Å skape og presentere ei framsyning

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Å skape og presentere ei framsyning"

Transkript

1 Å skape og presentere ei framsyning Ei spennande utfordring i norskfaget i Vg3 er kombinasjonen av det å møte tekstar andre har skrive, og å skape noko sjølv. Ifølgje læreplanen skal de «setje saman og framføre eit avgrensa skjønnlitterært program». For å lage ei slik framsyning, bruker de skjønnlitterære tekstar (av andre og/eller eigenproduserte) og tilpassar dei for scenisk framføring. I Vg3 blir det lagt meir vekt på kunstnarleg profesjonalitet i dette arbeidet. Utnytt talenta i klassen i arbeidet: songarar, dansarar, musikarar, gode forteljarar og skodespelarar. Men ver realistiske, mykje kan gjerast enkelt. Kva slags tekstar skal vere materiale for framsyninga? Utgangspunktet for programmet er altså at de skal presentere skjønnlitterære tekstar (fiksjonstekstar). Fleire av tekstane i denne boka eignar seg for scenisk framføring, men de står fritt til å velje nær sagt kva som helst berre det er innanfor ramma fiksjon, til dømes skodespel, dikt, forteljing, novelle, romanutdrag, song, vise eller rapp. De kan også velje eit kunstbilete eller eit anna kunstuttrykk som utgangspunkt. Kva for ein grunnidé skal programmet byggje på? For at det skal bli ei heilskapleg framsyning, bør ho ha ein raud tråd. Konsentrer dykk om eitt sentralt tema. Det kan vere naturleg å velje ein epoke som tema (til dømes realismen), ei stilretning (til dømes modernisme) eller ein forfattar (helst ein som skriv i fleire sjangrar). Alternativt kan de velje eit generelt, allment tema, til dømes konfliktar, vennskap, identitet, barndom, kjærleik, mennesket og naturen, det moderne mennesket eller de kan ta utgangspunkt i eigne ønske og finne ein tittel som passar: «yndlingstekstane våre» eller «norsk festframsyning». Korleis skal arbeidet organiserast? Det kan vere effektivt at heile klassen vel eit felles programtema, og så jobbar ulike grupper med kvart sitt innslag. Set gjerne ei tidsramme for heile programmet og for kvart innslag. Gruppene kan «spesialiserast» etter kva elevane ønskjer, til dømes kan ei gruppe vere ansvarleg for musikkinnslag, ei anna for dans, ei for diktframføring, to tre for dramatiseringar e.l. Læraren godkjenner programmet og gruppeinnslaga og sørgjer for at ikkje fleire grupper gjer det same. Denne arbeidsforma krev at ein planlegg heilskapen, korleis programmet skal setjast saman (sjå tips nedanfor). 315

2 Dersom elevane ønskjer å arbeide med ulike tema, er ein annan arbeidsmåte å dele klassen inn i grupper etter kva tema dei vil arbeide med. Kvar gruppe må da lage ei heilskapleg framsyning med fleire innslag. Det krev meir arbeid av gruppa enn når klassen har eit felles prosjekt, men somme kreative elevar har kanskje lyst til å ta den utford ringa. Set tidsrammer for heile arbeidet og bestem «premieredato». Korleis byggje opp og setje saman programmet? Når ein skal skape ei heilskapleg framsyning, er dramaturgien, det vil seie oppbygging og samansetjing svært vesentleg. Ei samansett framsyning som består av fleire ulike innslag (som kollasjar, revyar og den framsyninga de skal lage), byggjer vanlegvis på to prinsipp: Skap samanheng. Temaet og formålet med framsyninga sørgjer for indre samanheng. For å skape «ytre» samanheng kan ein ha programleiarar eller konferansierar som bind innslaga saman. Skap kontrastar og variasjon mellom nummera, til dømes ved å veksle mellom verbalt innslag og musikalsk innslag, lite rørsle (til dømes diktlesing) og mykje rørsle (til dømes dans), éin person på scena og mange personar, lyrisk stemning og dramatisk spenning, alvor og skjemt. Legg spesiell vekt på opnings- og sluttnummeret. Spar gjerne det store «pangnummeret» til slutt. Korleis arbeide med tekstar for scena? 1 Dramatisering a Den vanlegaste dramatiseringsmåten set ein prosatekst om til eit scenisk språk med handling og replikkar. Da held ein seg nær den opphavlege teksten og dramatiserer ved å skissere ein handlingsgang i samsvar med originalteksten (ofte må noko strykast) bruke replikkar direkte frå teksten der det er mogleg lage direkte tale (replikkar) av indirekte tale dikte inn tilleggsreplikkar med nødvendige opplysningar skrive sidetekst (det vil seie forklarande tekst i tillegg til replikkane) om kva personane gjer på scena skrive sidetekst om korleis replikkane skal seiast (til dømes kva kjensler som skal komme til uttrykk) I tillegg må de tenkje ut scenografi, kostyme, rekvisittar og lyd. Vel gjerne enkle løysingar. 316 GRIP TEKSTEN

