årsavslutning for 2003.

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Trygg og framtidsretta

Plan for vurdering Skulane i Bø kommune

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

Etter tilsyn og klagebehandling og 5-3

Skodje kommune Teknisk avdeling

Sandeid skule SFO Årsplan

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Rådmannsutvalet Førde

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Møteinnkalling for Utval for levekår og kultur

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Transkript:

ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Kirsti Øye Driveklepp Arkivsak: 2015/905 Løpenr.: 7169/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Levekårsutvalet Ørsta formannskap Ørsta kommunestyre Saka gjeld: VERKSEMDSPLANMODELL OG OVERORDNA MÅL FOR ØRSTASKULEN 2015-2025 TILRÅDING TIL VEDTAK: 1. Kommunestyret vedtek følgjande overordna mål for Ørstaskulen for perioden 2015-2025: ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, meistring, medskaping, inkludering og lokal identitet ein skule der alle samhandlar systematisk for å betre eleven si læring og utvikling 2. Kommunestyret vedtek å ikkje vidareføre Plan for kvalitetsutvikling for Oppvekst- og kultursektoren. 3. Kommunestyret tek ny modell for verksemdsplan for Ørstaskulen til vitande.

Saksvedlegg: S 21.05.2015 21.05.2015 Verksemdsplanmodell og overordna mål for Ørstaskulen 2015-2025 Saksopplysningar: Bakgrunnen for arbeidet med ny planform og nye overordna mål for Ørstaskulen, er at Plan for kvalitetsutvikling som vart utarbeidd for Oppvekst- og kultursektoren i 1999 og rullert i 2007, i 2014 gjekk ut etter to økonomiplanperiodar. Denne hadde som overordna siktemål å freiste å sjå verksemda i samanheng og sikre ein mest mogleg samla og reflektert ressursinnsats innan skule, barnehage, kultur og barnevern, altså sy i hop den gamle sektoren. I 2012 vart den kommunale organisasjonsplanen endra slik at sektoren vart delt opp i Seksjon skule og Seksjon barnehage. Kulturdelen gjekk inn i Seksjon kultur og næring og barnevernet vart interkommunalt. Samstundes vart ansvaret for skulebygga, som også hadde sin plass i den gamle planen, overført til Seksjon eigedom. Det er difor behov for ei omlegging av planstrukturen langt ut over det som er vanleg ved ei rullering, noko som no vert gjort. Sidan 2006 har grunnskulen i Noreg vore underlagt eit nasjonalt planverk med tilhøyrande kvalitetsvurderingssystem, endå meir omfattande og bindande enn før. Kva kompetansemål elevane skal nå i dei ulike faga, er fastsett i planen og gjeld som føresegn, medan sosiale mål vert stilte opp i Generell del av læreplanverket. Denne delen kom ved læreplanrevisjonen i 1997. Ein har dessutan for grunnskulen i Ørsta eit Heilskapleg system for kvalitetsvurdering, sist revidert i august 2014. Den nye modellen for verksemdsplan som vert presentert i denne saka, gjeld f.o.m. skuleåret 2015-16. Her er det, i tillegg til to overordna mål for Ørstaskulen, formulert både langsiktige (2015-2025) og meir kortsiktige satsingsområde, som kan gjelde for eit eller fleire skuleår etter behov. Mest truleg vil desse stå fast i minst fem år. Alle satsingsområda har eigne mål. Det kan diskuterast om ein burde ha færre satsingsområde. Vi har valt at kvar einskild skule for kvart skuleår skal prioritere utviklingsarbeid innanfor eit par av områda. Dette fordi skulane vil vere på ulike steg innanfor satsingsområda, og fordi elevresultata og resultata på brukarunder-søkingane (Elevundersøkinga og Foreldreundersøkinga) vil variere mellom skulane. Skulane vil dermed også ha ulike kjenneteikn for måloppnåing. Kjenneteikna vert for kvart mål, unnateke eitt, formulerte rundt på skulane slik at dei vert tilpassa skulen sitt datagrunnlag og dermed best mogleg innretta mot målet. Hovudfokus i Ørstaskulen er sjølvsagt heile tida Eleven si læring, fagleg og sosialt, noko som også dannar sentrum i det lotusskjemaet som er grunnlag for verksemdsplanmalen. For eit av satsingsområda, Kvalitetssikring av elevens læring, er det skulekontoret som utarbeider mål og kjenneteikn for måloppnåing. Desse er enno ikkje ferdig utarbeidde, men dei kjem til å byggje på lover, forskrifter, tilsynsrapportar og rettleiingar frå Utdanningsdirektoratet, t.d. rettleiinga for Felles nasjonalt tilsyn 2014-17. Tema for Felles nasjonalt tilsyn i denne perioden er: Skulens arbeid med elevane sitt utbyte av opplæringa Forvaltingskompetanse Skulebasert vurdering

