Impetigo og bakterielle hudinfeksjonar Sverre Rørtveit
Medlem av arbeidsgruppa for
Klassifisering av hudinfeksjonar Prinsipp nr 1: kva for hudnivå Prinsipp nr 2: kva for organ i huden som er infisert. Prinsipp nr 3: Lokalisasjonar Prinsipp nr 4: Årsaker
Hud-strukturen 1. Hår 2. Epidermis 3. Dermis 4. Subcutis 5. Talgkjertel 6. Svettkjertlar 7. Fettvev 8. Blodårer
Bakteriologi ved hudinfeksjonar Gule stafylokokker dominerer Gruppe A-streptokokker er nest viktigast dei fleste S aureus-stammer er resistente for vanleg V-penicillin MRSA er svært sjeldan utanfor sjukehus Føring på at valet for antibiotika: ofte må bli oxa- eller dikloxacillin, med andre ord Ekvacillin eller Diclocil. Ved penicillinallergi klindamycin eller erythromycin.
1. Rasjonell ab-bruk: målsettingar: Behandla pasienten effektivt 2. Halda totalforbruket av antibiotika nede. bruka ab i dette tilfellet? 3. Mogeleg å ikkje kjenna til bakteriespekteret for den aktuelle infeksjonen, for målretta val av antibiotikum 4. unngå å velja antibiotika som er uheldige for resistensutvikling i samfunnet
Epidemiologi for bakterielle hudinfeksjonar i allmennpraksis diagnoser for min eigen praksis frå 1. januar 2007 og til midt i september 2010, med andre ord om lag 3 2/3 år.
Representativt?
Konklusjonar av praksistellinga Impetigo, cellulitt og erysipelas: Viktig Infiserte neglerotsbetennelsar er den hyppigaste hudinfeksjonen i allmennpraksis Andre fingerinfeksjonar er også hyppig infiserte ateromer er svært hyppig. antibiotika eller ikkje er ein sentral del i diskusjonen av korleis dei skal behandlast Hårfollikelsjukdommane er sjeldne i allmennpraksis.
Epidermis: impetigo
Under epidermis: dermis: Erysipelas
Bakteriell årsak: Gruppe A-streptokker (evt gr G,C, evt Staf. aureus) Streptokokker alle følsomme for penicillin V unntaksvis andre bakt Viktig diff-diagnose: Nekrotiserande fasciitt Obs betydelege smerter, uttalt palpasjonsømhet, rask progresjon, påvirka allmenntilstand
Nekrotiserande fasciitt
Behandling av erysipelas Fenoksymetylpenicillin 0.65-1.3 g x 4 i 7-10 døgn Kontroll og oppfølging! Ved penicillinallergi: Erytromycin eller klindamycin
Laget under: subcutis cellulitt (flegmone)
Cellulitt Cellulitt forårsakast oftast av Staphylococcus aureus Nekrotiserande fasciitt er ein viktig differensialdiagnose også til cellulitt. Kontroll! BEHANDLING: Dikloksacillin 500 mg x 3-4 i 7-10 døgn A Ved penicillinallergi:som for erysipelas
Endå djupare: Kroniske sår, som venøse leggsår: kan strekka seg endå djupare, f eks til og gjennom muskelfascie. Nekrotiserande fasciitt
Huden sine organ
Hårfolliklar: Kan bli infisert: Follikulitt, furunkel, furunkulose og karbunkel Talgkjertlar:Infiserte aterom Svetttkjertlar: Hidradenitt Kombinerte hårfollikel/talgkjertel-organ: Acne, men bakterieinfeksjon er eit sekundært og ofte heilt underordna moment i sjukdommen.
HÅRFOLLIKEL-infeksjonar Alle: Staph. aureus er den bakterielle årsaka Follikulitt (bakteriell infeksjon i ein eller fleire hårfolliklar)
FURUNKEL djup follikulitt som utviklar seg til ein abscess. Ved fleire slike element, føreligg det furunkulose.