3 b Den andre måten å dramatisere på står mykje friare overfor originalteksten. Da diskuterer ein seg fram til ei felles tolking av temaet, og på grunnlag av dette lagar ein så ein heilt ny tekst. Denne nye teksten kan ha eit heilt anna uttrykk enn originalteksten. Han kan til dømes vere eit lite skodespel med oppdikta personar og handling eller ein kollasj med musikk, lys og lyd. Denne «frie» dramatiseringsmetoden bruker ein også dersom ein vil dramatisere ein saktekst, til dømes ei hending frå livet til ein diktar. 2 Arbeid med lyrikk Det enklaste og vanlegaste er å framføre lyrikk som direkte opplesing. Men ein del dikt eignar seg også godt til scenisk framføring. Her er nokre forslag: Finn musikk som passar til diktet, og spel han før eller under opplesinga. Set melodi til diktet og framfør det som song. Ei gruppe lagar biletteater (statueteater) som illustrerer tema i diktet mens nokon les diktet. Ein kan ha same statuen gjennom heile diktet, eller statuen kan skifte stilling alt etter innhaldet i diktet. (Biletteater: Elevane formar ein skulptur av kroppane sine, der kroppsspråket viser den relasjonen og dei kjenslene menneska har til kvarandre. Øv på å gå raskt inn i «skulpturposisjon».) Bruk talekor (ikkje for stort). Opplesinga kan til dømes fordelast mellom solist og kor. Eller koret kan skape effektar ved at det tek opp att ord, les heilt rytmisk, lagar klangar, hevar og reduserer lydnivået kort sagt finn på ting som kler diktet. Dramatiser diktet, gjerne etter den frie dramatiseringsmetoden (punkt b ovanfor). Somme dikt er tonesette og har dermed vorte songar. Lær songen. Syng solo, saman i ei gruppe eller i heile klassen, med eller utan akkompagnement. 3 Bruk av kunstbilete Kunstbilete er eigentleg ikkje «skjønnlitterære» sidan dei ikkje er verbale, men dei er «fiksjonstekstar» som du kan skape skjønnlitterære tekstar ut frå, til dømes dikt, noveller eller små skodespel. Eit stemningsbilete kan vere ei fin inspirasjonskjelde til å skrive lyrikk. Når du skal skrive ei novelle eller eit skodespel, er det oftast lurt å velje eit bilete som viser fleire personar og litt «handling». Da kan du lage ein tekst om kva det er som går føre seg mellom dei. Den frie dramametoden (punkt b ovanfor) eignar seg godt til dramatisering av eit bilete. 317

4 Korleis arbeide med framføringa? For nesten all munnleg framføring gjeld hovudreglane: Snakk høgt, artikuler tydeleg, hald passe tempo, bruk kroppsspråk bevisst, ha augekontakt med publikum og konsentrer deg om å formidle teksten. I tillegg krev kvar sjanger spesiell førebuing: 1 Høgtlesing av prosatekstar Den som les høgt, må først og fremst vere godt førebudd og ha innstudert teksten grundig. Under førebuingane gjeld det å finne ut kva for ei stemning ein ønskjer å skape, korleis replikkar skal lesast, kva ord som skal ha trykk, og kvar ein vil ha pausar. 2 Diktframføring Vi har alt nemnt at dikt kan framførast i gruppe, og vi har gitt eit par forslag til korleis. Når dikt blir framførte individuelt som vanleg opplesing, kjem ein langt ved å følgje hovudreglane for munnleg framføring (sjå ovanfor) og reglane for høgtlesing. Det vesle kunstnarlege lyftet kan ein skape gjennom bevisst stemmebruk (trykk, toneleie, rytme, styrke og gjerne «ei personleg stemme») og til dømes ved å bruke stemningsskapande musikk eller lys. 3 Forteljing Framføring av ei forteljing har mykje til felles med høgtlesing, men forteljaren må kunne historia utanåt og fortelje henne utan manus. Ein forteljar kan i større grad enn ein opplesar vende seg direkte til publikum, og det må ein utnytte (og øve på!). Bruk stemme og kropp til å levandegjere forteljinga, men utan å overdrive. 4 Framføring av ein dramatisk tekst (skodespel eller dramatisering) Desse råda byggjer stort sett på metodane til teaterteoretikaren Stanislavskij, som ønskte ein naturleg og verkelegheitsnær spelestil: Start med å lese teksten høgt. Byt roller undervegs. Formålet er å bli kjend med stykket. Tolk teksten saman og kom fram til ei felles forståing av han. Fordel roller. Vel ein regissør som har hovudansvaret for å leie arbeidet og instruere skodespelarane. Bli samde om scenografi, kostyme, rekvisittar, lys og lyd. Arbeid med rolletolkinga. a Finn ut mest mogleg om rollefiguren din (også kalla «karakteren»): Kva for ein situasjon er han i? Kva ønskjer han å oppnå? Kven hindrar han i dette? Kva eigenskapar har han? Tenk: Dersom eg var 318 GRIP TEKSTEN