Våren 2015 har vi særleg arbeidd med rutinar, skjema og oppfølging knytt til kommunerevisjonen sine råd for spesialundervisninga. Dette er no på plass. Verksemdsplanen er elles både kortare og visuelt enklare enn før. Hovudsiktemålet med dette er tredelt (Sjå meir om dette i verksemdsplanen): Å bygge opp kompetanse og auke ressursar, også humankapital, krev involvering Det skal verte enklare å få oversikt over styringsdokumenta i skuleseksjonen Planen skal vere så oversiktleg og lett tilgjengeleg at han vert eit verkty også for lærarane i deira verksemd i klasseroma Sjølv om planmalen kan synast enklare enn den gamle, er arbeidet meir krevjande enn tidlegare. Arbeidet med skulen sine kjenneteikn på måloppnåing krev ei høgare grad av involvering og analyse enn før, gjennomført i samhandling mellom fleire. Desse dannar så grunnlag for den tiltakslista skulen utarbeider. Tiltakslistene for skulane er igjen grunnlag for prioriteringar når det gjeld ressursbruk og nye satsingar, både for den einskilde skulen og for Seksjon skule generelt. Kjenneteikna på måloppnåing skal i tillegg vere evidensbaserte. For å få til dette, trengst det ei kompetanseheving i analyse/ tolking av data. Ein tek sikte på å starte denne kompetansehevinga i september 2015. Seksjonsleiaren har søkt å få til ei brei involvering i arbeidet fram mot ein ny mal for verksemdsplan. Skuleleiarane har, saman med sitt personale, vore sentrale i arbeidet med å utarbeide overordna mål og nye satsingsområde. I desse prosessane har også dei hovudstillitsvalde vore aktivt med. Seksjonsleiaren har vore rundt på skulane i fellestida til lærarane og saman med dei sett på dei planane som til no har vore gjeldande for Ørstaskulen, både statlege, kommunale og seksjonsspesifikke. Planverket er svært omfattande og vanskeleg å få oversikt over. Både gjeldande mål og framlegg til framtidige overordna mål for Ørstaskulen vart presenterte, like eins den nye malen for verksemdsplan. Både overordna mål og den nye malen fekk tilslutning frå lærarane, og tilbakemeldingane har til no vore at prosessane med å utarbeide kjenneteikn på måloppnåing har vore positive og nyttige. Behovet for ein eigen plan for kvalitetsutvikling berre for seksjon skule etter same mal som den gamle er på denne bakgrunn ikkje lenger til stades, og seksjon skule ynskjer å fase ut denne. Ein samla tverrfagleg plan med visjonar, mål og strategiar for born og unge (0-18 år) sitt oppvekstmiljø i Ørsta kommune, kan det nok derimot vere behov for, men dette er ei overordna sak som ligg utanfor Seksjon skule sitt mynde. Slikt tverrfagleg arbeid har elles allereie starta med oppretting av Ressursteam for barn og unge (0-18 år). Overordna, langsiktige mål for Ørstaskulen Med utgangspunkt i måla i Kommuneplan for Ørsta kommune- samfunnsdelen 2012-2025, visjon og slagord for Ørsta kommune samt måla i sentrale plandokument, har seksjon skule utarbeidd to nye overordna mål for seksjon skule for perioden 2015-2025: ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, meistring, medskaping, inkludering og lokal identitet ein skule der alle samhandlar systematisk for å betre eleven si læring og utvikling