Karbunkel djup infeksjon i ei gruppe hårfolliklar, dannar infeksjonskonglomerat. Tømmer seg puss frå fleire opningar
Hovudprinsipp: Ikkje antibiotika til follikulittar, og ikkje til dei fleste furunklar/karbunklar Ved abscess: incisjon Ta bakteriologisk prøve Antibiotika-behandling, dersom nødvendig: Dikloksacillin Alternativ: Klindamycin
Impetigo Overflatisk, epidermal infeksjon med spontant oppståtte erosjonar der det dannar seg honninggule skorper Hyppigaste årsak: Staphylococcus aureus. Sjeldnare: Gruppe A-streptokokker.
Impetigo kan sjå slik ut
HOVUDPRINSIPP Lokalbehandling ved få lesjonar avgrensa til ein kropps-region Systemisk behandling ved mange lesjonar og meir enn ein region
Fusidin-spørsmålet Dei gule stafylokokkene som er årsak for impetigo, har etter år 2000 oftast tilhøyrd ein spesiell klon som er resistent for fusidin (EEFIC = Epidemic European Fusidic acid resistant Impetigo Clone). Impetigo har dei siste åra blitt ein sjeldnare sjukdom
Farvel impetigo? Prevalens i Austevoll 2002-2012
NORM-VET 2012
Råd for lokalbehandling i Norge og Sverige: Desinfiserande vask Retapamulin (Altargo R) Ikkje fusidin, fordi gule staf utviklar fusidinresistens på fleire andre måtar enn EEFIC-mekanismen
Systemisk behandling Penicillinaseresistent penicillin (Diclocil,Ekvacillin. For tida: Dicillin) Evt (penicillinallergi eller andre grunnar): Erytromycin eller klindamycin (Dalacin) Ikkje penicillin-v
Impetigo er ikkje vanskeleg å behandla! Det gjeld dei fleste hudinfeksjonane!
Lokalisasjonar: Paronyki Primær irritant eller skade i negl/hudovergangen, der bakteriar kan etablera seg og laga ein infeksjon. Staphylococcus aureus oftast
Kva er den rette behandlinga for paronyki? Enkelt eller forvirrande svar? Mange behandlingstilrådingar sirkulerer Få (ingen?) er basert på gode studier Viktigaste distinksjon: Småkirurgi eller antibiotika?
Min eigen behandling av dei 19 paronyki-pasientane 12 av dei 19: fjerning av den 3-4 mm mest laterale delen av neglen som ligg ut mot kanten av neglevolden («neglelistfjerning»). 3 tilfelle: incisjon var nødvendig 4 tilfelle: Ulike typar omslagbehandling Ingen av tilfella av neglelistfjerning trong komma attende for manglande tilheiling, og heller ingen av dei tre som vart incidert. Ingen av dei 19 fekk antibiotika systemisk eller lokalt.
Teknikk for neglelistfjerning
Kva for tilfelle treng incisjon?
Infiserte ateromer Ikkje antibiotika! Tilheiling ved incisjon garantert Av mine 10 pasientar: 8 incidert, 2 avventing Ein pasient fekk ein oppfølgande konsultasjon Ingen antibiotika
Hudinfeksjonar: Gjer eg det for enkelt? «Balansetillegg»: Potensielt invasive infeksjonar: cellulitt og erysipelas. Trusselbilde: Mulighet for alvorlege sjukdommar Treng nøye oppfølging. Mine 17 pasientar 11 fekk diclocil, fire penicillin V, 1 erytromycin, 1 innlagt direkte 13 av dei 17 vart tilsett fleire gonger
Dei bakterielle hudinfeksjonane: «To typar»: sjukdommar som kan vera lette å kurera.obs småkirurgiske tiltak! tilstandar der nøyaktig klinisk diagnostikk er viktig og der pasienten sitt liv kan bli sett på spel ein av dei mest avanserte allmennmedisinske teknikkane må takast i bruk: nemleg kontroll og oppfølging
Bakterielle hudinfeksjonar utgjer også eit kvalitets-forbedringspotensial Me kan utrydda ein god del unødvendig antibiotikabruk
1. Rasjonell ab-bruk: målsettingar: Behandla pasienten effektivt 2. Halda totalforbruket av antibiotika nede. bruka ab i dette tilfellet? 3. Mogeleg å ikkje kjenna til bakteriespekteret for den aktuelle infeksjonen, for målretta val av antibiotikum 4. unngå å velja antibiotika som er uheldige for resistensutvikling i samfunnet