5 b denne personen, korleis ville eg ha reagert? Målet er ikkje å spele rolla, men å vere henne. Arbeid med undertekst (den teksten som «ligg under», det vil seie kva rollefigurane eigentleg tenkjer og føler). Ofte seier han noko heilt anna og viktigare ting enn replikkane. 5 Andre ikkje-verbale kunstformer Når ein lagar ei framsyning, er det eit stort pluss å variere det kunstnarlege uttrykket ved å bruke fleire kunstformer. «Biletkunstnarar» i klassen kan til dømes arbeide med scenografi og kulissar. Musikk, song og dans høyrer naturleg heime i ei framsyning, og desse kunstformene kan gi temaet ein ekstra estetisk dimensjon og tilhøyrarane ei ekstra oppleving. Her må de sjølve finne ut korleis ressursane i klassen best kan utnyttast ut frå dei ferdigheitene dei har. 319

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016. Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN 2015 2016 Hovudområda i norsk er munnleg kommunikasjon, skriftleg kommunikasjon og språk, litteratur og kultur. Kvart av kompetansemåla er brotne ned i mindre einingar. Vi sett

Detaljer

Frå dikt til teikneserie

Frå dikt til teikneserie Frå dikt til teikneserie Av Helga Slettebak, Marit Moen og Arne Skadal, Halbrend skule Prosjektet «Frå dikt til teikneserie» vart gjennomført på 6. trinn. Kombinasjonen av dei to sjangrane synest vi er

Detaljer

Halvårsplan, hausten 2011

Halvårsplan, hausten 2011 Halvårsplan, hausten 2011 Skule Straumen skule Rektor e-post Inger Marie Tørresdal imt@tysver.kommune.no Prosjektansvarleg Grete Fjeldheim Vestbø e-post GFVestbo@tysver.kommune.no Skriv kort kva skulen

Detaljer

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Mappeoppgåve 5 Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011. Innleiing I denne oppgåva skal me gjere greie for kva ein samansett tekst er. Kva er det den må bestå

Detaljer

Samansette tekster og Sjanger og stil

Samansette tekster og Sjanger og stil MAPPEOPPGÅVE 5 Samansette tekster og Sjanger og stil Skreve av Kristiane, Renate, Espen og Marthe Glu 5-10, vår 2011 I denne oppgåva skal me først forklare kva ein samansett tekst er, og kvifor samansette

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-35 Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-35 Musisere - Spele enkle ostinat og melodiar etter gehør Årsplan i Musikk for 3.klasse Læreverk: Cappelen forlag: Musikkisum 3. elevbok og lærarrettleiing. CD «Vår musikk» «Kor arti`» «Kor arti`- ut på golvet» Sølvin Refvik: «Spilletrilleboka 1» Fellessong i

Detaljer

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016 Fag: Norsk Klassetrinn: 2. Lærar: Linn Merethe Myrtveit Veke Kompetansemål Tema Læringsmål Vurderings- kriterier Forslag til Heile haust en Fortelje samanhengande om opplevingar

Detaljer

Litterære verkemiddel

Litterære verkemiddel Litterære verkemiddel «I mål»-oppgåve i kapittel 1 «Lesekurs litterære verkemiddel» Å finne og tolke språkbilete i ein tekst Eg greier å finne samanlikningar med som i ein tekst. Eg greier å finne samanlikningar

Detaljer

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg Lytting C1 Eg kan følgje eit munnleg innlegg eller ein samtale av noka lengd, sjølv når innhaldet er ustrukturert og det ikkje finst nokon tydeleg raud tråd. Eg kan forstå eit stort spekter av idiomatiske

Detaljer

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE 1 Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR INFORMASJONSHEFTE 2 forord Informasjonsheftet omhandlar 10 spørsmål som foreldre ofte stiller om den fleirspråklege utviklinga

Detaljer

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s.

Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering. Elevbok A s Arbeidsbok A s. Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 2. klasse Skuleåret: 2018/19 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto, Gyldendal Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen, Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald

Detaljer

Å lage ein teikneserie

Å lage ein teikneserie Å lage ein teikneserie Oppgåve 15 i kapittel 1 «Lesekurs samansette tekstar» Å lage ein teikneserie lage ein teikneserie. lage ein teikneserie med nokre ruter. Eg har brukt snakkebobler og lydmålande ord.

