Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Like dokumenter
Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekstar. Aina, Linn og Silje

[2016] FAGRAPPORT. FAG: Norsk fordjupning KODE: KLASSE/GRUPPE: 10.trinn TALET PÅ ELEVAR: 5. SKULE: Lye Ungdomsskule

Halvårsplan, hausten 2011

Frå dikt til teikneserie

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samansette tekster og Sjanger og stil

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Av en født forbryters dagbok

Å skape og presentere ei framsyning

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Finn hovudpåstand og argument i ein argumenterande tekst

Fagdag norsk Hamar 28. oktober 2014 v/ Mette Thoresen, Utdanningsdirektoratet, Vurdering 1

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 2. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

Øystese barneskule April - 08

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I MATEMATIKK 1. KLASSE BREIVIKBOTN SKOLE Lærer: Turid Nilsen

Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk Sofie E. Holmen, Høgskulen i Volda Nettverk for nynorsk i lærarutdanninga,

Årsplan i norsk 7-trinn

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

Vekeplan 9. klasse. Namn:. Veke 18. Matte Pytagoras. Repetere til prøve om nazisme og facisme. Eng. Samf. RLE: Framføring om religionar Natur:

Her finner du utdrag fra læreplanen i engelsk.

- kunne kommunikasjonsmodellen

Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse

Læreplan i medie- og informasjonskunnskap - programfag i studiespesialiserende utdanningsprogram

Refleksjon og skriving

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Muntlig eksamen 48 timers modell. Tonje Lien Smedbråten Vikhammer ungdomsskole Malvik kommune

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Kjenneteikn på måloppnåing i norsk

Biletbruk på nettet 1 2

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

Årsplan Matematikk 8. trinn

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

felles fag på 6. og 7. årssteget

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Valdres vidaregåande skule

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN FAG: ENGELSK FORDJUPNING. Trinn: 8.trinn

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Årsplan for Norsk

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Årsplan i engelsk fordjuping skuleåret , 8. trinn Faglærar: Frode Waardal Måla står på bokmål

STUDIEPLAN UTDANNING I FUNKSJONSRETTA LEIING FOR INNSATSLEIARAR

Eksamen MAT1011 Matematikk 1P. Nynorsk/Bokmål

UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

Lag riktige setningar

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Eksamen Oppgaver på bokmål side 2 5. Oppgaver på nynorsk side 6 9

Frå novelle til teikneserie

Samtale om form, innhold og formål i litteratur, teater og film og framføre tolkende opplesing og dramatisering.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Vaksenopplæringa i Sula

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Halvårsplan 4. trinn Måndalen skule vår 2014

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Lokal læreplan i fremmedspråk

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Årsplan i norsk for 6. klasse

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

INNHALD/LÆRESTOFF Elevane skal arbeide med

Kan ein del. Kan mykje Du skriv ei god forteljing som du les opp med innleving.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Fylkeskommunenes landssamarbeid. Eksamen DRA2009 Drama og samfunn. Programområde: Drama. Nynorsk/Bokmål

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Historie: To revolusjonar

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

4.) Stedsanalyse. I denne analysen er Fotlandsvåg sentrum undersøkt i tre forskjellige rom : orienteringsrommet, hugsrommet og identifikasjonsrommet.

ÅRSPLAN I NORSK 10.KLASSE

Transkript:

Mappeoppgåve 5 Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Innleiing I denne oppgåva skal me gjere greie for kva ein samansett tekst er. Kva er det den må bestå av for å bli kalla ein samansett tekst? Så vil me sjå på kvifor samansette tekstar er eit av hovudområda i norskfaget. Me har laga ein samansett tekst, det er ein biografi om Henrik Ibsen. Me vil i denne oppgåva gjere greie for kva slags modalitetar me har vald å bruke, og diskutere kva slags sjanger og stil me vil plassere produksjonen vår i. Til slutt vil me komme med ei kort oppsummering. 1 Samansette tekstar I Kunnskapsløftet kan me lese at det er fire hovudområder i faget norsk. Det er munnlege tekstar, skriftlege tekstar, samansette tekstar og språk og kultur. Det vert understreka at desse hovudområda utfyller kvarandre og må sjåas i samanheng (LK06:8). Samansette tekstar viser i følgje kunnskapsløftet til eit utvida tekstomgrep der tekst kan vere satt saman av skrift, lyd, bilete i eit samla uttrykk (LK06,2006:8). Løvland definerer i boka si ein samansett tekst som ein tekst som skapar meining gjennom å kombinere ulike modalitetar (Løvland, 2007:21). Fyrst må me definera kva ein tekst er, og på dette området råder det ueinigheit. Kunnskapsløftet går utifrå eit tekstsyn som kallast for kommunikasjon- og tekstteori. Innanfor denne teorien defineras ein tekst som noko som er sett saman av språklege teikn, altså skrift eller tale, samtidig som ein opnar for at desse språklege teikna gjerne kan kombinerast med teikn frå andre teiknsystem (Svennevig i Løvland, 2006:11). Så når LK06 brukar omgrepet samansette tekstar tar dei utgangspunkt i dei tekstane som kombinerer ulike teikn og verbalspråk. Dette set Løvland spørsmålsteikn ved. Ho spør til dømes om kva med biletbøker? Altertavler eller lysbiletevisningar med musikk? Ho meiner at dette også er tekstar (Løvland, 2006). Synet hun presenterer i boka si kallar me for sosialsemiotisk teori. Innanfor denne teorien er det ikkje nødvendig at teksten inneheld verbalspråk eller andre teiknsystem. Men utifrå dette synet er tekstar det ein kommuniserer gjennom uavhengig av kva for teikn eller teiknsystem ein vel å bruke. Det me kan slå fast er at på dette området er det ueinigheit, og at ein samansett tekst består av ulike typar modalitetar. Men kvifor har samansette tekstar blitt ein så stor del av norskfaget i grunnskulen? Overalt i samfunnet blir me utsett for samansette tekstar, så ein kan si at i dag er det viktigare enn nokon gong å vere kritisk til det ein leser. Ein må vere god til å sortere ut all informasjonen ein møter og vurdere kva som kan vere sant eller ikkje. Da er viktig å ha