Målarket for seksjon skule vil utgjere ein del av verksemdsplanen. Her er det i hovudsak teke inn målbare indikatorar frå skoleporten.no, dette fordi dei ikkje-faglege målsettingane i læreplan-verket ikkje kan kvantifiserast på same måte, sjølv om dei er minst like viktige. Å måle måloppnåinga for dei overordna måla vil vere utfordrande, sjølv om målarket dekkjer noko av det gjennom resultat frå Elev Foreldreundersøkinga, nasjonale prøver og grunnskuleeksamen. Ei reindyrka målstyringstenking er verken ynskjeleg eller mogeleg på skulefeltet, men det ein gjerne omtalar som balansert målstyring vil kunne gi ei konstruktiv tilnærming til verksemdsstyring, noko ein altså m.a. søkjer å oppnå gjennom at kvar av einingane formulerer kjenneteikn på måloppnåing i høve til kvart av måla for satsingsområda. Tre langsiktige satsingsområde for Ørstaskulen (2015-2025) og mål for desse: På basis av sentrale styringssignal og behov ein ser i seksjonen, har det vorte valt tre langsiktige satsingsområde. Dei langsiktige satsingsområda skal gjennomsyre all verksemd i Ørstaskulen: Vurdering for læring. Mål: Undervegsvurdering som fremjar læring og meistring Lesing i alle fag. Mål: Auka læringsutbyte. Lærande organisasjon. Mål: Sterk delingskultur mellom dei tilsette, i kollektivt orienterte skular. Desse satsingsområda har Ørstaskulen alt arbeidd med ei tid, som del av dei nasjonalt prioriterte satsingsområda: Kollektivt orienterte skular, vurdering for læring, organisasjonslæring, klasseleiing, lesing, rekning, skriving. Dei tre skulane med ungdomstrinn har arbeidd særskilt med fleire av desse områda gjennom UiU-satsinga, samstundes som dei fire andre skulane er SOL-skular (SOL: Systematisk Observasjon av Lesing) og såleis har arbeidd ekstra med lesesatsing. Sæbø skule, Vartdal skule og Ørsta ungdomsskule vil verte SOL-skular skuleåret 2015-16, som ledd i si UiU-satsing på lesing. Skulering av ressursgruppene startar i september 2015. Sidan lesedugleik er grunnleggande for måloppnåing i alle fag, vel ein å halde fast på lesing som langsiktig satsingsområde i heile Ørstaskulen, i alle fall til SOL er implementert i alle skulane, noko ein reknar med tek i minst fem år. Fem satsingsområde for Ørstaskulen for skuleåret 2015-2016 og mål for desse: Sosial kompetanse. Mål: Trygge elevar i eit positivt læringsmiljø. Heim-skulesamarbeid. Mål: Alle heimar kjenner seg delaktige i opplæringa til barnet sitt og tek medansvar. Engelsk. Mål: Auka læringsutbyte. Rekning i alle fag. Mål: Praktisk rekning på alle trinn. Kvalitetssikring- også av digital kompetanse. Mål og kjenneteikn på måloppnåing formulerte på seksjonsnivå. Desse er enno ikkje ferdige. (Sjå ovanfor) Vurdering og konklusjon: Seksjon skule ser at ein treng ein ny modell for verksemdsplan. Den nye modellen legg betre til rette for evidensbasert skulebasert vurdering og oppfølging av elevane si faglege og sosiale læring. Den gamle modellen vert difor fasa ut og ny modell teken i bruk frå og med skuleåret 2015-16. Den delen av verksemdsplanen for 2015-16 som er felles for alle skulane, ligg som vedlegg til saka. Kvar skule arbeider så ut kjenneteikn på måloppnåing og tiltaksliste på basis av dette. Desse vert ein viktig del av grunnlaget for plan- og budsjettarbeid for seksjon skule.

Rådmannen rår til at kommunestyret fasar ut den gamle modellen for verksemdsplan og tek den nye modellen til vitande. Seksjon skule har utarbeidd nye overordna mål for Ørstaskulen for perioden 2015-2025. Desse er grunnmuren for all verksemd og også for delmåla som til ei kvar tid er uttrykt i verksemdsplanen for skuleåret. Rådmannen rår til at kommunestyret vedtek dei overordna måla. Desse er: ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, meistring, medskaping, inkludering og lokal identitet ein skule der alle samhandlar systematisk for å betre eleven si læring og utvikling Økonomiske konsekvensar: Det vil vere behov for meir tid til dette systemarbeidet, særleg til opplæring i starten. Dette kan verte ei utfordring sidan personalressursen i Ørstaskulen alt ligg svært lågt samanlikna med samanliknbare grupper. Konsekvensar for barn og unge: Saman med adekvate verkty vil dei nye overordna måla og den nye modellen for verksemdsplan føre til auka samhandling og evidensbasert oppfølging av elevane si faglege og sosiale læring. Ørsta, 21.05.2015 Wenche Solheim Rådmann Kirsti Øye Driveklepp seksjonsleiar