Detaljer

Årsplan i Musikk for 2.årssteg

Årsplan i Musikk for 2.årssteg Årsplan i Musikk for 2.årssteg Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff 34-39 Musisere: -imitere rytmer og korte melodiar i ulike tempo, takt og toneart Songbøker som er

Detaljer

Valdres vidaregåande skule

Valdres vidaregåande skule Valdres vidaregåande skule Organiseringa av skriftleg vurdering på vg3 Kvifor prosesskriving? Opplegg for skriveøkter Kvifor hjelpe ein medelev? Døme på elevtekst Kva er ei god framovermelding? KOR MYKJE

Detaljer

Å halde ein læresamtale

Å halde ein læresamtale Å halde ein læresamtale Oppgåve 3 i kapittel 1 «Lær å lære», I mål-oppgåve 1 i kapittel 2 «Ord i klasser», I måloppgåve 1 i kapittel 5 «Intervju» Å førebu og halde ein læresamtale Eg kan fortelje ein annan

Detaljer

Månadsplan for Hare November

Månadsplan for Hare November Månadsplan for Hare November tlf: 51 78 60 20 VEKE MÅNDAG TYSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 45 Barn, kropp og berøring 2. 3. 4. 5. 6. «barn, kropp og berøring» 46 Barn, kropp og berøring 9. 10. 11. 12. Åsmund

Detaljer

Fagplan i musikk. Faglærar:Aud Trinn: 7. Kompetansemål K06 Tema og innhald Kompetanse-/Læringsmål for undervisninga Musisering:

Fagplan i musikk. Faglærar:Aud Trinn: 7. Kompetansemål K06 Tema og innhald Kompetanse-/Læringsmål for undervisninga Musisering: Fagplan i musikk Faglærar:Aud Trinn: 7. Veke/ periode August Kompetansemål K06 Tema og innhald Kompetanse-/Læringsmål for undervisninga Musisering: beherske noen norske danser og danser fra andre land

Detaljer

Eksamen. 24. november DRA2002 Teater og bevegelse 2. Programområde: Musikk, dans, drama. Nynorsk/Bokmål

Eksamen. 24. november DRA2002 Teater og bevegelse 2. Programområde: Musikk, dans, drama. Nynorsk/Bokmål Eksamen 24. november 2016 DRA2002 Teater og bevegelse 2 Programområde: Musikk, dans, drama Nynorsk/Bokmål Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid Hjelpemiddel Bruk av kjelder Informasjon om vurderinga

Detaljer

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret:

Farnes Skule. Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret: Farnes Skule Læreplan i: Norsk Trinn: 4. klasse Skuleåret: 2017-2018 Årstimetal: 6, 5 t. pr. veke Læreverk: Salto, Gyldendal Lærarar: Anna N. Bergerud og Signe Endresen TID KOMPETANSEMÅL INNHALD ARBEIDSMÅTAR

Detaljer

Av en født forbryters dagbok

Av en født forbryters dagbok Kompetansemål etter 10. årstrinn Av en født forbryters dagbok ei novelle av Johan Borgen Munnlege tekstar Mål for opplæringa er at eleven skal kunne: Delta i utforskande samtaler om litteratur, teater

Detaljer

Årsplan i Musikk for 2.årssteg Faglærar Linda Longva Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff 35-40 Musisere:

Årsplan i Musikk for 2.årssteg Faglærar Linda Longva Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff 35-40 Musisere: Årsplan i Musikk for 2.årssteg Faglærar Linda Longva Veke Kompetansemål Delmål Metode Læremiddel Konkretisering av lærestoff 35-40 Musisere: -imitere rytmer og korte melodiar i ulike tempo, takt og toneart

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2015 Åndalsnes 29.06.15 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Hovedområde: Muntlige tekster, Språk og kultur

Hovedområde: Muntlige tekster, Språk og kultur UNDERVISNINGSOPPLEGG TIL LNUs NETTSIDE FORSIDEARK Trinn: VG3 Tema: Lyrikkkafé i mellomkrigstiden Hovedområde: Muntlige tekster, Språk og kultur Kompetansemål: sette sammen og framføre et avgrenset skjønnlitterært

Detaljer

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Tid 34-37 Kompetansemål Elevane skal kunne: Innhald/Lære Elevane skal arbeide med: Kap.1. LB På biblioteket Lære å bruke biblioteket Lære skilnaden på skjønnlitteratur og faglitteratur Lære om ein forfattar