kompetanse i å lese ulike teksttypar, og forstå at ulike mediar og modalitetar er gode på å formidle ulike ting. Ein må lære seg både å oppfatte og tolke de ulike modalitetane, og ein må kunne sjå dei i samanheng for å kunne utnytte bodskapen fullt ut (Roe, 2008). Da kan ein lettare finne ut kva formidlaren vil formidle til oss som lesarar. Born og ungdom brukar i dag digitale verkty meir og meir, både på fritida og på skulen. Dette er noko som lett skapar engasjement hos elevane og dei får til mykje i slike arbeid. Digitale verkty er viktig i arbeidet med samansette tekstar og ein kan laste ned mange brukelege program gratis frå internett 1. Men det at elevane brukar digitale mediar meir betyr ikkje at dei er meir reflekterte og kritiske lesarar, dette er nok fordi elevane legg mest vekt på opplevinga (Løvland, 2007). Difor er det viktig at lærarar hjelper elevane å utvikle tekstkompetansen sin, så dei lærar seg å bli aktive mediebrukarar og kan nå kompetansemåla som LK06 har formulert (ibid). Ved å bruke samansette tekstar kan ein få med seg meir av informasjonen og det blir lettare å få frem det ein vil når ein kan nytte fleire modalitetar i eigenproduksjon av slike tekstar. Til dømes er det lettare å illustrere avstanden mellom to byer ved både å skrive kor mange kilometer det og i tillegg har eit kart for å visualisere avstanden. Så jo meir kunnskap born og unge har om ulike verkemidlar og modalitetar, jo betre blir dei på å vurdere den informasjonsflaumen dei blir utsett for på ein bevisst og kritisk måte (Roe, 2008). 2 Biografien vår om Henrik Ibsen Ein del denne oppgåva var at me skulle laga vår eigen samansette tekst. Denne samansette teksten skulle vere ein biografi, sjølvbiografi eller ein sjølvframstilling. Da Ibsen er ein av Noregs største dramatikarar som me alle har eit førehald til, hadde me lyst til å lage ein digital bileteforteljing om livet hans. Ein slik digital bileteforteljing er ein samansett tekst som vert kalla for ein dynamisk tekst (Høiland og Wølner, 2007). Som nemnt ovanfor er ein samansett tekst er ein tekst som inneheld ulike modalitetar, så da har me vald ut fleire i arbeidet vårt. Dette for å skape dynamikk, gjere det interessant og for å stimulere både hørsel og syn for sjåaren. Visuelt har me hovudsakleg vald å bruke eigenproduserte teikningar. I desse teikningane har me limt inn ein teikning av andletet hans som vi har plassert inn på alle sidene der han synast framanfrå. Me har vald å ikkje bruke fargar, men berre svart-grått-kvitt. Dette som ein effekt for å illustrere at Henrik Ibsen levde for godt over hundre år sida og alle bilete av han er i sort-kvitt. Samtidig har me teikna inn 1 Wølner, Tor Arne: Sammensatte tekster, forelesing ved HiVe, 12.04.11.