Detaljer

Årsplan for Norsk

Årsplan for Norsk Årsplan for Norsk 9 2017-2018 Med utgangspunkt i revidert læreplan av hausten 2013: http://www.udir.no/kl06/nor1-05 Ramme: 5 veketimar Læreverk: Frå Saga til CD 9a og 9b Norskfaget inneheld ein stor variasjon

Detaljer

Årsplan for Norsk 9 2016-2017

Årsplan for Norsk 9 2016-2017 Årsplan for Norsk 9 2016-2017 Med utgangspunkt i revidert læreplan av hausten 2013: http://www.udir.no/kl06/nor1-05 Ramme: 5 veketimar Læreverk: Frå Saga til CD 9a og 9b Norskfaget inneheld ein stor variasjon

Detaljer

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN KOPI TIL HEIMEN TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN Zippys venner er eit skuleprogram kor barna øver på å fungera godt saman og å forstå eigne kjensler. Dei får øve på korleis dei

Detaljer

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Ditt val! Vidaregåande opplæring 2007 2008 Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering Bygg- og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og sosialfag Medium og kommunikasjon Naturbruk

Detaljer

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet

FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE. MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet FAGPLAN I MUSIKK FOR 1. ÅRSTRINN, GOL SKULE KOMPETANSEMÅL FRÅ L-06 ETTER 2. ÅRSTRINN MÅL FOR TRINNET Kva skal elevane lære, kunne, mestre innanfor kompetansemålet Musisere Mål for opplæringen er at eleven

Detaljer

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt

Å skrive brev. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. Læringsmål: Å skrive kort og brev. Du er i gang Du er på god veg Du har kome langt Å skrive brev Oppgåve 10 og I mål-oppgåve i kapittel 1 «Send ei helsing» Å skrive kort og brev Skrive stad, tid, opningshelsing og underskrift Skrive ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning Eg greier

Detaljer

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje NORSKFAGET FOR STUDENTAR OG ELEVAR Norskfaget i grunnskolelærarutdanninga handlar om identitet, kultur, danning og tilhøvet vårt til samtid og fortid. Faget skal

Detaljer

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19 Føremål Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og at dei skal oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. 8.klasse: Design og redesign

Detaljer

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel

- kan lytta aktivt med ulike føremål: oppleving læring. - har delteke i dramatiseringar / skodespel Norsk Trinn 5 Kompetansemål Munnlege tekstar Mål for opplæringa er at eleven skal kunna Grunnleggjande ferdigheiter Læremiddel Arbeidsmåtar Tidsplan Eleven: opptre i ulike språkroller gjennom rollespel

Detaljer

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014. ÅRSPLAN SFO Fusa oppvekstsenter INNHOLD Innleiing Foreldresamarbeid Pedagogikken i SFO Målsetting for SFO Aktiviteter inne/ute Oversikt over aktivitetar hausten 2014 Dagsrytme Info Innleiing Årsplan skal

Detaljer

Å velje lesemåte. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. (Kan knytast til mange oppgåver) Læringsmål:

Å velje lesemåte. Læringsmål med kjenneteikn på måloppnåing. (Kan knytast til mange oppgåver) Læringsmål: Å velje lesemåte (Kan knytast til mange oppgåver) Å velje lesemåte Når nokon fortel meg kva lesemåte eg skal velje, greier eg å bruke rett lesemåte. Når eg veit kvifor eg skal lese ein tekst, greier eg

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar Årsplan i norsk for 8.årssteg. Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar 35 Ulike lesestrategiar Gjere eleven bevisst på

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015 I denne rapporten vil eg ta føre meg dei 7 fagområda i rammeplanen. Eg vil skrive litt om kva rammeplanen seier og deretter gjere greie for korleis me har arbeida

Detaljer

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for 8. - 10. årstrinn

Melankoliens historie. Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo. Konsert for 8. - 10. årstrinn 2012 2013 Melankoliens historie Melankoli er gleda ved å vere trist. Victor Hugo Konsert for 8. - 10. årstrinn : Melankoliens historie Om programmet Det blir ofte sagt at ein melankolikar er eit unntaksmenneske

Detaljer

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18 Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18 Føremål Valfaga skal bidra til at elevane får styrka lysta til å lære og oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. 9.klasse: Design og redesign Fysisk aktivitet

Detaljer

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016

Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016 Halvårsplan for 1. og 2.steg hausten 2016 Periode Fag Mål/innhald Arbeidsmåtar/ materiell August- veke 33-35 Bli kjende med kvarandre. Lære om bokstavane -s- og -i-. (Frå veke 35). Blyantgrep. Forme bokstavane

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25

ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord. Reflektera over eiga læring. Tekstsamling Språkboka s. 8-25 ÅRSPLAN I NORSK FOR 5. TRINN 2017/2018 Hovudlæreverk: God i ord Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 34 Forord Motivera for arbeid med Språkboka s. 5-7 faget Verta kjend Inn i teksten s.

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40 Årsplan i samfunnsfag for 6. årssteg 2010/2011 Læreverk: Midgard 6 Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34-40 Norden - forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar Årsplan i norsk for 8.årssteg. Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Oppstart. Bli kjent med kvarandre. Ulike lesestrategiar 35 Ulike lesestrategiar Gjere eleven bevisst på

Detaljer

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune Planen er administrativt vedteken og gjeldande frå 01.01.2013 Innleiing Bakgrunn for overgangsplanen Kunnskapsdepartementet tilrår at o Barnehagen vert avslutta

Detaljer

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING A. Førebyggjande arbeid i skuletida 1. Elevsamtaler 2. Klassemøter 3. Sjå ulike videoar om mobbing v/skulehelsesyster 4. Lese bøker om emnet 5. Turar med ei eller fleire

Detaljer

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk

Årsplan. for 3. årstrinn nynorsk Årsplan for 3. årstrinn nynorsk Kapittel 1: Tre på rad Skulestart på 3. årstrinn 3A side 5 28 side 7 16 side 3 10 - lese enkle tekstar knytte til temaet: dikt, regler, spel og eventyr for samtale og munnleg

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK NYNORSK 1 Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. DETTE ER BOKA TIL Her kan de lime

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Månadsbrev for GRØN mars/april 2014 Oppsummering/ evaluering av mars/april Mål og innhald april I mars har me hatt fokus på språk. Me har hatt språksamlingar saman med Rosa kvar veke, der har me sett på

Detaljer

Årsplan i Norsk for 3.klasse

Årsplan i Norsk for 3.klasse Årsplan i Norsk for 3.klasse Læreverk: Zeppelin lesebok + arbeidsbok Zeppelin språkbok + arbeidsbok Akka/bakka/Kva las du no? Løkkjeskrift Vekeord 3 Lær deg å lære 3 (delvis) Ekstra: TubaLuba 3 + «Språket

Detaljer

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal)

FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal) RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK (10 vekttal) FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA Godkjend av Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 3. mars 1997 1 RAMMEPLAN FOR FORDJUPINGSEINING I NORSK I FØRSKOLELÆRARUTDANNINGA

Detaljer

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis

1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst. 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis 1: Kva er ein teikneserie? Teikneserie som samansett tekst 2: Arbeid med teikneseriar i norskfaget. Døme frå praksis Dette er ikkje ein teikneserie Kva er ein teikneserie? «sidestillede billedlige og andre

Detaljer

Barnehagen som kulturell og språkleg læringsarena

Barnehagen som kulturell og språkleg læringsarena Barnehagen som kulturell og språkleg læringsarena Reidunn Hernes 3. samling 13.04.10 Andre samling, 16.02.10. Reidunn Hernes Rommet snakkar til oss Korleis eit rom er innreia, fortel oss noko om kva det

Detaljer

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord.

ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. ÅRSPLAN I NORSK FOR 3 TRINN 2015/2016 Hovudlæreverk: God i ord. Veke TEMA MÅL (K06) LÆRINGSMÅL INNHALD (Lærebøker..) 33 og 34 Tre på rad kap.1 Finna stoff til eigne skrive- og biblioteket og internett.

Detaljer

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering Farnes Skule Læreverk: Salto, Gyldendal, imal ( nettsider ) Klasse/Trinn: 1. klasse Skuleåret: 2017-2018 Lærarar: Elin Fredheim, Merete Moen og Oddbjørg Fretland Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar

Detaljer

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Matematisk samtale og undersøkingslandskap Matematisk samtale og undersøkingslandskap En visuell representasjon av de ulike matematiske kompetansene 5-Mar-06 5-Mar-06 2 Tankegang og resonnementskompetanse Tankegang og resonnementskompetansen er

Detaljer

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): VEDLEGG 1 I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv): 2-12 tredje ledd skal lyde: For private grunnskolar

Detaljer

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Film og referat Kunne skrive filmanalyse. Sjå «Flukten frå Sobibor».

Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Film og referat Kunne skrive filmanalyse. Sjå «Flukten frå Sobibor». Årsplan i norsk for 10.årssteg 2013-2014. Veke Emne Mål Metode Tidsbruk Læremiddel Tverrfagleg samarbeid 34 Film og referat Kunne skrive filmanalyse. Sjå «Flukten frå Sobibor». Arbeidsoppgåver til filmen.