nokre gjenstandar som er frå i dag, til dømes eit fly. Dette som ein kontrast og eit hint om at Ibsen er like aktuell i dag som den gongen han levde. Me ble inspirert til dette av Ibsenbiografien til Ivo de Figueiredo, der han tek bilete av Ibsen rundt omkring i ulike settingar frå vår tid (Figueiredo, 2006). I bileta og teikningane har me også vald å skrive inn ein del av årstalla rundt episodar i Ibsen sitt liv, dette for å tydeleggjere når dei ulike historiene hendte. I denne bileteforteljinga har lyden ein viktig del. Saman med bileta fortel lyden historia om dramatikaren. Me har ulike typar med lyd, der røysta som fortel sjølve historia spelar hovudrolla. Enkelte episodar har me heva ved å leggje til eigeninnspelte lydeffektar, mellom anna jubel og barneskrik. Nokre andre lydar har me også lagt til, til dømes til bilete der Ibsen reiser mykje rundt i Europa har me lagt til flylyd. Me har vald å leggje til annen lyd enn berre forteljarrøysta for å skape ennå meir dynamikk og liv i bileteforteljinga. Eit verkemiddel me brukar er humor. Mellom anna da Ibsen går på studentfabrikk og teikninga visar en fabrikk med samleband der studentane går inn og kjem ut som ferdig utdanna. Kontrastane mellom bilete og lyd skal også vere humoristiske og sat på spissen nokre gonger. Biografiar slik som denne er innanfor sakprosasjangeren. To kjende namn på dette feltet er Johan Tønneson og Ottar Grepstad. Dei har vald to ulike måtar å dele inn denne sjangeren på. Tønneson deler sakprosasjangeren inn i to delar, litterær og funksjonell sakprosa 2 (Tønneson, 2008). Når me ser nærare på den samansette teksten me har laga, finner me kjenneteikn frå begge variantane til Tønneson. Det at biografien har trekk frå den litterære kan me sjå ved det at vi vender oss som uavhengige skribentar og er tilgjengeleg for allmenta. I tillegg har me hatt alle litterære verkemidlar til rådigheit. På den andre sida kan me også kjenne igjen trekk frå den funksjonelle sakprosaen. Mellom anna det at me står frem som namngjette forfattarar og teksten er offentleg tilgjengeleg. Både den litterære og den funksjonelle sakprosaen sine mediar er mellom anna elektroniske. Men me vil nok konkludera med at den litterære er overordna, dette hovudsakleg på grunn av den frie bruken av litterære verkemiddel. Grepstad vel derimot å dele sakprosa opp fire ulike teksttypar,- argumenterande, forteljande/skildrande, pedagogiske, rettleiande og beskrivande tekstar. Den vesle samansette teksten vår vil me plassere i den forteljande/skildrande teksttypen. Dette fordi det er ein biografi der me, som nemnd ovanfor, har hatt fri bruk av litterære verkemiddel og at Grepstad sjølv seier at biografiar skal inn i denne teksttypen 3 3 2 Jørgensen, Iben Brinch: Sakprosa, forelesing ved HiVe, 01.04.11. 3 Jørgensen, Iben Brinch: Sakprosa, forelesing ved HiVe, 01.04.11.

Alle tekstar har ein stil. Jan Svennevig definerer stil som språklige og tekstuelle trekk som typisk forekommer sammen, som et mønster, og som er motivert ut fra situasjonen (Svennevig, 2009:258). Han vel å dele stil inn i tre vinklinger; teknisk vs. kvardagsleg, formell vs. uformell og syntetisk vs. analytisk (ibid). Teknisk og kvardagsleg stil går på emna i teksten og biografien vår vil vi seie har ein kvardagsleg stil. Dette fordi me brukar lite framandord, har enkle setningar og teksten handlar om konkrete fenomen. Ein kan også finne tekniske trekk til dømes med at det er høy informasjonstettheit og temaet er basert på verkelege hendingar. Vidare vil me seie at teksten vår har ein uformell stil, dette kan me grunngje med at me brukar eit daglegdags og munnleg språk, og synlege aktørar. Til slutt vil me seie at me har lagt ned mykje tid på å lage denne filmen, og at den dermed kan kallas analytisk. Me har tenkt mykje over kva teikningane, lydane og verbalspråket skal formidle og korleis det kan bli oppfatta av lesaren. 4 Oppsummering Me har i denne oppgåva gjort greie for kva ei samansett tekst er, altså ein tekst sett saman av ulike modalitetar som på kvar sin måte gjer noko med korleis bodskapen blir oppfatta av lesaren. Me har også skrivi om kvifor nettopp samansette tekstar er ein av hovudområda i Kunnskapsløftet. Det er fordi lesekompetanse og kunnskap om samansette tekstar gjer oss til meir bevisste og kritiske lesarar. Ein blir også betre på å skilje på sann og usann, viktig og uviktig informasjon. Vår samansette tekst er litterær sakprosa. Dette på grunn av bruken av litterære verkemidlar, me er uavhengige skribentar og forteljinga er allmenn tilgjengeleg. Vidare har me funne ut at den vesle biografien vår har ein kvardagsleg, uformell og analytisk stil. Litteraturliste/kjelder Figueiredo, Ivo de (2006): Slipp meg. En bok om Ibsen. Oslo: Aschehoug. Høiland, Terje og Wølner, Tor Arne (2007): Fra digital ferdighet til kompetanse- om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen. Oslo: Gyldendal. Kunnskapsdepartementet (2006): Kunnskapsløftet. Læreplan for grunnskole og videregående skole. Oslo. Løvland, Anne (2007): På mange måtar. Samansette tekstar i skolen. Bergen: Fagbokforlaget.

Rekdal, Anne Marie (2004): Skolens gjenganger? Et pedagogisk blikk på Ibsen. Oslo: Universitetsforlaget. 5 Svennevig, Jan (2009): Språklig samhandling. Innføring i kommunikasjonsteori og diskursanalyse. Valdres: Cappelen Damm. Tønneson, Johan (2008): Hva er sakprosa? Oslo: Universitetsforlaget.