Detaljer

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om sentralt gitt eksamen, og korleis denne eksamen skal vurderast. Rettleiinga skal vere kjend for elever,

Detaljer

Last ned Tid for tale. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tid for tale Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Last ned Tid for tale. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Tid for tale Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi Last ned Tid for tale Last ned ISBN: 9788202245184 Format: PDF Filstørrelse:31.87 Mb Munnlege "tekstar" er best i lydform! Denne CD-en inneheld lydeksempel til bruk saman med boka Tid for tale - munnleg

Detaljer

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016 ENG1002/ENG1003 Engelsk fellesfag For sentralt gitt skriftleg eksamen Nynorsk Eksamensrettleiing for engelsk fellesfag Eksamensrettleiing til sentralt

Detaljer

Øystese barneskule April - 08

Øystese barneskule April - 08 Øystese barneskule April - 08 1 Innleiing: 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja helsa,

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

LÆRERVEILEDNING. Utvikling frå rørslemateriale til komposisjon 1

LÆRERVEILEDNING. Utvikling frå rørslemateriale til komposisjon 1 LÆRERVEILEDNING Utvikling frå rørslemateriale til komposisjon 1 Utvikling frå rørslemateriale til komposisjon er eit opplegg der me jobbar med rein dans. Det vil seie at me ikkje tek utgangspunkt i ei

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. 1 Øystese barneskule Innleiing: September-2012 9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane. Skulen skal aktivt driva eit kontinuerleg og systematisk arbeid for å fremja

Detaljer

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min DET MØRKNAR SVEVNENS KJÆRLEIK JAMNE BØLGJER EIT FJELL I DAGEN eg står og ser på dei to hjortane og dei to hjortane står og ser på meg lenge står vi slik eg står urørleg hjortane står urørlege ikkje noko

Detaljer

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET Sss Levande kulturarv Frå jord til bord Utforsking og læring gjennom digitale verkty Tarkus - barnas trafikkvenn Vennskap og inkludering FOKUSOMRÅDE Friskus og fysisk

Detaljer

Årsplan i norsk for 6.kl. 2015-2016

Årsplan i norsk for 6.kl. 2015-2016 Årsplan i norsk for 6.kl. 2015-2016 Tid Veke: Kompetansemål Elevane skal kunne: 34 uttrykke og grunngi egne standpunkter referere og oppsummere hovedmomenter i en tekst presentere egne tolkinger av personer,

Detaljer

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer

Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer Undervisningsopplegg for ungdomstrinnet om koordinatsystem og rette linjer Kjelde: www.clipart.com 1 Funksjoner. Læraren sitt ark Kva seier læreplanen? Funksjonar Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

Detaljer

Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus

Bok. på Eg og Pontus går for gull. NyNorskseNteret. Av Odd Nordstoga og Rune Markhus Bok på 1-2-3 Eg og Pontus går for gull Av Odd Nordstoga og Rune Markhus Undervisingsopplegg for 3. 7. trinn i faga norsk, kroppsøving og musikk Tid: 90 minutt (pluss eventuelt etterarbeid og repetisjon)

Detaljer

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09 TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg

Detaljer

ÅRSPLAN, NORSK

ÅRSPLAN, NORSK ÅRSPLAN, NORSK 2016-2017 6.KLASSE Tid Kompetanse og læringsmål Emne Kva 1 veke reflektere over eiga læring Noko å glede seg til motivere for arbeidet med faget Lesemotivasjon Kommunikasjon og 4 *lytte

Detaljer

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart Med spent forventning... Skulestart er ei stor hending for alle barn. Dei aller fleste barn og foreldre ser fram til

Detaljer

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016 Kommunikasjon, språk, tekst: «Tidlig og god språkstimulering er en viktig del av barnehagens innhold. Kommunikasjon foregår i et vekselspill mellom å motta og tolke

Detaljer

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10 ÅRSPLAN Bryne ungdomsskule FAG: Musikk Trinn: 9 og 10 9.trinn Periode 1: veke 34-42 Tema: Folkedans Kompetansemål øve inn og framføre et repertoar av musikk og dans Elevane skal læra seg eit utval folkedansar.

Detaljer

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode Ved Kari Vik Stuhaug Helsepedagogikk Helse Fonna 5. Mars 2015 09.03.2015 Kari Vik Stuhaug, LMS Helse Fonna 1 Kva gjer du når du får eit problem? Og kva

Detaljer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer

Vurdering for læring. Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Vurdering for læring Sund ungdomsskule Tone Haglund og Anne Hufthammer Dei fire prinsippa: 1: Elevane skal forstå kva dei skal læra og kva som blir forventa av dei 2: Elevane skal ha tilbakemeldingar

Detaljer

Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring

Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring Rapport nr. 5 Randi Bergem og Finn Ove Båtevik Med nynorsk til betre skriving med skriving til betre læring Ei kartlegging ved Ulstein vidaregåande skule Randi Bergem og Finn Ove Båtevik Med nynorsk til

Detaljer

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering Farnes Skule Læreverk: Salto, Gyldendal Klasse/Trinn: 1. klasse Skuleåret: 2016-2017 Lærarar: Rigmor Andestad, Kari Larsen, Gry Hunshammer og Unn Merethe Hauge Tid Kompetansemål Innhald Arbeidsmåtar Vurdering

Detaljer

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Regnbogen Natur-og kulturbarnehage Om å vera på - vår forståing av vaksenrolla i uterommet Kva vil det seie å vera ein deltakande/engasjert vaksen i ungane sitt læringsmiljø? - Her tenkjer vi at ungane

Detaljer

Stemnehandboka for NKSF

Stemnehandboka for NKSF Stemnehandboka for NKSF I 2003 vart det bestemt å ha ei rulleringsliste for songarstemne 3 plassar kvart år, eit i Nordfjord, eit i Sunnfjord og eit i Sogn alle kor kan arrangere sjølv om dei er store

Detaljer

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse 2015-2016

Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse 2015-2016 Årsplan i norsk for 5. og 6. klasse 2015-2016 Læreverk: Dagny Holm og Bjørg Gilleberg Løkken: Zeppelin språkbok 6 og arbeidsbok Læreverk: Dagny Holm og Bjørg Gilleberg Løkken: Zeppelin lesebok 6 og arbeidsbok

Detaljer

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd) 5-1.Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til

Detaljer

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10

Bryne ungdomsskule ÅRSPLAN. FAG: Musikk. Trinn: 9 og 10 ÅRSPLAN Bryne ungdomsskule FAG: Musikk Trinn: 9 og 10 9.trinn Periode 1: veke 34-42 Tema: Folkedans Kompetansemål gjenkjenne og beskrive musikalske stiltrekk fra improvisert musikk og rytmisk musikk skape

Detaljer

Årsplan i norsk for 1.årssteg

Årsplan i norsk for 1.årssteg Årsplan i norsk for 1.årssteg Kommentar til planen: Bibliotek: elevane låner bøker på biblioteket. Dei les ser på bilete. Vi tek del i ulike lesekampanjer (lesekompis) Årssteget disponerer «datarommet»

Detaljer

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar Ole Røsholdt Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar ei fagbok om Gulatinget Nynorsk Mangschou Bergen 2009 INNLEIING Dette heftet er laga for å gi læraren nokre praktiske tips om korleis boka om Gulatinget

Detaljer

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane Sentralt gitt eksamen NOR0214, NOR0215 og NOR1415, 10. årstrinn Våren 2016 Åndalsnes 30.06.16 Anne Mette Korneliussen

Detaljer

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil? Introduksjon av økta Individuelt: Historie om drikkepress Individuelt: Øving med årsaksbilde Par: Hjernetransplantasjon Par: Øving med årsaksbilde Gjengen Ein ungdom som velgjer å drikka eller velgjer

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK for born 1 NYNORSK Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. DENNE BOKA TILHØYRER Her

Detaljer

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg

Fyll inn datoar i rutene etter kvart som du set deg mål og når dei. Mitt mål Språk: Dette kan eg Lytting B1 Eg kan følgje ein kvardagssamtale dersom det blir snakka tydeleg og på Eg kan forstå hovudpoenga i ein diskusjon om eit kjent tema, dersom det blir snakka tydeleg og på Eg kan følgje korte forteljingar

Detaljer

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Spørjegransking Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen. Anne Grete, Kristin, Elisabet, Jørgen i 10.klasse ved Sunnylven skule 2012/13 1 2 Innhaldsliste

Detaljer

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn? Gode tips og idear, til alle oss som er saman med barn. Korleis stimulera til eit godt talespråk? Bruk språket Snakk med barnet. Snakk tydeleg Bruk

Detaljer

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK Minnebok for born 1 NYNORSK Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon døyr. Når vi

Detaljer

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES Eksamen nærmar seg, og då vil Helland skule med dette skrivet gje informasjon til elevar og foreldre/føresette om korleis eksamen både skriftleg og munnleg blir gjennomført. Vil også informere om klagerett

Detaljer

Årsplan for klasse: 7.klasse År: 2016/17 Lærarar: Anita Thune Åmås og Elin Fredheim. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med:

Årsplan for klasse: 7.klasse År: 2016/17 Lærarar: Anita Thune Åmås og Elin Fredheim. Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Tid Kompetansemål Elevane skal kunne: Innhald/Lærestoff Elevane skal arbeide med: Arbeidsmåtar Aktuelle arbeidsmåtar i faget: Vurdering Musisere Gjeld alle aktivitetar: Jan Oppfatte og anvende puls, rytme,

Detaljer